Meursault er ein ung franskmann busett i Alger, og er forteljarstemma i boka. Han har ei forholdsvis likegyldig innstilling til omgjevnadane sine og til sitt eige liv. Det er nett som om han berre let seg drive med, uengasjert, men likevel observerande og tenkande.Når Meresault nærmast ved eit uhell gjer seg skuldig i eit alvorleg brotsverk, blir han fengsla og stilt for retten. Her blir den likegyldige innstillinga hans brukt mot han for alt det er verdt.

Essensen i boka, slik eg ser det, er at Camus problematiserer at ein dømmer menneske ut frå oppfatningar av moral, og ikkje berre ut frå kva dei har gjort. Meursault er ingen spesielt tiltalande type; jaudå han har sympatiske trekk også, men den manglande interessen t.d. for mora sitt dødsfall provoserer også meg. Men er ein person ondare enn dei onde gjerningane han faktisk har gjort? Og i tilfelle ja, skal han i såfall dømmast for det? Eg er ikkje lovkyndig på nokon måte, men eg vil anta at dette faktisk kan skje, også i Norge. Og det er tankevekkande.

Tittelen på boka, Den fremmede, tek eg for gitt er mynta på hovudpersonen. Han er trefold framand; eksil-franskmann i ein kolonistat, framand i forhold til samfunnet han er ein del av, og ein framand i sitt eige liv.

Ålreit bok, den første av Camus for min del.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Han erklærte at jeg ikke hørte hjemme i et samfunn hvis grunnleggende regler jeg ikke anerkjente, og at jeg ikke kunne appellere til det menneskelige hjerte hvis elementære reaksjoner jeg var uvitende om.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

På vei opp den mørke trappen støtte jeg borti Salamano, naboen min i samme etasje. Han var sammen med hunden sin. De har vært sett sammen i åtte år. Spanielen har en hudsykdom, rødskabb heter det visst, som får den til å miste pelsen og dekker den med pletter og mørke skorper. Etter at de to har levd sammen alene på et lite rom, har det til slutt endt med at gamle Salamano ligner den. Han har rødflammede skorper i ansiktet og gulnet, tynt hår. Hunden på sin side har tatt etter eierens lutende gange, med snuten fremoverbøyd og stiv nakke. De ser ut som de er av samme rase og likevel avskyr de hverandre.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Takk for utførleg og god omtale, eg blei nyleg merksam på denne boka. Blei så begeistra både av omtalene her og på den engelskpråklege versjonen (synd at det er to separate oppføringar på bokelskere!) at eg bestilte den umiddelbart. På engelsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka innleiast med eit sitat frå Stendhal:
Jeg kan ikke gjengi de virkelige hendelsene, jeg kan bare vise frem skyggen av dem.
og dette er på mange måtar dekkande for denne historia.

Den aldrande og sosialt isolerte forfattaren Daragane får ein uventa telefon, nokon har funne ei adressebok han har mista for ein månad sidan, og dei avtaler å møtast. Finnaren synest å ha andre motiv enn berre å levere attende adresseboka, han spør om opplysningar om eit namn Daragane har notert i boka. Det viser seg å gjelde eit 50 år gamalt uoppklart drap.

Det virkar som om Daragane har fortrengt fortida si. Funnet av notatboka set i gang ei kjede av pussige møter med ulike personar, og også ei kjede av gradvis gjennoppleving av fortida. Han gjenopplever også ei periode der han tidlegare har prøvd å finne ut av sin eigen barndom. Forvirrande? Det gjeld i allefall etterkvart for lesaren å ha tunge beint i munnen i forhold til kvar ein er i tida.

Det er ein viss «Film noir»-stemning over boka. Men det er likevel på ingen måte nokon krim- eller spenningsbok, tvert imot. Det er heller ei lavmælt og nærmast draumeaktig vandring gjennom minna og inn i alderdomen til ein einsam mann. Stemningsfull og fin på mange måter, men som antyda i innleiinga er det vanskeleg å sjå kva slags historie forfattaren ynskjer å fortelje, ein ser berre skuggane av den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så bra at forma er stigande! Må seie at eg blei litt uroleg for deg etter innlegga førre helg, så dette var godt nytt.

For min del så er eg i sving med to bøker i helga, O Arroz de Palma av Francisco Azevedo og Den siste revejakta av Ingvar Ambjørnsen. Den siste fekk eg forøvrig av Fru Bang på bokelskere for eit års tid sidan, er det nokon som veit kvar det vart av henne? Det ser ut som at profilen er sletta.

I tillegg høyrer eg på lydbok når eg køyrer bil. Nett no er eg såvidt i gang med Quo Vadis av Henryk Sienkiewicz. Innspelinga er på knapt 22 timar, så det gjeng nok nokre veker før eg har køyrt så lenge.

Utover det litterære, så må eg bruke ein del tid på hunden i helga. Han har bestemt seg for å gi blaffen i kommandoane mine når vi er på gjetarhund-trening, så då er vi nede i 0 medlemmer i husstanden som bryr seg om kva eg seier. Er det rart ein får lyst til å forsvinne inn i ei bok?

God helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Slik eg oppfattar det, er bøkene ein legg inn sjølv ikkje søkbare på bokelskere. Den einaste måten andre bokelskarar kan finne den på, er via bokhylla til den som har lagt den inn, elle via sitat-, diskusjons- eller omtale-trådar om boka.

Dersom du sluttar å følge den vil boka framleis eksistere, men dersom det ikkje lenger er lenker til den blir eksistensen eit høgst filosofisk spørsmål.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Stille natt har eg ikkje lest, men eg ser at det er mange som liker den. Så det er lov å håpe på at den er fin, den også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi ender med å glemme de detaljene i livet som er til bry eller som er altfor smertefulle. Det er bare å legge seg på ryggen og la seg rolig flyte over dypet, og lukke øynene.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

De siste femti årene hadde han ofte vært forbi her, og også i barndommen, da moren tok ham med seg til stormagasinet Printemps litt høyere oppe. Men nå i kveld virket denne byen fremmed. Han hadde gjort seg fri av alt som som ennå kunne binde ham til den, eller så var det byen som hadde forkastet ham.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er moro med gamle sci-fi-historier. H.G. Wells er kanskje mest kjend for War of the worlds, som kom i ny filmversjon med Tom Cruise i ei av hovudrollene for ikkje så veldig mange år sidan. Skulle det vere nokon som er lei av å sjå anletet til Tom Cruise på film, kan ein jo alltids ynskje at han får hovudrolla i ein eventuell nyfilmatisering av denne boka.

I den vesle byen Iping dukkar det opp ein framandkar som tek inn på vertshus, med solbriller og anletet inntulla i bandasjar. Han har med seg masse vitenskapleg utstyr, og låser seg inne på eit rom der han søkjer å vere i fred med det vitskaplege arbeidet sitt. Dette gjer sjølvsagt landsbyboarane nyfikne, og dei finn snart ut at det er noko uforklarleg og mystisk med denne mannen.

Det var fleire sider ved historia som tiltalte meg. Wells får særs tydeleg fram kor vanskeleg, det er for menneske å akseptere nokon som er radikalt annleis enn dei sjølve. Han portretterer også stormannsgalskap, i mangel av eit betre ord, på ein strålande måte. For den usynlege mannen avslører etterkvart ganske sjokkerande planar for korleis han kan nytte usynlegheita si. Men mest av alt likte eg sjølve faktumet at denne historia er frå 1897, og å tenke på kor fabelaktig nyskapande det truleg må ha vært for lesarane på den tida.

Eg høyrde denne på lydbok frå loyalbooks, opplesaren kom godt ifrå oppgåva, og var til dels strålande i å formidle talemåten til dei ulike landsbyboarane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

All men, however highly educated, retain some superstitious inklings.

(Chapter 17)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Although the fire was burning up briskly, she was surprised to see that her visitor still wore his hat and coat, standing with his back to her and staring out of the window at the falling snow in the yard. His gloved hands were clasped behind him, and he seemed to be lost in thought. She noticed that the melting snow that still sprinkled his shoulders dripped upon her carpet. "Can I take your hat and coat, sir?" she said, "and give them a good dry in the kitchen?"

"No," he said without turning.

(Chapter 1)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei fonøyeleg skildring om korleis det var å vere 12 år i ei vestlandsbygd i 1964. Mykje humor, ein del nostalgi, litt poesi, og litt alvor.

Hovudpersonen, som også er forteljarstemma, er den mellomste i ein syskjenflokk på 3, med ei smårebelsk storesøster på 15 og ein superintelligent bror på 6. Der er egentleg ikkje nokon spesiell handling eller plott i boka, men heller ein serie episoder som kjem kronologisk ettersom året gjeng. Saman med klassekompisane Erling og prestesonen finn hovudpersonen på mykje enkel moro, det byrjar ei ny jente på skulen, og i bakgrunnen er det sprekkar i den ekteskaplege harmonien i heimen.

Der er mange herlege typer i forteljinga; småkriminelle ungdomar, alkoholiserte bygdetullingar, fanatiske predikantar, ein filosofisk gravar, og kanskje Wenche Myhre, for å nemne nokre. Den kanskje flottaste skildringa er av outsidaren Kåre, som kjem frå ein dårleg heim, og som søkjer å vere ven med hovudpersonen.

Det er ikkje berre morosame ting som skjer i boka, der er også mørke løyndomar i bygda, og ei alvorleg hending set preg på året. Likevel held forfattaren ein viss humoristisk distanse til alt som skjer, og det fungerer greit. Dette er den andre boka eg les av Hovland, eg kvir meg på ingen måte for å lese meir av han. Godkjent, og vel så det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Her er litt å velge i.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og neste gong eg er i nød, skal eg iallfall ikkje nøle med å vende meg til Gud. Han har sanneleg meg uransakelege vegar, ja. Og på nokre av dei skjer det stygge trafikkulukker.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

-- Var det stor båt, Olaien? sa eg.
-- 10 000-tonnar, sa Olaien. - Vi frakta bananar eller kva i helvete det no var. I bakgrunnen ser du hamna i La Paz.
Eg tenkte meg om.
-- La Paz ligg vel ikkje ved sjøen? sa eg. Var det noko eg var ekspert på, så var det landkunne.
-- Det gjorde det den gongen, sa Olaien. - Seinare flytta dei heile byen. Det hadde noko med eigedomsskatt å gjere.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg søkte på antikvariat.net. Fekk to treff, Wangsmo antikvariat i Trondheim til kr 55,- og Fellesantikvariatet i Brandbu til kr 120,-.

Så ser eg også at Bokloftet har den til kr 80,-.

Fleire muligheiter, med andre ord.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne boka har dei fleste ingrediensane som skal til for å bli ei spenningsbok eg liker. Ein småvittig og sjølvironisk antihelt, samanfletting av fleire handlingar, sprang i tid, eit spanande mysterium som skal løysast, og masse, masse faktaopplysningar bakt inn i plottet.

Likevel rotar Egeland det litt til med oppskrifta, dette er nok den svakaste av dei Beltø-bøkene eg har lest hittil. Den er ikkje direkte dårleg, det er berre det at eg sit med kjensla av at den kunne ha vært så mykje betre. Utan å røpe for mykje, så følte eg at mesteparten av kruttet var brent opp halvvegs i boka. Og avslutninga tok ei vending som blei litt for søkt etter min smak.

Men du verden, her er mykje bra også. Det er langt frå kjedelig eller uinteressant å vere med Beltø på tur. Egeland virkar å ha lagt ned mykje arbeid i å setje seg inn i religionshistorie, og eg høyrer til dei som liker å fundere på kva som er fakta og oppspinn i slike romanar. Boka er i tillegg lettlest, det er også ein kunst.

Så håper et at Egeland held fram med å skrive bøker om Bjørn Beltø. Eg kjem nok til å lese alle han finn på å gi ut.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du kan være noens fange uten å ane det. Mang en hustru vil gi meg rett. Du oppdager det først når du tror du kan folde ut frihetens vinger og merker, forbløffet og indignert, at noen har stekket deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Heidi LJulie StensethKirsten LundGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGrete AastorpBjørn SturødMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLillevi