1964

roman

av (forfatter).

Samlaget 2006 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.78 (91 terningkast.)

315 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Hovudpersonen i romanen er like gammal som Bert Bobsey, den eldste Bobsey-tvillingen. Rundt han og familien skjer det dramatiske og kvardagslege ting, mystiske sekter gjer seg gjeldande, verda blir som ny, og draumar blandar seg med røyndommen. Brått skjer eit uforklarleg dødsfall, og mangt tyder på at året 1964 aldri skal ta slutt.

Omtale fra forlaget

Fem år etter Ei vinterreise, som fekk Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris, kjem endelig ein ny roman frå Ragnar Hovland. Som vanlig bevegar han seg mellom ulike populærkulturelle fenomen som musikk og film i ein forrykande oppvekstroman som overgår det meste. Boka tek pulsen på året 1964. Hovudpersonen i romanen er blitt like gammal som Bert Bobsey, den eldste Bobsey-tvillingen. Rundt han og familien skjer det dramatiske og kvardagslege ting, mystiske sekter gjer seg gjeldande, verda blir som ny, og draumar blandar seg med røyndommen. Sommaren 1964 blir den lengste i manns minne, brått skjer eit uforklarleg dødsfall, og mangt tyder på at året 1964 aldri skal ta slutt.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2006

Format Innbundet

ISBN13 9788252169195

EAN 9788252169195

Serie Samlaget roman

Omtalt tid 1960-1969

Språk Nynorsk

Sider 220

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

14 50 21 5 1 0

Bokomtaler

Mykje humor i denne fantasifulle oppvekstromanen som eg no har lese for andre gongen. Sjølv i ein vestlandsavkrok kan ein gut på 12 oppleve meir på eitt år enn dei fleste andre på same alder. Her har nok Ragnar Hovland tatt hardt i og komprimert fleire barneår i eitt. Valet av 1964 kan lett forklarast; det er det siste året utan fjernsyn i bygda.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Hovudpersonen i 1964 er tolv år gamal og bur i ei bygd på Vestlandet med systra, som er 15, konfirmant og svært klar til å flytta heimanfrå, broren som er like gamal som den yngste Bobsey-tvillingen og svært intelligent, faren som er omreisande i biblar, og mora som må avgarde på husmorferie. Året er 1964, og det er fyllt av ein vinter som ikkje ser ut til å ta ende, ein sommar som gjekk alt for fort og ein haust som kjem med store endringar.

Til liks med fleire andre Hovland-romanar er 1964 både humoristisk og lågmælt, sjølv om den tek opp mange store og vanskelege tema. Her møter ein bygdeoriginalar med alkoholproblem, born frå dårlege heimar, eit mistenkjeleg dødsfall, mental sjukdom, tankar om døden og ungdommeleg forelsking. Alt er fortalt frå tolvåringen sin ståstad, med både nærleik og kjærleik til dei omtalte menneska, og distanse til dei alvorlege hendingane. Hovland skriv i forordet at han valte året 1964 fordi det var eit år han ikkje hugsar, eit år han måtte rekonstruera frå botnen. Og det kan nok merkast i romanen òg, det er språket til ein vaksen som lyser gjennom forteljinga om tolvåringen, utan at det bryt verken med karakteren eller historia på nokon måte.

Folk har nok sine Hovland-favorittar, og eg har inntrykket av at Sveve over vatna (1982) er eit must for dei fleste. Eg har fått ein ny favoritt, 1964 har den flotte blandinga av melankoli, dramatikk og optimisme ein leitar etter i sommar-bok - eller haust-, vinter- eller vår-bok, for den del. Alt pakka inn i Hovland sin turre humor og reine, enkle prosastil.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hovland gjer det igjen: får hjartet til å blø varmt samstundes med at latteren får tunga til å kile. Sårt og trist, og vanvittig humoristisk. har om mogleg fått meg ein ny Hovland-favoritt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Miniomtale med smakebit: Jeg leste ferdig boka i kveld og vil absolutt anbefale den videre. Den er fornøyelig, har gode og levende karakterer og er lettlest. Guttepjokkene Rolf og kompisene Erling og Prestesønnen er en umake kompisgjeng som finner på mye rart og grubler på mye også, i alle fall Prestesønnen og Rolf. Erling er nok litt enklere slik, selv om han liker å spille at han har onde ånder inne i seg.
De vaker en del på kirkegården og skremmer seg selv med spøkelser og ånder..
Lillebroren til Rolf på seks år er og en artig skrue,og søstra som blir konfirmert er frekk og i full pubertetsflor.
Og så er det forelskelser, drama, en nervesyk mamma som elsker Jim Reeves og barn som ikke er så veldig snille akkurat hele tiden..
Jeg visste ikke at Hovland var så moro.:)

Bloggomtalen

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei fonøyeleg skildring om korleis det var å vere 12 år i ei vestlandsbygd i 1964. Mykje humor, ein del nostalgi, litt poesi, og litt alvor.

Hovudpersonen, som også er forteljarstemma, er den mellomste i ein syskjenflokk på 3, med ei smårebelsk storesøster på 15 og ein superintelligent bror på 6. Der er egentleg ikkje nokon spesiell handling eller plott i boka, men heller ein serie episoder som kjem kronologisk ettersom året gjeng. Saman med klassekompisane Erling og prestesonen finn hovudpersonen på mykje enkel moro, det byrjar ei ny jente på skulen, og i bakgrunnen er det sprekkar i den ekteskaplege harmonien i heimen.

Der er mange herlege typer i forteljinga; småkriminelle ungdomar, alkoholiserte bygdetullingar, fanatiske predikantar, ein filosofisk gravar, og kanskje Wenche Myhre, for å nemne nokre. Den kanskje flottaste skildringa er av outsidaren Kåre, som kjem frå ein dårleg heim, og som søkjer å vere ven med hovudpersonen.

Det er ikkje berre morosame ting som skjer i boka, der er også mørke løyndomar i bygda, og ei alvorleg hending set preg på året. Likevel held forfattaren ein viss humoristisk distanse til alt som skjer, og det fungerer greit. Dette er den andre boka eg les av Hovland, eg kvir meg på ingen måte for å lese meir av han. Godkjent, og vel så det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

– Det var kvalitet på bedehuskjelane før i tida, sa Nikolaisen. – No er det jo berre noko rask. Fy faen for noko rask det er! Han såg fort bort på Judith.
– Beklagar, sa han. – Eg gløymer at du er med i ei sekt.
– Det er ikkje så farleg, sa Judith. – Det er du som kjem til helvete, og ikkje eg.
Olaien nikka. – Der sa du eit sanningsord, unge dame. No skal det bli kaffi, ja frå ein kristeleg kjel. Kok opp, du kristenkjel!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Og neste gong eg er i nød, skal eg iallfall ikkje nøle med å vende meg til Gud. Han har sanneleg meg uransakelege vegar, ja. Og på nokre av dei skjer det stygge trafikkulukker.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

-- Var det stor båt, Olaien? sa eg.
-- 10 000-tonnar, sa Olaien. - Vi frakta bananar eller kva i helvete det no var. I bakgrunnen ser du hamna i La Paz.
Eg tenkte meg om.
-- La Paz ligg vel ikkje ved sjøen? sa eg. Var det noko eg var ekspert på, så var det landkunne.
-- Det gjorde det den gongen, sa Olaien. - Seinare flytta dei heile byen. Det hadde noko med eigedomsskatt å gjere.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har alltid likt forord i bøker. Ikkje lange forord, men passeleg korte. Forord som seier det som skal seiast og ikkje meir. Det gir ofte ein ekstra piff til boka, set lesaren i godt lune før ho begynner på sjølve teksten, tenkjer at her har forfattaren ytt litt ekstra, vist at det er ein godviljens kvinne eller mann ein har med å gjere.
Derfor har eg hatt med eit lite forord i nokre av dei tidlegare bøkene mine og har ikkje angra på det eit sekund. Lesarane har utan unntak fortalt meg etterpå at dette var noko dei sette pris på. Ein liten gest som viser at eg tenkjer på dei, overflødig kanskje, men likevel med ei slags nødvendigheit i seg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg såg henne på lang avstand, ho kom imot meg, og eg hadde ikkje venta det. Det var ikkje derfor eg gjekk der. og ingen stad eg kunne smette inn og late som eg ikkje hadde sett henne. Vi kom til å møtast, og eg måtte seie noko. Faen, sa eg. Men berre til meg sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Er vel ikkje så mykje meir å seie?


Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det er mer enn et par bøker som har et årstall som tittel, og flere av dem er også gode.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Forfattere jeg hittil ikke har lest noe av, men som jeg er nysgjerrig på. Må prøve å få lest noe av dette etterhvert.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Under snøen" av Ragnar Hovland
  • "Kunsten å komme heim og andre essay" av Ragnar Hovland
  • "Fredlaus - roman" av Ragnar Hovland
  • "Åleine i Alpane - prosa i utval" av Ragnar Hovland
  • "Dr. Munks testamente - roman" av Ragnar Hovland
  • "Utanfor sesongen" av Ragnar Hovland
  • "Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville - og andre dikt" av Ragnar Hovland
  • "Dr Munks popleksikon" av Ragnar Hovland
  • "Sjølvmord i Skilpaddekafeen" av Ragnar Hovland
  • "Ei vinterreise - roman" av Ragnar Hovland
  • "Stille natt - roman" av Ragnar Hovland
  • "Brenn huset ned" av Frode Grytten
Alle bokanbefalinger for dette verket