Tid er akkurat som vin: Du setter aller mest pris på den når du bare har litt igjen.
I morres mista jeg ei hjørnetann. Den datt nokså udramatisk ut da jeg sveipa over med børsten. Det skremte meg. Fikk meg til å tenke på tida. Kloden som raser gjennom nattsvart rom - alt det der. Tida som går. Døden. Du står med ei gul tann i handa og veit: Ingenting skal gjøres om igjen. Ingenting kommer tilbake. Det er bare én vei å gå, og den veien er en blindvei. Den veien skal en dag ende opp foran din egen gravstein. Dystre tanker for en som har mista barnetrua.
Den siste revejakta av Ingvar Ambjørnsen
Så artig. Eg las Den fremmede i sommar. Er det bryet verdt å få med seg denne boka også? Veit du om den kjem på norsk? (eg greier godt å lese på engelsk, det er ikkje det, men sidan den ser ut for å vere skrive på fransk opphaveleg så tenker eg at det er like greit med norsk oversetjing)
Boka handlar ganske mykje om kjærleik, ikkje så mykje om kolera. Kjærleikshistoria er først og fremst Florentino Ariza sin livslange besettelse av Fermina Daza, som i sin tur ekta den høgt akta legen Juvenal Urbino. Boka startar med at doktor Urbino døyr i godt mogen alder, så tek forfattaren lesaren med til ungdomsåra til Florentino og Fermina, der dei blei løynleg forelska i einannan. Historia vandrar så i små «tiddssløyfer» framover og forbi tidspunktet for Urbino sitt dødsfall, og så får ein sjå, då, om den gamle kjærleiken kan bli som ny.
Historia er lagt til ein ikkje namngjeven by langs den karibiske kysten av Colombia, men sidan Magdalena-elva renn ut i byen er det naturleg å tenke seg at det må dreie seg om Barranquilla. Eller kanskje Márques har dikta om Barranquilla til ein annan by? Uansett, ein får eit strålande portrett av livet i ein Colombiansk kystby frå slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet.
Márques er kjend for å nytte magisk realisme i bøkene sine, men eg hadde vondt for å finne noko større av dette i denne boka. Så må eg nemne at det var noko med språket som ikkje stemte for meg i denne boka. Om det er forfattaren eller oversetjaren sin stil som ikkje stemmer er vanskeleg å seie, men setningar og ordval vart ofte krøkkete i mine auge. Dette gjorde nok utslag i eit minus på terningkastet.
Eg las denne boka saman med kjell k sin lesesirkel. Som alltid så var det dobbelt så moro å lese saman med andre.
Ja, det trur eg skal gå an, men eg har ikkje prøvd det sjølv. Dersom du gjeng til din eigen profil og trykker "bøker" så får du opp sida med boksamlinga di. I venstremargen, under oversikta over bokhyller, er det eit val som heiter "Opprett / rediger bokhyller". Klikker du på dette kjem du til ei side med diverse val for å redigere bokhyllene. Bak kvar bokhylle er det ein boks som heiter "Slett bokhylle". Eg gjeng ut frå at ein ved å klikke i denne boksen sletter den aktuelle bokhylla.
Sammen hadde de funnet vei i hverdagens misforståelser, det plutselige hat, de gjensidige råttenskapene og de salige lynglimt som følger med all ekteskapelig samforstand. Det var i denne tiden de elsket hverandre mest, uten hast og overdrivelser, og begge var mest oppmerksomme på og takknemlige for de usannsynlige seirene over all motgang.
-- Krigen foregår ute i villmarkene, sa han. - Så lenge jeg kan huske, er det ikke med skudd, men forordninger de har drept oss i byene.
Jauvisst fantest det humor før i tida også. Gogol er utspekulert morosam i denne boka der han fortel om spekulanten Tsjitsjikov, som reiser rundt på landsbygda i Russland for å kjøpe avlidne liveigne, eller «døde sjeler» som også er tittelen på boka. For det første er sjølve plottet så absurd at det kallar på latteren. For det andre så set Tsjitsjikov seg i såpass mange kinkige situasjonar undervegs at ein må berre le. For det tredje så leverer Gogol knakande gode karikaturar av alt frå einfoldige bønder og gjerrige godseigarar til snørrviktige embetsmenn og virkeligheitsfjerne adelsfolk.
Men boka er ikkje berre ei lattervekkande farse, det ligg også ein del samfunnskritikk i forteljinga. I tillegg er der eineståande flotte skildringar av natur og miljø på den russiske landsbygda. Starten av andre bind er kanskje noko av det flottaste eg har lest i så måte. Ein må også halde fram det imponerande omfangsrike og varierte persongalleriet som Tsjitsjikov støyter på undervegs på reisene sine.
Dessverre så blei Gogol aldri ferdig med dette verket. Planen var eit storverk på 3 bind, men forfattaren døydde medan han arbeidde med bind 2. Denne boka inneheld derfor det fullstendige bind 1, og ein til dels fragmentarisk start på bind 2. Det er synd ein ikkje få vite korleis historia ville utvikle seg vidare. Heldigvis skreiv Gogol fleire tekster, først og fremst ein rekke noveller, ein får heller trøyste seg med dei.
Denne boka blei skrive i høve 350-årsjubileet for malmfunnet i Meldal som gav grunnlag for gruvedrift i fleire hundre år, og som også var kimen til ex-industrikonsernet, no merkevaregrossisten, Orkla. Brekke vel, på ein stort sett særs vellukka måte, å fortelje historia om gruvedrifta gjennom ein oppdikta slektssaga. Soga til denne slekta blir fletta inn i verkelege historiske hendingar og personar. Ein fyl ikkje alle slektsledda, men dveler heller ved perioder som var viktige for historia til gruvedrifta.
Det at eg har bittelitt overfladisk kjennskap til gruvedrift frå studietida gjorde det ekstra moro å lese denne boka, men det er slett ikkje naudsynt med slik bakgrunn for å ha full glede av å lese den. Brekke virkar å ha gjort eit grundig arbeid i å grave fram kunnskap om gamle arbeidsteknikkar, og det var lett å leve seg inn i miljøa som blei skildra.
Forfattaren nemner i forordet at tida var knapp for å skrive boka, men det er ikkje før på slutten av den at det merkast. For den svakaste delen av boka er nok den frå det siste århundret. Her blir det litt for skjematisk og springande. I tillegg kan det opplevast som problematisk at Jens P. Heyerdahl, som tok iniativ til å bestille skrivinga av boka, også kjem inn i historia. Han var etter det eg forstår ein særs godt likt konsernsjef, men skulle det vere mindre flatterende sider ved han så er det fort gjort å tenke at det ville vere vanskeleg for Brekke å trekke dei fram i lyset.
Men uansett, det var ei underhaldande og lærerik bok. Eg kan godt lese fleire bøker av Brekke.
Men korleis kom du over Fante i si tid? Den gule serie? Eg har forstått det slik at han var forholdsvis ukjend fram til for få år sidan.
Fungerer heilt fint på min telefon, Samsung Galaxy SIII (android) frå 2013 eller deromkring, ikkje så veldig gamal altså. Eg er samd i at det er knotete med bokelskere på telefon, men har ikkje irritert meg over det. Det heng nok saman med at eg ikkje har forventningar om at telefon skal vere brukbart som primærplattform for nettstaden.
Klart, det er sikkert mange som vil setje pris på det dersom nettstadsutviklarane finn på å utvikle ein mobilvennleg versjon av sidene. Men inntil vidare:
Trilla ein 5'ar på den. Eg er ganske streng på terningkasta, så det betyr at eg likte den veldig godt. Spesielt vil eg framheve at det innimellom var reine perler av språklege bilete i teksta.
Det var Jo Nesbø som tipsa meg om denne forfattaren, gjennom Harry Hole som las Fante i boka Panserhjerte. Dette fekk meg til å starte denne diskusjonstråden, som igjen leia til at eg bestilte Vent til våren, Bandini!. Og etter å ha lest den, kan eg garantere at eg kjem til å lese fleire av bøkene hans.
Heime att frå Norway Cup! Det blei tid til ein del lesing også, men eg hadde tatt med nok lektyre med god margin, bortsett frå at eg burde hatt med ei lydbok til. A Journey to the Interior of the Earth (Jules Verne) tok slutt litt for tidleg på heimturen i natt.
John Fante sin Vent til våren, Bandini! blei eg ferdig med på laurdag, og har kome eit godt stykke på veg i Victoria av Hamsun. I tillegg er eg i gang med ei brasiliansk bok, O Arroz de Palma. Lettlest og fin.
Det er uvisst om eg kjem i gang med ei ny bok på norsk i helga, men skulle det skje så blir det kanskje Den siste revejakta av Ingvar Ambjørnsen. Lenge sidan eg har lest noko av han no. Med regn og surt ver så freistar det i alle fall meir å halde seg i lesestolen enn å gå ut.
God helg, det som er att av den.
Norway-cup startar i helga. Det blir ein del venting mellom kampane, så då kan det fort bli tid til ein del lesing. Kanskje. Vi får sjå. Moro blir det uansett.
I går (fredag) ettermiddag blei eg endeleg ferdig med En bønn for Owen Meany av John Irving, eg fattar ikkje korleis eg klarte å bruke så lang tid på denne. Vidare har eg kome 1/3 i veg i Go Set a Watchman av Harper Lee. Skrudde ned forventningane så godt eg klarte før eg starta, og det fungerte greit. Kosar meg med denne. Tippar eg er ferdig med den før helga er over.
Vidare har eg pakka med meg Vent til våren, Bandini av John Fante, Victoria av Knut Hamsun samt O Arroz de Palma av Francisco Azevedo (på norsk:Livet i et riskorn/Tante Palmas ris) til Norway-cup. Greier eg å lese igjennom alle desse før veka er over, så kan det vere eit teikn på at eg er for lite interessert i fotball.
God Helg!
Ang. spørsmålet om korvidt boka opphaveleg kom ut i to bind; dersom ein skal tru på dei engelske, tyske og kroatiske wikipedia-sidene om boka, så gjorde den visst det. Men på dei svenske sidene så skriv dei at den kom ut i tre bind. Rekorden finn eg på dei islandske sidene, der heitest det at den kom i fire bind.
Så då kan ein kanskje tru det ein vil?
PS – på Nasjonalbiblioteket ser det ut for at boka kom ut med tittelen Frie menn i 1954, og i to bind (har ikkje norsk IP-tilgang nett no, så eg får ikkje åpna boka for å sjekke).
Eg høyrer for tida på A Journey to the Interior of the Earth av Jules Verne. Hovudpersonane er innom Reykjavik, og følgende ordveksling finn stad mellom professor Liedenbrock og den islandske naturfaglæraren Fridrikssen;
"Your library! why there is nothing but a few tattered books upon almost deserted shelves."
"Indeed!" replied M. Fridrikssen, "why we possess eight thousand volumes, many of them valuable and scarce, works in the old Scandinavian language, and we have all the novelties that Copenhagen sends us every year."
"Where do you keep your eight thousand volumes? For my part--"
"Oh, M. Liedenbrock, they are all over the country. In this icy region we are fond of study. There is not a farmer nor a fisherman that cannot read and does not read. Our principle is, that books,
instead of growing mouldy behind an iron grating, should be worn out under the eyes of many readers. Therefore, these volumes are passed from one to another, read over and over, referred to again and again; and it often happens that they find their way back to their shelves only after an absence of a year or two."
Dette rimer godt med den interessa for skaldskap, historie og litteratur som gjenspeglar seg i persongalleriet i Laxness sin forteljing, og i første rekke hjå Bjartur.
Boka kom forøvrig i posten i dag. Den blir med meg på tur til helga.
Klar for helg! Eg skal ikkje ta meg ein lur, men derimot ein tur. Familietreff i helga, skal bli koseleg.
Det har gått sørgeleg seint med lesinga siste veka, eg har ikkje kome lenger enn ca halvvegs i En bønn for Owen Meany. Blir det tid til lesing i helga, så er det nok berre denne eg kjem til å lese i.
Som lydbok på køyreturen så høyrer eg på Heart of Darkness av Joseph Conrad. Liker godt det eg har høyrt hittil, trass ein mørk og dyster tone i forteljinga. Mulig eg skal laste ned ei lydbok til før turen.
God helg!
Kan det vere slik at det ikkje er meint bokstaveleg, at "tornado" blir nytta som ei overdriving for ein tur gjennom eit stygt uver?