Dette er ei av dei første bøkene til Ambjørnsen, og er ei ytterst underhaldande historie. Eg ser at den er klassifisert som krim på bokelsbekere.no, men eg er usikker på om dette er eit dekkande begrep for innhaldet i boka.
Uansett, det er kriminelle handlingar som er gjennomgangstemaet i boka. Forteljarstemma i boka, Carl F. Vang, oppheld seg på eit smålugubert hotell på ei gresk øy og tenker attende på hendingar han har vært med på i Norge den siste tida. Carl og kompisen Robert er garva hasjrøykarar sidan ungdomstida, og tek no del i ei smuglaropplegg, det siste (sjølvsagt …) før dei skal trekke seg attende frå denne karriera. Men det er noko muffens med opplegget denne gangen, og det viser seg at dei blir utnytta av folk lenger opp i systemet. Dessutan har nokon tatt livet av kjærasten til Robert.
Det er herlige skildringar av folk og miljø i denne boka. Mykje humor, og ein god del raljering. Ambjørnsen er kjend som ein talsmann for eit liberalt forhold til cannabis, og han fornektar seg ikkje i denne boka. Ved fleire høve gir han seg ut på utlegningar om kvifor cannabis burde vere lovleg, og korleis alkohol og tobakk gjer meir skade på folkehelsa enn canabis. Eg er ikkje samd i Ambjørnsen sitt syn på saka, men uavhengig av dette blei ein del av desse tiradene litt malplassert i forhold til handlinga i boka, sjølv om dei isolert sett var underhaldande å lese.
Men alt i alt likte eg boka veldig godt. Som lesar er det spanande å bli med inn i eit landskap ein helst ikkje vil vitje i det verkelege livet, og det var ei slik reise Ambjørnsen tok meg med på her. Takk for turen.
Gata så fredelig og trygg ut. De begynte å bli flinke. Det var tydeligvis slutt på den tida da ensomme menn satt i mørkeblå Volvoer og leste avisa opp ned.
Robert kjørte som en gris, men han kjørte ikke fort. Bare som en gris.
Jauvisst er det flott språk. Jauvisst er det ei gripande kjærleikshistorie. Men likevel, den blei litt for skjematisk og melodramatisk for meg.
Settinga er forholdsvis klassisk. Den fattige guten og den rike jenta elskar einannan, men kan ikkje få einannan. Myllarsonen Johannes har vært leikekamerat med den litt yngre godseigardøtra Victoria i barndomen, og etter at dei veks til blømer kjærleiken. Nei, ikkje blømer, for ingen av dei kan vise for den andre kva dei kjenner. Victoria blir dessutan bortlova til ein ung mann av hennar eigen byrd, det viser seg at det er først og fremst økonomiske motiv som ligg til grunn. Johannes får utløp for kjenslene sine gjennom diktinga si, han blir etter kvart ein anerkjent og kjend forfattar.
Det som bergar dette frå å bli ei håplaus suppe er, som nevnt innledningsvis, den feiande flotte forteljarstilen til Hamsun. Skildringar av natur og kjensler er ein ting, dette gjer han særs bra. Men i tillegg ligg det mykje mellom linjene, lesaren får ikkje alt med teskjei. Det at forteljinga stykkast opp med Johannes sine draumesyn og skriveri var også eit vellykka grep. Så alt i alt er det ikkje til å kome forbi at det er ei god bok.
Hva mener du om vi satte horn på ham .... på ham som gikk .... om vi satte horn på ham?
Hun oppløfter et skrik og kaller piken til. Han slipper henne med en stille, tørr latter idet han sperrer munnen opp som et gap og slår seg på begge lår.
Om morgningen tar fruens gode hjerte igjen overhånd og hun sier til sin mann:
Du hadde et besynderlig anfall igåraftes; det er jo over nu; men du er blek også idag.
Ja, svarer han, det er anstrengende å være åndrik i min alder. Det er jeg aldri mere.
Går De her og tenker?
Nei, svarer han. Om jeg tenker? Nei jeg går her bare.
Jules Verne stod bak mange fantastiske røvarhistorier, og dette er ei av dei mest kjende. Boka kom ut i 1864 og handlinga er lagt til 1863. Forteljarstemma i boka, Alex, bur hjå onkelen sin, den vidgjetne Professor Otto Liedenbrock i Hamburg. Liedenbrock kjem over eit gamalt eksemplar av Heimskringla, og inne i den finn han ein pergamentbit med ein koda beskjed i runeskrift. Det viser seg at koda inneheld anvisningar frå ein Islandsk alkymist om korleis ein kan finne ein inngang til det indre av jorda. Dermed er det berre å setje i veg. Ut på tur, aldri sur.
Verne verka å vere godt informert om dei seinaste vitskaplege teoriar og nyvinningar. Det er skulelærdom no for tida at det indre av jorda kan delast inn i ein fast mantel, ei flytande ytre kjerne og ei fast indre kjerne. Men på Verne si tid var det tilsynelatande ein diskusjon om korvidt temperaturauken ein observerar når ein lagar djupe gruvegangar var ein lineær auke som held fram inn til det indre av jorda, eller korvidt denne temperaturen skuldast varme frå kjemiske reaksjonar i jordskorpa. Sidan dette virka å vere uavklart i 1864 så var også dei vitskaplege premissane for ei reise i det indre av jorda også meir tilforlatelege.
Og det er verkeleg ei fantastisk og spanande reise Verne tek lesaren med på. Berre det å kome seg til den vulkanen på Island som skjuler inngangen til det indre av jorda var eit eventyr i seg sjølv. Alex og Liedenbrock hyrer ein traust og trufast islending, Hans, som blir med på oppdagingsferda innover i jorda. Der gjer dei oppdagingar som vil vere banebrytande både innanfor geologi, paleontologi, og mykje, mykje meir.
Den siste delen av historia var etter mitt syn den svakaste. For det første vart det noko uforløyst over eventyret, Verne kunne ha spunne mykje meir på nokre av dei mest fantastiske oppdagingane, og også utnytta meir dei spesielle fysiske forholda som ein kan tenke seg det må vere midt inne i ei ikkje alt for varm jord. For det andre var forholda rundt returen så overvettes usannsynlege at sjølv om eg mobiliserte alt av velvilje så greidde eg ikkje å sjå for meg korleis det kunne gå an. Derfor dala terningkastet med eit auge eller to den siste fjerdedelen av boka.
Eg hørde denne som gratis lydbok frå loyalbooks. Heilt grei opplesing.
It was nine in the morning. The priest and his tall Megæra were awaiting us at the door. We supposed they were standing there to bid us a kind farewell. But the farewell was put in the unexpected form of a heavy bill, in which everything was charged, even to the very air we breathed in the pastoral house, infected as it was. This worthy couple were fleecing us just as a Swiss innkeeper might have done, and estimated their imperfect hospitality at the highest price.
My uncle paid without a remark: a man who is starting for the centre of the earth need not be particular about a few rix dollars.
(Chapter 14)
"All the theories of science demonstrate such a feat to be impracticable."
"The theories say that, do they?" replied the Professor in the tone of a meek disciple. "Oh! unpleasant theories! How the theories will hinder us, won't they?"
(Chapter 6)
Ser ut for at det er Jo Nesbø-dag på VG TV nett no. Triveleg småprat med forfattaren.
God helg, ja! Snart skulestart for tenåringane i huset, så då er vi straks over i den berømte tralten att.
Eg er komen ca 3/5 i veg i sakprosaboka Placebodefekten av Gunnar Tjomlid. Knakande godt forklart mellom anna om kor lett menneske har for å lure seg sjølve, og kvifor det er slik.
Så held eg på med novellesamlinga Sjabervik av Øystein Orten. Har komt ca halvvegs i denne også. Dette er ei bok eg har spesiell glede av, sidan eg har god kjennskap til bygda som er modell for Sjabervik.
I tillegg har eg starta på noko som eg innser blir eit langtidsprosjekt. José de Alencar er ein av dei mest kjende brasilianske forfattarane frå 1800-talet, og eg har tidlegare lest Iracema av han. No har eg starta på Til, og slit med språket frå første side. Arkaisk og svulstig, så ordboka må fram for nesten kvar setning. Men eg gir meg ikkje så lett, så eg kjem til å ta den i små porsjonar i mange veker framover.
Utover det så har eg vært solid på etterskot med å legge ut sitat og omtaler frå bøker eg har lest (har ei personleg målsetjing på dette). Etter eit skippertak den siste veka så er eg snart ajour, reiknar med å kome i mål før helga er over.
Ein liten skatt av ei bok. John Fante var son av fattige italienske immigrantar, og brukar nok sin eigen bakgrunn som modell for denne forteljinga. Arturo Bandini er tolv år, har 2 yngre brødre og ei superreligiøs og til tider apatisk mor. Faren Svevo er murar, men det er midt på vinteren og dårleg med murararbeid, og dermed trange kår i heimen. Svevo får likevel oppdrag hjå ei rik dame i byen for å sjå på ein peis, men det viser seg at dama er meir opptatt av peisen til Svevo.
Arturo har, i tillegg til vanskane i heimen, også stort sett vanskar ellers også. Han prøver å fange interessa til Rosa, ei av jente på skulen, men det gjeng ikkje så bra. Han spekulerer også mykje over religiøse spørsmål, om synd og syndsforlatelse og slikt. Det einaste som held han oppe er draumen om å bli baseball-spelar.
Det er eit enkelt, men likevel fantastisk språk i boka. Elendet og fattigdomen blir skildra på ein usentimental men likevel nesten poetisk måte. Personskildringane er også strålande. Utan store fakter viser Fante fram kor kort veg det er mellom gode forsett og dårlege val. Der er også ein viss humor i boka, dette viser seg til dømes når Fante, slik eg opplever det, kritiserer katolisismen.
Men var Fante likevel religiøs? Dio cane sver Svevo i starten av boka, «Gud er ein hund». Det er nok meint som gudsspott frå Svevo sin side. Likevel er det ein hund som bidrar til at ting betrar seg litt mot slutten av boka. Let Fante Gud tre inn i forteljinga i form av ein hund, eller er det ein ny spott frå Fante sjølv? Uansett opplevde eg det som eit genial element i avslutninga av historia.
Dette er ei av fire bøker om Arturo Bandini, bøkene er kjende som «Bandini-kvartetten». Eg kjem garantert til å lese dei andre tre også.
Grei oppklaring. Det forklare jo kvifor Drep ikke en sangfugl blei så ulik.
Jumbo kom settende ut av tykningen. Den hadde en død fugl i munnen, en svært død fugl. Den hadde vært død i mange dager.
"Den fordømte bikkja!" sa Bandini.
"Det er fin bikkje det, pappa. Den er litt fuglehund."
Hans navn var Arturo, men han avskydde det og ville kalles John. Etternavn Bandini, men han ønsket det var Jones. Mor og far italienere, men han ønsket de hadde vært amerikanere. De bodde i Rocklin, Colorado, ti tusen innbyggere, men han ønsket han bodde i Denver, fire mil borte. Han var fregnet i fjeset, men han ville være ren. Han gikk på katolsk skole, men han ville gått på alminnelig skole. Han hadde en pike som het Rosa, men hun avskydde ham. Han var korgutt, men han var en dævel og avskydde korgutter. Han ville gjerne være snill gutt, men han var redd for å bli snill gutt, fordi han var redd vennene hans ville kalle ham en snill gutt. Han var Arturo og var glad i sin far, men han levde i redsel for den dag han ville være så stor at han kunne dra til faren.
«Ein litterær sensasjon» er muligens eit begrep som har blitt litt utvatna. Men nyhendet om at Harper Lee skulle gi ut ei ny bok, 55 år etter den einaste publiserte boka hennar, den særs vidgjetne og godt omtykte Drep ikke en sangfugl, må vel med rette kunne kallast ein sensasjon. Og når sjølve faktumet at boka kjem er ein sensasjon, så vil det også vere sensasjonelt å ikkje ha høge forventningar til sjølve boka. Sjølv gjorde eg mitt beste for å dempe forventningane i forkant.
Go set a Watchman blei ferdigstilt i 1957, skal ha blitt refusert, og i samarbeid med forlaget blitt bearbeidd til det som blei Drep ikke en sangfugl. Det må ha vært ei ganske radikal bearbeiding, for det er svært lite overlapp i dei to historiene.
I denne boka er Scout, eller Jean-Louise blitt ei ung dame, busett seg i New York, og kjem heim til Maycomb, Alabama, på ferie. Eg gjeng ut frå at alle som har flytta frå heimstaden merkar korleis den endrar seg over tid, og kjenner på vemod over at ting ikkje er som før. Slik er det også med Jean-Louise, men det er ikkje berre omgjevnadane som har endra seg. Avstanden mellom den svarte og kvite befolkninga har tilsynelatande auka. Ho finn også ut at faren Atticus og kjærasten Hank leflar med haldningar som ho ikkje kan tåle. Som kontrast til dette får ein innimellom servert barndomsminne, med persongalleriet frå Drep ikke en sangfugl.
Onkelen Jack er kanskje den personen eg likte best i boka. Ein eksentrikar, men med glimt i auget. Han prøver så godt han kan å hjelpe Jean-Louise å orientere seg i det moralske landskapet ho har kome attende til. Likevel er ikkje ein konfrontasjon med faren til å unngå.
Boka var fin, den, både som ei forteljing på eigne bein og som supplement til Drep ikke en sangfugl. Men det er lite truleg at den får ein like stor plass i litteraturen.
"I didn't know you had half-glasses, Uncle Jack," said Jean-Louise.
"Hah - I discovered I was wasting money."
"How?"
"Looking over my old ones. These cost half as much."
She sat up. "I don't know if I can tell you, honey. When you live in New York, you often have the feeling that New York's not the world. I mean this: every time I come home, I feel like I'm coming back to the world, and when I leave Maycomb it's like leaving the world. It's silly. I can't explain it, and what makes it sillier is that I'd go stark raving living in Maycomb."
Eg trur ikkje det er vanleg å henge seg opp i skrivefeil i kommentarar etc., med mindre det forvrenger heile meininga med innlegget. Eg har i allefall ikkje fått slike kommentarar på mine innlegg hittil, sjølv om eg tidvis slurvar litt med rettskrivinga. Men klart, skulle ein ynskje å gjere det så er kanskje det beste å nytte "post"-funksjonen (midterste knappen på verktøylinja øverst) for å sende ei privat melding til vedkomande. Det kan jo hende at nokon kan føle seg uthengt ved å bli korrigert i all offentligheit.
Det var forøvrig litt vittig at rettinga kom til eit sitat som inneheld følgende setning:
"Det er helt vanlig å feile noen ganger."
Og sidan vi først er i gang;
"Hvordan vi signaliserer at ...?" -> "Hvordan signaliserer vi at ...?"
Alt du greier å grave fram! Artig.
Eg har kome i tankar om korvidt opptredenen til Conrad kan vere ein hyllest til han fordi han let handlinga i ei anna bok, Nostromo (Nostromo - wikipedia), foregå i eit fiktivt sør-amerikansk land som til forveksling liknar på Colombia.
I Nostromo er det også ein sølvskatt som forsvinn til sjøs. Hugsar de Florentino Ariza sitt ungdoms-prosjekt med å leite etter ein legendarisk sølvskatt? Er det enno eit ekko etter Conrad vi høyrer her, eller ser eg samanhengar som ikkje finnest?