Dersom det blir her på bokelskere så blir eg gjerne med som "hangaround", sånn frå bok-til-bok basis, dersom det er greit. Tykkjer dystopiar er interessant, men eg ynskjer å lese ein del andre ting også.
Innlegget ditt aktualiserer forøvrig denne førespurnaden til administrator, ang. om det er råd å legge inn funksjonar i bokelskere tilpassa lesesirklar.
Det som skal til er at det er noko husarbeid eller andre kjedelige oppgaver som skulle vært gjort. DÅ er det deilig å overtyde seg sjølv om at det er ein betre ide å stikke nasa nedi ei bok.
Her i garden er det Egeland og Den 13. disippel, den nyaste av bøkene om Bjørn Beltø. Har ikkje komt så langt enno, så det er vanskeleg å seie kor godt eg likar den, men stilen er i alle fall til å kjenne att frå dei førre bøkene.
Vidare held eg på med evigheitsprosjektet Til av José Alencar. Får prøve å hakke meg nokre sider vidare inn i denne historia i løpet av helga.
Planen forøvrig for helga er å få så mange timar som mogleg på verandaen. Desse seine sommardagane er gull verdt, i alle fall for meg.
God helg!
Takk for den lenka, eg tenkte ved eit tidlegare høve i år at eg skulle vere vaken etter tilbod på ei diktsamling av ei polsk dame som eg i ettertid gløymde namnet på. Men det var altså Wisława Szymborska, og diktsamlinga eg hadde i tankane var denne.
Men eg tipper katte-diktet du lenka til er frå denne samlinga, kanskje eg skal sjå etter den i staden?
Eg er ingen diktkjennar. Likevel set eg pris på å lese dikt og rim av og til, nokre gangar tykkjer eg det er moro å sjå korleis ein kan leike med ord, andre gangar kan det vere at diktet treff noko hjå meg. Spesielt godt likar eg det dersom det er ein viss flyt i diktet, anten ved rim og rytme, eller på annan måte.
For dei fleste av dikta i denne boka så sleit eg med å finne ein slik flyt. Rett nok var der i stor grad enderim i dikta, men eg fekk berre unntaksvis rytma til å stemme. Og sjølv om eg er veldig glad i kattar, var det også berre unntaksvis at katte-temaa i dikta gav gjenklang i meg. Men eg må få lov å framheve avslutningsdiktet i samlinga, det var ei perle!
Saabye Christensen har gjeve ut ein heil haug med diktsamlingar, dette er den einaste eg har lest så langt. Men han er nok mykje meir kjend som romanforfattar, og held eg dei av romanane hans eg har lest opp mot denne diktsamlinga så gjev det meining.
Illustrasjonane til Rune Johan Andersson løfta boka. Dei var stort sett sprelske, underfundige, og humoristiske, og understreka poenga i dikta.
katten er svanger
og hun er det mange ganger
for ungene kommer på rekke og rad
hun ligger i sengen
og slikker hele gjengen
men jeg vet ikke om jeg er trist eller glad
for den første var hvit
den andre var rød
den tredje var sort
og den fjerde er død
og det er den siste som får meg til å skrive
små dikt for dem som ennå er i live
det går en katt
i venezias sol
han bor ved en kanal
og ble født i en gondol
han er katt hele året
bortsett fra en stund
når det er karneval i februar
er han utkledd som hund
Mattis er 37 år, bur saman med søstra Hege på 40, som har tatt seg av han sidan dei blei foreldrelause som unge. Mattis er lettare mentalt tilbakeståande og er også forteljarstemma i boka. Dette har Vesaas gjennomført på ein aldeles strålande måte; å la lesaren tre inn i sinnet til ein litt forvirra person. Men Mattis greier også, gjennom Vesaas, å setje ord på vanskelege kjensler, diffuse nyansar i mellommensklege forhold.
Mattis veit sjølv at han ikkje er slett så skarp som dei andre rundt han, og er også til einkvar tid var for dette. Han søker også etter samanhengar, og finn logikk på måtar som ikkje er så tydeleg for andre. Men Vesaas maktar langt på veg å gjere det forståeleg for lesaren. Einast på slutten svikta det for meg, eg makta ikkje å forstå kva for impulsar som leia Mattis til å setje seg på prøve på den måten han gjorde.
Det er ei sterk og nydeleg bok dette, som vekker mange kjensler hjå lesaren. Grei skuring, som Mattis seier ved eit par høve. Eg vingla mellom terningkast 5 og 6, det blei ein 5’ar med hårfin margin. Og eg må nok lese enno fleire bøker av Vesaas med tid og stunder.
Apropos Renberg, så har han inkludert Bjartur i ei liste over folk han helst ikkje ville hatt noko å gjere med i det verkelege livet. Det ser ut for at de er samstemte på dette punktet.
Nordens beste roman er store ord. Men Renberg lever trass alt av å bli lest, og då har han vel lov til å nytte store ord.
Er eg skarp for alvor no?
Då er det i alle fall ikkje for tidleg, tenkte han.
Då han såg opp, var der ljos-striper der rugdetrekket hadde gått. Rett over huset hans.
Skeptikaren Gunnar R. Tjomlid gjer i denne boka utførleg greie for kvifor alternativ behandling virkar. Eller rettare sagt, opplevast å virke for mange brukarar av alternative helsetenester. Det er ei kjend sak at for enkelte symptom, som t.d. smerte, så kan pasientar oppleve ei lindring sjølv om dei får «narre-medisin» så lenge dei sjølve er overtydde om at det er smertestillande medisin dei får. Denne effekten er kjend som placebo-effekten, og er så langt den einaste påviste effekten av alternativ behandling.
Tjomlid er dataprogrammerar, men har satt seg imponerande godt inn i studier av psykologi og medisin. Han gjeng grundig inn i dei psykologiske mekanismene som leier til at ein kan tru at alternativ behandling kan virke, så vel som korleis ein feilaktig kan oppfatte vaksinasjon som skadeleg. Framstillinga er spekka med eksempel, både frå eigne opplevingar og frå faglitteratur, så vel som gjengiving av omfattande oversynsstudier.
Boka er overraskande lettlest, også her har Tjomlid gjort ein god jobb. Skal ein pirke på noko, så må det vere at han tenderer til å repetere eit poeng litt for mange gangar. Han tullar også litt med tal eit par-tre gangar, ein gang veldig grovt (reint matematisk, altså), men utan at det har noko å bety for bodskapet han formidlar.
Ein kortversjon av denne boka burde vere pensum i skulen. Tjomlid skriv også blogg, Saksynt, eg har vært så vidt innom og kika, og der ser ut for å vere mykje godt stoff der også. Med det engasjementet han legg for dagen vil det ikkje overraske meg om det kjem fleire bøker frå den kanten. Det ser eg i såfall fram til.
Hvis homeopati faktisk var så effektivt som homeopatene hevder, altså med en markant effekt utover placeboeffekt på alle former for sykdommer og helt uten bivirkninger, så ville vi nok etter nesten 200 år med homeopati ha opplevd at dette tok over hele helsevesenet. Det har ikke skjedd, selv om homeopatene fortsatt venter i spenning.
Koffertene som legene frem til andre verdenskrig bar med seg på pasientbesøk var veldig lette å bære. De inneholdt i praksis nemlig ingenting annet enn luft og gode hensikter.
Han tende pipa. Høyrde at organisten øvde på Bach. Harmoniar breie som skogteigar rasa nedetter klaviaturet.
Men kjære vene, tenkte Himmel-Jon. Arbeid tok ikkje tid. Det gav tid.
Ei samling på 21 noveller frå eit bygdesamfunn på Sunnmøre. Novellene spenner over eit tidsrom på 175 år, og dei kjem kronologisk. Der er ein viss samanheng mellom drygt halvparten av novellene, i det at ein person, eller etterkomaren etter ein person, kjem att i ei senare novelle. Stilmessig er hovudvekta av novellene ganske einsarta, men dette brytast opp av spenstige innslag som skil seg markant ut, slik som ei reiseskildring, dagboknotatar, og ein gravtale.
Det er mykje tungsinn, vonløyse og melankoli i novellene, men der er også ein del humor. I dei fleste av novellene er det skildringar av menneske som av ein eller annan grunn fell utanfor dei trygge ramene til samfunnet; ein sauetjuv, gravide tenestejenter, enker og enkemenn, evige ungkarar. Enkelte av novellene har eit tydeleg poeng, andre gangar kava eg litt med å forså kva forfattaren ville formidle. Innimellom fekk eg kjensla av at prosjektet til forfattaren er å blottlegge småligheita og trangsynet som det er populært å meine er framtredande i små bygdesamfunn.
Språkleg var det ein rein fest å lese. Teksta er krydra med lokale ord og seiemåtar som gjekk beint heim hjå denne lesaren. Men ikkje meir enn at den likevel burde vere tilgjengeleg for lesarar som ikkje har bakgrunn frå ytre søre Sunnmøre. Orten har i år også gjeve ut ei ny novellesamling, Risp i berget, som etter det eg forstår er frå same miljø. Eg kjem garantert til å lese denne også.
-- Kva ler du av, Palma?
-- Har de lagt merke til kor tåpelege fraser folk brukar når dei kondolerer? No fekk ho kvile, stakar. Måtte ho vere hjå Gud. Ho blei då gamal, fekk mykje ut av livet. Han der oppe vil berre ha dei gode. Dei dårlege døyr ikkje. Ho døydde lik ein liten fugl ... korleis døyr ein liten fugl? Eg har aldri sett dei siste minutta til ein liten fugl.
Tante Palma godtar seg over tøvpratet sitt. Mor kjem med sitt bidrag.
-- Ho døydde i svevnen, kjende ingenting.
-- Å, det mislikar eg. Kjende ingenting. Tenk på det! Eg vil kjenne, eg vil vite!
Isabel og eg er like gamle. I kveldsbønene sine ber ho om ein god død. Eg spør henne om kva ein god død er. Ein naturleg død, svarer ho. Ein slags døden "light". Men vi er ikkje nokon "light-familie".
Ein gamal mann er i sving på kjøkenet, han førebur ein stor familiemiddag der endeleg heile familia, alle etterkomarane etter foreldra hans, skal samlast. Denne gamle mannen, Antonio minnest tanta si, Palma, og alle historiene ho fortalte då han var liten. Det var for det meste historier om slekta hans. Han gjenfortel historia om foreldra, portugisarar, som emigrerte til Brasil saman med Palma året etter at dei gifta seg. Og vidare om sin eigen barndom, om syskjena sine, om barna sine, med andre ord ein heil famliesaga. Ikkje dokumentarisk, men han dveler ved episoder som har vært avgjerande for lagnaden til familia.
Sentralt i forteljinga er ein sekk med ris. Den litt eksentriske tante Palma samla opp risen som hadde blitt kasta over foreldra til Antonio då dei gifta seg, og gav dei så denne risen i brudlaupspresang. Tolv kilo med ris som er samla opp frå kyrkjetrappa. Brudgomen irriterer seg grenselaust over slik ein simpel presang, medan bruda tykte det var ein romantisk ting å gjere. Etter kvart viser det seg at risen kjem til nytte likevel. For som Antônio seier, famile er ein vanskeleg rett å lage til, og du får berre ein porsjon.
Eg las denne på portugisisk, eg har ein mistanke om at eg ville ha likt boka eit lite hakk dårlegare på norsk (Norske utgåver: Tante Palmas ris / Livet i et riskorn). Filteret mitt for søtladne klisjear er nok ikkje slett så finmaska på portugisisk. Uansett, så var det likevel ei fin bok, med mange gullkorn og enkelte overraskende vendingar.