Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 404 bokomtaler

Boka fortel om Mino, ein fattig gut frå ein landsby i jungelen i Sør-Amerika, som opplever at landsbyen hans blir utsletta av den griske pengemakta og som etter kvart gjeng til krig mot den same pengemakta. Så kva er eigentleg Mino? Han er røysta til dei fattige og undertrykte, han er ein askeladd, han er helten som kjempar mot alle odds, han er ein forkjempar for miljø og biologisk mangfald, og han er ein vakker og intelligent sjarmør. Men han er også ein kaldblodig drapsmann, ein svikefull livsnytar, utspekulert manipulator og har tendensar mot rasisme og folkemord.

Sjølve historia er noko over middels bra, det er alltid moro med ein hovudperson som opplever urettferd og fare og som greier seg trass alle odds, og som attpåtil får hevn over dei som har gjort urett mot han. Men så er det alt det andre. Nygårdshaug, som gjeng for å vere både ein bereist og belest fyr, greier berre unntaksvis å fange meg med miljøskildringane i boka. Det skal meir til enn plantenavn og portugisiske/spanske ord i kursiv for at eg skal få kjensla av å bli dratt inn i boka.

Vidare er helte- og skurketypene umåteleg karikerte, nesten til det komiske. Heltane er sjølvsagt vakre, i tillegg til å vere smarte og sympatiske. Skurkane er gjerne feite og stygge, og i USA gjeng dei attpåtil og prompar på åpen gate. Så då er det vel greit, då, å take livet at nokre hundre småprompande hamburgerglefsande hengemagar når ein ser sitt snitt til det.

Men det som virkelig er kvalmande med boka er at Nygårdshaug tilsynelatande gjer seg til talsmann for eit menneskesyn der verda sit folketal med makt må reduserast til 1-2 milliardar, der «Å rykke en peperomiaplante løs fra stammen og trampe på den, var en mer brutal handling enn å skjære hodene av et dusin gringos» (s. 269), og der ein like godt kan ta livet av narkomane sidan dei alt har eit så elendig liv(s. 253). Beklager, dette tankegodset er for drøy kost for meg, og eg håper inderlig at det ikkje er Nygårdshaug sine eigne meiningar som kjem til syne her.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Ein liten skatt av ei bok. John Fante var son av fattige italienske immigrantar, og brukar nok sin eigen bakgrunn som modell for denne forteljinga. Arturo Bandini er tolv år, har 2 yngre brødre og ei superreligiøs og til tider apatisk mor. Faren Svevo er murar, men det er midt på vinteren og dårleg med murararbeid, og dermed trange kår i heimen. Svevo får likevel oppdrag hjå ei rik dame i byen for å sjå på ein peis, men det viser seg at dama er meir opptatt av peisen til Svevo.

Arturo har, i tillegg til vanskane i heimen, også stort sett vanskar ellers også. Han prøver å fange interessa til Rosa, ei av jente på skulen, men det gjeng ikkje så bra. Han spekulerer også mykje over religiøse spørsmål, om synd og syndsforlatelse og slikt. Det einaste som held han oppe er draumen om å bli baseball-spelar.

Det er eit enkelt, men likevel fantastisk språk i boka. Elendet og fattigdomen blir skildra på ein usentimental men likevel nesten poetisk måte. Personskildringane er også strålande. Utan store fakter viser Fante fram kor kort veg det er mellom gode forsett og dårlege val. Der er også ein viss humor i boka, dette viser seg til dømes når Fante, slik eg opplever det, kritiserer katolisismen.

Men var Fante likevel religiøs? Dio cane sver Svevo i starten av boka, «Gud er ein hund». Det er nok meint som gudsspott frå Svevo sin side. Likevel er det ein hund som bidrar til at ting betrar seg litt mot slutten av boka. Let Fante Gud tre inn i forteljinga i form av ein hund, eller er det ein ny spott frå Fante sjølv? Uansett opplevde eg det som eit genial element i avslutninga av historia.

Dette er ei av fire bøker om Arturo Bandini, bøkene er kjende som «Bandini-kvartetten». Eg kjem garantert til å lese dei andre tre også.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kan ein kalle dette ei handlingsmetta bok utan handling? I alle fall inneheld den eit vell av historier, eller kanskje skisser til historier, lagt i munnen på ein namnlaus 475-åring som ser attende på utdrag av det lange livet sitt, og spesielt på tida rundt den danske borgarkrigen då han var ung på ordentleg. Monologen stykkast opp av ei rekke digresjonar, ofte frå eit allvitande 3.persons-perspektiv, digresjonar som i beste fall har perifer tilknytning til det hovudpersonen i boka fortel (Dette grepet minner meg på mange måtar om det Simon Stranger gjorde i Mnem). Men eg får altså ikkje grep om kva boka eigentleg handlar om. Jaudå, den skildrar føresetnadane for, og til en viss grad utviklinga av borgarkrigen, men utover det, liksom?

Hovudpersonen er av ei svært velståande familie. Dette gjer at han etter borgarkrigen får innpass i eit eksklusivt stamcelleprogram der livet kan forlengast nærmast til det uendelege. Ein del av forteljinga dvelar ved livsførselen til den priviligerte udødelege klassa, og det ser ut for at Nielsen forestiller seg at livet blir nærmast meiningslaust når ein slepp å uroe seg for å døy. I tillegg kan også enkelte dyr få tilsvarande stamcellebehanding, og når smarte dyr slik som border colliar får tid nok på seg så lærer dei altså å snakke.

Alt i alt er det eit tankevekkande knippe med forteljingar, ofte med element som er overdrive til det groteske. Passasjane eg likte best i boka er likevel kanskje dei av litt meir avmålt karakter, som der border collien Geoff skammar seg over å gjere hunde-ting, men han kan ikkje stå imot for det er trass alt hund han er. Men når boka er ferdiglest så kjennest det som at ein god del av forteljinga framleis manglar. Ein får til dømes ikkje vite ein døyt om den delen av befolkninga, fleirtalet må ein tru, som i forteljaren sin notid stend utanfor stamcelleprogrammet.

Vi hadde denne boka til felleslesing i den dystopiske lesesirkelen, diskusjonstråden er her. Det kom fram ein del interessante synspunkt undervegs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Populærvitskap er artig, og det å kunne formidle forskningsresultat til ålmenta på ein lettfatteleg og fengande måte er ein kunst. Eg vil tru at enkelte fagfelt er lettare enn andre å formidle, og historie høyrest for meg ut som eit av dei mindre krevande. Det spørs sjølvsagt også på kvar ein legg lista. Harari legg lista høgt, han vil nemlig skrive om heile menneskehistoria. Og han passerer lista med god margin for dette er både lettlest og stort sett overtydande. Og i og med at boka har blitt ein bestselgar, så kan ein kanskje seie at dette er populærvitskap i dobbel tyding.

Det er dei store trekka i historia som penslast ut her, og med fokus på ulike steg i utviklinga av menneskesamfunnet fram til våre dagar samt nokre betraktningar om framtida. Harari er forskar, og på forskarvis undersøker han ulike hypoteser ut frå tilgjengelege data og han er nøye med å belegge drøftingane sine med referanser. Men han fabulerer også ein del undervegs, og det er ein kanskje nøydd til for å skrive ei såpass underhaldande bok.

Sjølv hadde eg forskarbrillene på då eg las, og tykte dermed at boka hadde stått seg betre på litt strengare sjølvjustis når det gjeld å la sine eigne funderingar og meiningar skine igjennom. Men for all del, det er ei knallgod og underhaldande bok, tankevekkande til tusen. Eg vingla mellom terningkast 4 og 5, og var kanskje litt streng når eg landa på 4. Med andre briller på hadde nok terningkastet blitt høgare. Og dersom formidlingsevne skulle vere einaste kriterium så hadde det blitt ein 6’ar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I denne bokklubben-utgåva er dei to siste bøkene i Bjørndal-trilogien samla. I Det blåser fra Dauingfjell dreier mykje seg om sonen til Dag, som også heiter Dag. Dei blir då Gammel-Dag og unge Dag. Unge Dag skal gifte seg med ei byfrøken, Adalheid, og det blir storslått feiring på Bjørndal. Gammel-Dag sparar ikkje på noko for å imponere gjestane frå byen. Det er reint så ein får vatn i munnen av å lese om all den gode maten det blir diska opp med. Og slik held det fram ved fleire høve, julefeiringar med mange gjestar og overdådig oppvartning. Men det gjeng opp og ned her i livet, og slik også for romanfigurane i denne boka. Tragedia råkar unge Dag, og det gjer ikkje saka betre at han finn på å klivre opp på Dauingefjell.

I Ingen vei går utenom kuliminerer mellom anna striden mellom gardane Bjørndal og Borgland. Men mykje av boka dreier seg om trekant-relasjonen Gammel-Dag, unge Dag og Adalheid. Dei to ektemakane pratar ikkje lenger saman, det er ikkje det at dei er uvenner eller noko, det har berre blitt slik at dei ikkje greier å lette hjartet sitt for einannan. Far og son har det på same måte, dei finn ikkje høve til å prate ut om ting som det burde ha vært prata ut om, det er enklast å teie. Dei einaste som har nokonlunde fornuftige samtalar er Gammel-Dag og Adalheid. Her er med andre ord mykje å løyse opp i for romanfigurane.

Det skjer sjølvsagt mykje meir enn dette i desse to bøkene. Eg nevnte temposkifte i omtalen av Og bakom synger skogene. Slik er det også i desse to siste bøkene av trilogien, det kan dvelast ved detaljar over mange sider, og så skjer det brått dramatiske omveltingar i løpet av eit avsnitt eller to. Men bøkene er gode og lettleste, miljø- og naturskildringane er knakande gode, handlinga er brukbart spanande og uforutsigbar, og viktigast av alt; eg blei sugd inn i bøkene. Takk for reisa, Gulbranssen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Klassisk røvarhistorie heilt etter min smak. Året er 1866, og det kjem rapportar frå fleire kantar av verda om at flere skip har blitt senka av eit mystisk sjøuhyre. Slikt kan ein ikkje ha noko av, så den amerikanske marinen sender ut fregatten Abraham Lincoln for å spore opp og bli kvitt dette uhyret. Den franske forskaren professor Pierre Aronnax, som tilfeldigvis er i New York når fregatten skal ut på denne ferda, blir invitert med på turen i og med at han er ein anerkjend vitskapsmann. Det er Aronnax som er forteljar i boka, i første person.

Dei finn uhyret, som viser seg å vere ein ubåt. Etter dramatiske hendingar lagar det seg slik at Arronax og eit par andre som var om bord i Abraham Lincoln blir berga om bord i ubåten. Og no startar eventyret for alvor, dette er eit maraton-cruise til alle kantar av verdshava, der dei opplever dei mest fantastiske ting. Guiden på turen er den mystiske kapteinen som kallar seg Nemo, og som ber på ein mørk løyndom.

Verne verkar å ha vært grundig informert om vitskap og teknologi i samtida. Det er naturleg å tru at skildringa av sjølve ubåten er inspirert av den franske Plongeur, sjøsatt i 1863 og den første ubåten i verda med mekansik framdrift. I likheit med Nautilus hadde denne også eit baugspyd som skulle kunne nyttast til å senke andre båtar. Men der Plongeur blir driven av trykkluft så er det elektrisitet som er drivkrafta i Nautilus, her var Verne 20 år forut for si tid. Minst, for det er ikkje ende på kva visjonar han har for kva elektrisiteten kan nyttast til. Berre noko så enkelt som elektrisk belysning var også noko som kom over 20 år seinare enn boka. I tilleg til teknologiske visjonar så gjer Verne også grundig greie for eit utal av livsformer i sjøen. Alt i alt ei spanande og innhaldsrik bok. Eg høyrde den som gratis lydbok på Loyalbooks, der opplesaren gjorde ein god jobb.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flott historie frå bygde-Norge på 1700-talet. Scena er ei flatbygd på det indre austlandet ein stad, og skogsbygda som ligg bakom den igjen. Flatbygdingane ser litt ned på skogsbygdingane, som igjen helst ikkje vil ha noko med flatbygdingane å gjere. Her er det generasjonar med mistru og vondt blod som har fått bløme fritt. Fremst i denn bygdestriden stend storgardane Borgland i flatbygda, og Bjørndal i skogsbygda.

Det er Bjørndalsfolket som er hovudpersonane i denne forteljinga. Eller først og fremst Dag, lesarane møter han som ung gut når faren blir bedt av flatbygdingane om å felle ein slagbjørn, og vidare som bonde på Bjørndal og gjennom det er han også nærmast ein høvding for heile grenda. Medlemer av slekta fell frå, og nye kjem til. Men ein blir også litt kjend med folk frå Borgland, samt frå ein by som ein må anta er Kristiania.

Der er mange temposkifte i boka, temmeleg dramatiske hendingar er unnagjort i løpet av nokre få linjer, og så kan forteljinga dvele lenge ved kvardaglsege scener, eller ved den storslåtte naturen, eller ved kjenslelivet til Dag eller nokon av dei andre. Språket er noko gamalmodig, også utover det ein kan vente frå ei bok frå 1933. Dette er nok eit medvite verkemiddel frå forfattaren, for å ta lesaren med seg attende i tida. Og denne lesaren blei verkeleg med på tur, for dette var ei fengande og god forteljing. Boka er den første i ein trilogi, og eg satte straks i gang med å lese vidare i trilogien etter at eg var ferdig med den.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sjarmerande bok om ei kjærleikshistorie mellom ein kastelaus indar og ei svensk jente på 1970-talet. Men kjærleikshistoria, og sykkelturen som måtte til for å verkeleggjere den, er berre ein del av boka. Rundt halvparten av boka handlar faktisk om oppveksten til indaren, Jagat Ananda Pradyumna Kumar Mahanandia, eller Pikei i daglegtale, etter den engelske uttalen for PK (Pradyumna Kumar).

I likheit med namnet, var heller ikkje oppveksten til Pikei særleg lett. Som kastelaus i ein liten landsby i jungelen i Orissa var det å få skulegang ikkje enkelt, om ein var aldri så talentfull. Det er skammeleg å lese om den sosiale undertrykkinga og mobbinga som kastesamfunnet legg opp til. Pikei viser seg å ha særleg talent for å teikne, og med ein porsjon pågangsmot så livnærer han seg som portretteiknar på gata i unge år. Han møter mange kjende personlegdomar gjennom denne verksemda, mellom anna den russiske kosmonauten Valentina Teresjkova, første dama i verdsromet, og statsminister Indira Gandhi. Men den viktigaste personen han møter er Lotta frå Borås i Sverige. Kjærleiken.

Sjølv om sjølve sykkelturen sikkert var eventyrleg nok, så kjem den likevel i skuggen av den større forteljinga, den om oppvektst i vanskelege kår, kampen for å få nytte talentet sitt, og for kjærleiken. Retteleg triveleg lesnad var det. Boka inneheld også eit knippe bilete til slutt, det var kjekt å sjå. Ein kan ikkje anna enn å beundre Pikei for pågangsmotet, og ynskje lukke til på vegen vidare.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hoem er god til å dikte. Han tek utgangspunkt i fakta han har samla om slekta si, og tryllar fram levande menneske slik han forestiller seg at dei hadde det, både i Molde og omgjevandane der og på prærien i Nord-Amerika, for over 100 år sidan. Dette er bok nr. to i denne halvdokumentariske slektskrøniken, som starta med Slåttekar i himmelen.

Brorparten av boka handlar om Eilert, den tredje sonen til slåttekaren Knut Nesje. Ein fyl han på overfarta frå Norge til Amerika, som dreng på garden til tanta Gjertine, og i tru og tvil om kvar og med kven han skal etablere seg. Eilert er nemleg uviljug til å binde seg til noko eller nokon, han vil ha fridom til å gjere som han vil, sjå seg godt omkring, og til å leite etter lukka uansett kor lang tid det måtte ta. Heime i Norge gjeng tida også for slåttekaren Nesje. Det er tungt å drive gard for eit aldrande og etter kvart i praksis nesten barnlaust ektepar. Inntektene minker, og Nesje må innrette seg deretter.

Det er mange scener frå boka som heng att etter at den er ferdiglest. For eksempel Gjertine som vil skyte med gevær og gå på jakt, eller den gamle Nesje som grev seg ny brønn ein tørkesommar. Tidsbiletet er også veldig bra, anten det gjeld livet til nybyggarane på prærien eller miljøet i Molde og omegn rundt år 1900. Dei detaljerte skildringane tyder på at Hoem har satt seg godt inn i levemåten på denne tida. Når språkføringa i tillegg er framifrå, fyk sidene i veg nærmast av seg sjølv. Ein må berre applaudere forfattaren, og glede seg til dei to siste binda i denne serien. Begge er i hus.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Prosjektet til Fløgstad i denne romanen er å vise korleis krigsforbrytarar frå Nazi-Tyskland forholdsvis kort tid etter krigen fekk viktige posisjonar i Vest-Tyskland. Dette var mogleg fordi det var danna menneske av borgarskapet som utgjorde eliten i Nazi-administrasjonen, og sidan borgarskapet hegnar om sine eigne var vegen kort frå nederlag til restitusjon. Slik sett kan ein kanskje seie at prosjektet til Fløgstad heller er å vise lesaren kvar borgarskapet skal stå.

Det er to forteljarstemmer i boka. Den vi møtter først høyrer til Nazi-offiseren Otto Nebelung, som fortel om sitt eige, men først og fremst om den evnerike venen Paul von Damaskus, sitt liv før, under og etter andre verdskrigen. Den andre høyrer til Alf Magnus Mayen, ein norsk politimann i tryggingstenesta som vaks opp i Vestkant-Oslo i etterkrigstida. Bindeleddet mellom desse forteljarane er mora til Alf, som var ihuga og aktiv nazist så lenge det passa seg.

Som tittelen antyder, gjeng ein del av handlinga føre seg i grensetraktene mellom Norge og Russland. Litsa-fronten er eit stykke av krigshistoria som eg også nyleg las om i Alf R. Jakobsen sin krimbok Djevelens Kobber. Begge desse bøkene skildrar hendingane, så langt eg kan bedømme, på ein truverdig måte.

Det er er eit vell av faktaopplysningar bakt inn i Fløgstad sin forteljing. Sjølv om det kunne vere moro å finne meir ut av kva som var fakta og kva som var oppdikta, så blei dette ei alt for omfattande oppgåve for denne lesaren. Ei og anna blødma har han også funne plass til, samt ei avslutning som ein kanskje kan kalle magisk realisme. Likevel fekk eg aldri kjensla av at dette var ei uvanleg god bok. Det kan godt hende at ho er nettop det, og at problemet heller er at eg er ein middelmådig lesar. Men sjølv for ein middelmådig lesar så er altså dette heilt grei lektyre, vel verdt tida det tok å lese igjennom den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjølv om tittelen tyder «Gabriela, nellik og kanel» så handlar boka i liten grad om nellik og kanel, men ganske mykje om Gabriela. Men mest av alt handlar den om byen Ilhéus på nordaust-kysten av Brasil.

Den sørlege delen av delstaten Bahia, der Ilhéus ligg, opplevde ein eventyrleg økonomisk vekst på 1920-talet på grunn av kakao-plantinga i området. Med utviklinga av kakaohandelen så blei det også eit maktskifte i regionen, frå dei mektige og krigerske jordeigarane til kakao-eksportørane og handelsstanden. Grunna vanskelege havneforhold måtte kakaoen først fraktast landevegen til delstatshovudstaden Salvador, og dermed mista Ilhéus store inntekter frå den vidare eksporten. Sjølve katalysatoren for, og symbolet på, det omtalte maktskiftet var etableringa av ei havn i Ilhéus som var stor nok til å ta imot lasteskip for direkteeksport av kakao.

Det er midt i desse omveltningane vi blir kjende med Nacib, ein livsnytar av Syrisk herkomst som driv ein populær bar i Ilhéus. Når kokka hans pakkar saman og reiser kvelden før han skal servere for eit viktig middagsselskap kjem han i knipe, for det er umogleg å oppdrive kokker i byen. Ved eit slumpetreff kjem han over Gabriela, som har flykta frå tørken i innlandet for å finne ein leveveg i byen, og det viser seg at ho lagar fabelaktig mat. Når ho i tillegg er ei særs attraktiv dame ligg det an til både romantikk og forviklingar.

Kjærleikshistoria er, sjølv om retninga den tek vakte moralsk forargelse i Brasil då boka kom ut i 1958, likevel den minst interessante delen av boka. Det som virkelig løfter forteljinga er Amado sine skildringar av eit rikt og variert persongalleri. Scenene frå byen er mala ut med humor og varme, og ein får beint fram lyst til å klatre inn i boka for å slarve litt saman med gamlekarane i bokhandelen, slenge seg nedpå ein time eller to i baren til Nacib om ettermiddagen, eller dra på rangel nattestid. Og det beste er at når boka er ferdig, så følest det som om eg har vært med på alt dette.

Dette er ei av Amado sine mest kjende bøker, oversatt til over 30 språk, og den er filmatisert i fleire omgangar, tre gangar som TV-serie (1960, 1975 og 2012) og som kino-film (1983). Kinofilmen er å finne her.

Baren til Nacib, Bar Vesúvio, fantest forøvrig i virkeligheita og lever enno i beste velgåande (og det er sikkert ikkje ein ulempe med reklamen frå boka).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Aahhh – oppvekstskildring! Ein favorittsjanger for denne lesaren. Ein fyl guten Anders frå han er nokre få år gamal, frå det første minnet han har frå livet sitt, og til forbi konfirmasjonsalderen. Oppveksten er på ein gard på Austlandet ein stad, far er ein agronom som kom til bygda og gifta seg med odelsdattera på garden Anders veks opp på. Utanom foreldra og søskenflokken bur der også nokre få tenestefolk på garden, og der kjem sesongarbeidarar når det er tid for det.

Skildringa skiftar karakter i takt med at Anders veks til. Frå barnlege og underfundige betraktningar i dei tidlege åra, over til dei vare og forvirrande kjenslene til ein gut i pubertetsåra. Ein blir kjend med ganske mange folk i bygda, på godt og på vondt. Spesielt inntrykk gjorde to av tenestefolka på garden, Embret og Gorine, som har vært til-og-frå-kjærestar i eit par mannsaldrar, men som ikkje kan få einannan fordi den eldgamle mora til Gorine er imot det. Ei anna scene som gjorde uutsletteleg inntrykk er korleis Anders og ein gjeng andre gutar lar ein rampestrek gå alt for langt, og tek livet av ein geitekilling.

Forteljinga er lagt fram i tredje person. Men det er vanskeleg å tenke seg anna enn at Sigurd Hoel har nytta mykje av sine eigne barndomsminne som inspirasjon for boka. Hoel vaks sjølv opp på gard, så det er lett å forestille seg forfattaren som Anders. Sjølv om Anders åpenbart er glad i garden, bolk 1 av boka ber forresten tittelen Edens have, så verkar det ikkje som om han ynskjer å bli jordbrukar. Men kva ynskje og draumar hovudpersonen har kjem i liten grad fram i boka, den handlar stort sett om kva ballast han får med seg frå oppveksten. Og det meste av den er av den gode sorten.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Det er moro med gamle science fiction-forteljingar. Denne høyrer vel til i toppsjiktet dersom ein skulle stille opp ei liste av klassikarar innan genren. Ikkje fordi boka er så fantastisk god i seg sjølv, i alle fall ikkje etter mi meining, men fordi den har hatt så stor innflytelse på populærkulturen i over hundre år. Boka er filmatisert mange gangar, mange har kanskje sett Spielberg-filmen frå 2005 med Tom Cruise i hovudrolla? For min eigen del var mitt første møte med denne historia då NRK ein gang på 70-talet viste The Night that Panicked America, ein filmatisering av massehysteriet som oppstod under ei radio-dramatisering av boka i 1938, der lyttarane trudde dei høyrde på ei verkeleg nyheitssending.

Sidan det er H.G. Wells som skriv, så er handlinga lagt til England, og ikkje til USA som ein er vant med frå diverste filmatiseringar. Det observerast ein rekke merkelege lysfenomen på Mars, nesten som eksplosjonar. Noko tid seinare krasjar ein stor metallsylinder ned på den engelske landsbygda. Det kjem mange nyfikne til staden, og brått startar sylinderen å åpne seg. Det er nokon inni. Derifrå ekalerer det til eit reint mareritt, det kjem fleire sylindrar, og det blir klart at det dreier seg om ein ytterst fiendtleg invasjon av teknologisk overlegne skapningar.

Det er ei god og spanande bok. Likevel sat eg med kjensla av at sjølv om plottet, og dei nyskapande elementa i det, var veldig bra, så var ikkje boka som heilheit mer enn noko over middels. Men uansett var den god tidtrøyte på diverse køyreturar i sommar, eg høyrde den nemleg som gratis lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren var god, noko som sjølvsagt er viktig for ei lydbok.

Med denne har eg no høyrt fire av bøkene til Wells som lydbok. Det blir nok ikkje den siste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei heilt grei krimbok frå Melbourne i Australia på 1880-talet. Forfattaren Fergus Hume er tidlegare ukjend for meg, han var ein samtidig av den meir vidgjetne Arthur Conan Doyle, levde det meste av livet i England, men han vaks opp på New Zealand og han var busett i Melbourne medan han skreiv og publiserte denne boka.

Eit lik blir oppdaga i ein hestedrosje. Det vil seie, drosja blir stoppa seint på natta av ein mann på gata, som har tatt seg av ein annan overstadig rusa mann, og vil ordne med skyss heimatt for han. Etter litt om og men stig dei begge om bord i hestedrosja, men den edrue stig av igjen før dei har kome fram. Då drosjeføraren litt seinare ber den fulle passasjeren om å forklare adressa nærmare, viser det seg at han er myrda. Politiet blir kopla inn, og politietterforskaren Mr. Gorby tek saka. Han bruker ca. halve boka på å løyse den. Men er saka egentlig løyst?

Forfattaren var flink til å variere forteljarteknikken i denne forteljinga, og spesielt i innleiinga. Plottet var ganske brukbart. Personkarakteristikkane var jevnt over gode, og miljøskildringane var også av god klasse. Alt i alt ei leseverdig bok, skulle det vere fleire enn eg som finn glede i å finne fram til gamle bokskattar av mindre kjende forfattarar så kan eg absolutt anbefale denne. Eg høyrde den for øvrig som lydbok på Loyalbooks, der opplesaren gjorde ein framifrå jobb.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er glad i kattar, og tenkte derfor at dette måtte vere ei bok som ville vere midt i blinken for meg. Og jau då, det var mange ting eg likte ved boka. Katteskildringane er veldig flotte, og ein må vel også kunne kalle dei poetiske. Då var det litt verre med menneskeskildringane. Eg greide ikkje heilt å få taket på personane i denne boka. Er japanarar så grunnleggande ulike meg sjølv at eg ikkje forstår meg på dei, eller er det forfattaren eg ikkje forstår meg på, eller kanskje har oversetjinga forvrengt eit eller anna? Noko er det i allefall, noko som gjorde at eg ikkje kunne kjenne meg att i stort av det personane gjer eller tenker.

Forteljarstemma er den til ein relativt ung, gift mann som saman med kona leiger eit anneks til ein herskapsvilla. Dei har vært igjennom ei slags krise, utan at ein får vite noko større om det, men ein får vite at ingen av dei er interessert i at dei skal ha ungar. Heller ikkje kjæledyr, for den del. Men ein av naboane til huset dei har flytta inn i har ein nydeleg kvit katt, og denne katten byrjar å vitje ekteparet. Dei blir så begeistra for denne katten at dei nærmast tilber den. Ein får etter kvart inntrykk av at heile livet deira dreier seg om denne inntrengaren i heimen deira. Men kan denne lånte lukka vare? (Ja, det er eit leiande spørsmål)

Eg vil ikkje seie at eg er skuffa over boka, men i og med at eg hadde vanskar med å setje meg inn i hovudpersonane sin stad så kjende eg på at eg ikkje fekk fullt utbytte av den. Vingla mellom terningkast 3 og 4, men enda til slutt på det siste.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei herleg bok, dette, i den grad ein kan seie at skildringar av personar på skråplanet, eller på veg dit, er herleg. Ein fyl eit knippe personar i Stavanger-området gjennom nokre hektiske haustdagar, personar som normalt ikkje ville hatt stort med einannan å gjere. Men sidan omstenda er som dei er, så vevast lagnaden deira til ein viss grad saman.

Den skilde tenåringspappaen Pål er i pengeknipe, han har spelt på seg uhorveleg stor gjeld, og treng hjelp til å skaffe ein million eller der omkring. Han vender seg til eit knippe jevnaldrande som han så vidt kjende i ungdomstida, og som no er yrkeskriminelle, for å få hjelp til å dra i land ein forsikringssvindel. Døtrene til Pål er eit kapittel for seg, den eldste, Malene, er pynteleg og ordentleg medan Tiril er beintøff goth-jente. Klassevennina til Malene, religiøse Sandra, har forelska seg i barneverns-kasuset Daniel som ikkje er heilt trygg. Spesielt utrygt blir det når han kjem i skvis mellom Sandra og fostersøstera si.

Renberg har skrive ei lettlest og underhaldande tekst, tidvis humoristisk, men som også formidlar dei sterke kjenslene til fleire av dei involverte. Det er korte kapittel, og ein vekslar mellom å følge dei ulike hovudpersonane i forteljinga. Dei sekshundreogeitelleranna sidene flyg unna før ein veit ordet av det, og kjensla ein sit att med etterpå er at ein vil ha meir. Heldigvis har Renberg gjort noko med dette, han har skrive eit par bøker til med framhald til denne forteljinga. Skal lesast.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Jaudå, denne sat som eit skot. Oppvekstskildring, eit miljø og ein geografi som er så godt som ukjent for meg, dramatiske hendingar med krig og elende, ein usannsynleg helt og ein god porsjon elskhug til litteraturen.

Settinga er den vesle øya Bougainville aust i Papua Ny-Guinea og borgarkrigen der på slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet. Matilda er ein oppvakt jentunge som bur i ein liten avsidesliggande fiskarlandsby, og ho er forteljarstemma i denne historia. På grunn av krigen, som enno ikkje har kome til deira kant av øya, har skulen i landsbyen blitt avvikla. Men den merkelege Mr. Watts, ein australiar som har gifta seg med den minst like merkelege lokale dama Grace, bestemmer seg for å take seg av borna i landsbyen og halde skule for dei. Han er ikkje lærar og har begrensa føresetnadar for oppgåva, men det løyser han elegant ved å introdusere borna for Charles Dickens sin «Store forventninger» og helten i denne historia, Mr. Pip. Med denne boka som ein raud tråd i undervisninga blir skuledagen ein fest for ungane, som lever seg inn i handlinga. Men krigen innhentar til slutt også denne landsbyen, og det blir dramatisk når soldatane prøver å finne denne Mr. Pip som ungane pratar om.

Den som ventar å finne ein klar parallell mellom Dickens sin historie og denne boka trur eg vil bli bittelitt skuffa. I alle fall var ikkje slike parallellar åpenbare for meg. Likevel er eg glad for at eg har lest (høyrt) Great Expectations for ikkje alt for lenge sidan, for det refererast trass alt ein del ti hendingar i denne boka undervegs. Om ikkje anna så var det moro å gjennoppleve delar av boka gjennom augene (øyrene?) til barneflokken i Jones sin bok.

Vi hadde denne boka som felleslesing i Lesesirkelen av 2014, det blei ein fin diskusjon denne gongen også. I tillegg må eg nemne at boka er filmatisert, med Hugh Laurie (frå TV-serien House) i rolla som Mr. Watts. Eg har ikkje sett filmen, men tippar han kler rolla godt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jacqueline Winspear har skrive ein serie med krim-bøker om den engelske privatdetektiven Maisie Dobbs. Handlinga i serien startar tidsmessig rundt 1930 (sjølv om ein også blir tatt med på hendingar før og under 1. verdskrigen). Nokre av bøkene er oversatt til norsk. I denne boka, som er den 14. i rekka men likevel den første eg les, er ein såvidt inne i 2. verdskrigen. Phoney war, dvs det er erklært krig, men framleis lite av krigshandlingar. Dei fleste anar vel at det er stille før stormen.

I dette klimaet av ei overhengande katastrofe forsvinn Joe, sonen til ein kjenning av Maisie. Han blir funnen død ved eit nedlagt jernbanespor. Det kan sjå ut som han har ramla ned ein skrent og slått seg i hjel. Men Maisie anar at her stikk det noko meir under. Kvifor legg til dømes malarfirmaet som Joe jobba for så stort vinn på å halde arbeidsoppdraga sine løynlege?

Dette er ingen hardbarka action-krim, heller eit sjarmerande bekjentskap som leiar tankane over på Agatha Christie. Det er heller ikkje berre eit krim-mysterium som blir presentert, men eit brukbart portrett av heltinna og menneska rundt henne, samt av det engelske samfunnet i den aktuelle tidsepoken. Skildringane virkar tilforlatelege, ein får inntrykk av at Winspear har satt seg godt inn i stoffet ho skriv om. Skulle eg driste meg til å pirke på ein bitteliten detalj, så vel eg å tvile på at jernbaneskinnene på åstaden var laga av støypejern. Valsa stål er nok langt vanlegare til dette formålet.

Alt i alt ei leseverdig og underhaldande bok. Eg kjem nok ikkje på å satse på å lese heile serien, men skulle det lage seg slik at eg ein eller annan gang kjem over ei av dei andre bøkene så er det stor fare for at den havnar i handlekorga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Framhaldet i soga om Clyde Griffiths og den blinde og omsynslause strebinga hans. Clyde kjem frå ei fattig og religiøs familie, men drøymer om eit liv i rikdom. Den amerikanske draumen, med andre ord. Når han kjem i kontakt med den velståande onkelen sin, som driv ein skjortesnippfabrikk i ein liten by nord i delstaten New York, virkar det som om målet er innanfor rekkevidde. Men nevøen og arvingen er ikkje interessert i konkurranse om fabrikkeigaren sin gunst, og Clyde blir igjen halden nede.

Det er ikkje berre i det økonomiske at Clyde ynskjer seg framgang, det sosiale er minst like viktig. Det å kunne menge seg med fiffen, å vere ein person som blir nemnd i avisene sine sosietetsspalter, det er noko av det gjevaste han kan tenke seg. Når han vinn sympati og etterkvart også kjærleik hjå rikmannsdattera Sondra, verkar alt å vere i boks. Det er berre eit problem, han har også eit løynleg forhold til fabrikkjenta Roberta, og ho er gravid. Korleis i alle dagar skal han vri seg ut or denne knipa?

Vendinga historia tek skal vere inspirert av ei verkeleg kriminalsak i USA tidleg på 1900-talet. Dermed får delar av boka også preg av å vere ein slags kriminalroman, med ein skarp politimann som gjer eit brukbart stykke detektivarbeid, og ein skurk som prøver å skjule spora sine. Om han hadde ynskt det, kunne forfattaren har gjort mykje meir ut av dette aspektet ved forteljinga. Men det var nok ikkje meininga at krim og spaning skulle vere hovudingrediensen her.

Tittelen til boka meir enn antyder at det ikkje gjeng så bra til slutt. Det er vanskeleg for Clyde å skulde på andre enn seg sjølv for at det gjeng som det gjeng, likevel så er det også omstende som han ikkje er herre over som gjer det ekstra vanskeleg for han. Den amerikanske draumen endar i tragedie, både for hovudpersonen og for mange rundt han. Sterk attrå og veik moral kan nok vere ein dårleg kombinasjon, og her får ein tydelege døme på det.

Alt i alt ei god bok, litt omstendeleg til tider, men med mange gode personkarakterestikkar og med interessante samfunnsmessige problemstillingar. Det overraskar meg litt at det ikkje er fleire bokelskarar som har boka i samlinga si. Er dette ein «gløymd klassikar», eller er det slik at boka ikkje er god nok/interessant nok for den moderne lesaren?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har ikkje lest noko av Christopher Moore før, og veit ikkje heilt kva eg hadde venta, utover at det fort kunne vere humoristisk. Men ut frå omslaget og tittelen så er det rimeleg å anta at ein får ein lettbeint pastisj over Film Noir-sjangeren frå 1940-talet og der omkring. Og slik var det også, i alle fall i starten. Humoristisk og fin historie, der ein spelar på stereotypar som den einsame anti-helten, den tiltrekkande femme-fatale, dumme gangster-bøller, mystiske kinesarar etc etc.

Men gradvis så forsvinn noko av sjarmen. Stereotypane sklir ut av karakter, noir-stemninga blir ikkje fullt så noir lenger, og sjølve historia gjeng aldeles av skaftet. Det blir etter kvart minst like mykje sci-fi som noir. Og der det i starten var ein brukbar dose svart humor, blir det etter kvart noko overdrive hysterisk over morsomheitene.

Jaudå, det gjeng godt an å lese boka, og den var stort sett underhaldande. Men sidan den utvikla seg frå ein god start til ei retning som eg tykte var litt skuffande, så enda eg opp med å trille eit moderat terningkast på denne. Eg er ikkje avvisande til å lese fleire bøker av Moore, men eg kjem nok til å vurdere neste bok nøye før eg eventuelt startar på den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

FragmenterCarolineTone SandvikTrygve JakobsenHarald KPär J ThorssonGVLene AndresenGrete AmundsenBoktimmyJulie StensethReadninggirl20Jostein RøysetKarianne KrogstadBjarneTor Arne MyklebustBjørg L.edgeofawordVildeIdamgeTanteMamieNils PharoLinnTor Arne DahlMariaRos-MariMari Nordø LommelunEli SeimBjørn  BakkenBjørn Erik Strand-HanssenKristine LouiseAnne-Stine Ruud HusevågMarianne KesselelmeTuridHegeFrode TangenThomas KlakeggJan Erik  Olsen