Kva synes du om Oscar Wao? Eg høyrte den på lydbok i innspurten av masterskrivinga mi (ei frå kullet skreiv oppgåva si om den), so for meg vart ho svært sterk, blanda med utmatting og eufori som ho blei. Eg lurer på om andre opplever det same? Eg har berre snakka med folk som les ho på same tid, i tilknyting til same oppgåva

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Charley har alt. Ho har gode vener, ein fin leilegheit, ein viktig jobb, ei aktiv fritid, store evner som Kristen giftekniv og kanskje, kanskje ein gryande romanse med den kjekke sjefen. Så knekk ho foten på tre stader, og alt vert endra. Vel, ho har enno gode vener og giftekniv-talentet, men ho har ikkje evner for lediggang. Dermed startar ho firmaet FirstDateAid saman med romkameraten Sam, for å hjelpa stakkarar som ikkje kan flørta online å gjera nett det. Medan ho skriv e-postar for den arbeidsnarkomane Shelley, møter ho William. Men er William verkeleg den han gir seg ut for å vera?

Det høyrest ut som ein rett fram kjærleikshistorie. Og det er det jo. Men historia er fortalt med humor, varme og via omvegar som, om dei ikkje verkar heilt tilforlatelege og sannsynlege, gir eit ekstra lag både til karakterane og handlinga. Innan sin sjanger er dette ein roman som stettar dei fleste krav.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg prøver for tidi å retta opp ein stor mangel i mi boklege oppdraging. Med lang utdanning innan engelsk litteratur er det ei overrasking for mange at eg aldri har lese Wuthering Heights av Emily Brontë, og det prøver eg å gjera noko med - at elevane "mine" (eg er i praksis på vgs) les den for tidi var ei god unnskyldning, og eit godt spark bak. Desverre går det svært seint...
Fortare går det med Dan Brown sitt Inferno, som eg akkurat har byrja på på lydbok. Eg har vel høyrt omlag ein time av 17, so her vert det mykje god underhaldning. Men i helgi skal eg lesa Brontë - trur eg - hadde eg ikkje berre blitt så sint på Heathcliffe heile tid!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kaptein Margalo frå Bergen vert sendt på oppdrag for ein mystisk doktar. Han er den som er nærast å løysa mysteriet med den forsvunna kvinna, då han kjente systra hennar. Kva skjedde dei siste dagane av krigen? Kva skjedde med kapteinen sine forhold til veninnene hans? Og kven er denne professor Moreau?

Krimromanen til Hovland har alle trekk til ein ekte røvarroman. Her er alle klisjear om forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn oppfylte. Sett inn ein gal professor og ein kaptein på leiting i si eigi fortid, og det er duka for absurditetar. Dette er noko heilt anna enn det jordnære (og svevande) og vestlandske (men allmenne) i Hovland sine seinare romanar, men til liks med desse får forfattaren – eller fiksjonen – ein rolle i det store biletet. Vel so mykje som romanen stiller spørsmål ved hendingar, stiller den spørsmål ved øyndomen. Avsluttinga er vel so overraskande for lesaren som for kaptein Margalo – og eg sit iallfall att med ynskjet om ein gong å få skriven ein fiksjon for meg sjølv.

Ragnar Hovland (f. 1952) debuterte som forfattar i 1979, og har etter det gjeve ut innan dei aller fleste sjangar – lyrikk, dramatikk, sakprosa og skjønnlitteratur for born, unge og vaksne. Professor Moreaus løyndom kom ut i 1985, og fekk prisen for Samlaget sin beste underhaldningsroman.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helgi har eg endeleg byrja på wuthering Heights av Emily Brontë. Det er ei slik bok som har vore på skal lesa-lista omlag halve livet mitt (ganske akkurat halve livet, når eg tenkjer på det), so det var vel på tide. Det som gjorde at eg endeleg kom i gang er at eg skal ha praksis ein ein klasse som les Brontë, og Charlotte har eg jo lese før - sjølv om det eigentleg er henne eg alltid har lyst å gå i gang med. Men eg har høyrt mykje godt, og mykje vondt, om Heathcliff, so eg trur dette vert bra.
På bussen høyrer eg lydbok, og då noko heilt anna: Beautiful Darkness, andre bok i Caster Chronicles-serien til Garcia og Stohl. Svært enkel ungdomslitteratur av det paranormale slaget, som eg etter halvanna bok ikkje heilt har fått taket på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mine favorittar i august er eit par bøker eg høyrte på lydbok. The Hotchhiker's Guide to the Galaxy av Douglas Adams er ein klassikar mellom science-fiction, og fortener plassen. I tillegg er det humor av det slaget ein har lyst å le høgt av, og etterkvart nokre ganske underfundige filosofiske betraktningar.
The Rosie Project er òg av den lune typen bøker som ein humrar litt av, og som ein forlet med ei varm kjensle. Men oftast - nettopp - forlet ein dei. Ikkje slik med denne av Graeme Simsion, ho kjem til å vera med meg. Forteljaren er nemleg ein mann på 39 med sterke trekk av Aspergers, sjølv om han ikkje ser det sjølv, og aldri har fått den diagnosa. Han møter Rosie, 29 år, psyk-student, og på jakt etter sin biologiske far. Don vert med på jakta, og med det er the Rosie Project i gang. Litt slik som The Incident with the Dog in the Night-time av Mark Haddon taklar Simsion forteljaren sin svært godt, og lesaren kan verkeleg fylgja tankerekkene til ein som er litt, men ikkje heilt, anleis enn oss "friske". Og ikkje å forakta: den er lun, og ein humrar verkeleg på slutten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Konsentrasjonen har for min del vore ikkje-esksiterande sidan studiestart for tre veker sidan, so etter fleire helger driv eg enno på med Three men in a boat, som eg finn like humørfyllt kvar gong eg tek den opp - men òg like vanskeleg å forsvinna inn i.
Då går det heldigvis betre med lydbøker, og eg har allereie ferda ei eg byrja på denne veka, den særs fornøyeleg The Rosie Project av Graeme Simsion. Den fortener etterkvart eit eige innlegg. I mangel på anna lyttestoff har eg gått attende til ein serie som ikkje skapte særleg engasjement ved fyrste møte, nemle Beautiful Creatures-serien av Kami Garcia m. fl. Andre bok heiter Beautiful Darkness, og liknar svært på fyrste bok - men det er då til tider underhaldande, om ikkje anna.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ragnar Hovland har skrive seg sjølv inn i Stille natt frå 2011, ganske kort, men akk kor treffande:

Tomas har ikkje mange bøker i hylla, men eg ser at han, i tillegg til
det meste av Mykle, har ein roman av Ragnar Hovland, ein annan
forfattar her frå distriktet. Eg sjølv er jo av lærarslekt, mens han
kjem frå ein familie av lett alkoholiserte lennsmannsbetjentar. Sidan
vi altså er frå same distrikt, var det uunngåeleg at eg lenge såg på
han som ein slags konkurrent - ja, forfattarar er ikkje frie for å ha
slike tankar - men i seinare tiår har eg ikkje tenkt så mykje på det.
Vi har drive med nokså forskjellige ting. Men eg meiner å hugse at
Tomas ein gong sa noko slikt som at det var Hovland som hadde lært han
å snakke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Siste helg med ferie her óg, før kvardagen ventar med pensum (og forhåpentligvis fine haustdagar med bok på kafé, eller -kveldar med bok i sofaen). Eg jobbar heilt til bussen til byen går, men snik meg til å lesa "Three men in a boat" av Jerome K. Jerome i pausane. På lydbok har eg nett no fyrste bok i Beautiful Creatures-serien, som etter 3/4 enno ikkje har gripe meg (men som er lett å høyra når dagane går mellom bærbusker og frukttre). På bussen mot kvardagen vert det nok sjette Hitchhiker-bok, "And another thing..." av Eoin Colfer. Eg er spent på korleis den passar inn mellom douglas Adams sine klassikarar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk for tips. Eg må innrømma at eg brukte heile tre veker på den siste George-krimen eg les, vart ikkje heilt fenga, og omlag det same på førre James. Men er alltid klar for fleire britiske damer (eller iallefall damer som skriv britisk krim, George er trass alt amerikansk)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei teatergruppe reiser til eit gamalt skotsk gods for å øva inn eit heilt nytt stykke. I etterkant av fyrste gjennomlesing vert forfattaraen av stykket, Joy Sinclair, drepen, på sitt eige låste rom. Inspektør Lynley og Barbara Havers vert kalla til staden, og alle er mistenkte - inkludert Lady Helen, som Lynley plutseleg oppdagar han har meir enn venskaplege kjensler for.

Klassisk britisk krim, enno ein gong (frå ein amerikanar). Klassisk i det at det er stengte rom, eit avgrensa persongalleri og personlege forhold som ligg til grunn for alt som skjer. Det som gjer romanen interessant som meir enn ein krim ein har lese før, er forholdet mellom Lynley og Havers - som har endra seg mykje frå fyrste bok - og at den gode inspektøren so til dei grader går opp i limingi. Det hadde ein vel ikkje venta av ein britisk overkonstabel og lord.

Susan Elizabeth George (f. 1949) er frå Ohio, USA. Ho var lærar fram til ho debuterte med Mørkets gjerninger i 1988. Dødens ansikt (1989) er andre bok om Lynley og Havers, og sidan då har ho gitt ut 17 nye bøker om Lynley, i tillegg til ei handfull andre.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det vert aldri so mykje lesing som eg har tenkt om sommaren for min del, dagane går til jobb og kveldane til bærplukking, familieliv og forefallande eventyr. Men litt lesing vert det jo alltid, og i sommar har eg (gjen)oppdaga Ragnar Hovland. Dermed er den beste juli-boki ein enkel sak: 1964 av Hovland.
Elles har eg lytta til Greven av Monte Cristo av Alenxadre Dumas, som alltid er ei stor oppleving å gjenoppleva, og til The Hitchhiker's Guide to the Galaxy av Douglas Adams, som får meg til å le høgt. Tre ganske ulike, men underhaldande, bøker på mi "best of"-liste altså.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er travelt å ha ferie, og ein god start på sommaren - lesemessig - forsvann i alle godversdagane. Derfor driv eg òg denne helgi, som dei to føregåande, på med Dødens ansikt av Elizabeth George, andre bok om Lynley og Havers. Når den er ferda blir det attende til Ragnar Hovland, som har vore temaet for sommaren. Eg henta fire bøker i hyllene til tanta mi, og fyrst ut, forhåpentlegvis i morgon ettermiddag, vert Professor Moreus løyndom.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helgi tok eg fri og reiste til staden der mamma er frå for å ligga i hagen og lesa, og ligga på sofaen om kvelden i eit tomt hus - og lesa. Men sidan onkelen min driv gard med støl gjekk det ikkje heilt slik, eg endte som hjelpebudeie og torghandlar i staden. Men eg fekk nokre morgon- og kveldstimar, og då hadde eg selskap av inspektør Lynley og Barbara Havers i den andre boki om dei, Dødens ansikt. Klassisk britisk krim, om enn skrive av ein amerkianar, og kjekk ferielektyre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Byatt har fortalt myta om dei norrøne gudane og alt som leier fram til ragnarok, verdas undergang, på ein ny og til dels personleg måte. Me møter "the thin child", ei liti jente i eksil på landsbygda i England under krigen. Ho les lite anna enn Pilgrim's Progress og Asgrad and the Gods, bøker som vekker interessa hennar for historiar og eventyr, samtidig som dei plasserer religionane ein gong for alle i mytene si verd. Det tynne barnet vert aldri kjent med gudane, men ho ser parallellar mellom gudane og deira undergang, og hennar eigi verd i krig.

For dei som har vakse opp med historiane om dei norrøne gudane, frå skaping til undergang, og kanskje særleg for dei av oss som i tillegg har studert mytene med religionsvitskapen som bakgrunn, er historia Byatt fortel kjent stoff. Men ho gjer det med ei blanding av mytisk distanse (ho skriv i etterordet at myter ikkje er eventyr eller romananar, karakterane er karakterar og ikkje personar) og fantasi og detaljrikdom som gjer særleg figurar som Loke og Midgardsormen klårare og sterkare enn i mange andre framstillingar. Verket Asgard and the Gods er hovudkjelda til Byatt, men ho har òg drege frå Edda, og då særleg diktet Voluspå, og andre nedteikningar av dei mange historiane om dei norrøne gudane sine liv og endelikt.

I motsetnad til Voluspå, sluttar forteljinga til Byatt med undergangen, og oppstoda av ei ny verd, Gimle, er uteleten. Parallelt er krigen over, og det vesle barnet vender attende til byen. I begge forteljingane har naturen gått under, og det er dette som er Byatt sitt mål med gjenforteljinga av myta: gudane og menneska sin uforstand, at dei som har makt til å hindra verda sin undergang ikkje gjer noko med det, men ufortrødent leikar vidare til det einaste som er att er nokre sjakkbrikkar i gull.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hovudpersonen i 1964 er tolv år gamal og bur i ei bygd på Vestlandet med systra, som er 15, konfirmant og svært klar til å flytta heimanfrå, broren som er like gamal som den yngste Bobsey-tvillingen og svært intelligent, faren som er omreisande i biblar, og mora som må avgarde på husmorferie. Året er 1964, og det er fyllt av ein vinter som ikkje ser ut til å ta ende, ein sommar som gjekk alt for fort og ein haust som kjem med store endringar.

Til liks med fleire andre Hovland-romanar er 1964 både humoristisk og lågmælt, sjølv om den tek opp mange store og vanskelege tema. Her møter ein bygdeoriginalar med alkoholproblem, born frå dårlege heimar, eit mistenkjeleg dødsfall, mental sjukdom, tankar om døden og ungdommeleg forelsking. Alt er fortalt frå tolvåringen sin ståstad, med både nærleik og kjærleik til dei omtalte menneska, og distanse til dei alvorlege hendingane. Hovland skriv i forordet at han valte året 1964 fordi det var eit år han ikkje hugsar, eit år han måtte rekonstruera frå botnen. Og det kan nok merkast i romanen òg, det er språket til ein vaksen som lyser gjennom forteljinga om tolvåringen, utan at det bryt verken med karakteren eller historia på nokon måte.

Folk har nok sine Hovland-favorittar, og eg har inntrykket av at Sveve over vatna (1982) er eit must for dei fleste. Eg har fått ein ny favoritt, 1964 har den flotte blandinga av melankoli, dramatikk og optimisme ein leitar etter i sommar-bok - eller haust-, vinter- eller vår-bok, for den del. Alt pakka inn i Hovland sin turre humor og reine, enkle prosastil.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Unge Edmond Dantes har livet føre seg - han er ung og frisk, er nett forfremma til kapten på Pharon og skal heim for å gifta seg med den fagre Mercedes. Men intrigane til tre menn set kjeppar i hjula for dei lyse framtidsplanane, og Dantes vert urettvist fengsla. Då han 14 år seinare rømmer frå Chateu d'If i innseglinga til Marseilles, er byen, landet og livet hans endra. Skipseigaren Morell er på kanten av konkurs, Mercedes har gifta seg med erkefienden Ferdinand og den gamle faren til Edmond har døydd av svolt etter å ha mista sin einaste son. Dei tre som sveik han er no suksessrike menn: Ferdinand Mondego, Count de Moncerf, er ein stor krigshelt, baron Danglars er ein rik bankmann og sakføraren de Villefort styrer Paris sitt rettsvesen. Dantes sver hevn over dei som gjorde han urett, og greven av Monte Cristo gjer sitt inntog i den europeiske eliten.

Greven av Monte Cristo er ein roman om hevn og rettferd, men òg om ein hevnar som finn att medmenneskelegheita si. Han ser seg som Guds eiga hevnande hand, men må etterkvart innsjå at kjærleiken må overvinna hatet, og at fedrenes synder ikkje skal sverta borna.

Historia om Edmond er spanande og medrivande i seg sjølv, men det som gjer denne lange romanen drivande og medrivande er vel så mykje det lette språket og dei mange spora forfattaren legg ut til lesaren. For romanen er lang - det er ei mengd ulike karakaterar med irriterande like namn. Det er lange samtalar om bandittar og politikk og historie og giftmord som kan vera vanskeleg å plassera i den store samanhengen. Det er bihistoriar og distraksjonar og Edmond sine mange løgner å halda styr på. Men det passar saman, til slutt, og det er nettopp dette som gjer at lesaren alltid vil vera med vidare.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne helgi byrjar eg på tre vekers ferie-ferie (fri frå sommarjobb), og klarar ikkje heilt å bestemma meg for om det er ein god grunn til å halda meg til lette bøker eller gå i gang med noko tyngre. I fyrste omgang skal eg ferda Ragnarok av A. S. Byatt, som er ei blanding av ei oppvekstskildring i England under krigen og historien om dei norrøne gudane sin undergang. Vanskeleg å sjangerplassera, men overraskande lett å lesa.
Vegen vidare er som nemnt usikker. Etter nokre dagar på Røros var ideen å lesa Falkberget, men på nattbordet ventar andre bok om inspektør Lynley. Eg endar nok opp med noko midt i mellom - eg er inne i ein Hovland-periode og fekk stukke 1964 i handa før eg for frå jobb.
På øyra har eg Nice girls don't date dead men, andre bok i ein vampyrserie som minner meir om noko Sophie Kinsella kunne skrive. Når den er ferdig (om 40 effektive minuttar) er det nok attende til Paris og Greven av Monte Cristo i nokre timar - det er greitt å kunne byta litt på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei byrjar å hugse ting når dei får sjå dei. Der er DEI STORE STEINANE. Der er DAMMEN med PADDENE. Men dammen er nesten gjengrodd av siv og gras, og ingen passer er å sjå. Dessutan er dei ikkje sikre på om dei ville ha snakka med paddene. EIN VEIT ALDRI MED PADDER. Dei berre sit der og ser på ein, og så flirer dei brått og spyttar. Det er ei kjent sak at tøyer og padder aldri har gått heilt bra saman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du trur du er på veg mot ein plass, seier eg, - og brått er du inne i eit landskap du aldri har sett før, og som ikkje eingong liknar på eit landskap du har sett før. Og du aner ikkje kor du er, eller kor du kjem til å hamne.
Margot tar ein slurk til.
Ja ja, det høyrest no ut som ein slik busstur eg kan tenkje meg. Eg tar sjansen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Sigrid Blytt TøsdalLailaLars Johann MiljeInger-LiseKirsten LundMorten MüllerJulie StensethLars MæhlumBjørg L.Catrine Olsen ArnesenStine SevilhaugAneStine AskeKristine LouiseMona Aarebrotmay britt FagertveitPiippokattaHeidiAnn-ElinReadninggirl30Berit RLinnAEritaolineAnette STonje-Elisabeth StørkersenTine VictoriaAnneWangSolSynnøve H HoelThomas Røst StenerudTone Maria JonassenTine SundalVannflaskeCamillaCathrine PedersenHarald KlillianerHeidiDagfinn JakobsenAnniken Bjørnes