Professor Moreaus løyndom

av (forfatter).

Samlaget 1985 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.14 (7 terningkast.)

40 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen.

Doktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang.

«Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga fortid er det duka for absurditetar. Her er talrike drap og attentat i ei fargerik forteljing som ikkje akkurat bleiknar når hovudpersonen omsider får innsyn i professor Moreaus løyndom.

Hovland viser seg frå ei anna side i denne boka, men det absurde er likevel på plass, og vi finn mang ei setning som er verd å klippe ut og henge på veggen. Vel så mykje som romanen stiller spørsmål om hendingar, stiller han spørsmål om røyndommen - og avsluttinga er kanskje vel så overraskande for lesaren som for kaptein Margalo?

Kuriosum: «Professor Moreaus løyndom» var ein av tre førsteprisvinnarar i Samlagets konkurranse for underhaldningsromanar i 1985.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 1985

Format Innbundet

ISBN13 9788252126518

EAN 9788252126518

Språk Nynorsk

Sider 220

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 4 1 1 1 0

Bokomtaler

Kaptein Margalo frå Bergen vert sendt på oppdrag for ein mystisk doktar. Han er den som er nærast å løysa mysteriet med den forsvunna kvinna, då han kjente systra hennar. Kva skjedde dei siste dagane av krigen? Kva skjedde med kapteinen sine forhold til veninnene hans? Og kven er denne professor Moreau?

Krimromanen til Hovland har alle trekk til ein ekte røvarroman. Her er alle klisjear om forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn oppfylte. Sett inn ein gal professor og ein kaptein på leiting i si eigi fortid, og det er duka for absurditetar. Dette er noko heilt anna enn det jordnære (og svevande) og vestlandske (men allmenne) i Hovland sine seinare romanar, men til liks med desse får forfattaren – eller fiksjonen – ein rolle i det store biletet. Vel so mykje som romanen stiller spørsmål ved hendingar, stiller den spørsmål ved øyndomen. Avsluttinga er vel so overraskande for lesaren som for kaptein Margalo – og eg sit iallfall att med ynskjet om ein gong å få skriven ein fiksjon for meg sjølv.

Ragnar Hovland (f. 1952) debuterte som forfattar i 1979, og har etter det gjeve ut innan dei aller fleste sjangar – lyrikk, dramatikk, sakprosa og skjønnlitteratur for born, unge og vaksne. Professor Moreaus løyndom kom ut i 1985, og fekk prisen for Samlaget sin beste underhaldningsroman.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne underhaldningsromanen byd på ein overraskande og morosam slut. Derimot kjende eg at vegen dit vart prega av keisam repetisjon. Hovudpersonen seier det sjølv midtveis i boka: «Det var gått svært så mange dagar, men berre nokre få av desse var det mogleg å fylle med meinigsfullt innhald,» side 135. Akk ja, Hovland les eg elles med stor glede, så dette var skuffande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Joe kom att med eit brett, der ein svær kopp svart kaffi prøvde å skvette på to doughnuts som på si side forsøkte å gøyme seg bak kvarandre for ikkje å bli våte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tollaren var ein person som nok ikkje hadde opplevd for mange gleder i livet sitt, noko som kunne ha ein samanheng med at nokre av håra i barten hans sat fast i mellomromma mellom fortennene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein mørk, uutgrunneleg fugl sat i ei grein over hovudet hans og gav frå seg ein mørk song, berre halvt melodisk, halvt snakkande. Det var fuglanes Marlene Dietrich.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket