Førre helg sto valet om vegen vidare mellom Tom Egeland og Ragnar Hovland. Det vart spenning, og Lucifers evangelium vert nok ferda i kveld. Då byrjar eg på Stille natt av Hovland. På øyro har eg to svært ulike bøker, Greven av Monte Cristo er boki når eg skal ha lange lyttestrekk, medan eg har kjøpt fyrste bok i ein vanpyrserie som avlasting - Nice girls don't have fangs er nok omlag slik som tittelen lovar, men det passar godt som pause når den fantastiske Greven vert for intens.
"Bjørn," sa Aldo Lombardi, "du har i din makt å forhindre at Satans sønn vender tilbake."
Madeleine, Mitchell og Leonard avsluttar college ved Brown. Vegen vidare ligg vidopen for dei. Mitchell set kursen mot India, på leit etter ein religion og seg sjølv, Leonard har fått ein stilling som forskingsassistent ved eit laboratorie som driv med ting han kan lite om, og Madeleine, i påvente av å finna ut kva ho vil med livet sitt, slår fylgje. Leonard treng Madeleine, men Madeleine treng òg å bli trengt. Me føl dei tre gjennom eit år med opp- og nedturar, i tillegg til nokre glimt attende.
Tittelen, The Marriage Plot, kan ein finna att på eit par ulike måtar i boki. Det eine er at det er dette Madeleine skriv si avsluttande oppgåve om, giftarmål i 1800-talslitteratur. Det andre er at dei tre hovudpersonane strekker seg mot, eller viker frå, denne forteljingslinja på ulike måtar – om ikkje beint ut bryllaup, so iallefall eit forhold og eit lukkeleg alle sine dagar. Lenkja blir likevel litt uklår, då eg ikkje synes det er dette som nødvendigvis er det mest sentrale i romanen – eller iallefall ikkje det einaste sentrale. Vel so mykje som å leita etter ein partnar leitar dei tre etter seg sjølv, og om det er det som er poenget til Eugenides, ja då synes eg slutten kjem litt fort på meg, trass dei over 500 sidene. Byrjinga er svært lovande, med gode skildringar av college-liv og -tankar på 1980-talet ein student 30 år seinare kan kjenna seg att i. Men det vert litt langdrygt og noko spreidd etterkvart, og eg mista til ein viss grad kontakten med det omtalte plottet.
Omtalen vart fyrst publisert her
Eg har enno ikkje byrja på Lucifers evangelium, men i motsetjing til deg fann eg Paktens voktere berre til tider underhaldande, og både den og Sirkelens ende i enklaste laget. Men denne kollegaen meinte eg ikkje kan gi meg med Bjørn Belto før eg har prøvd og evt forkasta Lucifers evangelium, so då skal eg prøva med eit nytt og positivt blikk i løpet av sommaren, har eg tenkt. Eg gir jo Dan Brown sjanse på sjanse, så kvifor ikkje Egeland og?
Eg har jobbehelg, men slik er det når sommarferien kjem og tek ein stakkars student, søndagar vert tysdagar og måndagar vert fredagar - og søndagar finst ikkje før dei kjem ei heil veke på rappen... Men eg har ein hyggeleg jobb, der eg mellom smil og oppvask les store bøker om stavverk og runer og kyrkjer frå mellomalderen. Eg var gjennom dei alle i fjor, men det skadar ikkje å friska opp att stavkyrkjekunnskapane.
Elles høyrer eg lydbok i bilen til og frå, etter nokre månadar pause er det attende til Frankrike på 1800-talet og Greven av Monte Cristo. Eg måtte ta pause etter halve boki då opplesaren (ein særs flink brite) mot alle odds vart litt monoton. Men no er eg og greven atter gode vener, og eg storkosar meg i hans selskap.
Elles snikles eg The Picture of Dorian Gray på telefonen når gjestene let venta på seg, og har optimistisk nok The Marriage Plot av Jeffrey Eugenides i veska. Etter omlag 200 sider ser det ut til å losna litt for meg i ho òg, og eg ser at eg og ho skal bli gode vener i løpet av dei siste 300. Etter den (som nok sikkert blir etter helgi) ventar eit vegval - eg lovte ein kollega å gje Tom Egeland ein ny sjanse gjennom Lucifers evangelium, og same kollega er særs begeistra for Ragnar Hovland. So no klarar eg altså ikkje å bestemma meg for om eg skal satsa på arkeolog-thriller eller oppvekst-romanar frå Vestlandet... Skubb i rett retning vert mottekne med takk.
Er dette til ære for 100-årsjubileet til Bondeheimen i helgi? :)
Ei av mine favorittbøker på barneskulen var Alene på den andre siden av Katherine Paterson. Eg spreidde godord om denne til alle som ville lytta. Skuffelsen var stor når eg oppdaga at ho òg hadde komme ut som Broen til Terabithia, og at "alle" hadde høyrt om ho...
“Vil De ikke sette Dem, Cordelia Gray, og forklare hva vi kan hjelpe Dem med?”
Cordelia la seg forsiktig på kne, redd for å få grønske på det myke skinnet i skjørtet. Det var en underlig måte å intervjue mistenkte på – knele ned foran dem. Men de var jo selvfølgelig ikke mistenkte. Hun sa:
“Jeg er privatdetektiv. Sir Ronald Callender har gitt meg i oppdrag å finne ut hvorfor hans sønn døde.”
P. D. James, En upassende jobb for en kvinne
Etter berre eit par år i bransjen står Cordelia Gray einsam i verdi, utan pengar, med ein uregistrert revolvar og ein privatdetektivpraksis som aldri har teke av. Fyrste oppdrag for den unge detektiven kjem i form av eit sjølvmord – Mark Callender vart funnen hengt, og faren, forskaren Sir Robert Callender, vil finna ut kva som førte til at sonen forlot universitetet i Cambridge til fordel for ein gartnarjobb på landet. Og Cordelia er rette kvinna for oppdraget, der ho vekslar mellom rollen som hardbarka etterforskar og følsom ungjente.
Det er nettopp denne vekslingi som gjer denne fyrste Cordelia Gray-romanen litt halvvegs, i mine augo. Eg kunne tenkt meg enten ei heltinne med meir fokus, eller ei heltinne som var enklare å fylgja i alle tankesprang og moralske innvendingar. I tillegg har romanen ein tidskoloritt som plasserer den midt mellom sjarmerande og irriterande. Men Cordelia Gray fekk ein oppfylgjar ti år seinare, og P. D. James vert rekna som ein stor krimforfattar. Særleg er det romanane hennar om poeten og kriminaletterforskaren Adam Dalgliesh som dukkar opp når ho vert nemnt.
Fyrst publisert her
Då skal eg sjekka ut den!
I mai har eg mellom anna lese om att to av favorittbøkene mine, som har fått kvilt i nokre år. Det er Shades of Grey av Jasper Fforde, herleg positiv og likevel urovekkande dystopi som liknar litt for mykje på vår eigi verd - og likevel er so fjernt at ein ler høgt mange gonger. Og so F. Scott Fitzgerald sin The Great Gatsby. Den "les" eg på lydbok, med Jake Gyllenhaal som les. Gode opplesarar har ein del å sei for opplevingi, og den godaste Jake var ingen skuffelse i so måte.
Hm, eg likte filmen eg. Men so har eg ei greie for Jim Sturgess, og kan tilgje mykje berre han er på skjermen. Og eg såg for meg ein liknande film medan eg les boki fyrste gong - ein kan merka Nicholls er manusforfattar.
Eg såg forresten filmen i London rett etter premiera, med ganske mange turistar (som meg) i salen. Sett vekk frå Les Miserables no i vinter kan eg ikkje komma på eit anna kinobesøk med so mykje snufsing i kor.
Kva serie er det? Kan den anbefalast for oss som les Sandemo i tidi før Lysets rike og alt dette andre...?
Eg har endeleg ferda alt som sneik seg innimellom, og har teke fram att Jeffrey Eugenides sitt The Marriage Plot. Den byrja eg på i juleferien, og no som siste eksamen er unnagjort og sommarferien står for døri, passar det fint.
Men sidan ferien no eingong står for døri, so vert det lite tid til latskap og lesing. Heldigvis kan aktive timar nyttast til lydbok, so eg høyrer om att Deadlocked av Charlaine Harris (12. av 13 bøker om Sookie Stackhouse) medan eg vaskar og ryddar og pakkar for ein lang sommar vekk frå byen.
Eg hadde ein lærar som sa at Hamsun enten elskar eller hatar ein. Eg les Victoria, og hata sterkt og indarleg. So byrja eg på universitetet, les Markens grøde og tenkte at dette var jo ikkje so verst. Og so les eg Sult, og var solgt. Eg elskar han nok ikkje enno - eg trur læraren min tok feil i kravet om ein klår dikotomi - men eg lærte at av og til må ein gje fyren ein sjanse til.
Oi, eg les mykje om att, mange gonger. Kanskje var det særleg når eg var yngre, når boksamlingi ikkje inneheldt so mange uleste bøker, og eg ikkje var sopass altlesande som eg er no. Men enno vender eg tilbake til gamle bøker, som til gamle vener. Ofte er det godt å vita kva ein får, medan andre gonger vil ein gjenoppleva det ein fekk ein gong i tidi. Det som er spanande er at ein aldri les ei bok likt - på ein møte les ein ikkje ei bok omatt, ein les ei ny bok kvar gong. Hm, filosofisk (og ein lesarteori ikkje alle einast om), men slik har iallefall eg opplevd det.
Det tek for lang tid å ramsa opp bøker eg har lese om att, men generelt kan eg sei at bøker i seriar les eg gjerne om att når neste bok kjem. I tillegg vender eg alltid attende til Persuasion av Jane Austen, Jane Eyre, Ringenes Herre, Harry Potter, One Day av David Nicholls, før i tidi les eg Margit Sandemo om att mange gonger, Greven av Monte Cristo - rett og slett ein del klassikarar + eit par nye, greie favorittar. Tunge og opprørande bøker brukar eg lang tid før eg les om att, om nokon gong. Lettare kan eg lesa året etter.
“If it wasn’t for the mist we could see your home across the bay," said Gatsby. "You always have a green light that burns at the end of your dock.
Daisy put her arm through his abruptly but he seemed absorbed in what he had just said. Possibly it had occurred to him that the colossal significance of that light had now vanished forever. Compared to the great distance that had separated him from Daisy it had seemed very near to him, almost touching her. It had seemed as close as a star to the moon. Now it was again a green light on a dock. His count of enchanted things had diminished by one.
F. Scott Fitzgerald, The Great Gatsby
Nick Carraway flyttar til New York for å jobba i "bonds," som so mange andre unge menn etter krigen. Det er glitrande dagar, og trass i at det er midt i forbodstida hindrar ikkje det dei store festane og dei store gestane. Og størst av dei alle er naboen hans der utpå Long Island, Jay Gatsby. Gatsby er eit mysterium, men i løpet av ein sommar lærer Nick han å kjenna som ein som har elska og tapt, men aldri gitt opp håpet. Og håpet hans, det er Nick si gifte kusine, Daisy.
I denne boki blandar Fitzgerald alt eg kan tenkja meg kjenneteiknar 20-talet i Amerika. Det er dei nyrike mot dei gamle slektene. Det er ekstrem glede etter ein avslutta krig og veksande økonomi, men for oss som kan lesa med historiens briller ser me forfallet og fortvilinga i den same hektiske feiringa av livet. Det er mafia og smuglarar, blanda med dei mest glamorøse festar. Og det er jakta på den amerikanske draumen, the selfmade man som kjempar for ein plass i sosieteten, og ein plass i livet. Og alt saman i ein prosa som nesten er poesi. F. Scott Fitzgerald slo aldri gjennom i si samtid, men i ettertida vert denne rekna som ein av dei store amerikanske romanane.
F. Scott Fitzgerald (1896-1940) fullførte berre fire romanar og ein heil del noveller, men vart likevel ein representant for si tid. Han fann opp uttrykket "Jazz Age," som definerer 20-talet, og vert rekna som ein av The Lost Generation, ei gruppe kunstnarar i eksil. The Great Gatsby vart publisert i 1924, men ikkje populær før etter andre verdskrig (sjølv om fyrste filmatisering vart gjort allereie i 1926). Og The Great Gatsby ber med seg mykje av både håpet og håplausheiten i the lost generation:
Gatsby believed in the green light, the orgastic future that year by year recedes before us. It eluded us then, but that's no matter—to-morrow we will run faster, stretch out our arms farther. . . . And one fine morning——
So we beat on, boats against the current, borne back ceaselessly into the past.
Fyrst publisert her
“I’m thirty,” I said. “I’m five years too old to lie to myself and call it honor”
“If it wasn’t for the mist we could see your home across the bay," said Gatsby. "You always have a green light that burns at the end of your dock."
Daisy put her arm through his abruptly but he seemed absorbed in what he had just said. Possibly it had occurred to him that the colossal significance of that light had now vanished forever. Compared to the great distance that had separated him from Daisy it had seemed very near to him, almost touching her. It had seemed as close as a star to the moon. Now it was again a green light on a dock. His count of enchanted things had diminished by one.
Gatsby believed in the green light, the orgastic future that year by year recedes before us. It eluded us then, but that's no matter—to-morrow we will run faster, stretch out our arms farther. . . . And one fine morning——
So we beat on, boats against the current, borne back ceaselessly into the past.
“And I like large parties. They’re so intimate. At small parties there isn’t any privacy.”