Det ser ut til å verta ei heilt vanleg jul. Jubilee skal feira julafta med kjærasten, og fyrstedags morgon skal ho opna gåver med foreldri. Men då foreldri vert arrestert for uro i butikkø, vert julefeiringi ei heilt anna enn venta – særleg når toget på veg til Florida strandar i ei snøfonn i byen Gracetown, og Jubilee går av i forsøket på å sleppa unna 14 heiagjengleiarar.

Og det er berre byrjingi på fyrste forteljing.

Let It Snow (2008) er ei samling av tre ulike kjærleikshistoriar skrive av tre ulike forfattarar om den same juli, den same byen og til dels dei same folki. Eg var ikkje innstilt på at ho skulle vera om sekstanåringar, men sett reint vekk frå den feilslutningi er underhaldningsverdien stor – kanskje særleg for sekstanåringar med romantiske draumar og ein forkjærleik for jul. Og oss andre som ikkje heilt har komme over det stadiet på nesten like mange år.

Historiane deler den same humoren, men eg må innrømma at eg synes kvaliteten dalar litt frå Maureen Johnson sin morosame og søte The Jubilee Express via John Green sin A Cheertastic Christmas Miracle (som reddar seg på nokre sympatiske bipersonar) til Lauren Myracle sin, enkelt moraliserande, The Patron Saint of Pigs. Men som underhaldning i juli? Ja, Let It Snow funkar til sitt bruk.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fint du likte ho! Eg trur eg tok ein for lang pause i midten til å verkeleg bli godt kjend med karakterane, men det gav meirsmak i Eugenides sin forfattarskap.
Kva eg ville kalt ho? Å, det var eit godt spørsmål. Eg trur du er inne på noko når du tek med "studiar" i tittelen, for det er jo ganske sentralt. Men tittelen på ei sopass spesiell bok bør ikkje vera for generell, heller.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg byrja med eit "haust-forsett" for nokre år sidan, om at minst annakvar bok eg les skal vera ny for meg. Dette var fordi eg so ofte les om att bøker. Det kan jo vera kjekt, men ikkje alltid. Det forsettet gjekk so bra at eg har slutta å tenkja på det, men føl det likevel. Det opna rett og slett opp lesehorisonten min ein heil del. Sjølvsagt les eg av og til omatt gamle favorittar, men då er det eit medvite val.

Elles deler eg forsetta til mange andre her.
- Eg skal ikkje gå til impulskjøp av (so mange) bøker, men derimot lesa det eg har i hylla.
- Eg skal bli flinkare til å bruka biblioteket enn bokhandelen (elles må eg snart gå til innkjøp av enno ei bokhylle, og det er det rett og slett ikkje plass til).
- Eg skal lesa meir enn eg ser fjernsyn.
- Eg skal prøva ting eg får anbefalt.
- Eg skal (prøva å) nyta at eg ikkje lenger er student og lesa det eg har lyst til.
Eg hadde ei liste over bøker og forfattarar eg skulle lesa - og som listefanatikar var det godt å kunna stryka ut etterkvart som noko var ferdig - men då telefonen min måtte leggast inn til behandling gjekk den tapt. So eg skal nytta det høvet til å
- byrja med blanke ark.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg skal skumma gjennom siste bok i The Hush Hush Saga, paranormal romance for ungdom om ein fallen engel og hans kjæraste. Ja, det er bortimot like forferdeleg som det høyrest, men når ein no har komme til siste bok må ein nesten fullføra.
Når den er ferda skal eg enten fortsetja med Wuthering Heights av Emily Brontë, som har vore mitt dårlege samvit sidan september ein gong, eller byrja på ei av julegåvene, & me skal bli omskapte av sambygding Jostein Fretland og kjæraste Mariell Øyre.
Elles avgjekk telefonen ved døden (eller vart indisponert grunna skrekkeleg sjukdom), so lydbøkene er lagt på vent. Det er ser dermed ut som eg kanskje kjem til å gå til innkjøp av Shakespeare sin King Lear, sidan det var den som sto fremst i lydbokkøen (og med det rauk tanken om ingen fleire bokkjøp før eg har lese massevis av det eg alt har...). Den Nationale Scene har premiere på dette stykket om berre to veker, og eg vil lesa det fyrst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Richard Mayhew har ein god jobb, gode vener og ein flott kjærast. Greitt, ho dreg han med på museum mot hans vilje, men han ser liten grunn til å protestera. Heilt til den dagen ho vil gå forbi ei jente i naud. Då bryt Richard laus, ber med seg jenta heim, og dermed er det trygge og gode livet i London Above over. Jenta, Door av huset Arch, kjem frå London Below, det ukjente London under byen som er fyllt av rotter, kloakkar, ville dyr, heltemodige kvinner, leigemordarar med fyldige ordforråd - og englar.

Richard did not believe in angels, he never had. He was damned if he was going to start now. Still, it was much easier not to believe in something when it was not actually looking directly at you and saying your name.

Neil Gaiman har skapt ei heilt ny verd, basert lausleg på undergrunnskartet av London. Plutseleg betyr Knightsbridge, Earl's Court og Blackfriars noko heilt anna enn ein hadde trudd før. Han leikar seg med plassar og språk, og har skapt ei spenningshistorie der vårt London ligg og vakar i utkanten - som Richard ser me at det er der, at det er noko som liknar, men me kan ikkje heilt nå det. Det er lett og ledig eventyr og fantasy, men det kan òg fungera som ein spydig kommentar til synet på sanningi, på det normale. For kva er verkeleg, og kva er fantasi - og er eit London Below verkeleg so absurd?

Door scratched her nose. "There are little bubbles of old time in London, where things and places stay the same, like bubbles in amber," she explained. "There's a lot of time in London, and it has to go somewhere - it doesn't all get used up at once." "I may still be hung over," sighed Richard. "That almost made sense."

Eg oppdaga Neverwhere i eit "godt" tilbod frå min leverandør av lyttestoff, Audible. Der var BBC sin nye produksjon av Neverwhere, og eg lytta i fem timar, litt forvirra over dei raske sceneskifta, men mest nysgjerrig på kor dette kunne enda - og svært begeistra over skodespelarprestasjonane, mellom anna ved James McAvoy og Benedict Cumberbatch. Når det var over gjekk eg og kjøpte papirversjonen, fordi eg ville ha meir. (Dei som vil ha litt, kan jo byrja der eg byrja, eller på BBC radio 4, som sender heile serien no i juli). Versjonen eg har lese er forfattaren sin eigen - det vil sei ei samansetjing av det han skreiv etter å ha skrive "originalen"*, som var manus til ein BBC-serie på 90-talet, og den amerikanske versjonen. So dette er den endelege, liksom. Me får sjå på det, men at den kjennest ferdig - jo det er heilt sant. Dette er Gaiman i toppform.

Neil Gaiman (f. 1960) er ein britisk forfattar med ei mengd ulike romanar, teikneseriar, manus osb på samvitet. Den nyaste romanen hans, The Ocean at the End of the Lane, vart nettopp Book of the Year i Storbritannia sin National Book Awards. Neverwhere kom fyrst ut i samband med fjernsynsserien ved same namn i 1996, og var hans fyrste solo-roman. Den vart som nemnt skriven om eit par gonger.

*Dette kunne gitt grunnlag for (enno) ein lengre diskusjon om originalar, versjonar, adapsjonar osb, men det skal eg spara dykk (og meg) for.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Clare møter Henry når ho er seks og han er i tredveåri. På ein eng ved huset hennar sit ein naken mann, ein mann som dukka opp frå ingenting, og forsvinn til ingenting. Medan ho veks opp kjem han attende med ujamne mellomrom. I hennar framtid skal dei gifta seg, i hans notid er dei mann og kone.

The Time Traveler’s Wife handlar om Henry, som ufrivillig reiser i tid, og Clare, som veks opp med han, forelskar seg i han, og giftar seg med han – alt medan han forlet ho og kjem att, gong på gong. Utgangspunktet er godt, og det er ein del ting som funkar i denne romanen. Den er fortalt vekselvis frå Henry og Clare sitt synspunkt (dermed er tittelen litt misvisande). Det funkar særleg godt i lydbokformat, då dette bryt opp narrativet (og eg “les” som kjent nesten berre lydbøker for tidi). Den held orden på kronologien ved alderen til hovudpersonane, noko som er eit godt hjelpande grep. Den er rørande og sjarmerande og til tider både morosam og svært dramatisk.

Det er diverre vel so mykje som ikkje funkar. Det sjarmerande rørande tippar ofte over i det usjarmerande sentimentale. Ikkje alle vala til Clare og Henry er like velfunderte, som truverdige personar er dei noko “eigne”, for å sei det mildt. Det romantiske tippar over til bittelitt creepy, og eit spanande utgangspunkt vert for spesielt retta mot akkurat desse personane sine problem. Skal ikkje romanar sei noko om det generelle, gjennom det spesielle? Niffenegger traff ikkje heilt der.

Men det funkar altså, til dels, og romanen vart ein internasjonal suksess då den kom ut.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg får mykje inspirasjon av desse innlegga - det er både ein målestokk for meg sjølv om eg har komme vidare sidan sist, og litt nye input om kva som finst der ute som er verdt å lesa, raskt og oversiktleg. So fortset med dette, Vibeke!
Denne helgi (som førre -det er blitt mange av dei i år) les eg Neverwhere av Neil Gaiman. Eg er skikkeleg hekta, men med heile familien heima blir det meir film, fjernsyn og spel enn lesing. Eg har òg byrja på nokre av julegåvene, mellom anna Frå Ragnar til alle. Det er eit utval e-postar Ragnar Hovland skreiv til tilsette i Samlaget, ho er ustyrteleg morosam og kjelde til meir kjennskap til Hovland sin store forfattarskap.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Harold Fry fekk eg til jul, og hadde aldri høyrt om ho. Godt å sjå at ho vert anbefalt av nokon!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette har eg tenkt litt på. Som nemnt under har eg nok ikkje so ofte lyst å byta liv med karakterane - mitt liv er ganske mykje enklare enn dei som er verd å skriva om - men det å kunna vera ein del av noko av det ein les om måtte jo av og til vera fantastisk. So eg har funne eit godt svar på dette spørsmålet: Eg ville vore Thursday Next i serien til Jasper Fforde.
Thursday er nemleg ein book jumper, ho kan reisa inn i bøker, snakka med karakterane, leva der. Ho er livvakt for Jane Eyre ein periode, driv sinnemeistringsterapi i Wuthering Heights, og lærer Hamlet litt om livet. Dessutan er livet hennar ganske fullt òg utanfor fiksjonen, med kjæledodoen Pickwick, ei mengd Shakespeare-klonar, ein spanande familie, og ein periode ein ektemann med eit eksistensporblem (akkurat det er jo trist, men ein kan ikkje få alt).

I had danced with Darcy in Pride and Prejudice and locked cutlasses
with Long John Silver. I had seen Tangerine Trees and Marmalade skies,
partied at Gatsby’s and been a guest of Titus Groan. I had seen the
twin suns of Rambosia descend into a dazzling light show as a guest of
Emperor Zhark, cantered bareback on Unicorns through the leafy forests
of Zenobia and flown with Biggles over the Western Front. The work had
been varied, dangerous and on some occasions frightening. But I had
not tired of it for a moment.
Jasper Fforde

Eller Lizzie Bennet. Fordi Mr. Darcy. Punktum.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Les resten av Jasper Fforde sitt forfattarskap! Det er litt diverse der, ikkje like fantastisk som Thursday Next, alt saman, men verdt både ei og fleire lesingar. Shades of Grey er min favoritt, men Nursery Crimes er av same type som Thursday, og Dragonslayer er reine fantasy-bøker, om enn eigentleg for eit yngre publikum.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lenkje her. Er tilgjengeleg i sju dagar etter sendedato.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lenkje her. Er tilgjengeleg i sju dagar etter sendedato.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tips: BBC 4 sender sitt (ganske) nye høyrespel Neverwhere frå 25. desember (2013) og seks dagar framover. Det går an å lytta til frå resten av verda, t.d. gjennom iTunes - eller ein kan kjøpa det som lydbok. Flott framføring, mellom anna med James McAvoy som Richard Mayhew (og ja, med skotsk aksent!) og Benedict Cumberbatch som Islington. Ver førebudd på at det kan gå fort i svingane - og gjer gjerne som meldaren i Radio Times skriv: "And do yourself and the production a favour: play it through decent speakers in a darkened room. It’s worth special treatment."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

”So this entire world we are standing on is what? A story? Not a planet at all, but a story? How can we stand on a story? How can a story have gravity, or light, or air for us to breath?”
The Doctor shrugged.
”Every good story has atmosphere.”

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Endeleg, endeleg kom eg heim til mamma og pappa og jul. Det er ikkje det at desember er lang, men her heima er det so mykje lettare å legga av seg dårleg samvit og alt som burde-burde vore gjort, og istadenfor rydda i gamle skuffer, laga julesnop og lesa faktiske bøker att! I haust har det blitt lite av det, hadde det ikkje vore for lydbøker ville leselista mi vore dyster. Heldigvis er det lite anna ein kan gjera på buss og til fots, so eg har lytta iherdig. Men no les eg att!
Eg har med meg litt diverse heim til jul (strengt utvalt, må vita), men den eg byrja på fyrst er Neverwhere av Neil Gaiman. Eg høyrte BBC sitt høyrespel av den før i haust, og berre måtte lesa ho. Og eg stortrivst i selskap med Richard og Door og alle dei mystiske menneska i London Below. På lydbok, når julemusikken tek overhand og eg treng noko anna, har eg The Time-Travelers Wife av Audrey Niffenegger. Eg har berre att omlag ein time, og sparar...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg les Eugenides på denne tida i fjor, og sleit meg gjennom den til å byrja med, heilt til den fenga. Synes tittelen er misvisande då, både på norsk og engelsk. Fortel kva du synes når du nærmar deg slutten!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva trinn er elevane dine på? Eg samlar alltid på gode tips, både til dei lesehungrige og dei mindre vante lesarane

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ei lang ynskjeliste når det gjeld bøker, og håpar alltid at eg får minst ei - det brukar eg òg, eg har heldigvis familie som skjønnar meg. Og då er det greitt å vera presis i sine ynskje - eg kan av og til gå heilt til utgåve og forlag i mine ynskjelister. Ei julegåve er nemleg noko ein tek vare på, då er det greitt at ein faktisk ynskjer seg den. Men det skal òg seiast eg har blitt positivt overraska over slikt eg ikkje har ynskt meg, so nokre gonger kan det jo vera greitt å ikkje vera for bastant?
Eg likar svært godt å gje vekk bøker, men fordi eg sjølv veit at eg er kresen, vert eg litt forsiktig. Min eldste bror får alltid ei bok, og han les ikkje mykje, men han les alt han får - ein god måte å innføra noko nytt, og kanskje gje meg sjølv tilgang til det nye? I år får han 1984 av George Orwell. Eigentleg skulle han få Neverwhere av Neil Gaiman - men den tok eg sjølv...
Eg synes det er vanskeleg med bøker til slike som ikkje les, eller som berre les ein type bøker. Far min er ein av dei, det skal vera kvalitetskrim frå Norden. Eg vart dermed godt nøgd når mamma hadde teke ansvar for bokkjøpet i år, slik at eg slepp. Det er ein større skuffelse, og nederlag, å sjå ei bok ligga ulesen, enn eit klesplagg ligga ubrukt, for gjevaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tips om korleis finna Boo! Eg har hatt denne på leselista ei stund (sikkert etter anbefaling av Ellenem, ja), men har ikkje klart å finna ho.

I november har det ikkje blitt mykje lesing, men litt lydbøker, heldigvis. Eg har faktisk storkost meg med ei romantisk forteljing frå Skottland: A Passionate Love Affair with a Total Stranger av Lucy Robinson. Ikkje ofte romantiske bøker - iallefall dei som kan skilta med berre å vera romantiske, og lite anna - kjem mellom favorittane, men denne var nok
1) nett det eg trengte utpå hausten
2) frå Edinburgh og lesen med skotsk aksent
og 3) humoristisk, sjarmerande og ikkje heilt openberr

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Midt i eksamensperioden er eg redd for det ikkje vert lese meir enn før i haust. Eg byrja på Wuthering Heights av Emily Brontë midt i september, og er enno ikkje komme halvvegs - og eg hugsar ikkje sist eg opna ho. Det er blitt so gale at eg ikkje ein gong tek ho med ut av huset...

Men heldigvis er lydbøker moglege å nytta, og nyta, uansett kor travelt ein har det. For uansett kor travelt det er, skal ein jo alltid ein eller annan stad. Denne helgi kosar eg meg med 11 noveller om Doctor Who, som har komme ut i løpet av året i påvente på dagen i dag, 50 årsjubileet for Doctor Who. Vel ein time om kvar doktor, lett og leikande.

Elles høyrer eg The Time-Traveller's Wife, som er ein av dei filmane eg aldri likte, men der boki visstnok skal vera mykje betre. Til no er ho iallfall underhaldande nok.

Eg klarte forresten å setja meg ned med ei bok i løpet av veka, og sidan eg berre har eit par titals sider att, har eg tenkt å ferda den til middagskvilen i dag (i helgene gir eg meg nemleg lov til slikt). Oppdrag Mottro av Linda Eide er både personleg og allmenn, og eg både ler høgt og vert litt rørt av telefonsamtalane mellom mor og dotter.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliTrineIvar SandFrode TangenSigrid Blytt TøsdalLailaLars Johann MiljeInger-LiseKirsten LundMorten MüllerJulie StensethLars MæhlumBjørg L.Catrine Olsen ArnesenStine SevilhaugAneStine AskeKristine LouiseMona Aarebrotmay britt FagertveitPiippokattaHeidiAnn-ElinReadninggirl30Berit RLinnAEritaolineAnette STonje-Elisabeth StørkersenTine VictoriaAnneWangSolSynnøve H HoelThomas Røst StenerudTone Maria JonassenTine SundalVannflaskeCamillaCathrine PedersenHarald K