Dei ekte mannsheltane finst i bygdesamfunnet, der dei, enten som bufaste for livet eller som bokleg lærde heimvende vandrarar, held oppe gardsdrifter og handverkstradisjonar, les Rosseau, syng stubbar og viser, siterer remser frå Håvamål og er til stades for kone og barn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Med dette standpunktet, romantisk kjærleik med kvinnevri, argumenterte Hulda Garborg mot tidas splitta kvinnebilde og for "den store Eros" i samtidas debattfrontar: mot undertrykking av erotikken gjennom askese og "hanskemoral" i sedskapsdebatten, mot overidealisert askese og overseksualisert prostitusjon, mot lettsindig flørting med seksualiteten i bohemavantgarden og mot hore/madonna-tematikken i kjønnsideologien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho var den fattige og sjølvforsørgjande kvinna som blei ein framståande intelektuell, sosialisten som forsvarte dei gamle bondeverdiane, og landsmålsmennesket som skreiv riksmål, og ho var kvinnesakskvinna som kom på kant med likestillingsforkjemparane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men det finst andre, meir skjulte og implisitte sorteringsmekanismar enn "litterær kvalitet". eit historisk stoff må ordnast, og ein litteraturhistorikar systematiserer vanlegvis materialet i litterære epokar. Den forfattaren som i si tid står fram som nyskapande i stil, sjanger, stoff og ideologi, som bryt med, eller innleier, ein ny epoke, kvalifiserer seg dermed for fyldig behandling, medan dei som skriv i tråd med etablerte bølgjer og trendar, kan bli grupperte med kortare omtalar i oppsamlingsgrupper.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men at det er "stor litteratur", er ikkje det einaste som tel når verdien på bøker skal målast. Annleis enn politisk og økonomisk historie som tar for seg strukturelle endringar i samfunnet, og annleis enn den biografiske historia som gjer greie for livsløpet, opnar litteraturen vegen direkte til tanken og medvitet, verdiar og moraltenking, til lykke og ulykke, glede og sorg. Litteraturen er ein del av nasjonens minne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kan ikkje anna enn lika og beundra at du er så gjennomtenkt i høve dette. Og at du let deg engasjera, slik som meg - trass i at me er ueinige. "Eg er berre ein gneiste" er jo ei strålande opning, men er det ikkje for openlyst? (Nei, meinar eg, eg likar det òg direkte i dikt, men kritikken kan ligga der). Setningsdelinga i "Vinden..." derimot, viser jo - nettopp - vinden. Enno meir slåande er det t.d. i "Elvi bortanum fjorden". På denne tida tida, som både før og seinare, var utsjånad på dikt ein viktig del av diktinga.

Eg skulle ynskja fleire unge folk (og no verkar eg svært gamal, men det er ikkje mange år som skil oss) ynskte seg meir moderne lyrikk som innfallsvinkel. Eg skulle ynskja eg ynskte meg meir moderne lyrikk, men eg må innrømma det alltid har vore romantikarane og modernistane som treff meg best. Det nyaste skjønnar eg lite av. Det som derimot har hjelpt meg til å skjønna er nettopp analysen, og det er litt av det eg tenkjer på når eg snakkar om tid i høve lyrikken. Mykje av lyrikklesinga handlar om oppleving, men ein må ha opplæring òg, for å gjera opplevinga enno sterkare. Som student og lærar har eg derimot skjønt, og prøver å respektera so sant det er mogleg innan læreplan og eige samvit, at det er ikkje alle som ser slik på lyrikken, som vil ha den i eit system, slik eg vil. Men som du seier: det er ein annan diskusjon.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For det fyrste meinar eg dikt sjeldan skal lesast i samling, det bør smakast på og nippast til i små dosar slik at ein får tid og rom til å fordøya - viss ein då ikkje ynskjer ein overdose, det kan jo vera ei oppleving det òg.

Eg likar Olav H. Hauge. Me kan jo byrja med å få den saken ut av verda. Så det seier seg kanskje sjølv at eg ikkje er einig med deg i at han representerer kjedeleg, urelevant og dårleg lyrikk. Derimot meinar eg han skriv om allmenngyldige ting, om idear og tankar som aldri går av moten. Joda, den tidlege diktinga hans er noko tradisjonell, og kan verka traust. Og nokre av ting-dikta frå 60-talet verkar framande for mange - kva er greia med katten? Kven er denne Kupper'n som skrid på skøyter i eit OL me knapt har høyrt om, og Wang Wu i Kina er vel ikkje aktuell? Nei, men ein må gå på baksida. Ein må ta seg tid, finna seg rom, til å lata dikta finna ein klangbotn i ein sjølv, og i si eiga samtid. "Her må då orda komma" - kva for ein norsk ungdom har ikkje opplevd å tenkja nett den tanken, framfor ein blank dataskjerm? Er det ikkje ei lukke å vita at ein av våre største diktarar - i kvantitet eller kvalitet - har tenkt nett det same?

Og nokre gonger, nokre få gonger, må ein utfordra seg sjølv til å møta ei anna tid, ein annan røyndom. Olav H. i Ulvik kan vera fjern for oss, me lever i storbyar og bryr oss ikkje om Ogmund som rir heim over fjella i Hardanger. Men me får lova å møta han og hans verd gjennom diktinga, og det er berre slik me veks. Me må møta Den Andre og gjennom det møta våre eigne tankar, våre eigne for(-)dommar, oss sjølve. I motsetjing til romanen som kanskje tek lang tid å lesa og kort tid å oppleva, gir lyrikken oss både kortversjonen og den versjonen som malar rundt i oss i åresvis i ettertid. "Her er òg eit midtpunkt", skriv Olav H. Pila, vegen, er nokre gonger vel så viktig som målskiva.

Takk for eit provoserande innlegg, Armal!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Eg er ingen krimkjennar heller, men har kost meg med Elizabeth George sine bøker om Langley. Det går seint, det er svært engelsk (sjølv om George er amerikansk) og det passar godt når ein har nokre timar til lesing, te og sofakrok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helgi vert det mykje lesing av norsk-stilar og kornotar, men med avbrot innimellom får me tru. Eg driv t.d på med Hulda Garborg. Forfattar og feminist, og tenkjer det kan passa å fortsetja med den denne helgi. Elles les eg ungdomsboka Until I Die av Amy Plum, ikkje svært god, men når eg fyrst har byrja på ein serie gir eg meg sjeldan. Og etter den ventar fleire ungdomsbøker, eg er i tvil om det vert fantasy eller romantikk, men det er sikkert at eg er litt miljøskada av å jobba på skulebibliotek.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fran vaknar opp på 30-årsdagen sin, med mannen i sitt liv ved sida av seg og utsiktene til ei forfremjing på jobb. Eit knapt døgn seinare er ho deprimert, singel og vil lite anna enn å gå i hi og spionera på ekskjærasten sin nye flamme. Heldigvis for henne vil venene hennar – sexgale Leonie, den mystiske Stefania og trygge Dave – det anleis. Ho skal i løpet av dei neste nitti dagane gå gjennom minst 8 datar med ukjente menn, og på den måten kanskje komma over eksen.

Historia om Fran hoppar fint mellom notid og fortid, noko som gjer at ein får innblikk både i kjærleiks- og venskapsforhold frå ulike vinklar. Robinson skriv òg rått, humoristisk og har skapt ein hovudperson som på mange måtar er sterk, sjølvstendig og flink, trass nokre “tragic flaws” – som eit litt for dominerande følelsesliv (iallfall om lesaren er litt kynisk innstilt) og noko manglande impulskontroll. Bipersonane er òg interessante, sjølv om dei er karikaturar er dei ikkje typar, til det har Robinson funne for originale trekk til dei.

Når ein har lese ein Lucy Robinson-roman før, som eg har gjort, er det ikkje so vanskeleg å sjå kor dette skal enda. Men det er kjekt å vera med på ferdi dit, i ein lettbeint og lettliva kjærleiksroman.

Fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nynorske litteraturdagar i Flåm, Aurland er kvart år siste helg i oktober/fyrst i november. Der er det mykje godt program, alt sentrert kring Fretheim hotell og Ægir bryggeri. Mindre enn ein del andre festivalar, men stor nok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Park er den einaste koreansk-amerikanaren i nabolaget. Han driv med taekwondo fordi faren likar det, men er dårlegare enn vetlebroren. Helst vil han lesa teikneseriar og høyra musikk, og sig lenger ned i bussetet kvar gong det er fare for at naboguten leitar etter nokon å pirka på.

Eleanor er stor, raudhåra og grønøygd. Ho flyttar til nabolaget for å dela hus med den dysfunksjonelle og fattige familien, småsysken som ikkje let henne ha noko eige, ei mor som ikkje forsvarar henne og ein stefar ho hatar. Den fyrste dagen på den nye skulebussen er det berre setet attmed Park som er ledig.

Dei to ungdomane, som begge leitar etter seg sjølv, etter sin plass og fridom frå familie og forventingar, finn kvarandre. Dei deler til å byrja med teikneseriesider og miks-kasettar, før dei byrjar å dela andre deler av livet. Men noko står alltid i vegen, det er hemmelegehitar som ikkje kan delast, ikkje ein gong med den fyrste kjærleiken.

Eleanor & Park vert fortalt vekselvis frå kvar av hovudpersonane sin synsvinkel, og det gir oss eit godt innblikk i tankane og kjenslene til begge partar. Nokre gonger tippar romanen over til å bli litt vel søt, men på den andre sida er det gjerne dette som kjennetiknar den fyrste kjærleiken? Litt vel søt, men akk so djuptgripande. Romanen tek og opp mange alvorlege tema på ein mild måte – her møter me kroppspress, overgrep, fattigdom og negative sjølvbilete.

Eg les Eleanor & Park etter anbefaling frå skulebibliotekaren, og kjem nok fort til å anbefala den vidare både til elevar og til lærarar som treng tips til lesestoff i t.d. engelsk. Boki er lettlesen, humoristisk og engasjerande, men det er òg mykje å ta tak i for både unge og eldre lesarar.

Rainbow Rowell bur i Nebraska. Ho gav ut si fyrste bok, vaksenromanen Attachments, i 2011, medan ungdomsromanane Fangirl og Eleanor & Park begge kom i 2013. Denne vart valt som beste young adult-roman av nettsamfunnet Goodreads i 2013.

Fyrst publisert her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kate og systera Georgia flyttar til besteforeldra i Paris etter at dei har mista foreldra. Kate slit med å finna attende til kvardagslivet, medan Georgia hiv seg ut i eit sosialt liv utan sidestykke. Men det er Kate som, på ein gatekafe i St. Germaine, møter den faktastisk flotte Vincent. Den fantastisk flotte Vincent med den store hemmelegheiten og det farlege livet. Snart er Kate, trass motstand frå både Vincent sine vener og si eiga fornuft, djupt innblanda, både med hjarta og liv.

Die for me går rett inn i den store straumen av paranormal romance som har komme for ungdom dei siste åra. Og til liks med mykje av denne litteraturen, er også denne boka høgst forgløymeleg. Vel har Plum funne eit nytt fantastisk vesen å skriva om – Vincent er ein revenant, ein udød, og dermed verken vampyr eller varulv eller engel – men elles har me lese dette før, og til og med i betre utgåver. Paris som plassering gjer det sjølvsagt hakket meir tiltrekkande, men for ein gongs skuld kjem eg ikkje til å leita opp dei neste bøkene i serien – om dei då ikkje plutseleg skulle befinna seg rett framfor nasen min, sjølvsagt. Grei underhaldning, men det er det.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det vart faktisk ein del bøker i februar òg, mykje takka vera nokre lange flyreiser på tampen av månaden. Og det er vanskeleg å velja ein favoritt, særleg sidan det har vore so variert lesnad. Kong Lear av William Shakespeare er sjølvsagt heilt i toppen, kva anna kan ein venta av The Bard? Dessutan har eg sett opsetjnga på DNS heile tre gonger, so historia og språket kom til uttrykk på so mange måtar.
Neil Gaiman sin The Graveyard Book er òg ein favoritt i februar, sjølv om eg ikkje litke denne like godt som tidelgare bøker av Gaiman. sist men ikkje minst vil eg dra fram ungdomsromanen Eleanor & Park som, typisk amerikansk som den er, likevel klarte å snakka lågmælt om store spørsmål - og sjølvsagt høglydt om andre store spørsmål. Me snakkar om den fyrste forelskinga, om å finna seg sjølv, om overgrep og vonde sjølvbilete, alt fint illustrert gjennom dei to hovudpersonane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når NASA nesten førti år etter førre månelanding treng ein grunn til å returnera til månen, loddar dei ut tre plassar til tre ungdommar. Ungdomane som vinn turen skal melda attende til jorda, og skapa blest – og pengar – til NASA. dei heldige har lite til felles, utanom at dei ikkje er særleg interesserte i romfart, men heller ser månen som ein moglegheit til å komma seg vekk frå sine vanlege liv. Midori frå Japan, Antoine frå Frankrike og Mia frå Stavanger, Noreg er dei heldige. Eller, heldige? DARLAH 2, den forlatte måndebasen ingen før har høyrt om, inneheld nemleg hemmelegheitar ingen, utanom ein senil vaktmeistar frå Area 51, kan tenkja seg.

Forfattar Johan Harstad skriv i etterordet at han var inspirert av seriar som Lost og Twin Peaks, og filmar som Alien og the Exorcist. Det merkast. Det som kunne ha vore ein historie om statshemmelegheiter og restar av romkappløpet viser seg å vera noko ingen kunne sjå føre seg – mykje som nemnte filmar og seriar. Illustrasjonane i boka, kart over romstasjonar og bilete frå øvingsrom og flyplassar, gir boka eit dokumentarisk preg, sjølv om historia er fortalt gjennom dei tre ungdommane og dermed plasserer den klårt i fiksjonen.

Historia er spanande og medrivande, og sjølv om språket og karakterane til tider verkar noko enkle og overfladiske er dette ein spaningsroman, grøssar og science fiction-roman som kan halda ein vaken om natta. Om månen verka mystisk og tiltrekkande før – ja, då er den enno meir mystisk etter 172 timar på DARLAH.

Fyrst publisert på bokbloggen til skulebiblioteka i Hordaland, og her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ikkje Amund, sjølvsagt. Amy heiter ho

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helgi er eg på (veg heim frå) ferie i Hong Kong, og på ferie gjeld ikkje forsettet om ingen nye bøker - eg har kjøpt ein 12-15 stk... Men før eg gyv laus på ei av dei, skal eg freda ungdom / paranormal romance-romanen Die for me av Amund Plum. Etter den vert det Julian barnes sin The sense og an ending, eller Eudora Welty, eller H. G. Wells, eller kinesisk krim eller indisk romantikk eller... Ja, kven veit? Lesing vert det iallfall, ei 16 timar flyreise ventar om eit døgn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På 90- og 2000-talet var Ragnar Hovland seniorkonsulent i Samlaget. Han hadde kontordag onsdag og torsdag, og desse dagane var mange i Samlaget sine høgdepunkt, for då kunne det fort komma forbrukarundersøkingar, tankesprang og nyhende frå Luster frå 4. høgd til alle innboksane på huset. Dei dagane Hovland var fråverande tok ein humørsjuk fråversassistent seg av korrespondansen.

Ingen av e-postane er særleg djupe, men ein del er svært morosame, og e-postar i utval gir eit innblikk i ein heilt annan del av Hovland sin forfattarskap enn romanane og novellene. For alle som likar Hovland (eller Samlaget, nynorske forfattarar eller Luster for den del) er Frå Ragnar til alle eit kjekt avbrekk, om ikkje eit must. Einaste innvending eg har mot boki er at ho er for kort...

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ivar er 40 år, arbeidar i bank og har gitt ut eit par diktsamlingar på eige forlag. Dessutan har han svært lyst å gifta seg, og fell for alle kvinner som kjem hans veg. Derfor er det ikkje lett når han, på grunn av si stilling som publisert forfattar, blir beden om å halda skrivekurs for to eks-narkomane og deira veninne. Ivar går i gang med jobben med stor ansvarskjensle, og gjer nok meir enn det som kan ventast av ein lærar i skrivekunst.

Tittelen på boka seier mykje om resten av innhaldet. Det er humoristisk, naivt, litt flaut og alltid om damer. Naiviteten til Ivar gjennomsyrar heile skrivestilen, og sjølv når det vert skummelt, når torpedoar på innkreving føl vår helt og hans veninner til den spanske solkysten, når ei lita jente vert trua på livet og Ivar burde oppdaga at livet ikkje er so snilt som han skulle håpa – ja, då er det likevel naiviteten som reddar både han og boki som heilskap. Det er lettlese, med enkle og verknadsfulle illustrasjonar og ein hovudperson ein ikkje kan unngå å verta glad i – men med eit underliggande stikk til alle som er single, sjølvstendige og sjølvrealiserte. For kva gjer ein ikkje for medmenneska sine når ein trur på kjærleiken og ekteskapet, og forelskar seg i alle kvinner ein er åleine med?

Fyrst publisert her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fleirspråklegheit er ikkje rart, men derimot normalen ute i verda. I Noreg har det ikkje vore slikt fokus på fleirspråklegheit, men forskingsmiljø ved fleire institusjonar arbeidar med dette no – og Språkåret 2013 var eit heilt jubileumsår som òg skulle fokusera på rikdommen ved fleirspråklegheit. Denne boki er eit av dei få handgriplege resultat av året, og viser nettopp fleirspråklegheit og alle dei ulike formene den kjem i.

Boki er vakker å sjå på – bileta til Oddleiv Apneseth er humoristiske og stemningsskapande – og vakker å lesa. Ho presenterer folki bak språket, historiane bak folki, med respekt og på deira premissar. Det vitskaplege alibiet kjem til slutt, òg det svært positivt til fleirspråklegheit – kanskje meir positivt enn boki elles legg grunnen for? Historiane i denne boki viser nemleg at det ikkje alltid er like lett å manøvrera mellom ulike språk – men dei aller fleste ser det likevel som ein styrke. Boki viser òg at fleirspråklegheit lever midt mellom oss, i innvandrarspråk, i framandspråk, i minoritetsspråk og i våre to norske skriftspråk. Boki står att som eit høgdepunkt frå Språkåret – eg skulle berre ynskja at det hadde vore fleire slike høgdepunkt frå i fjor.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

lillianerHeidiDagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadAnn-Elin