Det fleirspråklege Noreg

av (illustratør), Guri Sørumgård Botheim (forfatter), Marie Havnen (forfatter), Knut Hoem (forfatter), Knut Olav Homlong (forfatter), Idun A. Husabø (forfatter), John Martin Høines (forfatter), Marita Liabø (forfatter), An-Magritt Lindtner (forfatter), Oddrun Midtbø (forfatter), Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (forfatter), Katrine Sele (forfatter), Sigbjørn Skåden (forfatter), Ingrid Rognes Solbu (forfatter), Terje Torkildsen (forfatter) og Øystein Vangsnes (forfatter).

Skald 2013 Innbundet

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Med to skriftspråk, samt samisk og kvensk, har Noreg ein lang tradisjon som fleirspråksland. I nyare tid har dette blitt forsterka gjennom innvandring og utviding av internasjonale relasjonar, og det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i Noreg. Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene. Kombinasjonane er mangfaldige: Den filippinske asiabutikkeigaren i Førde brukar morsmålet berre når ho verkeleg må. Den marokkanske faren snakkar konsekvent berbisk med sonen sin under fotballtreninga, medan han samstundes snakkar norsk til dei andre barna. Og vi møter den samisk-kvenske tromsværingen som først i vaksen alder lærde å forstå språka som ho var omgitt av i oppveksten. Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.

Bokdetaljer

Forlag Skald

Utgivelsesår 2013

Format Innbundet

ISBN13 9788279591900

EAN 9788279591900

Omtalt sted Norge

Språk Bokmål Nynorsk

Sider 271

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Fleirspråklegheit er ikkje rart, men derimot normalen ute i verda. I Noreg har det ikkje vore slikt fokus på fleirspråklegheit, men forskingsmiljø ved fleire institusjonar arbeidar med dette no – og Språkåret 2013 var eit heilt jubileumsår som òg skulle fokusera på rikdommen ved fleirspråklegheit. Denne boki er eit av dei få handgriplege resultat av året, og viser nettopp fleirspråklegheit og alle dei ulike formene den kjem i.

Boki er vakker å sjå på – bileta til Oddleiv Apneseth er humoristiske og stemningsskapande – og vakker å lesa. Ho presenterer folki bak språket, historiane bak folki, med respekt og på deira premissar. Det vitskaplege alibiet kjem til slutt, òg det svært positivt til fleirspråklegheit – kanskje meir positivt enn boki elles legg grunnen for? Historiane i denne boki viser nemleg at det ikkje alltid er like lett å manøvrera mellom ulike språk – men dei aller fleste ser det likevel som ein styrke. Boki viser òg at fleirspråklegheit lever midt mellom oss, i innvandrarspråk, i framandspråk, i minoritetsspråk og i våre to norske skriftspråk. Boki står att som eit høgdepunkt frå Språkåret – eg skulle berre ynskja at det hadde vore fleire slike høgdepunkt frå i fjor.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket