Eg liker tanken på ei litt gamal bok, for å veklse på. Har lest bittelitt gamal sci-fi dei siste åra, og tykkjer det er kjempemoro. Dette får meg til å tru at eg også vil like gamle dystopiar. Når eg tenker meg om, så har eg jo lest (høyrt) Anthem av Ayn Rand i sommar; den var heilt grei, den.
Dessverre så har eg ikkje overvettes god oversikt over sjangeren, så inntil vdare så har eg ikkje nokon gode forslag. Dvs, eg har nyleg fått Faldbakken sine Uår-bøker i hus, men eg veit ikke om dette er eit godt forslag. Og dei er jo ikkje SÅ gamle heller.
Eit lite og kanskje irrelevant spørsmål i det eg tek fram boka:
Korleis skal forfattaren sitt namn uttalast? Norsk (Simon som Simon i støa og Stranger som rimar med ganger, fanger etc) eller engelsk (Sæimån Streindjer)?
Då mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.
Dette er det eg sanka med meg.
Takk, kjære mor.
"Hva gjør frø når de ligger for lenge?" spurte hun.
Han rynket pannen.
"Vi råtner", sa han. "Alle sammen. Vi blir dårlige her nede, og vi blir så ødelagt at vi ikke gror lenger." Han blunket og så opp på henne. "Vi kommer aldri mer til å gro."
"Sendemnedtiljules", brummet Knox. Mellomrommet mellom ordene var like lite som hullet i skjegget hvor en munn burde vært.
Verda har gått under. Gått under jorda, bokstaveleg talt. Ei ukjend katastrofe for mange generasjonar sidan har gjort det uråd å opphalde seg på jorda sin overflate. Men det finnest eit samfunn, eit uspesifisert antal menneske, men det må vere mange hundre, som overlever i ein spesialbygd silo under jorda. Dei er sjølvforsynte med mat frå innandørs jordbruk, og teknologisk er dei om lag på 2015-nivå, sjølv om ein god del 2015-ting ikkje er å finne i siloen.
Siloen blir styrt etter eit ganske strengt sett med reglar. Formålet er å hindre opprør, då dette kan leie til utsletting av heile befolkninga. Brot på reglane leier i verste fall til at brotsmannen blir sendt ut for å vaske linsene til kamera som filmar omgjevnadane, noko som i praksis er dødsstraff sidan ein sjølv med vernedrakt berre kan overleve nokre få minutt utandørs. Det er ein folkevald ordførar som på papiret har makta i siloen, men i røyndomen ligg makta hjå sjefen i IT-avdelinga. Når IT-sjefen misbruker makta si for å fremje eigne interesser, som han sjølv meiner også er i siloen sin beste interesse, kjem ting ut av kontroll.
Boka er veldig fint bygd opp. Lesaren blir gradvis introdusert for dette samfunnet, og nye personar får fokus etter kvart. Der er overraskande vendingar undervegs, og slutten er veldig spanande. Det klaustrofobiske ved å leve eit heilt liv i ei avgrensa underjordisk verd kom også fint fram, Likevel er eg ikkje berre nøgd. Enkelte skildringar av teknologisk eller vitskapleg karakter heng ikkje saman. Det er også vanskeleg å forstå at konflikten som etter kvart eskalerer, kan eskalere slik som den gjer. Derfor held eg litt igjen på terningkastet. Likevel ser eg ikkje bort frå at eg kan finne på å lese framhaldet til denne historia, det kjem to bøker til frå dette universet.
Dette var bok nr 1 i den dystopiske lesesirkelen som Ajiniakra dro i gang. Det er ekstra moro å lese bøker saman med andre, takk til alle som var med på diskusjonar undervegs.
Det siste poenget ditt er veldig, veldig bra.
Det er nok litt tilfeldig kva for bokomtaler eg klikkar meg inn på (eller kanskje er det eit mønster, men då er det i tilfelle undermedvitet som styrer). Ja, det hender eg klikker på omtaler av bøker eg har lest, spesielt dersom omtalen er på meir enn 2-3 ord. Men like ofte er det nok for å sjå omtaler av bøker eg vurderer å lese, eller som eg av andre grunnar er nyfiken på. Og innimellom kan det vere eit eller anna ved tittelen eller dei første orda av omtalen til ei for meg heilt ukjend bok som fangar interessa mi. The Martian blei eg vel kjend med på denne måten, dersom eg hugsar rett.
Eg likar best omtaler som ikkje berre seier noko om kor godt eller dårleg vedkomande liker boka, men også grunngjev kvifor. 3-5 avsnitt tykkjer eg er passeleg, det er sjeldan eg les heile omtalen dersom den er særleg lengre enn dette. Eg freistar også (med vekslande hell) å halde meg til denne lengda når eg sjølv skriv omtalar.
Det gjer meg ikkje så mykje om omtalen røper noko av innhaldet, med mindre det er eit vesentleg poeng a la kven som er mordaren i ei krimbok. Det er ein kunst å avsløre akkurat passeleg mykje i ein bokomtale, og det som er passeleg mykje for meg er sikkert ikkje passeleg mykje for alle andre.
Dette er eit knippe minne frå ei barndoms- og ungdomstid. Små forteljingar, eller rett og slett berre stemningsbilete. Det lengste stykket er på drygt 2 sider, det kortaste er på 2 linjer.
Oppveksten har vært i landlege omgjevnadar. Fosse er nokre år eldre enn eg sjølv er, men ikkje meir enn at eg kjenner meg godt att i skildringane. Eg-personen i boka fortel om hendingar saman med venar, familie, om å gå på dans, og om å flytte ut for å gå på skule. Stort sett heilt daglegdagse og udramatiske minne. Han fortel også om den litt skumle Asle, outsideren, langhåra, som spelar gitar og drikk seg umåteleg full. Det gjekk faktisk ei stund før eg forstod kven Asle er.
Kort og god bok. Nesten litt flyktig. Om lag som eit barndomsminne.
Fiksjon og fakta i vilter samrøre er eit kjenneteikn på fleire av bøkene til Fløgstad, og slik er det også med denne. Likeeins er den spekka med forholdsvis skarp samfunskritikk iblanda reinspikka tøv. Lesaren, i alle fall denne, blir ofte sitjande og undre seg over kva forfattaren eigentleg vil fram til, og det er kanskje nettopp det som er meininga.
No-tida i romanen er lagt til ei nær framtid, der dagens nasjonalstatar har brote saman og ein rekke nye mer eller mindre sannsynlege politiske konstellasjonar har oppstått i staden. Tematikken om eit samfunn som har brote saman minner meg om ei anna av Fløgstad sine bøker, Det 7. klima, i alle fall det vesle eg hugsar av den. Endåtil begrepet «mediathulingar» har Fløgstad henta fram att frå 26 år tidlegare.
Forteljarstemma i boka tilhøyrer Kjell Kistefjell (som for øvrig kjenner godt til Kjartan Fløgstad), ein slags frilans-konsulent som etter kvart får i oppdrag å opprette den kapitalismekritiske Radio Free America, paradoksalt nok med formål å berge kapitalismen. Men det er mange andre historier fletta inn i boka, mellom anna om to små brør som blir fråskilde i det dei flyktar frå den spanske borgarkrigen. Ein last med gull som samstundes blir smugla frå Spania til Sovjetunionen er også ein sentral ingrediens i, skal ein seie, den eventyrlege delen av forteljinga.
Det er ikkje alltid eg forstår så mykje av kva Fløgstad egentieg freistar å formidle i bøkene sine. Men eg likar å undre meg over det. Dessutan er han innimellom rasande morosam når han treff med ordspel og med bitande ironiske merknadar. Derfor kjem eg nok til å lese fleire av bøkene hans framover. Ei om året er om lag passe tempo.
I intervju hadde eg sjølv slått fast at eg skreiv betre enn Rabelais, betre enn Cervantes, Grimmelshausen og Shakespeare til saman. Sjølvsagt gjorde eg det. Ingen av dei skriv lenger. Har ikkje skrive på hundrevis av år.
Eg tenker på å lese Kunsten å prokrastinere, en guide til effektiv somling og utsettelse av John Perry, i helga. Denne har eg hatt planar om å starte på lenge. Men først må eg gjere meg ferdig med En herregårdssaga av Selma Lagerlöf. Ja, og så held eg enno på med den brasilianske boka Til av José de Alencar, då. Når eg tenker meg om så driv eg jo også og høyrer på lydboka Scaramouche af Rafael Sabatini for tida, den kjem eg nok til å lytte til når eg køyrer til barndomsheimen på søndag for å overta eit lite lass med bøker frå mor mi. Kanskje er det nokon bøker der eg heller vil lese? Og så er det jo snart tid for lesesirkelboka Mnem av Simon Stranger, då er det kanskje ikkje verdt å vere i gang med alt for mange bøker samstundes. Strengt tatt treng eg vel ikkje ein guide til somling og utsetjing, eller?
I Värmlandstrakene rundt 1840 talet. En herregårdssaga av Selma Lagerlöf, som også her var fantastisk flink til å trylle fram.flotte historier.
Det har kome inn 2 573 nominasjonar for årets premier, altså i snitt nesten 100 forslag pr premie. Har ikkje sett nokon liste over alle, og veit strengt tatt ikkje om eg hadde orka å bladd igjennom den. Eg gjeng ut frå at terskelen for å bli nominert er ganske lav. Utvelginga av dei 10 beste innanfor kvar kategori skulle skje kl 10 i dag, men lista har ikkje kome enno. Kanskje det er kl 10 om kvelden?
Åkkesom, lista over dei 10 beste i kvar kategori frå i fjor (altså 2013-bøker) er her, det skulle ikkje undre meg om det er denne sida som blir oppdatert med årets kandidatar. Headeren er i allefall endra til 2015.
For spesielt interesserte kanskje, og det er eg jo. Dette er den gjevaste litteraturprisen i Brasil, der er ikkje mindre enn 27 kategoriar, og kåringa gjeld bøker som kom ut kalenderåret før, altså 2014 denne gongen. Mellom vinnarane av desse 27 kategoriane blir det så kåra to vinnarar av årets bok, "beste skjønnliterære bok" og "beste sakprosabok".
I morgon blir det kunngjort kven som er dei 10 finalistane innanfor kvar av dei ulike kategoriane. Altså inntil 270 kandidatar. Skal bli spanande å sjå om der er nokon namn eg kjenner att mellom desse.
He he, når du nemnde bokmerke så kom eg til å tenke på denne artikkelen frå Firda om ein låntakar til biblioteket som leverte attende ei bok med ein brudlaupstale som bokmerke. Men vittigast var jo opplysninga om eit tidlegare tilfelle der dei fann ei fårepølseskive inni boka. Vonar den var utan majones.
He was born with a gift of laughter and a sense that the world was mad.
Scaramouche av Rafael Sabatini.
wikipedia-artikkel om boka.
Og då er bøkene komne i hus. Herleg.
Kva skjer vidare? Skal ein forsøke seg på ei bok til i løpet av hausten?
På tide med litt krim igjen (som ein kollega sa til meg i fjor; finnest det andre bøker enn krim?). Derfor har eg starta på Stalker av Kepler, har kome knapt 1/3 i veg. Og sidan det no er ei lita pause mellom lesesirkelbøker så kan eg kanskje ta fram att Til av José de Alencar. Denne krev nemleg litt ekstra innsats.
God helg!