Og det blei Svetlana!!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Interessant og god artikkel. Det er eit viktig poeng at ikkje-vestleg litteratur er mindre tilgjengeleg, og såleis i utgangspunktet er underrepresentert i tilfanget av litteratur som blir vurdert. Men når artikkelforfattaren nærmast krev at prisen må gå til ein afrikansk forfattar FORDI det er ein afrikansk forfattar kjenner eg at eg er usamd.

Eg er glad i mangfald, og deler artikkelforfattaren sitt håp om at neste prisvinnar bryt opp i overvekta av vestlege menn som vinnarar. Men eg håper dette vil skje FORDI vinnaren har skrive glitrande og/eller viktige bøker, ikkje FORDI vedkomande er afrikanar eller dame.

Også håper eg sjåvinistisk nok også på den kvite, vestlege mannen Jon Fosse, då.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det som kanskje overraskar meg litt ved Aleksijevitsj sitt sterke favorittstempel er den tilsynelatande avgrensa bokproduksjonen hennar. 7 bøker i løpet av rundt 30 år. Men kanskje er det litterære prosjektet hennar uvanleg viktig?

Ja, og så ser eg på engelsk wikipedia at ho også har jobba med dokumentarfilm og teater. Så ho har sikkert ikkje lege på latsida.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ojsann, no har Svetlana Aleksijevitsj i løpet av dagen fått gjennomgåande klart lavare odds enn dei neste på lista. Er det ein sjølvforsterkande mekanisme ved at fleire får trua på den som ligg først på lista, eller er det nokon som har fått vite noko av nokon? Skal bli spanande å sjå i morgon.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nei. Ikkje fordi eg ikkje vil, men fordi ingen spør meg om å få låne. Kanskje eg ser litt sur og grinete ut? Eller så er det kanskje fordi dei fleste eg kjenner anten ikkje les så mykje skjønnlitteratur, eller at dei heller vil lese andre bøker enn dei eg les.

Eg er heller ikkje så ivrig til å spørje om å få låne bøker. Det er stort sett fordi eg har mange uleste bøker sjølv, og har alltid ein plan (sjølv om eg av og til omgjeng den) for kva som skal vere dei 2-3 neste bøkene eg skal lese.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg måtte berre køyre eit google biletsøk på Tim og Trine, og dette biletet stemmer jo bra med skildringa Simon Dankel gjev:

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg såg The Martian i går, etter mi meining ei vellukka filmatisering av boka. Dei tekniske og naturvitskaplege utgreiingane frå boka var tona ein god del ned i filmen, så med bakgrunn i det du skriv over trur eg du vil like den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heng litt etter, men det her heilt greit å starte valprosessen neste veke. Eg blir uansett ferdig i god tid før oppstart av neste bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Førstkomande torsdag, 8. oktober kl. 13:00, kjem kunngjeringa. Spørs om eg kjem til å følge med på webcasten.

Frå odds-lista er det verdt å merke seg at to spelselskap pr dato held Jon Fosse som den største favoritten. Men ser ein på snittet av oddsen til alle dei 4 opplista spelselskapa så er det framleis Svetlana Aleksijevitsj som ligg best an.

Heia Jon!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Akkurat det ville nok passa betre på Tyholttårnet. I Trondheim.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kan melde om at filmen var heilt grei. Det blei sjølvsagt ikkje plass til alle detaljane frå boka, det hadde eg heller ikkje venta. Men etter mitt syn likevel ei vellukka filmatisering.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skal sjå denne på kino om ein times tid. Gleder meg veldig.

Er det andre her inne som har sett den alt? Kva tykte de?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mann sine lettare infame skildringar av persongalleriet sin utsjånad får meg til å tenke på Nikolaj Gogol og Døde sjeler. Men Mann er muligens enno eit hakk kvassare.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har denne gått på TV i sin tid? Eg har ingen klare minne om Buddenbrooks som sådan, men scena i del 4 kapittel 4 der Thomas snakkar til demonstrantane utanfor borgarrepresentasjonen sitt møtelokale, meiner eg bestemt å ha sett. Eller i det minste ei som liknar fælt.

Replikkvekslinga som først og fremst har satt seg i minnet er der Smolt seier dei vil ha republikk, Thomas gjer merksam på at det har dei alt, og at Smolt så svarer at dei vil ha ein til. Ubetaleleg.

Det kan då vel ikkje vere andre TV-filmar eller seriar der ei slik replikkveksling har funne stad?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjette del, kapittel 7: Eg måtte lese litt på wikipedia om Orsini-bomber og Orsini-affæren. Artig med bøker ein kan lære litt av, sjølv om ikkje alt ein lærer om er like artig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vestavinden kjem i tredje vers.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når det lakker i mot høst,
og det blåser i fra øst,
blir det regn og ruskevær
både her og både der.
Og i Kardemomme by
søker alle folk i ly
hvis de ikke har en diger paraply.

... skreiv i alle fall Thorbjørn Egner ein gang.

Sjekkliste:
Haust: Ja
Vind frå aust: Frå alle kantar, virkar det som, så eit ja under tvil.
Regn og ruskever: Ja
Her og der: Ja
Diger paraply: Nei

Då ligg alt til rette for å søke i ly, sjølv om ein ikkje bur i Kardemomme by.
Og medan eg er i ly, så passar det fint å lese vidare i lesesirkelbøkene Silo og Buddenbrooks.

God Helg!

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Eg er framleis på 4. del, og måtte lese meg litt opp på 1848-revolusjonane. Eg har vært borti desse for ikkje så mange månadar sidan i ei anna bok, det irriterer meg litt at eg ikkje greier å hugse på kva for ei det var.

Men medan eg heldt på å lese meg opp i wikipedia kom eg over maleriet Germania. og då heldt eg på å setje kaffien i vrangstrupen. Med sverd og cannabis skal folket samlast, liksom.

skriv bildebeskrivelse her

En får tru at desse kvastane vakte andre assosiasjonar hjå publikom for snart 170 år sidan enn dei gjorde for meg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det nærmar seg tida for offentleggjering av datoen for når vinnaren skal offentleggjerast. Omstendeleg prosess, dette. I mellomtida morar eg meg med å sjå på odds-lista over sannsynlege kandidatar.

Forståsegpåarane har størst tru på den kviterussiske forfattaren Svetlana Aleksijevitsj. Det ser ut for at ein del av bøkene hennar nyleg har kome på norsk. Murakami er det også mange som har trua på. Av dei norske er det Jon Fosse som ligg klart best an, nesten i tet-sjiktet. Lista er forøvrig spekka med namn eg ikkje har peiling på kven er, men ein må tru at dei skriv leseverdige og/eller viktige bøker alle saman.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Tja, bortekamp har vi berre annankvar veke, og avstanden varierer frå 0 til 15 mil. Eg har heller ikkje køyrt til alle bortekampane, så det er vanskeleg å påberope seg eit typisk antal mil. Det blei forøvrig ikkje lydbok på denne turen likevel, det var livleg og triveleg prat i bilen heile tida. Mykje betre.

Det er nok jobbreiser som er situasjonen der eg høyrer mest på lydbok. Rundt 1,5 time til nærmaste flyplass, og ofte aleine i bilen. Ja, og så til og frå gjetarhundtrening, då, det er ein dryg time kvar veg det også.

Lydbøker låner eg av og til på biblioteket, og kopierer inn på mobiltelefonen. Men dei fleste eg har høyrt hittil har eg henta frå loyalbooks, ein nettstad for gratis distribuering av lydbøker. Det er mykje gamle bøker her, og eg gjeng ut frå at det er bøker der kopirettigheitene er gått ut på grunn av alder. Opplesinga er også gjort av friviljuge, og spesielt for denne nettsida. Det er svært varierende kvalitet på opplesingane, etter å ha brent meg på dette eit par gangar så "prøvelytter" eg no alltid litt på boka før eg bestemmer meg for om eg skal laste den ned. For mange av dei meir populære bøkene er det også folk som har kommenterer kvaliteten på opplesinga, dette kan også vere til nytte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Morten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99Norah