Har også såvidt passert midten, og tykkjer boka er heilt OK. Har ikkje så mykje å utsetje på språket, og har heller ikkje latt meg irritere over omstendelege forklaringar.
Det er likevel enkelte ting som skurrar litt. Som t.d. kor lenge ein kan gå i ei lufttett drakt utan surstofftank av noko slag (det stod i alle fall ikkje noko om surstofftank i boka) utan å kvelast. Og kvifor har dei ikkje heis i siloen? Dei har energi nok til å bore etter olje på mange kilometers djupn, men ikkje nok til å drive ei lita vareheis ein gang?
Men boka er spanande like fullt, og eg er glad for at eg blei med på felleslesinga.
Interessant. Så vidt eg kan sjå så er dette appendikset også med i lydbokutgåva eg skal høyre.
Jepp, før i tida var det fredag berre kvar sjuande dag, men no til dags er det pinadø kvar einaste veke.
Det blir mykje fotball i helga. Ikkje på TV, altså, men live lokalfotball, der eg har diverse oppgåver. På køyreturen til og frå fotballen reiknar eg med å bli ferdig med lydboka Quo Vadis av Henryk Sienkiewicz. Eg må nok laste ned ei lydbok til til turen, kanskje Pygmalion av George Bernard Shaw kunne vere noko?
I tillegg så er eg noko på etterskot med ein fagpublikasjon eg skal ha klar i løpet av månaden, så eg må setje av tid til dette også. Likevel så reiknar eg med at eg kjem til å finne tid til å lese ein del. Då blir det nok utelukkande lesesirkelbøkene Silo. der eg er omlag ajour med leseplanen, og Buddenbrooks der eg er noko på etterskot.
God helg!
Sjølv har eg ikkje kjøpt anna enn lesesirkelbøkene Silo og Buddenbrooks dei siste vekene. Men mor mi har flytta til ein mindre bustad og har ikkje plass til så mange bøker lenger, så eg førebur meg på å ta over ein del av dei:
Billy!
Men gudbevaremegvel for eit melodrama denne Grünlich disker opp med ...
Ingen sak å finne opp lyset.
det er berre å følge straumen.
Steinbeck har sagt/skrive mykje bra, men her må eg seie meg usamd i første linja. Utan å bringe idemakarar saman i forskningsmiljø hadde vi nok hatt ei langt seinare utvikling.
Side 68 i mi utgåve, eller andre side i kapittel 1 i tredje del, i det Grünlich stig inn i hagen:
"Han kunne være ca. 32 år gammel, ...."
Andre del, kapittel 6:
Kvifor blei konsulen så fortørna over at Tony las i boka Mimili? Meinte han at det var for "lettsindig" lesnad, eller var det dei litterære kvalitetane han ikkje var nøgd med? Eg er ikkje så stø i tysk, men slik eg forstår den tyske wikipedia-sida om boka så blei den sterkt kritisert i samtida, og var inntil 2008(!) oppført på ei liste over litteratur som er fordervande for ungdom.
Er det nokon her inne som har lest denne boka? Kunne ha vært moro med sysnpunktet til ein forderva person.
Etter å ha gått på dans i forskjellige ungdomshus i nokre år og stort sett dansa åleine, fann eg ein gong ut, det må ha vore seint på kvelden, og einkvan må nok ha gitt meg tilstrekkeleg å drikke, at eg skulle be ei jente opp til dans.
Ein dag faren kjeftar på han, går han i vedskjulet og hentar den største øksa, han ber den inn i stova, set den frå seg attmed farens stol, og så ber han far sin om å drepe seg. Faren blir som ventande kan vere berre endå sintare.
Fotball er moro, og gratulerer med opprykk. Nyfiken som eg er, så lurer eg på kva divisjon de rykker opp til.
Og med Prosa frå ein oppvekst er den siste boka frå posesalet utlest. Det tok nesten eit og eit halvt år. Men eg har lest mykje anna i tillegg.
Etter rundt 1/4 av boka tenker eg at "hovudpersonen" så langt er sjølve siloen. Reisa tur/retur frå topp til botn gav lesaren eit visst innblikk i korleis dete samfunnet fungerer, både sosialt og teknologisk. Bra gjennomført av forfattaren, ting blir forklart i passe tempo samstundes som det er mengder av åpne spørsmål som lesaren kan undre seg over.
Teknologisk ser det ut for at det meste er arva frå tida vi sjølve lever i, berre med visse tilpasningar. Men eg skulle ynskje meg litt meir naturvitenskapleg og ingeniørmessig truverdige skildringar innimellom (har visst blitt bortskjemt med dette etter å ha lest "The Martian"). For eksempel, det blir hevda av Jules at akslingen til siloen sin straumgenerator er 2mm ute av senter. Eg er ganske viss på at dette ville fått heile maskineriet til å bryte saman i løpet av få sekund. I den store samanhengen er det snakk om uvesentlege detaljar, men det påvirker meg likevel bittelitt på kor godt eg klarer å leve meg inn i historia.
Det er litt for tidleg å seie korvidt eg kjem til å lese heile trilogien, men det er ikkje utenkeleg. Eg kjem uansett ikkje til å lese dei fortløpande, eg er glad i variasjon og vil gjerne veksle på. Dersom eg forstår det rett er det framleis nokre månadar til neste bok kjem på norsk. For min del ville det vere brukbar timing. Men vi får sjå.
Uff då, nyoperert høyrest slitsamt ut. Ynskjer deg ei rask og god betring.
Apropos gjendikting vs oversetjing, det var ein bitteliten diskusjon om dette for nokre månadar sidan. Eg meiner framleis at det er feil å erstatte "oversetjing" med "gjendikting", noko som ser ut for å ha blitt praksis no.
Dette blir ei knallhelg. Regn og møkkaver både laurdag og søndag, så det er ingen grunn til å røyse seg opp av lesestolen. Det passar bra, for eg er litt på etterskot i to leseslirklar no. Har kome eit brukbart stykke på veg (drygt 100 sider) i dystopilesesirkelboka Silo, medan eg berre såvidt har starta på Buddenbrooks. Men innan helga er over satsar eg på å vere nokonlunde ajour med leseplanen.
For å variere enno litt til, så lurer eg på å lese igjennom den truleg kortaste boka eg har i bokhylla, Prosa frå ein oppvekst av Jon Fosse. Til dei som held på med popsugar-leseliste så er jo dette eit fint forslag til ei bok ein kan lese ut på ein dag. Tipper det gjeng fint å ta den på ein halvtime også.
God helg!
Avslutninga av del 1 var knakande bra. Gleder meg til resten.
Så er eg slik skapt at eg heng meg opp i detaljar. Her er ein: På siste side i kapittel 1 legg Holston frå seg sjeriffstjerna på skrivebordet på kontoret sitt. Tre sider ute i kapittel 2 hugsar han at han at han har lagt frå seg ringen sin på nattbordet for fleire timar sidan. Litt lenger nede på same sida står det at han har lagt frå seg sjeriffstjerna ved sidan av ringen. Dette heng ikkje i saman.
Er det ein oversetjarfeil, eller er det likt i den engelske utgåva?