Bokklubben er grei slik.
Og når eg først var innom så såg eg at dei no sel Dekameronen I, II og III, som nyleg har kome ut på verdensbiblioteket, til 79,- per stykk. Så då måtte eg sikre meg desse også, har tenkt ganske lenge på at eg skal lese desse.
Eg har søkt ein god del, utan å finne ny, innbunden bok til vesentleg redusert pris. Endte opp med å bestille frå Bokklubben. Heller ikkje på antikvariat eller bruktbokbutikkar var det lett å finne noko. Men Bokbyen ved Skagerak har eit eksemplar til kr 180 + frakt.
Så .. dersom det er ca 460 tekstsider og ein nyttar 3 veker, så blir det omlag 22 sider pr dag. Nyttar ein 4 veker så blir det omlag 16-17 sier pr dag. Men en vil kanskje nytte litt tid på å studere og fabulere over illustrasjonane også. Foreslår 4 veker, eg.
Takk igjen for strålande organisering.
Ang. leseperiode, boka skal vere på 502 sider, men eg forstår det slik at der er ein del illustrasjonar i boka. Dersom der t.d. er 10 sider med illustrasjonar så gjer det jo ikkje så stor forskjel, men dersom t.d. kvar 4. side er ein illustrasjon så spelar det jo litt inn på kor lang tid ein treng. Er det nokon som har den i hus og som kan anslå kor mange illustrasjonssider der er?
Spørsmål 1:
Eg gjeng ut frå at problemet er å finne fram til e-bokutgåva av boka du vil legge til. Det enklaste er vel dersom du skriv in ISBN-nummeret til e-bokutgåva i søkefeltet «Finn en bok» (øverst til høgre på hovudsida til Bokelskere.no).
Dersom du ikkje har ISBN-nummeret tilgjengeleg, så ville eg ha prøvd å søke på boktittelen, finne boka, og så sjekke om den er tilgjengeleg som e-bok. Til dømes, om ein søker på Jon Fosse sin bok «Andvake», så skriv ein «Andvake» i søkefeltet, og får i dette tilfellet opp eit enkelt treff. Når ein så klikkar seg inn på boka så finn ein helt nederst på bok-sida eit oversyn over andre utgåver av boka. I dette tilfellet er det registrert ei e-bokutgåve. Denne kan då leggast inn i boksamlinga på vanleg måte.
Vidare gjettar eg på at det er boka The Elementary Particles av Michel Houellebecq som er bakgrunnen for spørsmålet, eg ser at du har lagt ei paperback-utgåve av denne inn i ei bokhylle du har kalla Ebok. Det ser ikkje ut for at det er registrert e-bokutgåve av boka på bokelskere. Men igjen, har du ISBN-nummeret så anbefaler eg å søke på det. Får du ikkje treff, så kan det vere greit å legge merke til at på søkeresultat-sida så kan ein velge om søket skal køyrast på bokelskere, på amazon.com eller på amazon.co.uk. Ved å søke på amazon.com så fann eg fram til denne Kindle-utgåva som kanskje er den du leiter etter?
Spørsmål 2:
Det er mulig eg misforstår spørsmålet, men det gjer ingen forskjel på korleis ein legg til bøker om du eig boka sjølv eller ikkje. Eg forstår det slik at du ynskjer å skilje mellom bøker du har fysisk i bokhylla di heime og andre bøker du har lest. Slik er det for meg også. Det finnest sikkert fleire måtar å løyse dette på. Sjølv har eg oppretta ei bokhylle eg kallar «Lånt av andre og lest», namnet er meint å vere sjølvforklarande.
Eg vonar dette kan vere til nytte.
Forøvrig eit veldig godt tima forslag, i og med at Løveid fekk Ibsenprisen i kveld.
Eg er også ferdig, eit par dagar på overtid. Eg har tenkt litt på ein ting, og legg inn denne kommentaren som svar til deg, sidan du tok opp dette med blomsterhandlerska.
Starta ikkje Thomas sin endring i mentalitet, frå optimisme til pessimisme, i det han bygde seg nytt hus på motsatt side av gata for ungdomskjærasten? Anna blir mor til ein heil skokk med ungar, medan Thomas får ein einaste svakeleg gut som til overmål ikkje interesserer seg det minste for dei same tinga som faren. Dette må han nødvendigvis ha reflektert litt over i og med at dei er naboar. Eg fanga ikkje opp eit einaste direkte hint om at Thomas angra på at han ikkje heldt fast ved Anna, men er likevel dette noko av det Mann ynskjer å fortelje?
Krig og fred og sånn ...
Vel, eg har ikkje tenkt så hardt over det, men overleving og fridom er etter mi oppfatning to berande tema i boka. Og det paradoksale ligg i at strategien for at menneska i siloen/siloane skal overleve i mange generasjonar inneber at individa har særs innskrenka fridom.
Sjå der, ja. Der stend det, svart på kvitt. Men ikkje hogd i stein, då ...
Eg kan ikkje hugse at det har vært spesifisert nokon gong at det kun er skjønnlitteratur som er aktuelt for lesesirkelen. Sjølv så har eg ikkje tenkt i dei baner før, men sidan det no kom opp så ser eg ingen grunn til ikkje å inkludere sakprosa/faglitteratur. Sjølv om ikkje det aktuelle bokforslaget fenga interessa mi, så er det heilt sikkert plenty andre sakprosa-bøker eg kan tenke meg å lese i fellesskap.
Er imponert over kor godt du følger med i engelskspråkleg litteratur. Eg kika såvidt over lista over tidlegare vinnarar, der er berre ei av bøkene eg har lest (Yann Martel / Life of Pi), og utover det er det berre ein av dei øvrige forfattarane eg har lest noko av i det heile; Margaret Atwood. Forbetringspotensiale, altså.
No har eg latt undermedvitet arbeide eit par dagar, men eg greier framleis ikkje å kome på kva for ei bok det kan dreie seg om. lLiv og skjebne har eg ikkje lest, men kan ikkje utelukke at eg har uttalt i ein eller samanheng at den ser spanande ut. Men igjen, det kan eg ikkje hugse.
Kan det dreie seg om nokon av dei følgende bøkene, som eg har kommentert i diskusjonar om?
- Marsboeren (Andy Weir).
- Vent til våren, Bandini! (John Fante) eller ei av dei andre bøkene i Bandini-kvartetten? Spør støvet er vel den mest kjende av dei.
- Den fremmede (Albert Camus), eller kanskje den nye mot-forteljinga The Meursault investigation (Kamel Daoud)
Tre skudd i blinde, eller i det minste med sterk synshemming.
Bok med mjuke permar frå 1984. Den blir sikkert vanskeleg å få tak i, tenkte eg. Men neidå. Den er å finne i ei forholdsvis ny samleutgåve med tre av Løveid sine skodespel, Skuespill 2, i ein rekke nettbutikkar.
Det hadde vært moro med eit skodespel, det har vi ikkje hatt i lesesirkelen enno. Kanskje på tide?
"Minnet er poet, ikkje arkivar eller historikar" skreiv Kjartan Fløgstad i Nordaustpassasjen. Derfor er eg ikkje skråsikker på at eg hugsar rett, men eg meiner dette er noko eg har sett lenge før 2012. og forsåvidt også lenge før 2008 då serien blei spelt inn.
Frå IMDb ser eg at det har vært fleire innspelingar av denne boka. Kanskje kan det dreie seg om TV-serien frå 1979? Dersom denne har gått på norsk TV skjedde det truleg på tidleg 80-tal. Det stemmer sånn nokonlunde med kjensla eg har av kor lenge det er sidan eg såg denne scena.
Faren ved å være Skrake av Kjell Westö. Finsk forfattar, skriv på svensk, boka kom ut i 2000 og har fått gode kritikkar. Månedens bok i bokklubben for ikkje så lenge sidan. Forfattaren fekk forøvrig Nordisk råds litteraturpris i 2014 for ei anna bok, Svik 1938.
Denne omtalen frå Boktilsynet (NRK P2) frå 2002 dreg parallellar både til Erlend Loe sin "Fakta om Finland" og til Lars Saabye Christensen sin "Halvbroren". Ser lovande ut, tykkjer eg, og satsar på at fleire i lesesirkelen vil meine det same.
I det eg har drygt hundre sider att, så er det som imponerer meg aller mest nett no kor overtydande Mann skildrar Hanno sitt sarte barnesinn. Beint fram meisterleg.
Då er eg ferdig. Fin og spanande bok. Eg ser at fleire gjev utrrykk for at dei ikkje likte starten fullt så godt som resten av boka. Sjølv hadde eg heilt motsatt oppleving. Anslaget tykte eg var strålande, men så mista eg litt taket på historia frå midten og utover. Eller omvendt, det var historia som mista taket på meg. Litt for mange ting eg ikkje greidde å tru på til at eg kan trille eit av dei to høgaste treningkasta. Men på ingen måte ei dårleg bok, det var verdt innsatsen å bli med på denne.
Det blir noko betre i dei to neste bøkene, etter min vurdering.
Her i huset er det nye takter for tida. 2-takt og 4-takt, for å vere meir presis. Og for å vere mindre kryptisk kan eg legge til at det dreier seg om ein 50 kubikk scooter og ein 125 kubikk motorsykkel. Jepp, tenåringane skal motoriserast, køyredoningane blei anskaffa på mandag, og no nyttar vi alle fine og tørre haustkveldar til øvelseskøyring. Moro for både far og born.
Sidan det er meldt brukbart fint ver hjå oss i helga, så blir nok mykje av helga nytta på to hjul. Men eg har naturlegvis planar om å lese ein del også. Det blir lesesirkelbøkar. Silo har eg berre nokre få sider att av, eg trudde eg skulle bli ferdig med den i går kveld men brått så sov eg (det seier nok mykje meir om kor trøytt eg var enn om kor spanande boka er). For Buddenbrooks så har eg att rundt 190 sider, satsar på å lese igjennom det meste før helga er over.
God helg!
Eg greier ikkje å hugse på kva for ei bok det kan dreie seg om. Var det to uavhengige anbefalingar, eller var det i same diskusjonstråden?
Uansett, eg søkte opp Mohamed A og ser at vi har 12 bøker felles. Desse er
Fuglane (Tarjei Vesaas)
Placebodefekten (Gunnar Tjomlid)
Victoria (Knut Hamsun)
Den fremmede (Albert Camus)
Is-slottet (Tarjei Vesaas)
En beretning om blindhet (José Saramago)
Middlemarch (Geroge Eliot)
Han er her igjen (Timur Vermes)
Fyrsten (Niccolò Machiavelli)
Huset ved moskeen (Kader Abdullah)
Den store Gatsby (Francis Scott Fitzgerald)
Markens grøde (Knut Hamsun)
Kan det ha vært nokon av desse?