Hadde vanskar med å finne den sjølv. Bestilte eit brukteksemplar frå Bokloftet førre veke, men fekk beskjed i dag om at nokon kom meg i forkjøpet. På antikvariat.net ser det ut for at det berre er svenske og danske utgåver å få tak i. Heller ikkje bokbyane i Tvedestrand eller Fjærland gav resultat. Kan jo hende Fjærland har likevel, dei skriv på sidene sine at ikkje alle bøkene er søkbare.

Etter ein del googling fann eg eit par eksemplar frå antikvariat som truleg ikkje er med i antikvariat.net. Endte opp med å ringe til Nome Antikvariat, trefte ei hyggeleg dame som fann boka med ein gang. Einaste eksemplaret dei hadde.

Den andre eg fann ser ut til å vere paperback, og er hjå Osebro Antikvariat. Foreslår å ringe dei for å høyre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Platon: vi ser berre skuggen av kometen
Machiavelli: då vil den sterkaste parten har retten på sin side
Freud: det er undermedvitet til kometen som styrer dette
Knut Jørgen Røed Ødegaard: FANTASTISK!! EN KOSMISK SENSASJON!!!! DETTE ER HELT ENESTÅENDE!!!!!!!!!!!!

Dei fleste kometane kjem ikkje nærmare sola enn at dei gjer ein U-sving rundt den og forsvinn ut av syne. Men ein og annan stakar kræsjar i sola og "døyr". Der er jo ganske utvetydige frampeik angåande "vår" komet Oort og lagnaden hans. Men han lyser opp på ferda.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så sant, så sant. Og apropos fleire bøker på ein gang, så har eg lyst til å samanlikne den med to bøker eg ikkje har lest. Det blir jo tøvete, eg må heller seie at eg har lyst til å samanlikne den med oppfatninga mi av to bøker eg ikkje har lest.

Bikubesong av Frode Grytten. Har ikkje denne eit liknande konsept som "hovuddigresjonslinja" i Mnem, berra at Grytten fortel historiene til folk i ulike leiligheiter i staden for i ulike gater?

Heimdal, California av John Erik Riley. I tillegg til at sviktande hukommelse er eit tema, så inneheld visst denne også ei ganske spenstig blanding av forteljarteknikkar. Inspirert av Mnem, kanskje?

Er det nokon av felleslesarane som har lest desse, og i såfall; stemmer inntrykket mitt?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg reiknar med at det er historia om porselensserviset som gav deg lyst til å lese om den franske revolusjonen. Sjølv så høyrer eg lydboka Scaramouche parallelt med felleslesinga, denne har også handling frå den franske revolusjonen. Og då eg hadde lest porselens-digresjonen og deretter høyrde på lydboka litt seinare så blanda dei to historiene seg saman i hovudet mitt. Måtte ta meg saman for å sortere kva for hendingar som høyrde til i kva for bok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Heilt greit.
Enn start då? Kanskje om nokre dagar, slik at dei fleste rekk å skaffe seg boka? (Sjølv venter eg på bruktbok i posten, evt. på ein beskjed om at nokon andre har kjøpt den før meg)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det blir noko mindre lesing enn vanleg denne helga, er på gjetarhundkurs fredag (teori), laurdag og søndag, og det er eit godt stykke å køyre til og frå. Kom innomdørs for ikkje så lenge sidan og fekk dusja gjørma av hunden … fy flate som han såg ut!!. Men sliten og lukkeleg er han, så då er det vel greit.

No er eg i ferd med å leite fram evigheitsprosjektet Til, eg prioriterer denne då eg ligg litt framom leseplanen for Mnem (korte boktitlar for tida). Men trøytt som eg er så trur eg ikkje det blir så mange sidene før hjerna vandrar frå drama til draumar.

På bilturane til og frå høyrer eg forresten på Scaramouche av Rafael Sabatini, kan fort hende eg blir ferdig med denne før helga er omme.
Det var (r)apporten frå hundedagane. God helg!

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Eg

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er tydeleg at Fosse kjenner seg nært knytta til nynorsken. Dette seier han til NRK:

Eg har levd eit omskifteleg liv, og nynorsken har for meg vore ein slags heim i verda. Etter kvart har den blitt det. Min heim.

Så på ein måte kan ein kanskje seie at han inviterar lesarane sine heim til seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

NRK Rogaland har ein artikkel om dette, sikkert same innslaget som du høyrde på radioen. Her stend det at 12 SMS-noveller frå SMSpress bilr tilgjengelege på norsk i løpet av eit par veker.

Eg ser at SMS-novella til Stranger har tittelen SMS fra ditt fremtidige selv. Om novella:

Se for deg at du plutselig begynte å få SMS fra en av dine mange mulige fremtidige selv. Hva ville vedkommende råde deg til? Hva ville han eller hun be deg passe på, advare mot, oppfordre til? Og hvordan vet vi hva valgene våre fører med seg, og hvilke konsekvenser de vil få?

Eg lurer på korleis i all verden han har løyst dette reint praktisk. Får alle lesarane same råda (og i såfall impliserer dette at alle personar har muligheiter til å bli ein gitt enkeltperson ein gang i framtida), eller er det ei interaktiv greie der lesaren gir tilbakemelding og at neste SMS blir forma ut frå tilbakemeldinga?

Spørs om eg må teste dette.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så sporty at du tok utfordringa!

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Mnem, tittelen spelar på det greske ordet for minne. Og sviktande minne er eit tema som dukkar opp fleire gangar i løpet av dei knapt 100 sidene eg har lest. Vidare er likninga mellom ein by og ein menneskekropp eit sentralt tema.

Då tenker et følgende; byplanen for Nem er lagt ut ikkje heilt ulik anatomien til ei menneskehjerne. Ikkje prikk lik, på ingen måte, men likevel:er fellestrekka ein tydeleg hovudakse med radielle forgreiningar inn i eit snirklete gate/tankemønster som totalt sett formar ein sirkel. Dess meir eg tenker på det, dess meir overtydd eg et om at dette er eit underliggande poeng med byplanen.

skriv bildebeskrivelse her
skriv bildebeskrivelse her

Vidare har eg tenkt ein del på omslagsdesignet til boka (forøvrig kreditert storebroren til forfattaren). Krusedullane på omslaget leier tankane over på fraktalar (eg er ikkje god nok på dette til å sjå om det er ein ordentleg fraktal eller ikkje). Fraktalar har den eigenskapen at uansett kor mykje ein forstørrer eller forminskar, så finn ein att same mønsteret heile tida. Dette er jo også tema som forfattaren tek opp i boka, mellom anna i samanlikninga mellom byar og menneskekroppar.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Skulle du følge Gabriella sin oppfordring, og sidan det var eit krim-skrivekurs, kunne du jo starte med "Det var en mørk og stormfull aften"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Av forskjellige årsaker har filosofene overbevist seg selv om at enkelte viktige ting ikke er virkelige.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kaizen er en japansk filosofi som går ut på at stadig forbedring oppstår ved at man tar små, enkle og gjennomførbare steg. Når du sier at du har tatt i bruk Kaizen-metoden, og ikke at du bare prøver å prokrastinere mindre, høres det ut som om du har begynt med en eller annen orientalsk kampteknikk. Og det er jo litt kult.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nasjonalbiblioteket har også tre utgåver som kan lesast frå norske IP-adresser. Frå 1947, 1970 og 2000. Den siste er nok med overlegg gitt ut det året, sidan undertittelen på boka er "roman fra år 2000"

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har bladd litt igjennom nokre lister a la "klassiske dystopier" og "dystopier du MÅ lese" i kveld, og dette er ei av bøkene eg festa meg ved. Så, ja, skulle det vere stemning for denne så er i alle fall eg med.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Oort, kvar har eg høyrt det før? Brått kom eg på det, Oort-skya, sjølvsagt. Dette er ei antatt "sky" av isklumpar godt utanfor planetsystmet vårt, som ein antek er "basen" for kometar som uventa dukkar opp etter lang, lang tid ute i periferien.

Og er det ikkje nettop det forfattaren Oort gjer? Han har vært i utkanten av Nem sitt gravitasjonsfelt sidan byen blei bygd, og så blir han brått og uventa dratt innover av usynlege krefter.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Og Arvo Riisen (Cells and society) ser ut for å vere fiksjon. Dermed lurer Stranger oss alt før boka ha starta, ved å legge fram eit formodentleg ekte sitat frå Darwin, eit fiktivt sitat frå den like fikive Riisen, og kva skal ein så tru om det siste sitatet frå Stranger sjølv ... En får vel tru det ein vil.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når forfattaren innleiar boka med ei bruksrettleiing til lesaren så legg han lista høgt. Har kome like langt som deg, og det er langt unna riv enn så lenge.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Brorparten er bokklubben-bøker frå 70- og 80-talet. Mykje kvalitet, den gongen også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronille