Stussa på det same i starten. Det blir klarare.etter kvart.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kom heim frå jobbreise for ein times tid sidan ... her har det blitt vinter sidan eg dro. Det blei ein del lesetid på turen, så eg greidde ikkje å halde meg frå å lese ut dystopilesesirkelboka Kallocain, blei ferdig på flyet heimover. Resten av flyturen las eg starten av Ragnhild av Olav Duun. Umisskjenneleg stil. Eg kjem nok til å lese vidare i den resten av helga. I tillegg til Til, då.

Det blei ganske mange timar i bil på turen også, i dag har eg kome eit godt stykke på veg i lydboka Anne of Green Gables, eller Anne fra Bjørkely som den heiter på norsk. Triveleg tidtrøyte på vegen.

Forøvrig blir det nokre økter med gjeterhundtrening i helga. Får berre håpe vi greier å sjå sauene i snøen ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ikke for det, vi har aldri snakket noe videre sammen, -- når man har vært gift et par år, så vet en vel omtrent det en har å si, så da kan en like godt la være å si noe.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

gretemor har alt tatt avgjerda, som eg forøvrig er samd i.
Men eg vil presisere at det ikkje er den engelskpråklege utgåva eg nominerer. Grunnen til at eg nemner engelskspråkleg utgåve er at dersom nokon helst vil kjøpe ny, ubrukt bok så ser dette ut for å vere einaste alternativet. Men det ser ut for å vere rimeleg kurant å finne brukte eksemplar på norsk. Og så har ein alltids biblioteket, då.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For å la det gå inflasjon i nobelprisvinnarar, så foreslår eg Julis folk av Nadine Gordimer (1981). Har ikkje lest noko av ho før, og kan tenke meg å gjere det saman med dykk.

Det ser ut for at den norske utgåva ikkje er i sal i bokhandlane. Men det er lett å få tak i engelske utgåver til ein overkomeleg pris. Og der er pr dato ikkje mindre enn 8 norske eksemplar til sals på antikvariat.net.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hmm, ser ut for at boka er litt i underkant tilgjengeleg. Kanskje er dette noko ein bør legge litt meir vekt på til neste bok ein plukkar ut?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Følgte eg for dårleg med undervegs? Då eg las igjennom notane i appendikset så var det opptil fleire, kanskje nær halvparten, av oppføringane som eg ikkje kunne hugse at det var henvisningar til i teksta. Er det nokon som fekk med seg alle?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for strålande organisering. Det kan ikkje seiast ofte nok. Og så vonar eg at dei private hendingane/forholda ikkje er meir hemmande enn at du framleis kjem til å vere aktiv på bokelskere.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Så må eg føye til at eg trudde Doggerland berre var eit påfunna av Fløgstad. Men der tok eg feil. Dermed må eg spørje meg sjølv; kanskje har han ikkje funne på noko i det heile?skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg kjenner ikkje til så mange bøker som er aktuelle, men eg las Santa Evita av Tomás Eloy Martínez for nær 20 år sidan. Finnest også på norsk. Som tittelen meir enn antyder er det Eva Peron som er temaet for boka, eller kanskje heller liket hennar. Den gongen tykte eg boka var litt merkeleg, nesten surrealsitisk. Kanskje er det fordi den er sannferdig? Eg trur også at eg ville hatt større glede av boka no enn då eg leste den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forsov meg i dag, og kom for seint på jobb. Bortsett frå det har dagen vært fri for uhell, så langt. Eg kan uansett ikkje greie å framkalle nokon kjensle av ulukke på ein fredag, for det er jo helg!

Apropos dagar med uhell: Det er en fin dag med Prima Vera.

På lesefronten så er det lesesirkelbøker denne helga også. Mnem av Simon Stranger og dystopiske Kallocain av Karin Boye. Og som vanleg (og med dette tempoet minst fram til jul) nokre sider i Til.

God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg måtte slå opp kva ei paternoster-heis er. Javisst, ja. Det kan passe med eit lite fadervår når ein skal stige inn i ei slik innretning.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har såvidt starta på boka. Det er jo eit ganske dystert samfunn Boye skisserer. Men konseptet med å få tildelt hushjelp virkar litt tiltalande, dersom ein ser bort frå at vedkomande har rett til, kanskje endåtil plikt til, å lese posten din. Sidan eg får ganske lite post hadde det sikkert fungert greit.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har ein uvane med å undre meg over til dels uvesentlege ting. Nett no sit eg og spekulerer over den tilsynelatande konformiteten som er å finne i bokomslaga til dei 12-13 mest populære bøkene nett no, dvs dei som ligg øverst på oversikta "Bøker som leses nå" nederst på hovudsida. For det meste kvite eller nær kvite bakgrunnsfargar, og mange av motiva har islett av blått.

Då Samvirkelaget ein gang på 80-talet lanserte sin eigen serie med billigprodukt så var det med blå-kvit innpakning. Argumentet den gangen var at dette var dei billigaste fargane, og at fargevalet derfor ville kome forbrukarane til gode. Den gangen så var ikkje bøker til sals i daglegvarebutikkane, det hadde jo vært moro om Samvirkelaget også hadde selt bøker med blå-kvitt omslag, og der det berre stod BOK på framsida.

Men no har eg prata meg vekk. Det eg egentlig lurer på er om dei som designer bokomslaga bevisst legg vinn på å følge populære trendar, eller om det er berre tilfeldigheiter at så mange av omslaga til nye, populære bøker har desse fellestrekka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

He he, ein kollega av meg hadde eit enno betre forslag. Han meinte at hunden er så smart at han snart kan blåse i fløyta for å dirigere meg medan eg spring og hentar sauene.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit lite knippe lesarar er ferdige med boka. Er det slik at fleirtalet nærmar seg slutten, eller alt er ferdige? Sjølv har eg holdt igjen, for å ligge omlag på 4-vekersplanen. Men dersom dei aller fleste har kome mykje lenger så kan jo eg også like godt skru opp farta litt. For det er jo ei bok ein får lyst til å sluke.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Takk, takk, men eg er på ingen måte spesielt flink i så måte. Men det ser ut for at vi har lukkast i å stimulere han såpass at vi har unngått det meste av problemadferd. Det meste, ikkje alt.

Forøvrig skulle eg for inntil eit drøyt år sidan aldri ha hund. Ikkje interessert i det heile, tvert om heller motviljug. Men kona overtalte meg til å bli med og sjå på denne kvalpen, og det skjedde noko magisk då eg løfta han opp første gongen. Heilomvending. Sidan har eg vært i fyr og flamme. Og det trengs, for det er ein utfordrande rase å ha i hus.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

God helg, ja.

Meir gjeterhund-aktivitet denne helga, det ser ut for at eg kan få ein avtale med ein bonde i nærleiken, som også har Border Collie, om å få trene saman med han. Gjeng det i boks, så blir eg heilt på jordet ein god del av helga. Så bør eg nok også finne fram denne boka igjen i kveld.

Ellers er det ikkje noko nytt sidan førre helg, det gjeng sakte men sikkert framover (3-4 sider om dagen) med Til, og ellers så les eg i lesesirkelboka Mnem.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Rim og rytme - det liker eg. Diktet er forsåvidt greit som det er (som om eg er ein diktkjennar, lizm). Men dersom du ynskjer å jobbe meir med det, og du også er opptatt av å få rytmen til å stemme 100%, så er det muligheiter for å stramme inn litt. Er det til dømes mogleg å starte første linja i kvart vers med ei lett staving? "Og mens ...", "Imens" el.l. i staden for berre "Mens"? Då vil rytma henge betre saman med tredje linja.

Så greier eg ikkje å forklare kvifor eg synest det, men eg tykte at "forurenset" og "ekstra penger" var ord og fraser som braut litt med stilen ellers i diktet. Kanskje "en neve gjørmevann" i staden for "litt forurenset vann"? Har ingen forslag til erstatning for "ekstra penger". Kanskje kan heile 2. og 4. linja skrivast om i dette verset, for rytma her bryt med den i dei andre versa.

Ja ja, det var no det eg tenkte. Så er det nok langt frå sikkert at nokon i det heile vil kjenne det på same måten som meg ang. dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I tilfelle nokon frå språkrådet les dette: Eg nominerer herved "hovuddigresjonslinje" som kandidat til årets særaste nyord.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeKirsten LundElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø eggan