Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er heilt samd med deg i første punkt. Men så har eg heller ikkje skrive det du nemner.

Når det gjeld andre punkt; eg ville følt meg snytt for ein del av leseopplevinga dersom eg først etter å ha lest boka fekk vite om denne tydinga av namnet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Pleitegeier" i følge tysk wikipedia. Google translate er ikkje til hjelp, men wikipedia forklarer at ordet er av jiddisk opphav. Eg er ikkje stø nok i tysk til å ta på meg å oversetje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det må vere lov å forklare at "Chapter Eleven" er eit kapittel i den amerikanske konkurslovgjevinga, og at den jevne amerikanar sikkert vil assosiere dette namnet med konkurs, utan at det blir ein spoiler. Tvert om, ved å opplyse om dette vil ein på dette punktet berre likestille norske lesarar med dei amerikanske.

Oversetjaren kunne sikkert ha kalla guten for "Konkursbegjæring" eller noko slikt, men eg likte at han valgte å halde på originalnamnet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då var det litt uflaks at du ikkje fekk tak i den via bokklubben, eg kjøpte den der til ein særs rimeleg penge for eit par år sidan. No ser det dessverre ut for at den ikkje er i handelen der heller.

Eg har søkt litt rundt på "mine vanlege plassar", men utover antikvariat.net, som Monica Carlsen er inne på, så fann eg ingen utgåver til folkelege prisar. Eg fann eit antikvariat i Bergen som sel gamle og dyre utgåver, og mange på antikvariat.net er også grisedyre og sikkert berre interessant for samlarar. Men der er trass alt ei nyare utgåver til 175 kroner, dette er kanskje innanfor?

Pass forøvrig på at du ved bestilling ikkje forvekslar den med Thorheim ig Grepstad sin bok Hamsun i æventyrland, det er sikkert ei flott bok dette også, men ikkje heilt den du er på jakt etter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

De hadde egentlig ingen mål å måle virkeligheten med, derfor var de så uimottagelige for verdens hardhet.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det var ikke noen lett sak å vente på våren i Värmland. Det kan være varmt og solfylt om aftenen, og allikevel ligger marken hvit av sne neste morgen. Stikkelsbærbusker og plener blir nok grønne, men bjerkeskogen står naken og liksom trosser sin vilje gjennom.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Mens han spilte, satt han og skinte og lo, som en som hører et barn pludre og prate. Det var fiolinen som snakket og snakket, han bare lyttet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Selma Lagerlöf skreiv flotte bøker. Dette er den tredje boka av henne eg les eller høyrer, i alle tre er hendingane lagt til Värmlandstraktene der ho sjølv vaks opp. Skal ein døme etter skildringane av folk og natur var ho særs glad i både landsdelen og menneska som bur der.

I denne historia er det den foreldrelause Ingrid og godseigarsonan Gunnar Hede som er hovudpersonar. Gunnar er student, men som Kaare Ørnung sang i si tid: «Jeg vil mye heller spille fiolin». Godset han skal arve gjeng heden, og han endar som omreisande bygdetulling.

Ingrid hadde, saman med bestefaren sin, fylgje med eit omreisande eldre akrobat-ektepar, og ho forelska seg i Gunnar ein dag han som student på impuls spelte fiolin til forestillinga deira. Lagnaden hennar vidare er av det underlege slaget som eg trur berre Lagerlöf kunne ha dikta i hop. Der er enkelte ubeskriveleg flotte scener som spelast ut undervegs i boka.

Glimtvis er dette noko av det beste eg har lest av denne forfattaren. Men berre glimtvis, ein god del av historia var meir på det jevne. Når enkelte deler av handlinga i tillegg blir ørlite for skjematisk etter min smak, så endar eg på eit litt strengt terningkast 4 på denne boka. Likevel vil eg ikkje nøle med å anbefale den til andre lesarar. God bok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

-- Han passer gjerningsmannsprofilen. Han er fraskilt, bor alene, er pillemisbruker og ...
-- På lik linje med halve politistyrken, avbryter Joona.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er et skarpt knivblad som gitrer i det svake lyset, Joona følger kniven med blikket mens han prøver å forutse mannens neste bevegelser.
- Vil du dø? hveser mannen.
- Jeg ser nok langsom ut, sier Joona. Men jeg kommer til å ta kniven og brekke armen din ved albuen ... og hvis du ikke blir liggende stille da, så punkterer jeg din høyre lunge.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Heilt grei krimbok frå Kepler-ekteparet. Likevel kjem den ikkje opp på det same nivået som eg tykte enkelte av dei andre bøkene i serien om Joona Linna har.

Det er ein seriemordar i aksjon. Politiet får tilsendt videoklipp som viser damer i daglegdagse gjeremål, men filma frå eit kikar-perspektiv. Før det er mogleg å avgjere kven som er på filmen, blir damene drept på ein forholdsvis blodig måte. Til slutt er det ikkje råd lenger, spesialagenten Saga Bauer må ut i øydemarka og hente Joona, som alle andre trur har omkome for eit års tid sidan.

Psykiataren Erik Maria Bark frå den første Joona-boka, Hypnotisøren, har ei sentral rolle også i denne boka. Dei fleste av dei andre ingrediensane får dei øvrige bøkene er også til stades. Men denne gangen får eg kjensla av at det har vært litt slurv og hastverksarbeid i arbeidet med boka. Kanskje er det dei mange skrivefeila som gjev meg denne kjensla? Det er i såfall truleg i størst grad oversetjaren sitt ansvar. Ser ein bort frå dette så er det likevel litt som manglar for at eg kan dele ut eit av dei to høgste terningkasta til boka.

På plussida så må eg få framheve at det gjekk uvanleg lang tid før eg forstod kven mordaren er. Grepet med ein høggravid politietterforskar gav meg også litt «Fargo»-kjensle. Og eg er på ingen måte lei av Joona & co. Måtte det kome mange fleire bøker om denne finnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette skodespelet, ei komedie, som kanskje er George Bernard Shaw sitt mest kjende, handlar om den fattige blomeselgaren Eliza Doolittle og korleis ho blir gjenstand for eit veddemål mellom to distingverte språkforskarar, Henry Higgins og oberst Pickering, om korvidt det kunne vere mogleg å gjere henne om frå fattigjente til kultivert dame i løpet av nokre få månadar. Eliza sin motivasjon for å bli med på eksperimentet er at ho ynskjer å arbeide i blomsterbutikk heller enn å selge blomar på gata, og derfor må ho lære betre språk og manerar.

Dette plottet åpnar sjølvsagt for morosame situasjonar. Eliza er ei skarp og lærenem jente, og utan å røpe for mykje så lærer ho ikkje berre språk og manerar, men gjev også herrane Higgins og Pickering ein og annan leksjon. Faren til Eliza, Alfred Doolittle, har ei lita rolle i stykket, og er kanskje den personen som eg mora meg mest over.

Tittelen på skodespelet viser til ei gresk mytologisk forteljing om skulptøren Pygmalion som blir forelska i ei elfenbeinsstatue han lagar. Dette viser sjølvsagt til at språkforskaren Higgins formar Eliza, og deretter blir forelska i henne. Skodespelet er forøvrig blitt til både musikal og film med tittelen «My Fair Lady».

Eg høyrde denne som lydbok frå Loyalbooks. Heilt grei kvalitet på opplesinga. Det var ulike personar som las dei ulike rollefigurane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg blei ferdig med Ragnhild i natt, og er no inne i Siste leveåre. Neidå, eg refererer ikkje til min eigen livvsituasjon med damedrama og dystre framtidsutsikter, her er alt på stell både med kjærleiken og helsa. Derimot er det dei to siste binda av Olav Duun sin Ragnhild-trilogi det handlar om.

Så har eg såvidt starta på lesesirkelboka Middlesex, men det er travle tider for tida, både på jobb og privat, så hittil har det blitt berre eit par små økter. Kanskje kjem eg eit stykke vidare i helga? Heldigvis er det lagt opp til ei romsleg leseperiode.

God helg!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Har lest (vel, eigentlg høyrt) Jernvognen for ikkje så lenge sidan, og kan anbefale den. "... nesten kan kallast ein grøssar" er ei ganske grei oppsummering. Men "skrekkfilm på papir" er den nok ikkje.

Kanskje kan følgende utdrag frå bokomtala mi vere relevant for vurderinga di av boka?

"Den kanskje største uvissa dreier seg om kva for grad av realisme som til sjuande og sist vil ligge til grunn. Er det overnaturlege krefter i sving? Dreier det seg om hypnose eller psykologiske fenomen? Er det element av science fiction anno 1909 med i biletet? Denne uvissa gjer at forteljinga etter kvart blir særs fengslande."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lest berre dei to første av desse, samt dei 3 øvrige Bjørn Beltø-bøkene. Likte dei veldig godt. Skal eg rangere dei, likte eg Paktens voktere best, og Lucifers evangelium dårlegast. Eg les gjerne fleire bøker av Egeland.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og no ser eg at prisen er satt opp igjen til 378 kroner pr bok. Vi får klappe oss på skuldra og gratulere oss med ein godt tima handel.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur ikkje eg har hatt problem med å få med alt (er det eit veldig langt sitat du skal legge inn?), men eg har av og til uforvarande sletta delar av det eg har skrive, eller alt, i det eg skal lagre det.

For å unngå dette så skriv eg alltid, så sant eg skal skrive litt meir enn eit par setningar, i word først (der er det nemlig angreknapp ... ein knapp ein av og til kan ynskje seg i det verkelege livet også) og så kopierer eg derifrå og limer inn i redigeringsfeltet på bokelskere. Fungerer kjempefint.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

L i k e g r e i t å i n n f ø r e n y r e t t s k r i v i n g s n o r m? O r d d e l i n g t i l b o k s t a v n i v å.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Knallbra åpning. Det gjeng ganske raskt å tenke ut kva tittelen på boka viser til.

Så er det alt etter berre 2-3 sider masse ting eg lurer på. Fram med wikipedia!

Men no må eg slutte å grave, ellers kjem eg meg aldri vidare.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Karin  JensenJulie StensethKirsten LundMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumHarald KBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland Skjeggerud