Bokklubben har romjulssal, sjølv om det berre er veslejulafta enno. Sidan eg har brukt så mykje pengar dei siste dagane måtte eg spare litt ved å handle meir .... Her er resultatet:

Menneskets natur, Jørgen Brekke (49,-)
Helt all right, Odd Børretzen (49,-)
Og været skiftet og det ble sommer og så videre, Pedro Carmona-Alvarez (39,-)
Hjortedreper, James Fenimore Cooper (69,-)
Den siste mohikaner, James Fenimore Cooper (69,-)
Olavs draumar, Jon Fosse (99,-)
Landstrykerliv, Jack London (49,-)
Jomfruen fra Norge, Tore Skeie (49,-)

Ikkje verst.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Variasjon. Prøver å variere på både sjanger, geografi og alder til bøkene eg les. Derfor ser eg mykje på kva som vil vere ulikt frå dei siste bøkene eg har lest når eg skal velge ny bok.

Eg lukkast nok berre delvis sidan over halvparten av det eg les er romanar, og nær halvparten av bøkene er av norske forfattarar. Men eg er likevel rimeleg nøgd med spennvidda i lektyra i løpet av eit år.

Har ingen emne som eg vil seie at eg avskyr, men sjølvhjelpsbøker og bøker med new-age-bodskap kjem langt ned på lista over tema som interesserer meg. Men er bøkene velskrivne nok så kan eg sikkert lese dette også.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Meir wikipedia. Eg lurte fælt på kva eit "McIntosh" var. Side 101:

... da hun fikk se et McIntosh fra Kroger's på forstadskjøkkenet vårt, holdt hun det opp til spott og spe og sa: "Sånt som dette er ingenting. Sånt fôret vi geitene med."

Det er altså ein eplesort. Og det gjev meining for den som hugsar på att i data-verda, orsak, det tidsrette er nok EDB-verda, så heitte datamaskinene frå det vi no kjenner som Apple, McIntosh.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jul? Det må det då vel vere lenge til enno, eller? Ja ja, ein får vel ta ein tur på handel snart, då. Men før den tid skal eg slappe godt av i helga og lese Ragnar Thorseth sin bok om verdsomseilinga til Saga Siglar. Ved siden av så kjem eg til å lese i lesesirkelboka Middlesex, eg ligg framleis langt etter ein "lineær" leseplan.

Så har eg god von om at det blir gjetarhundtrening båre laurdag og søndag denne helga. På bilturane til og frå blir eg å høyre på lydboka The Colors of Space av Marion Zimmer Bradley.

God helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Starten av andre bok

Sentrum av Detroit, frå Google maps. Cal minnest at han som barn var i toppen av hotellet The Pontchartrain (som no heiter Crowne Plaza Detroit Downtown Convention Center) og såg utover gatene som var utforma som eit hjul med eiker. Ein må tru at andelen av høghus mellom hotellet og den aktuelle bydelen var ein god del lavare på denne tida dersom han skulle greie å sjå dette.skriv bildebeskrivelse her

Bydelen til høgre på biletet heiter forøvrig Greektown.

Pontchartrain frå boka blei bygd i 1965, og er litt høgare enn SAS-hotellet i Oslo (eller Radisson Blu Scandinavia Hotel Oslo, for å vere presis).

skriv bildebeskrivelse her

Men dette hotellet er oppattkalla etter eit mykje eldre hotell som ruva i bybiletet nokre få kvartal unna i tidsromet mellom 1907 og 1920. Hotellet blei då rive for å gi plass til kontorbygningar. Ganske utruleg å tenke på.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den er kjempebra. Las den ganske nyleg, har den ferskt nok i minnet til å bli med på diskusjonar utan å lese den om att, dersom det skulle bli aktuelt med ei samlesing av denne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg likte spesielt godt framhaldet av dette avsnittet;

Store oppdagelser, om de er av silke eller av tyngdekraft, kommer alltid dettende ned i hodet på en som overmoden nedfallsfrukt. De gjøres av folk som driver dank under trær

Dette argumentet skal et nytte for alt det er verdt neste sommar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Inmodest vs modest proposal; eg las som snarast gjennom teksta til Swift. Hadde vanskar med å sjå nokon koplingar bortsett frå tittelen. Var tittelen ein tilsikta referanse frå Eugenides sin side, skal tru? Meinte han i såfall noko meir med det?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bokelskaren Helene er inne i eit prosjekt der ho satsar på å lese ei bok frå kvart einaste land i verda. Kanskje finn du nokre gode boktips på bloggen hennar, Verdensleseren?

Håper forøvrig du får ein fin tur. Det blir heilt sikkert ei oppleving for livet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skal på julebord om eit par timar, det brukar å vere heftige greier, så morgondagen kan eg nok avskrive både med tanke på lesing og andre aktivitetar.

Eg reiknar likevel med å bli ferdig med Siste leveåre før helga er omme. Boka av Olav Duun, altså. Lesesirkeboka Middlesex må eg også kome meg vidare i, eg er nok mellom dei som ligg lengst etter i denne felleslesinga. Litt bilkøyring blir det også, på søndag. Då held eg fram med lydboka som eg starta på no i veka, sci-fi-historia The colors of space av Marion Zimmer Bradley.

Men nett no må eg i gang med å stryke dresskjorta og stusse barten. God helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Denne, kanskje?

PS: Dersom ein vil lage klikkbare lenker er det berre å setje inn teiknet < rett før, og teiknet > rett etter (utan mellomrom, altså) lenka som skal klikkast på. Då blir resultatet slik:
http://www.pd.no/porsgrunn/bjorg-vik-noveller-konfiskert-i-sor-afrika/s/5-40-73096

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Måtte nett søke litt på nettet no, eg. Mjølkeeika kallar dei den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Køyrde forresten forbi der for eit par-tre veker sidan. Mange fine stadar ja, Fosse var ein av dei. Men det som imponerte meg mest var eika som stod midt i vegen litt nord for Tørvikbygd. Kanskje Jon skulle skrive ein fabel om denne?skriv bildebeskrivelse her
bilete frå Google maps

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ha ha, no lo eg høgt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det kan jo hende at grunnen til at du ikkje let ei slik liste styre leseplanen din ligg nettopp i tittelen til boka du har starta på no.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var ein artig artikkel. Multitalentet Jo Nesbø er nominert til Grammy saman med Patti Smith, men ikkje heilt på den måten han kunne ha venta som musikar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Talet er 43. Og eg kan love her og no at eg ikkje kjem til å gjere det minste forsøk på å lese alle i denne lista. Men det er likevel moro å sjekke opp mot slike lister innimellom.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Apropos sangar, her er Ain't we got fun som Lefty syng på på side 29-30.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

He he ... kva det no måtte bety så ser det ikkje ut for å vere eit heidersnamn på tysk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

IngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumHarald KBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaske