Mi kom også i posten i dag. Tek den med på jobbreise i morgon, håper å kome eit stykke på veg.
Minnet er poet, ikkje arkivar eller historikar.
Først talte ein foredragshaldar med ein uforståeleg akademisk dialekt. Han heldt på i ein stiv time, men sa ikkje kva han snakka om.
Det er fritt for alle å delta i diskusjonane, noko anna skulle etter mitt syn berre mangle sidan ein diskuterer i eit ope forum med over 30 000 medlemmer (sjølv om det så vidt eg kan forstå er berre nokre få hundre som nyttar diskusjonsforumet aktivt).
Eg har ikkje oppfatta at ikkje-medlemmer har nominert og stemt tidlegare, men eg trur også at nettopp førehandsregistrering av kven som ynskjer å bli med har bidratt til at dei som nominerer og stemmer også er dei som har interesse av å bli med på felleslesing av boka som blir valt.
Høyrest eg mistrusik ut no? Eg trur vel egentleg ikkje det er så mange, kanskje ingen, som vil finne på å nominere og stemme berre for tøys og tull. Men det kunne jo t.d. skje at nokon som ikkje er innom sidene så ofte ramlar innom ein avstemmingstråd, og oppfattar det berre som ei avstemming om kva for ei bok ein likar best utan å få med seg at det er avstemming for ei felleslesing.
Håper du blir med i diskusjonen om Buddenbrooks, og at du også blir med i nominering og avstemming av neste bok.
Og her er enno meir. Ei liste frå Goodreads.
Åja, då misforsto eg. Beklager.
Men det er jo likt med pkt 3 på lista.
Det kan vere greit å ta med i betraktninga at det både kan vere ei bok som har blitt til eit "TV-show", eller omvendt, at boka kan vere basert på eit "TV-show". Med "TV-show" forsår eg ikkje berre dramaseriar for TV, men også andre underhaldningsprogram som gjeng i serie.
Derfor kan sikkert t.d. Q&A (boka som blei til filmen "Slumdog Millionaire") telje, sidan tv-showet "Vil du bli millionær" er basisen for plottet.
Nydeleg haustver på desse kantar. Avhengig av preferansar, sjølvsagt, men eg likar sol og skyfri himmel, og det har vi no. Det ligg an til å bli ein del utetid med hunden i helga.
Likevel skal eg vel få tid til å lese ein del. Eg må prøve å få unna det grøvste av Nordaustpassasjen av Kjartan Fløgstad, for på mandag ventar lesesirkelboka Buddenbrooks av Thomas Mann.
I tillegg har eg ei meining om å bli med og lese Silo av Hugh Howey i den dystopiske lesesirkelen. Eg håpte boka skulle kome i posten i dag. Kanskje i morgon?
Med så mange bøker på gang så må eg nok legge bort José de Alencar sin Til nokre veker. Får heller ta den igjen seinare.
God helg!
Jaudå, eg blei varsla. God sørvis frå antikvariatet.
Og i dag kom boka i posten. Det eksemplaret eg bestilte var dessverre alt selt, men eg fekk eit helit greit alternativ i staden for (klassiker-serien til bokklubben, med mørklilla omslag og snirklete skrift, ikkje verdensbibliotekutgåva som eg helst ville ha). Billigare vart det også, så det er bra.
Men han forklarer det i det minste med eigne ord på side 68:
"Å skriva for kritikken er ein dårleg forretningsidé. Kritikarane får jo bøkene gratis. Å skriva for bokkjøparane er ein dårleg kunstnarleg idé. Då blir du leverandør av handelsvarer. Det einaste aktverdige er og blir å skriva for seg sjøl, for å skriva seg sjølv fri. Og håpa at nokon vil følga med."
Det er hipp som happ for meg om det blir ein eller to trådar. Det fungerte jo greit med berre ein tråd på Sin egen herre, som er omlag like lang.
570 sider på 28 dagar, det blir ca 20 sider pr dag. Overkomeleg for dei fleste, vil eg tru. Sjølv skal eg prøve å henge med på ei nesten like lang bok i den dystopiske lesesirkelen omlag samstundes, ein får håpe på mykje regn og innever i vekene som kjem ....
Hmmm ... er jevnleg i Trondheim med jobben, men neste tur er lagt til veka etterpå. Dårleg planlegging.
Samtlige har eg ikkje ambisjonar, og heller ikkje ynskje, om. Såvidt eg kan vurdere ut frå wikipedia-lista er der minst 20-30 vinnarar som eg ikkje tykkjer ser vidare spanande ut. Men eg kan ta feil, sjølvsagt.
Likevel prøver eg kvart år å få med meg eit par prisvinnarar eg ikkje har lest noko av før, rett og slett ut ifrå ei (litt naiv, kanskje) forventning om at Nobelprisvinnarar skriv gode og leseverdige bøker. Frå mi eiga oversikt ser eg at talet no er 15 dersom ein reiknar dei er har lest ferdig ei bok av, og 17 dersom ein tel dei eg i det heile har lest noko av (er halvvegs i Quo Vadis av Henryk Sienkiewicz nett no, og vi tvangslas Kransen av Sigrid Undset på vidaregåande, ei oppgåve eg aldri fullførte).
Og for å prøve å pense inn att på temaet for tråden; eg har tidlegare lest Døden i Venedig av Thomas Mann. Kort og heilt grei bok, men eg sleit litt i eit parti i starten. Men eg registrerer at andre har fått mykje større opplevingar ut av denne.
Blir med her også, eg. Håper eg klarer å henge med på to lesesirkelbøker samstundes. Bestilte boka i kveld, så det gjeng nok nokre dagar før den kjem.
Med fare for å gjenta meg sjølv i overkant ofte:
Mykje av dette ekstraarbeidet kunne vært unngått dersom nettstadsutviklaren kunne legge inn nokre enkle (trur eg ...) funksjonar som er tilpassa lesesirklar. Meir om dette her.
Det blei også nyleg gjort forsøk på dra i gang ein dystopisk lesesirkel, eg er uviss på korleis dette gjeng, men eg trur at ein med litt tilrettelegging fort vil sjå eit helit knippe lesesirklar med ulik tematikk her på bokelskere.
Eg såg også føre meg at Huckleberry Finn kom til å vinne, og hadde langt på veg førebudd meg på IKKJE å delta i denne runda. Har ingenting imot boka, men eg har alt lest den og eg er litt sær på det med å lese oppatt bøker.
No håpar eg at Buddenbrooks lever opp til forventningane, dette var min favoritt mellom dei som var med i omkampen.
Eg bestilte også verdensbibliotekutgåva, frå Eikens Antikvariat i Bergen via antikvariat.net. Såg at der var fleire ulike utgåver tilgjengeleg frå mange antikvariat. Kvar fekk du bestilt din?
Vidare ser eg at både Bokbyen ved Skagerak og Bokbua har den tilgjengeleg, men under tittelen "Huset Buddenbrook". Den frå Bokbyen v S. ser ut for å vere ganske gamal, eg var på nippet til å bestille denne, hadde vært moro å ha i bokhylla.
Ein gang i ei uspesifisert framtid, ikkje så skrekkeleg mange tiår frå no, er det satt i gang eit romprogram, Ares-programmet, med bemanna ekspedisjonar til Mars. Den tredje av desse ekspidisjonane må avbrytast ganske tidleg etter landing og etablering av base grunna ein frykteleg storm. Ein av astronautane, Mark Watney, blir tatt av stormen. Dei andre fem astronautane har all grunn til å tru at han har omkome, og må forlate planeten for å berge seg sjølve. Men Watney overlever. Problemet er at han har berre mat nok til å overleve i rundt 10 månadar, medan det vil ta årevis for neste ekspedisjon å nå fram til Mars. Det vil seie, dette er berre eit av mange problem.
Dette kunne fort ha vært oppskrifta på ei dårleg bok. Men den er ikkje dårleg i det heile, tvert imot. Forfattaren Andy Weir virkar å ha satt seg godt inn i alle detaljar omkring romfart, og legg fram hendingane på ein overtydande måte. Der er mykje teknologi og naturvitskap i skildringane, men det er forklart på ein måte som bør gjere det overkomeleg å forstå sjølv for lesarar utan særleg interesse for slike tema. Og for ein halv-nerd som meg sjølv er det vanvittig morosamt.
Rett nok er det ikkje alle skildringane som involverer t.d. kjemi og termodynamikk som heng saman, eg gjeng ut frå at det i enkelte tilfelle er gjort for å gjere det lettare for lesaren, i andre tilfelle for å kunne la helten leve vidare. Men dette ser eg stort på. Hovudgrunnen til at eg ikkje trillar ein 6’ar på denne boka er språket. Ikkje først og fremst den litterære kvaliteten, eg er ikkje «feinschmecker» nok til å setje fingeren på noko her, men rett og slett måten Watney ordlegg seg på. Han høyrest ofte meir ut som ein college-student enn som ein astronaut. Ikkje det at eg har snakka med så mange astronautar, men eg ville ha venta ein litt annen tone i loggføringa av hendingar.
Likevel, ein kan ikkje anna en å applaudere Weir for å ha skapt ei fantastisk spanande bok, med ei handling som er tufta på tilforlateleg naturvitskap heller enn på vidløftig fantasi. Bravo!