Ein gang i ei uspesifisert framtid, ikkje så skrekkeleg mange tiår frå no, er det satt i gang eit romprogram, Ares-programmet, med bemanna ekspedisjonar til Mars. Den tredje av desse ekspidisjonane må avbrytast ganske tidleg etter landing og etablering av base grunna ein frykteleg storm. Ein av astronautane, Mark Watney, blir tatt av stormen. Dei andre fem astronautane har all grunn til å tru at han har omkome, og må forlate planeten for å berge seg sjølve. Men Watney overlever. Problemet er at han har berre mat nok til å overleve i rundt 10 månadar, medan det vil ta årevis for neste ekspedisjon å nå fram til Mars. Det vil seie, dette er berre eit av mange problem.

Dette kunne fort ha vært oppskrifta på ei dårleg bok. Men den er ikkje dårleg i det heile, tvert imot. Forfattaren Andy Weir virkar å ha satt seg godt inn i alle detaljar omkring romfart, og legg fram hendingane på ein overtydande måte. Der er mykje teknologi og naturvitskap i skildringane, men det er forklart på ein måte som bør gjere det overkomeleg å forstå sjølv for lesarar utan særleg interesse for slike tema. Og for ein halv-nerd som meg sjølv er det vanvittig morosamt.

Rett nok er det ikkje alle skildringane som involverer t.d. kjemi og termodynamikk som heng saman, eg gjeng ut frå at det i enkelte tilfelle er gjort for å gjere det lettare for lesaren, i andre tilfelle for å kunne la helten leve vidare. Men dette ser eg stort på. Hovudgrunnen til at eg ikkje trillar ein 6’ar på denne boka er språket. Ikkje først og fremst den litterære kvaliteten, eg er ikkje «feinschmecker» nok til å setje fingeren på noko her, men rett og slett måten Watney ordlegg seg på. Han høyrest ofte meir ut som ein college-student enn som ein astronaut. Ikkje det at eg har snakka med så mange astronautar, men eg ville ha venta ein litt annen tone i loggføringa av hendingar.

Likevel, ein kan ikkje anna en å applaudere Weir for å ha skapt ei fantastisk spanande bok, med ei handling som er tufta på tilforlateleg naturvitskap heller enn på vidløftig fantasi. Bravo!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg tolka måten Watney ordlegg seg på som eit bilde på den mentale tilstanden hans. Han blir unekteleg litt småsprø av å vera isolert på den måten so lenge, samtidig som at han bruker dei verkemidla han har til å prøve å halde humøret og moralen oppe so godt han kan. Eg kan kjenne meg att i dei rare samtalane ein kan finne på å ha med seg sjølv av og til :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Nora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken Røil