Det er nesten flautt å seie det, sogning som eg er; men eg har ikkje lese noko av Brekke - enno. Det bør eg gjera noko med!
Fokuset er meir retta mot Tippeligastarten her i huset..!
Men noko lesing vert det nok tid til; Europa Blues av Arne Dahl som papirbok og Kronprinsen av Alexandra Beverfjord som lydbok.
Jøss. Kor gammal er du? 14?
Du kan ikkje vera særleg moden når du gjev uttrykk for slike haldningar.
Eg skal på skitur og tek med meg lydbokversjonen av Marco-effekten av Jussi Adler-Olsen som selskap. På hytta ligg òg ei pocketbok som skal lesast ferdig; Skam av Karin Alvtegen.
Enig. Jakthundene er ei heilt grei krimbok, og Horst er ein flink forfattar. Kanskje det er det som gjer at eg ikkje kan gje toppkarakter; at både Horst og Wisting er forflinke..?
Eg vil gjerne ha noko ekstra i ei krimbok, ei overrasking, ein liten twist, ein tankevekkar. Her manglar dette. Eg landar på terningkast 4.
Hovudpersonen Stingo kunne vore ein ukjend fetter av Harry Hole. Når me møter Stein Inge Olsen, altså Stingo, i starten av boka, er han i ein elendig forfatning. Han har flytta til Filippinene etter at både ekteskap og politikarriere har havarert.
Dette er ei actionfylt forteljing med snert i. Tempoet er høgt heile vegen, og det fører til at boka vert både lettlest og fortlest. Miljøet er uvant, interessant og eksotisk. Sørensen flettar inn skildringar av det filippinske samfunnet som virkar autentiske. Det handlar om korrupte politikarar og politifolk, kinesisk mafia, agentar og dobbeltagentar, fattigdom og narkotikahandel, slum og jungel.
Magellans kors er ei underhaldande, spennande og samfunnskritisk bok, men eg tykkjer det er for mange personar, bipersonar og framande stadnamn å halda styr på. Stingo er ein anti-helt som likevel er sjarmerande og sympatisk. Han er modig og smart som MacGyver og heldig og ironisk som James Bond. Og like alkoholisert og velmeinande som "fetter" Harry Hole.
Språket i boka er barskt og kler hovudpersonen. Sjølv om handlinga ikkje er særleg truverdig (ein norsk suicidal ekspolitimann i kamp mot eit heilt korrupt samfunn..!?!) er det mykje realisme og aktuell tematikk i boka. Og - må ei bok vera truverdig for å vera god? Eg meiner nei.
Plottet er innfløkt og overraskande, men forfattaren samlar dei fleste lause trådane saman til slutt.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.
TV-sport, lesing og lytting heile helga, ei fin helg med andre ord. Les Svart frost av Asbjørn Jaklin og lyttar til Duc Mai The som les 1Q84 bok 1 av Haruki Marukami.
Eg er i Tokyo i 1984. Trur eg.
1Q84 bok 1 - Haruki Murakami
Veldig veldig enig.
Eg er både enig og ikkje enig.
For det fyrste er det stadig nye folk på denne nettstaden, og nybyrjarar har vanskeleg for å sjå skilnaden på omtalar og diskusjonar. Det er vanskeleg nok for oss som er bra røynde, - og det er ei utfordring for utviklarane av bokelskere.no. Går det an å gjere ting klarare og enklare for folk? Ikkje alle brukarane/lesarane er aktive i diskusjonstrådane, kva tykkjer dei om dette "rotet", tru? Er det så viktig med dette skiljet?
Når det gjeld reklamering og lenkjing til eigen bokblogg, må dette vera akseptabelt. Eg har funne fleire fine bokbloggar her. Dei som ikkje bryr seg om bokbloggar, får la vere å klikke på lenkene.
Eg pleier å skrive ganske fyldige omtalar på bloggen min - og ofte ein kortare versjon som eg publiserer her på bokelskere.no - og med lenke til bloggen.
Det kjem eg til å halda fram med.
Blunkesmilefjes.
Det var med stor forventning eg lasta ned lydfila med den nye og avsluttande boka i Barbarotti-serien. Ein forventar alltid ei stor leseoppleving når ein startar på ei ny Håkan Nesser-bok. Nesser skriv betre enn dei fleste, han skildrar både folk og kjensler på ein spesielt innlevande og truverdig måte.
Dei fyrste sidene i Håkan Nessers nye kriminalroman De sørgende skildrar den morgonen då alt vert endra for politiinspektør Gunnar Barbarotti. Han vaknar attmed si kjære Marianne, som ligg der - kald, stille og død. Barbarotti vert slått ut av sorg. Samstundes har han ansvaret for dei fem borna deira, - og han veit at livet trass alt må gå vidare. Den djupe sorga og sorgarbeidet går som ein raud tråd gjennom boka. Handlinga er meir filosofisk og melankolsk enn dei føregåande bøkene i serien.
Når Barbarotti vender tilbake til arbeidet sitt, vert han tildelt ei gammal sak, ei cold case. Barbarotti ser på saka meir som arbeidsutprøving enn skikkeleg politiarbeid, men saka viser seg å vera utfordrande - og samstundes opplever han at han er på rett veg m.o.t. den personlege sorga han lever med.
I likskap med den forrige boka i serien, De ensomme, er De sørgende ei lågmælt krimbok. Språket er sirlig, med ein del gamaldagse ord og uttrykk, - eg reknar med at dette ikkje er oversetjaren sitt språk, men forfattaren sitt. Boka er elles lettlest og skriven i eit "godmodig" tonefall og den milde ironien og humoren er (som alltid i Nessers bøker) til stades. Personane i boka er livfulle og truverdige. Det gjeld alle, også bipersonane. Samtalane mellom dei ulike karakterane kjennest difor òg ekte.
I vid forstand handlar boka om rett og feil, moral og umoral, men fyrst og fremst er De sørgende ei fantastisk bra bok om sorg. Om korleis leva vidare i sorg og med sorg. Om korleis leva vidare gjennom sorga og trass i sorga. Det er òg ei gripande bok om venskap og kjærleik.
Ivar Nergaard som opplesar av boka vart prikken over i-en som gjorde dette til ei glitrande leseoppleving. Herrane Nesser, Barbarotti og Nergaard er ein uslåeleg kombinasjon.
Les heile omtalen på bloggen min
Eg har nettopp lasta ned lydfila De sørgende av Håkan Nesser. Helga skal m.a. nyttast til å lytta til denne siste boka i Barbarotti-kvintetten. Det ser eg fram til!
Du lurer kanskje på
hva det er
som ligger og vrir seg på arket?
Disse små svarte krypene?
Du lurer kanskje på
hva som kryper og kravler
over papiret?
Det er ikke maur,
ikke edderkopper,
ikke lopper eller lus eller
tusenbein.
Det er bokstavene du ser, det er ordene som velter seg
sidelengs langs linjene.
De er på vei til deg,
kryper inn gjennom øynene dine,
gjennom ørene dine,
inn i tankene dine,
inn i følelsene dine
og sier hei.
Det er nesten umulig å stå imot
et stille og vennlig ord
slik som venn.
Hei, lille venn, sier diktet
og kryper inn i hjertet ditt
med pusten sin.
- Gro Dahle
Is it getting better?
Or do you feel the same?
Will it make it easier on you now?
You got someone to blame
You say
One love
One life
When it's one need
In the night
One love
We get to share it
Leaves you baby if you
Don't care for it
Did I disappoint you?
Or leave a bad taste in your mouth?
You act like you never had love
And you want me to go without
Well it's
Too late
Tonight
To drag the past out into the light
We're one, but we're not the same
We get to
Carry each other
Carry each other
One
Have you come here for forgiveness?
Have you come to raise the dead?
Have you come here to play Jesus?
To the lepers in your head
Did I ask too much?
More than a lot.
You gave me nothing,
Now it's all I got
We're one
But we're not the same
Well we
Hurt each other
Then we do it again
You say
Love is a temple
Love a higher law
Love is a temple
Love the higher law
You ask me to enter
But then you make me crawl
And I can't be holding on
To what you got
When all you got is hurt
One love
One blood
One life
You got to do what you should
One life
With each other
Sisters
Brothers
One life
But we're not the same
We get to
Carry each other
Carry each other
One
One
- U2
Hands up. Pengene eller livet
Du stod, og måtte telle til hundre
Og du såg mellom fingrane dine
Eg låg og lurte en time i sivet
Om kvelden var du oppe på loftet og sang
Månen var full og me ulte på han
Nettene var korte og dagen var for lang
Det var magiske timer me hadde sammen den gong
Og du heiste meg til skyene, og enda lenger opp
Eg var din akrobat, og eg dalte alltid rett inn i armane dine
Me måtte vært sommerfugler om me sko ha følt oss friare
Eg far stod og smilte, og vinkte, ner på bakken og såg
Men det var den gong då
Me har det ikkje sånn lenger nå
Me deler på en hemmelighet
Drømmane dine som me grov ner
De vokser opp av bakken når det regner ner
Eg ser det på deg frå mi seng
Drømmer som vokser som ei blomstereng
Og en heilt spesiell og vakker dag
Springer eg over gjerdene alt eg har
Eg kommer til å plukke dine drømmar til bakken er bar
Du heiste meg lenger, og lenger, og lenger og enda lenger opp
Eg var din akrobat, og eg dalte alltid rett inn i armane dine
Me måtte vært sommerfugler om me sko ha følt oss friare
Og far stod og smilte, og vinkte, ner på bakken og såg
Men det var den gong då
Me har det ikkje sånn lenger nå
Eg vil ha det sånn eg hadde det
Du gjorde det umulige
Du ga oss følelsen at alt kunne skje
Det var kaniner i hatten
Eg venta på elefanten
Du drog på kaniner opp av hatten
Eg stod å venta på elefanten
- Kaizers Orchestra
Artig funksjon! Ser at både Alf Prøysen - Teskjekjerringa på nye eventyr, Anne-Cath. Vestly - En liten takk fra Anton, Kjell Aukrust - Bror min og Agatha Christie - 4.50 from Paddington er mellom dei mest populære det året eg vart fødd. Velkjende alle saman.
To krimbøker står på menyen. Ei frå 2012 og ei frå 1941. Jan Mehlum - En god sak som papirbok og Agatha Christie - Solen var vitne som lydbok.
"Er det mulig å begå en forbrytelse i dag og mangle teknologisk kompetanse?" spurte den teknologisk anlagte Chavez.
"Kjøttkniver og peniser er fortsatt populære redskaper," sa den mindre teknologisk anlagte Kerstin Holm. "Spesielt de sistnevnte har i mange årtusener fungert utmerket som redskaper til forbrytelser."
Då eg var lita, gjekk det mykje i barnebøkene til Anne-Cath. Vestly, Astrid Lindgren, Torbjørn Egner og Alf Prøysen. Heidi av Johanna Spyri hugsar eg at eg las eg mange gonger. Det same var tilfelle med Onkel Toms hytte. Då eg vart litt eldre, likte eg godt serien om Ina av Annik Saxegaard. Dessutan vart det ein del seriespenning frå Stratemeyer-syndikatet; dvs. Bobseybarna, Frøken Detektiv og Hardyguttene.
Eg likar godt denne fredagsspalten din! Det er interessant å sjå kva bøker andre les akkurat no.
Eg held på med bok nummer 3 i Arne Dahl sin glimrande serie om A-gruppen; Blind jakt. Deretter har eg tenkt å roa ned lesetempoet litt med Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede av Jan Wiese.