Fortsettelse av forrige liste som ble full ...
Juli
August
Hadde det ikkje vore for den talentfulle oppleseren (Hedda Munthe) hadde eg lagt denne boka bort relativt kjapt trur eg. Men ... ho er dyktig til å lese og stemma er høgst behageleg. Likevel gav eg opp omtrent 60% gjennom boka, og mtp kor mykje eg nettopp skrøyt av oppleseren så seier jo det ein del.
Synd dette ... har lese ein del av Sarah Jio, og likte den første eg las. Etter det syntes eg berre det har gått nedover. Synd, for eg håpte og trudde at eg kanskje endeleg hadde funnet meg ein "feel-good"-forfattar med mange bøker eg kunne dykke ned i. Men nei ...
Ho verker til å skrive etter følgende oppskrift denne godeste Jio:
1) Hovudperson nr 1 i no tid opplever noko vannskeleg som dødsfall, sjukdom, samlivbrudd, arbeidsløyse o.l
2) Hovudperson nr 1 drar vekk eller flytter for å få seg ein ny start eller pause frå dette vanskelege livet
3) På denne nye staden treffer hovudperson 1 på hovudperson nr 2 - enten via eit direkte møte eller indirekte via ei gamal dagbok, ei kiste med gamle objekter osv...
4) Hovudperson nr 1 bler fenga og interessert i historia til person 2 og graver etter heile historia
5) Så veklser boka mellom fortellingene til person 1 (i notid) og person 2 (i fortid) og etterkvart som historia blir røska opp bit for bit:
5) blir Person 1 (gjennom historia til person 2) påverka til å gjere nokre endringar i sitt eige liv...
6) Og som regel ender det med at det går ganske bra ....
Avbraut etter omlag hundre sider. Hysteriske karakterar, overdramatisk, frykteleg språk... fysj!!!
Avbrøt halvvegs gjennom. Slitsam bok med unødig mange gjentakinger og overforklarande språk. Boka hadde potensiale då eg likte plottet og utgangspunktet, men nei...språket ødela, og det same gjorde skrivestilen, her får ein alt inn med teskje
Las halvveg og la boka bort. Forsøkte fleire gonger å fortsette men nei... Eg klarer faktisk ikkje bry meg om korleis dette går. Eg klarar ikkje legge vekk kjensla av at denne boka har samla i hop ein rekke ulike element frå diverse kjente krimbøker og resultatet er ikkje akkurat noko originalt og nytt. Då karakterane også er som kopiert ut av andre bøker og språket heller ikkje begiestrer var det i grunn ikkje noko igjen som fenga meg.
Avbroten
Tankevekkande og rik på kjensler. Og ei rekke tema tas opp - dødsstraff, organdonasjon, religion, frelse og tilgivning, liv, død, frihet... I denne boka følger vi ein rekke menneske som på ulikt vis blir involvert i ein sak kor ein dødsdøymd mann ønsker å donere hjartet sitt. Men, om han får den daudelege injeksjonssprøyta kan ikkje hjartet brukast. Vi følger ein av fangane i same fengsel, ein prest, ei advokat, samt ei mor (som er enke, mannen og den eldste dottera blei skoten av den samme mannen som no ønsker å donere bort hjartet sitt) og dottera - som er sjuk og treng nytt hjarte...
omlag halvvegs i boka hadde eg ikkje heilt gjort meg opp ein meining. Det blir litt for mykje religion etter min smak, men boka er interessant likevel og religionen er heldigvis ikkje framstilt som feilfri eller som "det riktige"
Starta bra, men så begynte eg å kjede meg. Kom ikkje nær nok karakterane, emosjonelt, til å bry meg tilstrekkeleg om dei. Religion og bibelprat fekk for mykje plass. Og ja... Eg veit ikkje eg blei rett og slett lei. Det er sjelden eg legg vekk ei bok som eg alt har lese halvparten av... Men ja.. Når eg sit og kikkar på klokka heller enn å nyte boka... Då er det ikkje særleg givande å lese. Livet er for kort og bøkene for mange til å bruke tid på bøker som. Ikkje fenger.
Vil berre påpeike at boka ikkje er dårleg... Ho traff berre ikkje meg.