Ingen lesetilstand
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Søskena Simon, Garance og Lola stikk av frå eit lite lovande slektsbryllaup for å besøkje den yngste broren sin, Vincent. For ei stund legg dei bak seg tankane om barn og familie, kjærleikssakn og skilsmissesorg og kvardagens kjas for å nyte barndommen igjen, ein siste gong.
Omtale fra forlaget
Søskena Simon, Garance og Lola stikk av frå eit lite lovande slektsbryllaup for å besøkje den yngste broren sin, Vincent. For ei stund legg dei bak seg tankane om barn og familie, kjærleikssakn og skilsmissesorg og kvardagens kjas for å nyte barndommen igjen, ein siste gong.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788252175622
EAN 9788252175622
Omtalt sted Frankrike
Språk Nynorsk
Sider 161
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ei lita perle av ei bok frå Anna Gavalda! Språket er SÅ bra; lett og ledig og med mykje dialog. Dette er ei lita bok, med handling som utspeler seg over eit par dagar - om søskenkjærlighet, oppvekst og det å bli vaksen. Herlige personskildringar, og ei bok eg blei glad av å lese. Perfekt lesestoff ein solskinnsdag på terrassen:)
Ein vakker dag er hva denne boken har gitt meg hver av dagene jeg har bladd mellom sidene i den. Boken oser av skriveglede, noe som burde gi de fleste lesehester stor leseglede. Det ga boken i hvert fall meg, i store mengder. Språket er som krem i munnen, du får ikke nok av det. Enkelheten er slående - er det mulig å skrive en så enkel bok som er så god? Jeg vil si at enkelheten er noe av det som nettopp gjør den så god. Dette var den første boken jeg leste av Anna Gavalda, og det blir definiitvt ikke den siste.
En helt annen bok enn "Saman er ein mindre aleine" . Fint språk nynorsk som alltid, men syltynn historie .
Har nettopp lagt fra meg "En vakker dag" av Anna Gavalda, og jeg sitter igjen med en virkelig god følelse. Fire søsken som får to dager sammen hvor de på nytt lever om igjen barndommen sin, er rørende og godt skrevet. Jeg skrev en stor oppgave av Gavaldas "Saman er ein mindre aleine", og om familie og familieforholdene i boken. Jeg ser nå at jeg kunne dratt paralleller til denne boken som er enda et fantastisk verk av Gavalda.
Selv om jeg ikke likte den like godt som den forrige romanen jeg leste skrevet av forfatteren, er dette en fin liten bok. Mulig humøret (dårlig) påvirket min leseopplevelse. Et blogginnlegg jeg skrev etter å ha lest den i juni 2013
Eg har lært at det som kan vere med på å gjere ein god idé til ein dårleg bok er når ein vil seie for mykje. Denne boka vil nett seie for mykje, og difor fell den ikkje i smak hos meg.
For tida skil dei som har kvarandre kjær, og ingenting skal vare.
For Carine er det å leve ei skikkeleg utmattande øving.
«Vi sette oss i bilen utan at ord vart veksla.
Carine tok ein spritluktande våtserviett ut av
beautyboksen for å desinfisere hendene sine.
Carine må alltid desinfisere hendene sine når
ho har vore der det er folk.
Av hygieniske årsaker.
For Carine, ho ser bakteriane.
Ho ser dei små hårete beina deira og den
fæle kjeften.
Det er forresten derfor ho aldri tar metroen.
Ho tar ikkje tog heller. Greier ikkje å la vere å
tenkje på dei folka som har hatt fotene på setet
og klint busemenn under armlenet.
Ho nektar ungane å setje seg på ein benk
eller å komme borti eit trappegelender. Ho har
problem med å ta dei med på leikeplassen. Ho
har problem med å setje dei på ei sklie. Ho har
problem med bretta på McDonald's, og ho har
store problem med bytinga av Pokemon-kort.»
Det vart heilt stilt. Men Vincent drog kjapt eit par akkordar så vi ikkje skulle høyre det.
Korfor er vi sånn, alle vi fire? Korfor lar vi oss imponere av dei som roper høgare enn alle andre? Korfor blir vi alltid slått ut av aggressive folk?
Kva er det som er feil med oss? Kor er det punktet der høfleg åtferd går over i viljeløyse?
Ikkje fordi vi er like, tvert imot... Ho er redd skuggen sin, mens eg set meg på min. Ho skriv av sonetter, eg lastar ned samplingar. Ho beundrar kunstmalarar, eg har meir sans for fotografar. Ho seier aldri det ho har på hjertet, eg seier alt rett ut. Ho skyr konfliktar, eg liker at ting er på bordet. Ho likar å vere "litt susete", eg drikk når eg drikk. Ho liker ikkje å gå ut, eg liker ikkje å gå heim.
Og så hadde vi oss ein søsterprat. Den scenen hoppar eg over. Altfor mykje kodar, snarvegar og vrinsking. Og forresten er det ingenting utan lydfil. De som er søstrer, forstår kva eg meiner.
Eg stilte meg framfor ein kaffiautomat. Det tok eit halvt minutt, minst, før det gjekk opp for meg at eg kunne ta begeret. Eg drakk kaffien utan sukker og utan tiltru. Måtte ha bomma på knappane. Smakte ikkje denne capuccinoen litt tomat?
Resten av turen veksla vi ikkje eit steinsens ord. Sat vi og spola filmen tilbake og tenkte på morgondagen. Slutt på friminuttet. Klokka skulle straks ringje inn. Og to og ro i rekkje. Kan eg få be om stillheit her. Stilt, sa eg!
For det er slik det er. For tida skil dei som har kvarandre kjær, og ingenting skal vare.
Har i det siste oppdaget at det har blitt mange bøker som har bokomslag der det er bilder av personer bakfra. Noen er tildels ganske like eller har fellestrekk "med eller uten paraply".
Det ser ut som det er en forholdsmessig ny trend.
Jeg har tatt en titt i min og andres bokhyller og her er noen av de jeg fant.
Liste over bøkar eg les i 2011 og ein kortkort meining om dei.