Forrige helg las eg "thrilleren" The Woman in the Window - hermeteikn fordi jo var alt anna enn "thrilling". SNORK. Skikkeleg nedtur. Ta nokre kjente element (utilreknelige karakterar, psykiske diagnoser, traumer, ...) frå ymse nye thrillere og smelt saman i ei gryte og vipps: ein heilt ny thrillar, som er nesten lik noko du har lese før, men ikkje heilt. Mix av The Girl on the Train og Ruth Wares Woman in Cabin 10 osv... Blæ!!! (Eg kasta boka i søppelet etterpå - det gjer eg så og seie aldri...)
Etterpå las eg Safranhuset, heilt ok. Og så "Bad Monkeys" - ein slags sci-fi thriller som starter dritbra men som dessverre ikkje held inn i mål. dei siste femti sidene øydela alt for meg. No ville eg ha ei forfattar eg kjente til og visste kva eg fekk - og sidan eg er i humør for noko morosamt og underhaldande gjekk eg laus på Nine Perfect Strangers av Liane Moriarty. Har god erfaring med hennar skrivestil og humor og har likt det meste eg har lese av henne. Av og til blir det litt langdrygt, men som sagt veit eg liksom litt kva eg har i vente med henne og dette passa perfekt for humøret :-)
Elles i helga venter ein lang fjelltur på sundag - satser på ein 3-4 timars marsj og ute-lunsj i skauen med primus og kaffi. I dag blir det ein roleg dag heime - eg har nemleg fått Nintendo Switch av min kjære sambuar... og er ganske så hekta. Dermed har det blitt litt mindre lesing enn til vanleg. Barnlige gleder altså, dei skal man ikkje oversjå potensialet i :-)
Så gøy! Jeg leste også akkurat boken siden jeg var ferdig med serien. Som jeg elsket. Og mens jeg leste så for meg Reese Witherspoon, Nicole Kidman og de andre store skuespillerne i rollene! Koste meg veldig med boka selv om jeg visste hva som kom til å skje. Elsket karakterene og stemningen i både boka og serien. Et fascinerende univers jeg kunne forsvinne inn i.
Liane Moriarty er ei av dei få "feel-good" forfattarne eg har sansen for. Den gode typen "guilty pleasure" - perfekt når ein berre vil bli underhaldt. Og - eg blir ikkje skuffa heller, eg veit liksom litt kva eg har i vente :-)
Eg har lese så sinnssjukt mykje bra den siste tia - mellom anna Mnem av Simon Stranger - at det meste elles blir litt platt samenlikna ... så å finne ny bok å bli betatt av er ikkje enkelt og dei siste få bøkene eg har lese har vore sånn heilt ok... men ikkje noko eg kjem til å Hugse. Denne veka las eg bla Safranhuset, som mange liker. Heilt ok. Men ikkje noko meir. Klarte ikkje engasjere meg skikkeleg. Så ... eg kjenner eg er i humør for noko enkelt og lite krevande, men med meir "driv" enn Sfranhuset. Så eg har gått laus på "The Woman in the Window" - noko eg sjølv anser som ein "guilty pleause" innen psykologisk thriller-sjangeren. Ei bok med fortellerstemme ein ikkje kan stole heilt på, ei bok med litt for mange "twister" og tilfeldigheiter. .. men perfekt underhaldning slik humøret mitt er no!
Ellers er det FOR VARMT!!!!! Eg trivs ikkje så godt i varmen, orkar ikkje sitte ute å lese ... blir dårleg i hovudet :-( Men - planen er å dra å bade, være mest mogleg utandørs i dag med piknikk, bading, og lesing mellom plasketurane! Og så blir det sannsynlegvis meir lesing i kveld - for varmt til at eg trur vi orkar sitte på tv-rommet å sjå film... :-P Har varmepumpe nede som vi har på kjøling - men dessverre er soverom og tv-rom oppe og der er det badsstu
Eg og har nr to liggande så mulig det blir eit forsøk til her og. Eg irtiterer meg derimot meir over Julia og kor hjelpeslaus ho framstår
Tja... Eg forventa meir av denne boka, mykje grunna positiv omtale,prisar og høge terningkast. Heilt ok krim som aldri fenga. Sjølve historia er interessant nok, men eg blei aldri engasjert. Trur det skyldes at eg ikkje blei godt nok kjent med karakterane, dei blei liksom annonyme pappfigurar som eg ikkje kom under huden på. Eg syntest også at språket trekker litt ned - det er egentlig godt skrive, men litt for ofte er det overtydelig, gjentakande... Vi som lesarar blir fora med teskje. Ting som kunne blitt sagt enkelt med ein setning får ofte eit heilt avsnitt.
På syttitalet forsvinn ein gutunge brått og uventa og blir aldri funnen. Tjue år seinare mottar morfaren ein pakke i posten med ein sandal, kliss lik den guten hadde på seg. Kvifor no? Kven har sendt sandalen til han?Han kontakter dottera si og dei to forsøker å løyse den gamle forsvinningssaka.Som sagt likte eg sjølve utgangspunktet for historia, men klarte altså ikkje å engasjere meg og kjenne på spenninga som ein forventer å kjenne på når ein leser ein thriller.
Jeg leste nettopp denne selv nå, og er heller ikke veldig begeistret, syntes imidlertid at historien var relativt spennende, men at språket drar ned - overforklarende og gjentakende. Historien likte jeg, men dessverre blir den fortalt uten at det egentlig lykkes i å bygge opp spenning. For min delt ror jeg det handler mye om at jeg ikke helt klarte å «bry meg om» karakterene, kom liksom ikke innpå dem nok til at de ble viktige. Litt skuffende, forventa mer av denne boka med femmere og seksere smurt utover forsiden. Er usikker nå på om jeg skal leste dwen neste i serien eller ei ... skal du?
Denne uka leste jeg to bøker - hvorav den ene virkelig falt i smak: Herr Fikrys litterære liv! Ble vanskelig å finne en ny bok etterpå, men så kom jeg tilfeldigvis over Johan Theorin i bokhylla vår - 2-3 krimbøker jeg ikke har lest. Så i morges fikk jeg så vidt starta på de første femti sidene av "Skumringstimen". Kjente at krim passet meg veldig fint nå :-)
Jeg nyter ellers en alene-hjemme helg mens gubben er på guttetur. Huset er nyvaska, sengetøyet bytta, klesvasken hengt opp ... så jeg skal ingenting annet enn ut å gå meg en gooood og lang tur med lydbok (hvilken har jeg enda til gode å bestemme meg for!) og så får vi se hva helga bringer - om jeg holder meg inne med boka mi og nyter "ensomheten" eller om jeg får lyst til å strekke på de sosiale antennene. Må ærlig innrømme at 2-3 dager helt alene egentlig bare er ganske digg... :-P Er muligens sær og introvert, og har med tiden lært meg å bare akspetere det =)
Frances og Bobbi er unge intellektuelle studenter og forfatterspirer. Nick er skuespiller og gift med forfatteren Melissa. Når deres veier krysses fører det til vennskap, utroskap, løgner, selvbedrag og drama. De skarpe intellektuelle dialogene og det mellommenneskelige dramaet gjorde dette til en fantastisk leseropplevelse!
Little fires everywhere las eg i fjor, og hugsar ho godt! Den boka var betre enn eg først trudde for no, eit år seinare, hugsar eg alt veldig godt og tenker fortsatt på den boka som ei av fjorårets positive overraskingar
Eg las nettopp også Fuglane av Vestas, og tenker at eg vil lese meir av han. Likte fortellinga veldig godt! Korleis er Vindane mtp språk? Eg las ein gamal utgåve av Fuglane og språket var tidvis såpass gamalt og fjernt at eg trengte hjelp frå Google... heil OK å slå opp ord i blande, men det avbryter liksom litt av leseflyten
Eg starta også på trilogien til Rachel Cusk, men eg klarte ikkje å like denne første boka, kjeda meg rett og slett. Veldig! Syntes det var ein god del interessante betraktninger, men det var ikkje nok handling og utvekikling til at eg klarte halde interessen oppe.
I dag starta eg på annen, av Simon Stranger og det er nok denne boka som vil oppta meg dei neste 4-5 dagane. Las dei første seksti sidene i ettermiddag og er så langt svært begeistra! Håper denne karen her hald frem med å skrive for eg vil ha meir!
Og ja, endeleg har sommaren kome te Vestlandet så i helga er planen å kome seg ut i fjellveggen å klatre litt! Elles ein lat heimehelg med grilling og latskap
Eg las nettopp ut Leksikon om lys og mørke, ei bok som var heilt fantastisk! Så vond og god på same tid . Det blei vanskeleg å velje seg ei ny bok etterpå , men så kom eg heldigvis til å tenke på at eg på denne tida i fjor "oppdaga" Catherine Ryan Hyde og fekk sansen for bøkene hennar. Har mange av romanene hennar ståande norsk og ei av dei har eg framleis til gode.såni går starta eg på Heaven Adjacent som eg så langt har kost meg veldig med. Leser bok boka ut i løpet av kvelden eller morgendagen. deretter trur eg st eg skal gå laus på trilogien til Rachel Cusk som eg nettopp kjøpte. Eventuelt blir det litt krim først . Humør og dagsform for avgjere :-)
Elles har eg skrive eit blogginnlegg med nokre ord om dei ti beste bøkene eg har lese så langt i år
https://spraakraadblaagg.wordpress.com/2019/07/04/halvvegs-i-bokaret-ein-oppsummering/
Ja, det er en virkelig fin bok! Filmen er også veldig verdt å se.
Kort sagt ei bok om folka i ei lita bygd på Island. Ingen klar hovudperson, men ein rekke små historiar om dei ulike menneska i bygda, og ting som skjer med dei, om relasjonar, om utvikling. Denne boka vil eg beskrive som vakker! Rett og slett; vakker – språket, innhaldet, oppsettet. På elegant vis får vi innblikk i dei ulike karakteranes liv – om draumane dei har, ønska, tankar, anger, håp. Dette er ein usedvanleg fin skildring av heilt vanlege menneske liv. Humor og alvor leikar fint side om side og maler fram flotte bilete av menneske og natur på Island.
Denne boka er original, ekte, sår, og fin og morosam. Ein skikkleg godtpose av ein roman! Ei bok som fortener merksemd. Ei bok du skal nyte med god tid og låge skuldre. Endå ei slik bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen.
Denne boka her altså … å som eg koste meg!
Aldri, aldri aldri aldri hadde eg trudd at ei bok med stavkyrkjer, prest og bondepike skulle interessere meg i så stor grad.
Medan eg las opplevde eg ein herleg slags spenning; eg kunne liksom kjenne naturkreftane på kroppen, dei djupe dalane, skuggane, vatnet, lukta av skog og mose… Eg tenker tilbake på denne boka som fylt av dramatikk, forventing, spenning – ei kjensler av at noko skal skje: ein overordna kjensle av mystikk.
HANDLING:
Boka startar med å fortelle historia/sagnet om korleis dei to klokkane i stavkyrkja blei laga. Så hopper vi litt fram i tid til der historia utspeler seg på sluten av 1800-talet.
Vi følgjer i hovudsak tre karakterar:
1.) bondejenta Astrid – som er i slekt med klokke-makaren og dermed knyta til sagnet om dei to klokkane.
2.) Bygdas nye prest – han kjem for å ta over kyrkjedrifta. I forsøk på å redde meiningheita (mtp drift og økonomi) veljar presten å selje stavkyrkja som står der og bygge ei ny kyrke. Den gamle skal rivast og fraktast til utlandet kor ho skal byggast opp igjen. I den anledning kjem karakter 3 til bygda:
3) Ein ung arkitekt frå Dresden kjem til bygda for å utføre teikningar som gjer det mogleg å bygge opp kyrka igjen.
Her er trekant-drama, kjærleik, sorg, glede, dramatikk. Og gjennom det heile er spor av folketru, mytar, overtru og historie. Språket i boka er fantastisk og formidlar både bilete og ein atmosfære av mystikk. Språket flyter fint og lagar bilete utan at eg opplevde at skildringane blei lange og treige. Dette er ei bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen! Mytting har verkeleg gjort grundig research og klart å skape ein høgst underhaldande og unik roman.
Då vil eg tipse om følgende som eg syntes skriver veldig solid krim:
- Håkon nesser (særleg serien om Gunnar Barbarotti )
- Michael robotham
-Thorkild damhaug
Kjempefin liste. Jeg lager en brosjyre med read alikes til Harry Hole-bøkene for Sølvberget. Jeg låner litt fra dere hvis det er i orden!
Da jeg var i full jobb leste jeg omtrent femti bøker i året. Maks. Så det er virkelig unntakstilstand nå som gjør det mulig å lese så mye som jeg gjør når jeg leser mindre er jeg mer kresen med hva jeg velger, så jeg er nok ganske lik deg når jeg er i Sanne situasjon