Eg skriv under på den anbefalinga, Lillevi!
Ei bok som er ein av mine favorittar!
Elles er det så godt å lese eit innlegg som er enkelt å tyde, og som er reint litterært.
(Har nokre dagar no vurdert å legge Bokelskere "på is" - her kjem litt for mange innlegg som har lite her å gjere. Det er alt anna enn greit- etter mi meining!)
Etter å ha fullført Ut av ensomheten av Benedict Wells - som eg likte godt (synest han fekk fram kva familie betyr når sorga tek tak) - så starta eg på krimboka Dvalen av Camilla Grebe. Situasjonen min gjorde at eg kunne lese nesten utan avbrot i fleire timar i dag, så dermed las eg heile boka.
Den hadde rimeleg mykje spenning mellom permane, men sjølve hendinga verka noko oppkonstruert på meg. Litt usannsynleg, nesten...
Når eg no i ettermiddag skulle finne ei ny bok, så lurte eg litt på Singer sine bøker om familien Moskat. Dei står på vent i bokhylla. Ventar kanskje litt, er redd det er tungt stoff..kva meiner du
Jostein??
Uansett, det manglar ikkje på gode alternativ, trur eg.
God helg, det vesle som er att av den :-)
Ser fram til gode bøker og gode diskusjonar! :-)
Dette var sterke saker, ja! Eg vart imponert over både språk og skildringar av så mange vonde lagnader i ein ekstrem situasjon! Også imponerande at han greidde å flette inn humor. Han ser ut til å ha gode bakgrunnskunnskapar.
Ei svært god bok, som eg nesten gav seks!
Veret er flott også i min del av landet, i nordvest! Var svært fornøgd då eg kunne hente Medusas flåte på biblioteket, men etter nokre kapittel vart innhaldet så fælt at eg heldt på å gi opp. Tvinga meg sjølv til å fortsette, og det er eg glad for. Boka er god, og trur eg kjem til å huske innhaldet i lang tid framover, sjølv om det er ille å lese om fortetta menneskeleg vondskap. Heldigvis er der også både godt språk og humor!
Så greidde eg ikkje å la være å få i hus Ut av ensomheten av Benedict Wells. Har såvidt begynt på den, og kjenner at det vert triveleg, svært triveleg- noko eg kan kose meg med.
Ønskar både deg og alle andre leseglade ei god helg! :-)
Du sletter alt dersom du sletter profilen. Du kan ta kontakt med André Nesse dersom du angrer deg, men det du sjekke om det stemmer. Ellers må du legge inn alle bøkene på nytt.
Eg vart nesten "satt ut" etter å ha lese Eg får aldri sjå verda igjen
Trist, lærerik, poetisk om ein trist lagnad. Han skriv godt!
Høres intressant. Søkte på bok og fant boken på tilbud hos Ark til NOK 169 (førpris 449)
Eg har lese ca halve boka - og må tilstå at ordet "viking" får eit meir negativt innhald for meg. Visst var dei tøffe, men hjelpe meg! - så brutale og grådige og hjartelause at det nesten ikkje finst grenser!
Tore Skeie skriv godt, og han må verkeleg ha skaffa seg mykje bakgrunnskunnskap for å gå i gang med dette! Er imponert - og skal lese heile boka. Må berre stålsette meg litt!
Dette er utan tvil ei bok og ei historie som gjer sterkt inntrykk!
Det gjorde nesten fysisk vondt å lese om jenta som opplevde ein så krevande barndom - utan skulegang og med vaksne som "ikkje såg" det ho vart utsett for.
Takka vere eigne gode evner og sterk vilje greidde ho likevel å få ei utdanning, høg utdanning!
Forfattaren fortener verkeleg all omtale og heider ho berre kan få.
(Og eg har no fått litt peiling på bipolar liding- kva det kan medføre)
Jeg pleide å sitte på det lave gjerdet utenfor Gabels gate 19, og skrive bilnumre i en gul, linjert notisbok
Resten av dagen er nok den boka som ligg heilt i toppen her hos meg.
Har lese mange gode bøker, medan andre har eg vore noko mellomfornøgd med.
Har vore så heldig å få i hus Skyggeboken, den siste av i serien "Byens spor" av Lars Saabye Christensen. Har lese litt - og noko av det likar eg svært godt! Men, synest at han skriv seg sjølv inn i historia her og der. Veit ikkje kva eg skal meine om det. Trur ikkje eg huskar at han har gjort det i andre bøker.
Elles så har eg også nyleg lese "De venstrehendtes forening" som eg opplevde som svært spennande....
God helg til alle som likar ei god bok! :-)
Sjølv om det no er midtsommar er det lite her som minner om sommar, ja! Dermed vart det i overkant mykje lesing i helga?
Starta med Gutten som elsket rådyr av Samuel Bjørk. Stor spenning og litt voldsom finale.
Måtte ha noko meir fredelig etter den, så då valde eg Tobakkshandleren
Av Seethaler. Likte så godt "Et annet liv" som eg las for eit år sidan, så no er eg spent på denne!
Håper på ei god oppleving, men først og fremst håper eg på sommar!
God søndag!
Ja, jeg gjør faktisk det. Der finnes muslimer og islamister. og jeg skiller mellom de to gruppene. Du får ha meg unnskyldt for treigt svar.
Utan å røpe for mykje for dei som ikkje har lest boka, så opplevde sikkert både eg og den gamle mannen at han møtte "ein skurk" ..eller fleire? Men, han fekk no ære?
Er så enig, Lillevi! Å dele opp innhaldet vert nesten umulig.
Las dei siste sidene i dag, og kampen mellom mannen, havet og fisken vart like sterkt å lese om som forrige gong.
Både mannen og fisken kjempar for livet, for æra og for framtida...Mannen viser ein styrke som er heilt utruleg, han er så sta og målbevisst at det er heilt eksepsjonelt. Og det same er fisken i havet.
Ei god bok om venskap, liv og utfordringar - gav meg tankar om ein kamp som kanskje kan overførast til andre kampar menneske må gjennom i livet.
Den utgåva eg les litt i (er ca 40 sider inne i den, nesten halve altså) er ei pocketbok frå 2008 som eg har lånt på biblioteket.
Har prøvd å ikkje lese så fort, men trur nok eg kunne ha lese alt på ein gong.
Skildringa - av stemninga hos den gamle mannen som er oppteken av å gjere alt rett i ein natur og på eit hav som både er vakkert og krevande - er god.
Når han får noko som verkeleg tek fast på kroken saknar han den vesle guten. Natta og havet krev han kanskje meir enn han hadde venta?
Trur kanskje eg kjem til å lese resten av boka i løpet av helga.
Krigsredde born
Vesle Adam, 9år, bur saman med foreldre, ei babysøster og veslebror Florian, 5år på ein skule i Austerrike. Dei bur ikkje langt frå grensa til Jugoslavia der opprøret rår i året 1991.
Adam viser stor omsorg for veslebror, ein redd liten gut som tissar i senga om natta. Adam er redd sjølv han, men hans strenge, nesten nazistiske far, prøver å lære han at han må vere sterk og uredd. Samfunnet omkring dei er prega av nasjonalistisk tankegang - den sterkaste vinn.
Det som gjorde aller mest inntrykk på meg er den valdelege faren som brukar straffemetoder som burde vere forbodne! Det gjer også inntrykk å lese om dei to små gutane som prøvde å finne trøyst og som viste så stor omsorg for kvarandre. Sterk kjærleik gjer godt!
Det er Adam som fortel, noko språket ber preg av. Og sidan han er ein liten gut skjønar han ikkje alt som skjer rundt dei.
Eg kjøpte boka i ei kasse som var lagt ut for sal, og hadde ikkje aning om kva dette var, visste heller ikkje noko om forfattaren - ein austerrikar som bur i Norge.
Men, boka gjorde inntrykk - ein tankevekkande roman!
Han var en gammel mann som fisket alene i en båt i Golfstrømmen, og nå var det gått åttifire dager uten at han hadde fått en fisk.
Har såvidt starta, og sidan boka er kort, har eg stansa etter 20 sider.
Det er vakkert, forholdet mellom den gamle mannen Santiago og den vesle guten Manolin. Tilhøva dei lever under er så enkle, men nærleiken mellom den gamle og den unge gjer forteljinga rik!
Har lese boka før, og har sett filmen, men likevel gir innhaldet mykje etter berre få sider.
Må porsjonere strengt så eg ikkje les alt i ein gong!
Takk for det!
No er det så lenge sidan eg las boka at eg huskar ikkje heilt. Det einaste eg huskar er at menneska levde i eit ørkenliknande miljø, og at levekåra var så vanskelege at dei nesten gjekk tilbake til dyrisk framferd der den sterkaste overlevde.
Har framleis "Bovara" av. Leikvoll liggande, har ikkje "manna meg opp" til å lese den, sjølv om eg veit den er god!