VONDT – og vakkert

Dette har vore ei vanskeleg oppleving! Veit nesten ikkje om eg er i stand til å sette ord på alle kjensler som har gripe tak i meg under lesinga. Veit heller ikkje om eg er i stand til å vidareformidle kva denne boka eigentleg handlar om.

Fiolinane fortel om ein flokk som bur ein stad som nærast er ein skrothaug – husa er skur og rundt dei ligg all slags avfall,søppel, skrot og jarnrør. Hovudpersonen, forteljaren «EG» er ein liten gut som innleiingsvis bur saman med far sin, mora og to søstre. Deira kvardag er styrt av eksistensielle behov, primitivt – på eit minimum. Alvorleg sjukdom i familien får etterkvart fatale følgjer.

Sjeldan har eg lese ei bok med fleire motsetningar enn denne:
Skildringane vekslar mellom det vemmelige og det vakre - det dyriske og det menneskelige -det vonde og det gode - sorga, saknet og ikkje minst håpet - lyset og mørket - livet og døden......

Etter å ha lese nokre sider kjende eg slik på alt det vonde, ekle og motbydelige at eg nesten gav opp...Men, var også nysgjerrig på kva dette eigentleg var. Dermed fekk eg med meg ei bok som språkleg må vere mellom dei aller fremste....
Der er heldigvis også mange vakre, kjenslevare sekvensar i boka! Nokre av skildringane og utsegnene er svært nyskapande og gode, set tankane i sving.

«Visst må ein leve litt ein stad mellom dag og draum, sa han, som då
eg spelte fiolin med andre menn for lenge sidan. Men aldri berre i ein
draum.» s 41

Boka er etter mi meining eit ypperlig grunnlag for diskusjon, sjølv om den så vemmelig og brutal at eg nok aldri kjem til å foreslå den for ei av mine grupper. Men eg sit her med ei kjensle av at boka fortel meir enn det som står der, har ei djupare meining.....
Terningkast frå mi side er heilt uaktuelt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Flott oppsummert! =) Husker du om det står noe om miljøet i boken? Jeg hadde fått for meg at det var en eller annen miljøkrise som gjorde at menneskene måtte leve sånn. Men nå lurer jeg på om jeg tar helt feil.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg meiner å hugse at det var særs sparsamt med hint om kva som hadde utløyst den tilstanden som menneska i boka lever under.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for det!
No er det så lenge sidan eg las boka at eg huskar ikkje heilt. Det einaste eg huskar er at menneska levde i eit ørkenliknande miljø, og at levekåra var så vanskelege at dei nesten gjekk tilbake til dyrisk framferd der den sterkaste overlevde.

Har framleis "Bovara" av. Leikvoll liggande, har ikkje "manna meg opp" til å lese den, sjølv om eg veit den er god!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag