Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Forlaget masar på ein forfattar som har skrivesperre, men forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette har samanhang med ei hending som ein gong endra brorens liv og familien si historie, og på sin veg blir forfattaren heimsøkt av livet han har levd og forfølgd av folk som vil skrivast inn i bøkene hans. Romanen handlar om kjærleik, tap og familieløyndommar.
Omtale fra forlaget
Forlaget masar på ein forfattar som har skrivesperre, men forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette har samanhang med ei hending som ein gong endra brorens liv og familien si historie, og på sin veg blir forfattaren heimsøkt av livet han har levd og forfølgd av folk som vil skrivast inn i bøkene hans. Romanen handlar om kjærleik, tap og familieløyndommar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788252176377
EAN 9788252176377
Språk Nynorsk
Sider 223
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dess meir eg les av Hovland, dess mer trur eg at eg kanskje elsker han litt.
Første boka jeg har lest av Hovland. Var ikke forberedt på at jeg kom til å humre og le lavt underveis. Likte veldig bra stilen, handlingen og humoren. En stilig flott penn. Ga mersmak.
Ragnar Hovland er ein forfattar med mykje humor som eg set stor pris på også i denne boka om tilhøvet til brør, foreldre og elskarinner. I likskap med mykje av dagens litteratur er hovudpersonen ein forfattar med skrivesperre. Hovudpersonen slepp med andre ord tilhøvet til fast arbeidstid og har etter alt å døme fridom til å gjere andre ting i staden, og det gjer han da òg i rik mon. Stille natt vekslar på ein liketil måte frå episodar som eg lo godt av til alvorsam tale mellom far og son. Likevel er det òg deler av av boka der viddet blir så tørrvittig at eg ikkje heilt hengjer med.
Mulig jeg leste romanene til Hovland for tett. Og hadde for store forventninger jf at jeg likte de andre to jeg leste før denne, så godt. Uansett, denne falt ikke helt i smak da jeg leste den. Et lite blogginnlegg jeg skrev etter å ha lest den finner du her
Eg tenkjer over om det er noko anna eg skal på laurdagen,og kan ikkje for mitt berre liv komme på noko.Laurdagen ser heilt vidopen ut. Ein rein prærie.
Eg går spenstig inn i meg sjølv og ser etter spor av draumar, ute på markene, på begge sider av vegen, men det er lite å finne, anna enn sjaskete restar.
Eg blir alltid fylt med ein spesiell fryd kvar gong eg kan kjøre denne turen til det verkelege Vestlandet og ikkje berre eit av dei reservevestlanda eg har skapt meg av rein nødvendigheit.
Ho har ringt i femtida om morgonen, kan eg sjå, og er glad for at eg stort sett har mobilen på lydlaus. Ikkje for det, eg har vel også ringt til folk på slike tidspunkt, og vil helst gløyme det, då det ikkje passar inn i bildet eg har av meg sjølv.
Mørket dunkar igjen mjukt på rutene. Trea kler seg i kveldsfargar. Harane i skogen skiftar til kveldspels. Folk på vegen snakkar lågare saman,som om dei er reddare for å røpe seg no når mørket fell på,
"Tomas har ikkje mange bøker i hylla, men eg ser at han, i tillegg til det meste av Mykle, har ein roman av Ragnar Hovland, ein annan forfattar her frå distriktet. Eg sjølv er jo av lærarslekt, mens han kjem frå ein familie av lett alkoholiserte lennsmannsbetjentar. Sidan vi altså er frå same distrikt, var det uunngåeleg at eg lenge såg på han som ein slags konkurrent - ja, forfattarar er ikkje frie for å ha slike tankar - men i seinare tiår har eg ikkje tenkt så mykje på det. Vi har drive med nokså forskjellige ting. Men eg meiner å hugse at Tomas ein gong sa noko slikt som at det var Hovland som hadde lært han å snakke.
Vi er opphavleg fem brør, men det er berre tre av oss ein kan rekne med. Dei to siste er ute av bildet. [...] Det var nummer tre. Eg hadde aldri snakka med han i telefonen før, så det kjendest både uvanleg og, eigentleg, litt ubehageleg. I bakgrunnen kunne eg høyre stilla frå dei to yngste brørne mine. Så var dei altså framleis der.
Eg pakkar ut pc-en mens eg i det fjerne høyrer den roande, tunge sovepusten til brørne mine. Det er natt,og det suser stilt frå trea og vatnet der ute og frå mitt eige hovud,etter alle glasa med kartongvin.
Og som så mang ein gong før: I det eg passerer landsdelsgrensa der oppe på fjellet, flerrar sola eit stort hòl i himmelen, og det vestlandske flaumlyset skyl over meg som om eg skulle ha vore velsigna, noko det er liten grunn til å tru at eg er.
Jeg har i det siste funnet noen bøker hvor forfatteren har flettet inn seg selv eller familiemedlemmer i romaner, og vil prøve å samle dem i en liste. Foreløpig er lista kort, men jeg vil supplere etter hvert hvis jeg finner flere. Jeg tar gjerne imot tips på aktuelle bøker!
Hybrider som f.eks. Knausgårds "Min kamp" hører ikke hjemme her - jeg er først og fremst ute etter rene romaner/ren fiksjon hvor forfatteren selv ikke er hovedpersonen.
Bøker jeg har bestemt meg for å lese etter et blikk på coveret. Det jeg faller for er farger, tegninger, foto og stemning på omslaget.
Lista viser de siste bøkene i spalta «Klok på bok» i ukeavisa «Dag og tid». Ansvarlig «Medikus Libri» sier dette i utgaven for 26. januar: «For boklækjaren er livet enkelt, eg er her for å få folk til å lese bøker. Gode bøker. Gjerne bøker du ikkje ville lese, om det ikkje var for Klok på bok.»
Hver forsommer drar jeg med ei god venninne til et solvarmt sted og med bøker i kofferten. Vi tilbringer stort sett dagene med lange, formålsløse vandringer og strandliv med bok og parasoll. Her er bøkene vi leste på stranda i Alanya de to siste mai-ukene i år.
Eg er redd for å døy med uleste bøker på hylla; det kunne eg ikkje levd med, sjølv ikkje somedaude. Her er ei oversikt over det som blei lest i 2015.
Sortert etter rekkefølgjen dei blei lese