Ingen kan ta meg på kornet slik som Ragnar Hovland gjør. Tanker jeg tror er så originale og flotte, de har han rukket å formulere så presist og nydelig som ingen andre kan i titalls bøker allerede. Dette sitatet er ren magi, eller bare Hovlandsk, alt ettersom:

”For min del heldt eg meg til språk, og tenkte at det skulle komme meg til nytte ein dag. Det var tanken på å kunne gå ulasteleg kledd i europeiske storbyar og konversere dei innfødde på deira eige tungemål som tiltalte meg. Eller kanskje endå meir å ikkje konversere dei. Berre vere stille, gå omkring for meg sjølv og vite. Men iallfall var tanken på å reise ut levande i meg alt den gongen. Ikkje forsvinne sporlaust, slik dei to yngste brørne mine seinare fann det for godt å gjere, men vere ute ei stund og så vende heim att med dette draget over ansiktet, dette skeive smilet, som er så karakteristisk for dei som har vore borte ei stund og sett ting som er annleis, og kanskje skaffa seg nokre sjelelege sår. Og kanskje eg rett og slett kunne bli ein slik som ikkje hadde ei fast adresse, eller kanskje mange adresser (ein stad måtte eg jo få posten min, tenkte eg, ein stad måtte eg ha ein mjuk sofa og ei velfylt bokhylle), som kunne veksle mellom Norge og utlandet heilt knirkefritt og saumlaust, ein mann med ein vid horisont, og som ingen heilt kom inn på.”

  • Fra "Stille natt"
Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg GKjersti