innunder påske firte de en mann fra Østlandet ned til bonden. Han var blitt dømt til Bremerholm for et av de skjendigste brottsverk noen kunne gjøre seg skyldig i på Island: han hadde rodd ut til ei hollandsk fiskeskute og kjøpt sytråd.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Forbrukssamfunnet er i ferd med å gå i metning. Byane er fulle. Den økonomiske voksteren har stogga. Ein mann ser teikna i tida før dei fleste andre, og tek med seg kona og sonen ut av byen og til den einaste staden i nærleiken der det er rikeleg med ressursar for å livberge seg: byen sin søppelfylling.

Den fiktive byen i boka heiter Sweetwater, ut frå dei sparsame hinta om geografi forestiller eg meg at det er ein storby på austkysten av USA. Etter som bysamfunnet gradvis kollapsar veks det fram eit mindre samfunn på søppelfyllinga, eit samfunn som nok har mykje til felles med jeger- og samlesamfunna til dei fjerne forfedrene våre. Hovudpersonen Allan har berre eit mål for auge; å overleve. Derfor gjeng han ikkje av vegen for noko for å auke sjansane sine. Det handlar om kven som får vere med, og kven som ikkje får vere med, i flokken hans.

Det er internasjonalt format over denne boka, er det lov å seie det? Hadde eg lest denne boka på slutten av 70-talet eller byrjinga på 80-talet, og hugs at denne perioda var ei endelaus rekke av audmjukingar med Tor Røste Fossen som landslagssjef i fotball og hyppige sisteplassar i Melodi Grand Prix, og at det mentalt sett var det lysår igjen til Gro Harlem Bruntland sitt forløysande «Det er typisk norsk å være god» i 1992, så ville eg ha tenkt «kan ein norsk forfattar verkeleg skrive så bra?». No nøyer eg meg med å slå fast: Faldbakken skreiv verkeleg bra på starten av 70-talet. Eg har ikkje lest nyare bøker av han, så eg veit ikkje korvidt han heldt fram med det.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

I del to av dette fantastiske verket av Knut Faldbakken så er livet på søppelfyllinga i ferd med å bli vanskeleg. Sidan samfunnet i millionbyen Sweetwater har kollapsa så har også tilførselen av nye ressursar til søppelfyllinga stogga. Allan og flokken hans tek derfor til med å trekke innover mot byen igjen, for å sjå om sjansane for å overleve er betre der.

Det er eit fantastisk skræmebilete av ein herja og nær avfolka by som blir mana fram i denne boka. Sjølv om der sjeldan er folk å sjå lyt ein alltid vere på vakt, for alle er desperate etter mat. Derfor gjeld det å leve så usynleg som mogleg. Slik kjem ein til den bisarre situasjonen at livet i ein folketom storby, der det er rikeleg med plass, blir ei klaustrofobisk affære.

Forteljinga sorterer nok under sjangeren «Dystopi». Eg har også sett den omtala som «science fiction», men det meiner eg blir feil. Det er frykteleg lite i boka som antyder ei teknologisk utvikling vidare frå 1970-talsnivå, og forteljinga kviler heller ikkje på vitskaplege føresetnadar. Men uansett kva merkelapp ein vel å setje på den, så var det ei stor oppleving å bli med på Faldbakken sin skrekkvisjon. Boka blei også filmatisert i 1988, med tittelen «Sweetwater». Eg har til gode å sjå filmen, men byr det seg eit høve så blir eg sikkert å benke meg framom TV’en. Om den er skulle vere berre halvparten så god som bøkene, så ville den likevel vere verdt tida det tek å sjå den.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er tretti i skuggen, det gjer ingenting
For i solstolen reiser eg viden omkring
Islands klokke den tek meg til øya i vest
Og Arabiske netter til eventyr-fest.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Denne boka har kome på norsk med to titlar, Mitt søtappelsintre og Når jeg engang blir stor. Det er ei oppvekstforteljing, dette er ein favorittsjanger for underteikna. Og boka fall godt i smak, men mangla likevel litt for at eg ville trille eit av dei høgaste terningkasta.

Vi møter Zezé, ein gut i ei fattig familie i ein Rio-forstad, som femåring og følgjer han nokre få år av oppveksten. Far er arbeidsledig, mor jobbar dobbelt (fabrikk og heime), storesøstrene sjefar i huset og Zezé gjer sitt beste for å flykte frå situasjonen. Dette gjer han på fleire måtar, mellom anna skapar han eit lime-tre i hagen om til ein levande fantasiven som han kan prate med om alt mogleg. Eit anna tiltak er å gjere rampestrekar. Dette er han ganske god til, og endar opp med å få ganske mykje juling heime. Såpass mykje at det er rystande å lese om.

Når ein rik vaksen mann gjer seg til vens med ein fattig gutunge så ringer det nokre alarmbjeller i hovudet mitt. Men det ser ikkje ut for at vedkomande vaksne i denne boka hadde vikarierande motiv for venskapet, så får eg heller sitje att med skamma over å ha vært misteksam.

Forfattaren skal ha basert denne boka på opplevingar frå sin eigen oppvekst (det er vel ikkje uvanleg at forfattarar gjer dette). Det er levande og gode skildringar frå livet i eit fattig nabolag, og det er uråd å ikkje bli glad i den livlege, fantasifulle og kvikke hovudpersonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Karel Čapek var rimeleg visjonær som forfattar, og er mest kjend for science fiction-aspekta i nokre av bøkene og skodespela han skreiv. Men ser ein på lista over verka hans, finn ein at han hadde ein ganske mangfoldig forfattarskap. Reiseskildringar, til dømes, og ei bok om hagestell. Han skreiv også nokre bøker som, i alle fall til dels, er meir retta mot eit yngre publikum, slik som denne.

Som tittelen meir enn antyder, fortel forfattaren om husdyra sine. Og det er slett ikkje berre ein hund og ein katt ein får høyre om, men om eit større utval av hundar og kattar som er eller har vært i husstanden hans. Tonen er lett og humoristisk, og burde kunne fenge som underhaldning for barn. Men delar av tekstane har også eit litt djupare lag, med refleksjonar om og kommentarar til eit og hint som born kanskje ikkje er så veldig opptatt av. Der var mellom anna ganske tydelege kommentarar til rasehygiene og framveksten av overmennesket, eit tema som var hyperaktuelt i og med rådande ideologi i nabolandet på den tida boka blei ført i pennen.

Forlaget skriv i omtalen sin at boka har klassikar-status i Tsjekkia. Derfor hadde eg kanskje venta bittelitt meir av boka. Men som katte- og hunde-eigar så er det på ingen måte vanskeleg å kjenne seg att i forfattaren sine opplevingar og betraktningar. Mykje av boka handlar faktisk mest om hundar, kattar kjem sterkare mot slutten. Og kvalpe- og kattunge-kull er eit tema som gjeng att i fleire av kapitla. Vidare merkar ein seg at haldninga til dyrevelferd truleg har endra seg litt sidan Čapek skreiv boka, framgangsmåten han skildrar for å kvitte seg med kvalpar på ville nok bli bøtelagd i dag. Men trass dette var det ei triveleg bok, og som sjølv om den først og fremst har barn som målgruppe vil kunne glede vaksne som er glad i hund, katt, eller helst begge deler.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har tenkt litt i same bane som deg, men du har nok tenkt enno eit stykke lenger. Som deg så stussa eg på at boka inneheld såpass lite om tida etter revolusjonen, og ikkje minst på den nær totale mangelen på skildringar om korleis dei som stend utanfor stamcelleprogrammet har det. Og at desse priviligerte gamlingane ikkje finn på noko meir nyttig å bruke tida på er også smått underleg.

Men at romanen kunne vere eit bilete på vårt eige priviligerte hjørne av verda slo meg ikkje før du nemnde det. Interessant innspel. Må tenke litt meir på dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jaudå, Johan Golden og Atle Antonsen er artige karar. Sidan eg så godt som aldri høyrer på radio (og det hjelp ikkje at makta prøver å tre DAB nedover øyrene på meg) så har eg ikkje noko forhold til radioprogrammet deira som denne boka er tufta på. Men eg tykkjer dette dykket inn i lokalavisjournalistikken sine raritetar er ein god ide. Det er klart at når ein har ei avis å fylle med stoff, og det er lite som skjer, så må ein vere litt kreativ. Og det er der mange døme på i boka.

Som i den førre boka over same lest, Statsråd vant spekeskinke, så leverer komikarduoen humoristiske kommentarar til dei enkelte avisoppslaga. Med fare for å virke hårsår, så kan det synest som om enkelte av kommentarane er farga av eit noko stereotypt bilete av distriktsnorge og folk som bur der. Men å spele på stereotypar eg også humor, så det får ein berre leve med.

Det ser ikkje ut for at det kjem fleire bøker i denne serien, og det kan hende det er nok med to. Men det skulle vere rom for fleire bøker, og med ein litt annan vri. For når ein ser på alle dei meiningslause overskriftene og nyhendesakene som florerer i nasjonale media så er det lov å lure på kva slags folkeferd vi eigentleg er som tilsynelatande er meir opptatt av sladder om C-kjendisar enn av statsbudsjett, utanrikspolitikk og andre naturkatastrofer. Så eg skulle frykteleg gjerne sett ei liknande bok med dette som utgangspunkt. Vi får sjå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det tok nokre år, men sanneleg kom eg over eit tilbod på denne siste boka i Viktoria Bergman-trilogien, så dermed kunne eg få lest slutten på denne historia. Ulempa var berre at det er så lenge sidan eg las bok nummer 1 og 2, så det tok litt tid før eg kom inn i historia igjen. Men det gjekk seg til nokonlunde brukbart likevel.

Eg hadde begrensa forventningar til denne boka (og det var nok derfor eg ikkje la meg meir i selen for å få tak i den), men den blei ei positiv overrasking. Sjølve historia er rimeleg beksvart, noko fargevalet på omslaga til denne serien hintar om. Det er få ting som er meir opprørande å lese om enn overgrep mot barn, og når det i tillegg verkar å vere satt i system så blir det ekstra ille. Undervegs i boka så er det til dels uklart kvar skiljet gjeng mellom røyndom og fantasi. Då kan det vere godt å halde fast ved at det som gjeng føre seg innanfor permane er fantasi alt saman, og satse på at verda på utsida av permane er hakket trivelegare.

Alt i alt ei grei avslutning på trilogien. Det er ikkje alt eg får til å henge saman, noko som kanskje skuldast det lange avbrekket mellom bok 2 og 3. Men for øvrige lesarar som måtte ha lest berre dei to første bøkene, eller kanskje berre den første, i serien og tykte dei/den var nokonlunde brukbar(e) så er meininga mi at det er bryet verdt å fullføre den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Edvard Hoem har dikta opp att historia til nokre av slektningane sine frå tidlegare ætteledd. Tidsromet er siste delen av 1800-talet. På ingen måte berre fri fantasi, han har tatt i bruk kjelder så langt det er råd, både når det gjeld personane sjølve og omgjevnadane dei lever i. Men i staden for å gi ei dokumentarisk framstilling av personar og hendingar, så bles han heller liv i dei, forsyner dei med tankar, kjensler og dialog. Eller togn, når det er det som trengs.

Ein møter mange personar i denne boka, men hovudpersonen er nok først og fremst slåttekaren Knut Nesje, som på fritida driv og ryddar seg jord i liene ovanfor Molde. Kona har døydd frå han, men han treff ei ny, Serianna. Det blir fort ungar av slikt. Og det var harde tak for ein fattig husmann å forsørge ein veksande ungeflokk. Den yngre søstara til Serianna, Gjertine, får også etter kvart ei avgjerande rolle i boka, då ho som den første i slekta vandrar ut til Amerika. Dame med tak i, denne Gjertine. Ein ser vel også at skikk og bruk har endra seg noko på dei siste 130-140 åra. Måten Ola, bror til Serianna og Gjertine, hente seg kone i Malmedalen på hadde vel neppe passert i dag. Eller hadde den det?

Det er godt gjort av Hoem å skape ei slik levande forteljing ut av det materialet han har hatt tilgjengeleg. Lesaren blir sugd inn i historia, og det er lett å lage sitt indre kinolerret der orda i boka blir til landskap, bygningar og levande personar. Noko av dette kan nok tilskrivast at sjølve språket i boka er særs godt. Og boka er for øvrig ganske lettlest. Dette er første boka i det som så langt har blitt ein slektskrønike på 4 bind. Det er berre å lese vidare, for dette er bra.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Denne boka er noko nær innpå ein kriminalroman. Men ikkje heilt. Mest av alt er det Fløgstad, med underfundigheiter, skråblikk på eit og hint, spark til høgre og den vante dosa med blødmer. Og for den som liker Fløgstad er dette midt i blinken.

Då boka kom ut var eg student ved ein utdanningsinstitusjon som blir gjort aldri så lite narr av av Fløgstad. Det blei, om ikkje rabalder, så i allefall merkbar indigjasjon i miljøet. Når eg les den aktuelle passasjen no så må eg seie at det kan framstå som noko hårsårt å reagere på dette. For min eigen del blei det i alle fall rikeleg med øl og hornmusikk i løpet av studietida. To av tre er ikkje så verst. Ja ja, nok om det.

Krimroman-aspektet er alt nemnt. Her er drap og andre lovbrot, det manglar ikkje på det. Likevel så er ikkje dette det sentrale ved forteljinga. Det er heller slik at forteljinga tener som eit bereverk for ei satirisk framstilling av samfunnet, og med fokus på fråveret av moral i dei høgare sjikta, og gjerne dei i dei austlege stroka av landet. Ein artig detalj er at Fløgstad let eit knippe av romanpersonane gjere om lag same fjellvandringa som Hertingen i si tid gjorde i Fyr og flamme, men motsett veg. Eg har spekulert litt på om det ligg ei eiga meining i dette, men som med mykje av det andre Fløgstad skriv så er det ikkje alltid så lett å bli klok på. Men klok eller ikkje, eg kosa meg storleg med boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Naivistisk og småmorosam forteljing om ein vellukka familiefar frå Oslo som finn ut at han heller skal bli einebuar i skogen. Hovudpersonen, Andreas Doppler, fortel i første person. Han har samla opp ein god del frustrasjon over A4-livet han lever, og dødsfallet til faren i kombinasjon med ein smell i hovudet under ein sykkeltur i marka er det som skal til for at han vinkar farvel til sivilisasjonen. Men heilt farvel blir det likevel ikkje, det er trass alt ein del ting han treng som han ikkje kan finne i skogen. Skumma mjølk, til dømes.

Det er ikkje godt å vite kor djup Loe ynskjer å vere i denne boka. Er det berre overfladisk fjas og løyer, eller prøver han å seie noko grunnleggjande om framandgjeringa av menneske i urbane strok, og om lengten attende til naturen? Sjølv høyrer eg til dei som meiner at natur er best på TV, og dermed har eg naturlegvis litt tungt for å tru på hovudpersonen sine val. For ikkje å snakke om at det finnest såpass tålmodige koner som det Doppler har.

Det har kome to bøker til om Andreas Doppler. Men i den grad eg kjem til å lese fleire bøker av Loe, og det kjem eg nok ganske sikkert til å gjere, så vil eg nok i første omgang satse på to av dei tidlegaste bøkene hans, Tatt av kvinnen og Naiv. Super.. Dette er bøker eg har tenkt å lese i over 20 år no, og før eller seinare må eg vel gjere alvor av det.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Meir Caravaggio, på side 276 nemnast to andre verk:

Maria Magdalena i ekstase:

skriv bildebeskrivelse her

og Hvile på flukten til Egypt:

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tenkeren av Rodin.

skriv bildebeskrivelse her

Det er i følge wikipedia rundt 28 eksemplar av denne statua i full storleik, samt eit antal andre variantar

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bjørn Beltø er i aksjon igjen. Medan han i tidlegare bøker gjerne har reist vidt omkring for å oppklare diverse mysterier så er han denne gangen i meir heimlege omgjevnadar. Egeland har dikta opp eit dalføre i grensetraktene mellom Agder og Telemark, Juvdal, og det er ein stad Beltø av og til har søkt til i dei tidlegare bøkene for å finne ro. Men denne gangen har han blitt kalla inn til Juvdal som eksperthjelp i ei drapsetterforsking. Og for å kome til botnen i dette, må han også nøste opp i eldre drapshistorier, ei frå 1963 og ei frå 1708.

Sentralt i forteljinga, som subtilt antyda i tittelen på boka, er ei mystisk maske som viser seg å ha stor antikvarisk verdi. Maska kom til bygda i 1708 med ein tilreisande tyskar som heldt folkemøter i bygda med tema som ikkje var heilt etter kyrkja sin smak. Spelte djevelmaska også ei rolle i dødfalla frå 1963 og frå 2015?

Som vanleg er dette ei spanande og lettlest bok. Eg liker godt Beltø, og tykkjer det er artig med historier som involverer arkeologiske eller andre historiske mysterier. Likevel når ikkje boka heilt opp i toppsjiktet i denne bokserien, det var heller meir på det jevne. God underhodning, men ikkje så mykje meir enn det. Ser fram til neste bok i serien, Lasaruseffekten, den har vel vært i handelen såpass lenge no at det snart bør vere råd å finne den til sterkt nedsatt pris ein eller annan stad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Armand og Fernand utgjorde en vakker duo. To timer etter at de hadde møttes for første gang, liknet de allerede et gammelt ektepar. Armand hadde lagt beslag på kollegaens avis, penner og notatblokker, samt forsynt seg hemningsløst fra sigarettpakken hans (han hadde til og med puttet noen ekstra i lommen så han hadde til kvelden) og lot seg på sin side ikke merke med alle småpausene Fernand innvilget seg, ei heller at han suttet på en mentolpastill hver gang han kom tilbake etter et toalettbesøk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er ingen vits i å lete i bokhyllene, Camille, hele menneskehetens makabre forestilling utspilles rett for øynene på deg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

To bilete av Caravaggio blir nemnde på side 102. Det første er Kortsvindlerne,

skriv bildebeskrivelse her

Men så trur eg at anten Lemaitre eller Camille har rota litt, for skildringane i boka rimer betre med eit liknande bilete av Georges de La Tour:

skriv bildebeskrivelse her

Det andre biletet som nemnast er David og Goliat. Her har Caravaggio laga minst tre versjonar. Eg klarer ikkje å avgjere kva for ein versjon Lemaitre har hatt i tankane, men eg tykte dette var det beste:

skriv bildebeskrivelse her

De to andre bileta er her og her.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mange referansar til maleri og andre kunstverk i denne boka, Her er nokre:

Saturn et sønene sine, af Francisco Goya
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er umogleg å lese denne boka utan å sjå for seg Bør i Rolf Wesenlund sin tolking frå musikkspelfilmen frå 1974. Og dermed er det uråd å unngå å kome i godt humør. Eg trur nok fort at denne mentale koblinga kan ha bidratt til minst eit halvt auge ekstra på terningen.

I denne stutte romanen raljerer Falkberget over sjølvhøgtidlege oppkomlingar, det var sikkert ein del av dei rundt 1920 også. Ein møter unge Bør Børson jr. medan han er på veg heim frå Trondheim, orsak, Trondhjem for å åpne landhandel på faren sin gard i Olderdalen. Junior har plukka opp mykje i byen, både språk og fakter, og legg planar for å slå seg fram i verda. Så kan det også hende at verda finn på å slå attende.

Det er litt av nokre sprell lesaren får vere med på, både innanfor bygda sine ramer, i det meir urbane sosietetslivet samt i pengespekulasjonar. Bør jr. er ein forfengelig jålebukk og opptatt av pengar og makt, men på botnen er han likevel godhjarta. Godhjarta var nok Falkberget også, som skreiv han ut av den eine knipa etter den andre og sørga for at alt ordnar seg til slutt.

Eg gjeng ut frå at «Feelgood-roman» er eit omgrep som er nyare enn Falkberget sin forfattarskap, men denne boka kan kanskje passe i kategorien? Eg kjende meg i allefall både glad og nøgd medan eg las, og etterpå også. Så dersom nokon treng å muntre seg opp litt nokre kveldstimar, så er det berre å finne fram denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

LilleviTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyKirsten LundHilde Merete GjessingPiippokattaJulie StensethTralteEivind  VaksvikTanteMamieMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtHarald KDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaPirelliHilde H HelsethTurid Kjendlie