Bjørn Beltø er i aksjon igjen. Medan han i tidlegare bøker gjerne har reist vidt omkring for å oppklare diverse mysterier så er han denne gangen i meir heimlege omgjevnadar. Egeland har dikta opp eit dalføre i grensetraktene mellom Agder og Telemark, Juvdal, og det er ein stad Beltø av og til har søkt til i dei tidlegare bøkene for å finne ro. Men denne gangen har han blitt kalla inn til Juvdal som eksperthjelp i ei drapsetterforsking. Og for å kome til botnen i dette, må han også nøste opp i eldre drapshistorier, ei frå 1963 og ei frå 1708.

Sentralt i forteljinga, som subtilt antyda i tittelen på boka, er ei mystisk maske som viser seg å ha stor antikvarisk verdi. Maska kom til bygda i 1708 med ein tilreisande tyskar som heldt folkemøter i bygda med tema som ikkje var heilt etter kyrkja sin smak. Spelte djevelmaska også ei rolle i dødfalla frå 1963 og frå 2015?

Som vanleg er dette ei spanande og lettlest bok. Eg liker godt Beltø, og tykkjer det er artig med historier som involverer arkeologiske eller andre historiske mysterier. Likevel når ikkje boka heilt opp i toppsjiktet i denne bokserien, det var heller meir på det jevne. God underhodning, men ikkje så mykje meir enn det. Ser fram til neste bok i serien, Lasaruseffekten, den har vel vært i handelen såpass lenge no at det snart bør vere råd å finne den til sterkt nedsatt pris ein eller annan stad.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Apropos, så ser eg i VG i dag at Egeland kjem med ny Beltø-bok denne veka, og at dette truleg blir den siste. Tom for idear, seier forfattaren. Det var dumt. Eg får glede meg til dei to eg har uteståande, og så får ein vone at idetørken tek slutt ein eller annan gang.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob Sæthre