Dracula av Bram Stoker. Frå 1897, og er vel den boka alle dei nyare vampyrbøkene og -seriane bygger på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Flott!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Akkurat ferdig med boka, og kan oppsummera med at det er ei velskriven bok med ei elegant blanding av fakta og fiksjon. Ei forteljing som inneheld store spørsmål og overraskande svar.

No er det på tide å "rydde opp", dvs. å gje karakter og å setja boka i rett hylle her inne. Men det er vanskeleg. Førebels har eg sett boka i hylla for "Norske romanar". Ser at ho vert presentert som ei krimbok, men det er ho slett ikkje, etter mi meining. Eg nøler også med å setja ho i spenning/thriller-hylla, sjølv om ein kunne ane noko Carl Hamilton-aktig til tider.

Terningkast 5

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Svensk kvalitetskrim! Fortener fleire lesarar!

Samd i at Ivar Nergaard er ein glimrande opplesar, han gjer denne boka til ei sjelden god leseoppleving.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er i Basilica di Santa Croce di Firenze, ved Michelangelo sitt gravmonument, i 2012.

Nostradamus testemente - Tom Egeland

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er litt unaturleg å omtala ei bok før ein har lese ho ut, men likevel...:

I skrivande stund har eg lese omlag halve boka (290 sider av totalt 600), og det er eit imponerande stykke arbeid Tom Egeland har nedlagt her.

Dette er ikkje ei bok du tek med på senga. For det fyrste er ho altfor tjukk og tung til det, og for det andre krev boka at du er heilt vaken når du les. Her er massevis av informasjon; namn på personar og stader, merkelege kodar, gamle manuskript og mystiske spådommar, hendingar på ulike stader og til ulike tider, samt mord og drap og kidnapping. Verkeleg ei bok for vidarekomne, på ein måte. På den andre sida er Egeland ein så dyktig historieforteljar at boka likevel er lettlest.

Dette er den fjerde boka med arkeologen Bjørn Beltø som hovudperson. (Dei andre er Sirkelens ende, Paktens voktere og Lucifers evangelium). Beltø er både helt og antihelt; ein fin og sær type.

Boka er "Da Vinci-koden"-aktig, men eg har meir sans for Tom Egeland enn Dan Brown!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Historien er full av sånne som meg. Som ikke riktig passer inn. I middelalderen ble vi brent på bålet. I våre dager får vi blå piller som vi svelger med vann og selvforakt.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

God natt, elskede av Fredrik Skagen. Lettlest krim med handling frå Trondheim.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig. Snøstorm og mandelduft var ei svak bok. Men Englemakersken held eit godt og velkjent Läckberg-nivå. Spennande og fascinerande med fleire historiar som vert nøsta opp til slutt. Lettlest. Terningkast fem.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Original historie, der fortida til hovudpersonen vert avdekka litt etter litt. Likevel - ikkje så spennande som forventa. Handlinga går litt tregt til tider.

Høyrde boka som lydbok, og Nina Woxholt gjer ein grei jobb som opplesar. Landar på terningkast fem, - men ein svak femmar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Slett ikkje verst. Lettlest og grei og ganske så spennande historie med handling frå Grenland. Bok nummer to der NRK-journalist Mette Minde er hovudperson. Vurderte ei stund å gi boka terningkast fem, men det er ikkje alt i handlinga som "heng på greip", - så konklusjonen vert ein firar.

Merete Junker føl elles ein fin tradisjon med bokstavrim-namn på krimhelten sin; frå før kjenner me t.d. Varg Veum, Orla Os, Bjørn Beltø, Aron Ask, Morten Martens og Harry Hole.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mor mi har fortalt at eg lærde bokstavane svært tidleg, då eg var to år. Likevel gjekk det lang tid før eg knekte lesekoden; eg var nok nærare seks år før eg byrja å setje saman bokstavane til ord.

Den fyrste boka eg las var Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren, det var nok medan eg gjekk i 1. klasse. Og faktisk - over 30 år seinare var denne Pippi-boka den første boka mi eiga dotter las på eiga hand.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I påsken er det kun krim. Slik har det vore heilt sidan 70-talet då eg "fann" John Dickson Carr og Agatha Christie.

Men sjølvsagt vert det ikkje så mykje lesing som ein håpar og trur når ein har fri. Krimnoveller er greie å lese innimellom, så eg kjøpte dei to pocketutgåvene Påskekrim 2012 og Årets påskekrim 2012. Her er mykje "snadder", men begge bøkene er halvleste og ligg igjen på hytta. Det kan vera greitt å ha litt lesestoff der seinare også.

Elles har eg lese Fantomsmerte av Thomas Enger. Vart litt skuffa over den, sidan Skinndød av same forfattar var så bra.

Har dessutan starta på ein for meg "ny" forfattar; Merete Junker og hennar debutkrim Jenta med ballongen. Grei og lettlest bok. Junkers Tvillingen ligg no på vent.

Sist, men ikkje minst, fekk eg starta opp med Liljer fra Jerusalem av Gert Nygaardshaug i påsken. Bøkene om Fredric Drum og Skarphedin Olsen er varierande på så mange måtar, så denne kan eg ikkje uttale meg om før ho er utlest.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Natthagen er bra, slik alle krimbøkene til Faldbakken er. Jonfinn Valmann er ein fin type og ein "truverdig" krimhelt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Natthagen av Knut Faldbakken ligg på nattbordet, og Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda ligg i mp3-spelaren. Det vert nok ei fin helg på alle måtar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bok nummer fire i serien om Avdeling Q er ei spennande bok med fleire ulike historiar, og dei fleste trådane vert samla saman på ein snedig måte til slutt.

Jussi Adler-Olsen sine bøker om Carl Mørk & co er fulle av spenning, alvor og humor. Anbefalast.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Enig. Har aldri brukt lengre tid på ei krimbok. Denne vart altfor lang, altfor kjedeleg, altfor omstendeleg. Kjem neppe til å lesa meir GW Persson.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har lese alle desse bøkene, med unnatak av Coben og Clark.

Hypnotisøren var utan tvil den som gjorde mest inntrykk, fordi den var så sterk, så spennande og så annleis.

Johan Theorin sine bøker frå Øland er også leseverdige, og Nattefokk er kanskje den beste så langt i serien.

Varsleren av Karin Fossum er knallbra, og er bok nummer ti i serien om Konrad Sejer.

God lesnad!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte Olav Audunssøn-bøkene betre enn dei meir kjende Kristin Lavransdatter-bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enig. Boka anbefalast.

Nok ein gong har Jørgen Brekke lukkast med å skrive ei spennande krimbok med historisk touch. Terningkast 5.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

St. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda Rasten