Andre Bjerke var ein god poet og ein fantastisk ordkunstnar.
Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.
- Kolbein Falkeid
Eg vil gjerne slå eit slag for dei gode gamle barnebokforfattarane. Takka vere desse "fire store" vart eg glad i bøker og glad i å lesa:
Ups, eg har visst posta det same som deg. (Men eg har tatt med tittel og forfattar)
Du var en djevel til å kysse! Men jeg avskyr deg! For nå vet jeg at det ikke bare var meg, men mange. Jeg kjenner meg iskald, som om jeg råtner opp innenfra. Jeg ønsker deg alt vondt!
Les Djevelkysset.
Unni Lindell viser litt av det uhyggelege frå starten av.
Vel - eg trur nok dette er eit tullespråk, - men ein kan syngja teksten til Gubba Noa-melodien. Eg lærte faktisk regla/sangen frå mine ungar då dei var små; dei lærte den i barnehagen.
Slike sangar lever sitt eige liv.
Enig. Artig tråd!
Atte katte noa
Atte katte noa
Emissa de missa dolla missa dei
Setra kolla missa ratro
Setra kolla missa ratro
Atte katte noa
Atte katte noa
Emissa de missa dolla missa dei
Eg er katten til Ivar Aasen.
Du kjenner meg truleg ikkje.
Eg gjer ikkje så mykje av meg.
Det hender at Ivar
gløymer å gje meg mjølk,
og når han dusjar
bruker han opp
alt det varme vatnet.
Men eg veit at det ikkje
er vondt meint.
Når Ivar sit inne og skriv
tar eg meg av alt det andre
som også må gjerast.
Det er kanskje ikkje så svært,
men eg tenkte no det skulle nemnast.
Ragnar Hovland
"Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville"
2012 er eit godt år så langt. Har faktisk vurdert alle bøkene eg har lese som er utgjevne dette året til terningkast 5:
Dersom eg skal prioritera mellom desse, held eg ein knapp på danske Adler-Olsen og den fjerde boka om Avdeling Q.
Same her. Føler det som eit nederlag å avbryte, men verda er full av andre bøker som fortener å bli lest. Heldigvis.
Var i utgangspunktet skeptisk til boka, og eg hadde definitivt ikkje kjøpt ho, - men kva har ein biblioteket til, om ein ikkje her skal prøve seg på ei bok ein er litt usikker på om ein likar? Og eg har absolutt sans for bøker fulle av mystikk, filosofi, religion osv., - men eg gav opp Gravlunden.
Kanskje eg gjer eit nytt forsøk ved eit seinare høve.
Eg fekk same tilbodet, betalte kun porto for Pixley Mapogo av Tore Renberg.
Dette høyrest rett koseleg ut. Ha det festleg folkens! :)
Slakt engasjerer! Bra!
Eg tykte boka var grei nok, men hadde forventa at ho var betre etter all rosande omtale frå ymse anmeldarar.
Det virkar for meg som om forfattaren her prøver å bygge opp spenning og uhygge som ikkje vert utløyst eller innfridd.
Interessant liste. Har lese 27 av bøkene.
Berre meg som har denne visst..!?
Ei bok eg plukka med meg frå ein Rimi-butikk i fjor. For meg var forfattaren ukjend, men omslagsteksten kunne tyda på at boka kunne vera ei grei reisebok. Dessutan pleier dansk krim å vera lesbart.
Boka vil eg karakterisera som ein femikrim. Ikkje feministisk, men meir i dameroman/"chick-litt"-klassen. Slett ikkje ei dårleg historie, men det vert litt mykje "damestoff". Hovudpersonen, ein kvinneleg journalist, kan minna om Marklund si Annika Bengtzon og Läckberg si Erika Falck. Eg tippar Egholm har henta inspirasjon frå desse.
Boka fungerer absolutt som reise- og sengelektyre, og eg ser ikkje vekk frå at det kan bli kjøpt fleire pocketbøker i denne serien.
Langfri for meg som er kommunetilsett òg..!
Inspirert av Nostradamus' testamente, som eg nett har lese ut, har eg starta på ei ny historisk/mystisk bok, nemleg Den hemmelige nattverden av Javier Sierra. Denne prisbelønte romanen (spansk tittel La Cena Secreta, eng. The Secret Supper) hamna i 2006 på Topp Ti-lista til The New York Times Best Seller list og er utgjeven i 42 land.
Elles er det nyare nordisk krim eg likar aller best, så eg les også (som lydbok) Dødens disippel av det svenske forfattarparet Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt. Sistnemnde var ein av manusforfattarane til den gode svensk/danske TV-serien Broen som gjekk på NRK tidlegare i år. Dette er bok nummer to i ein planlagd serie på fem, og desse bøkene er verkeleg svensk kvalitetskrim som eg kan anbefala på det sterkaste. Den fyrste boka har tittelen Mannen som ikke var morder.
På vent har eg - pussig nok - to "ild-bøker": Ildmannen av Torkild Damhaug og Ildvitnet av Lars Kepler. Gledar meg til å lesa begge.
Harry Potter-bøkene er glimrande. For barn.
Ildvitnet av Lars Kepler vart lasta ned som Mp3-fil i går. Kjøpt i nettbutikken til Ark.