Anbefalar Drømmenes land, De døde og Ravnene av Vidar Sundstøl. Desse tre bøkene, Minnesota-trilogien, er glimrande opplest av Ivar Nergaard.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I dag såg eg

I dag såg eg tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tro på nymånen.
Men det er vel den gamle.

- Olav H. Hauge

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har lest uvanleg mykje i løpet av det fyrste halvåret, og har fått mange gode leseopplevingar.

Desse tre bøkene har fått terningkast 6 av meg:
Ildvitnet - Lars Kepler
Flaskepost fra P - Jussi Adler-Olsen
Kompani Orheim - Tore Renberg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

1) Gir som regel terningkast, fordi det er litt morosamt å vera kritikar ;-)

2) Terningkasta er som regel kjenslestyrt, og baserer seg ofte på dei forventningane eg hadde til den aktuelle boka på førehand.

3) Eg gjer det enkelt:
Terningkast 1 - Irriterande dårleg
Terningkast 2 - Dårleg
Terningkast 3 - Bra
Terningkast 4 - God
Terningkast 5 - Svært god
Terningkast 6 - Fantastisk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ut frå boksamlinga di og ønskjet ditt om ein WOW-faktor, trur eg at Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón passar bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kristin Lavransdatter er eit godt forslag, og samstundes kan eg anbefala dei andre middelalderromanane til Sigrid Undset; Olav Audunssøn i Hestviken og Olav Audunssøn og hans barn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

eit dikt for dei unge

(skrive til minnedagen 22. juli 2012)

skyt meg i venstre arm, og eg skal kalle såret solidaritet
skyt meg i høgre arm, og eg skal kalle arret samhald
skyt meg i kjeven, og eg skal heve røysta mi
skyt meg i kneet, og eg skal reise meg igjen
skyt meg i hofta, og eg skal løpe raskare
skyt meg i auget, og eg skal sjå verda klarare
skyt meg i brystet, og eg skal jobbe mot all urett
skyt meg i øyret, og eg skal høre dei nye røystene synge
skyt meg i hjertet, og eg skal rope: vår kjærleik lever

Frode Grytten

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Elegant av Nesser, som vanleg. Dette var meir ei lang novelle enn ein roman. Lånte boka på biblioteket i ettermiddag, og er alt ferdig :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fordi eg liknar på Ava Gardner. Neida.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ikkje enig. Etter mi meining er denne serien frå Svalbard veldig bra.

I utgangspunktet var eg nok litt skeptisk då eg starta på den fyrste boka (Hollendergraven). Kjendisdame som prøver å skrive krim liksom? - Men både bok nummer ein og bok nummer to (Kullunge) viste seg å vera velskrivne og spennande. Dessutan er Kristensen veldig dyktig på miljøskildringane. Personskildringane hennar derimot, er kanskje litt vage og "flate".

I denne bok nummer tre, er det to parallelle historiar. Forfattaren lukkast absolutt best på historia frå fortida, dvs. handlingane som går føre seg under 2. verdskrig på Svalbard og Nord-Noreg. Handlinga i boka hoppar fram og tilbake i tid, og ein lyt ha tunga beint i munnen når ein les. I store delar av boka veit me heller ikkje heilt kven hovudpersonen er.

Tittelen på boka, Operasjon Fritham, viser til ein militæroperasjon som gjekk føre seg i 1942. På førehand visste eg ingenting om Svalbard i krigsåra, så boka var absolutt interessant.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ah, takk for tips. Eg (som egentleg er pysete og ikkje tåler synet av blod) tykkjer òg at engelske mordsaker er interessant.

Må i samband med det anbefala boka "Seks skudd ved stengetid og andre mord" av Richard Herrmann. Her presenterer forfattaren mange av dei mest kjende mordsakene frå England dei siste 100 åra.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jussi Adler Olsen passar bra som ferie-/reiselektyre. Bør lesast kronologisk.

God lesnad og god tur! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kanskje det. Tida vil vise, eg er open for det meste.

Eg vart (via Bente) merksam på at "Tatt av vinden" står på lista over Pulitzerpris-vinnarar, og difor lyt eg ta tilbake ein del av det eg skreiv. For den boka har eg lese, fleire gonger, og det er også ei av favorittbøkene mine.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Åååå jaaaa, sto "Tatt av vinden" der?! Då har eg faktisk lese ei av bøkene eg òg. Jfr. innlegg lenger ned i tråden, der eg er ein smule avvisande til denne lista..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje lese ei einaste ei av desse bøkene. Ikkje fristar det heller.

Eg er for enkel og folkeleg, trur eg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ser det er blitt maaaange trådar om denne boka, det tyder på engasjement og begeistring, - og det er jo bra.

Enig i at denne boka var fantastisk spennande. Verkeleg ein sidevendar, umuleg å leggja frå seg.

Den parallelle historien om Joona og familien hans som går som ein raud (side)tråd i bøkene, gjev lesaren det "lille ekstra".

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er frå diktsamlinga "Dropar i austavind", utgjeve i 1966.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Seint om kvelden, gjerne med kaffi og sjokolade til.. :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ha-ha! Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På bokelskere.no kan folk velja om dei vil vera anonyme eller ikkje. Det er fint.

Eg liknar på ingen måte på Ava Gardner, - eg brukar dette filmstjernebiletet på profilen min for å vera litt humoristisk og ironisk. Fordi eg ønskjer å vera anonym på nettstaden, brukar eg eit "symbolsk" ansikt i staden for å ha profil utan bilete. Det er mitt val.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg Marit TinholtKirsten LundSolPiippokattaNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik Røkkum