Verkeleg godt sagt.
I den travle småbarnsperioden er det viktig å prioritera høgtlesing for dei små.
Kjære deg, gjer det du sjølv meiner er fornuftig. Ikkje høyr på andre. Bøker er ikkje levande. Dårlege bøker som verken du eller andre bryr seg om, høyrer heime på avfallsplassen.
Eg har det på same måte. Norske klassikarar orkar eg ikkje, - men med eitt unnatak: Sigrid Undset.
Tvangslesinga i skuletida gjorde også at eg i mange år avskydde poesi. Først no i godt vaksen alder er eg blitt glad i dikt.
Bokelskere.no er best!
Dei fleste bok- og litteraturinteresserte hentar inspirasjon og boktips frå ymse nettstader. Det kan vera bokbloggar, forlaga sine nettsider, eller dei mange bokhandlarane og bokklubbane sine nettsider. Eg ser på brabok.no som eit supplement her.
Sjølv har eg mest sans for vanlege folk sine bloggar, - samt bokelskere.no, sjølvsagt.
Sikkert 30 år sidan eg las desse bøkene, men eg hugsar enno avslutningane...
Eg er myyyykje eldre enn målgruppa for bøkene, men sidan eg er interessert i "slikt som ungdommen lika", fann eg ut at eg måtte teste ut denne serien. Og eg vart positivt overraska. Bøkene er spennande, dramatiske og tankevekkjande. Les omtale.
Denne helga les eg Av jord er du kommet av Chris Tvedt. Den er verkeleg bra. Dessutan les eg Skyggene og regnet av Håkan Nesser. Den sistnemnde boka les eg heilt saaakte, fordi eg kosar meg så med språket og den underfundige humoren.
Dersom eg blir ferdig med ein av desse bøkene i løpet av helga, skal eg ta til på Fugl Føniks, den siste i Dødslekene-trilogien av Suzanne Collins.
Rommet mitt var på størrelse med en gjennomsnittlig familiegrav.
Er dette et menneske? tenker jeg når jeg betrakter ham. Er dette Gud bilde?
Han raper og klager på TV-programmene.
Han raper og klager på kommunen.
Han raper og klager på været.
Han raper og sier ingenting.
Rune har hatt problemer med magen et par år, sier Maria.
Leger er noe dritt, sier Rune.
Kjære søster, tenker jeg. Hva har du gjort med livet ditt?
Fintling var god i kristendom og kunne spille orgel så det hørtes i fire klasserom samtidig.
Èn salme om morgenen og èn etter spisefriminuttet var den nye oppskriften. Sang vi for dårlig, måtte vi synge om igjen.
Fire bønner om dagen. Fader vår like etter morgensalmen. Kjære Gud velsigne maten amen før lunsj og Takk kjære Gud for maten amen etter.
Og så velsignelsen før vi slapp ut om ettermiddagen.
Dei fyrste dagane, då endringane var heilt ferske, var det utruleg mange negative kommentarar til den nye nettsida. Så ja; eg står ved karakteristikken.
Det er to måtar ei bok blir oppskrytt på. Den eine er at "alle" les og likar ho. Den andre er at "dei profesjonelle" kritikarane skryter. Av og til blir ei bok oppskrytt på begge måtar; då blir eg spesielt skeptisk og får ikkje lyst til å lese boka. Det er sjølvsagt litt barnsleg å tenkja slik. Når det gjeld dei tre bøkene eg nemner, var dei oppskrytte av både den eine og den andre, - og då dei ikkje svara til mine forventningar, vart det ein nedtur.
Hundvåko, Hangur og Skriulaupen.
Underlige navn vi har i dette landet vårt,
liksom hogd ut av berget, rett og slett,
eller skåret ut av gamle trestubber.
Men de svarer liksom ikke lenger til noe.
Vil kanskje ikke kjennes ved oss,
og ikke vi ved dem. Ikke motellene. Ikke bensinstasjonene,
og det vi snakker om eller tenker på.
Framrusthovdi, Uppnostindann', Tindulvstølane.
Det må ha bodd noen her før
som var mere kjente her enn vi er blitt,
og tok ordene rett ut av fjellveggen
og hogde dem til for oss som runer.
Holder det?
- Rolf Jacobsen
..........................
Mange andre fine fjelldikt i bloggen Ord om fjell
Litteraturvitarar har sikkert eit ord/uttrykk for slikt pinleg språk. Eg har ikkje lese den nemnde boka (enno), men etter dei døma Hilda nemner, virkar det som om forfattaren brukar det eg kallar jåleri-skildringar. Og ja, eg er heilt enig - det er berre irriterande og dumt.
Tvangslesinga på skulen er tragisk. I mi tid på ungdomsskulen, for omlag hundre år sidan, MÅTTE me lesa Juvikfolke av Olav Duun. Kan det tenkjast noko verre?
Halvbroren har fått mykje skryt, ja. Velfortent ifølge mange, uforståeleg for andre.
Ikkje eg heller ;-)
Haha! Dette kan bli ein artig tråd!
Med fare for å trakke på mange ømme tær:
Dei verste bøkene eg har lest (dvs. starta opp med, for eg orka ikkje å lese dei ut) er desse:
Halvbroren av Lars Saabye Christensen
Sofies verden av Jostein Gaarder
Forføreren av Jan Kjærstad
Eg hatar oppskrytte bøker!
spør ingen ikke noen
suser i stål i ljåen
spjærer åpen himmel
ingen er trygg på engen
skjærer høsten uten blund
uten hvile: blind & stum
snart der så her som lyn
røver øyenstenen din
tyven tyven
finnes ei den bot som bøter
sønderslitte hjerter
ei pardon sparer ingen
hugger ned alle som en
tyven tyven
alle er vi like
for ljåen
hadde han sjel var den en skjæres
røver de som skinner mest
tyven tyven
tyven tyven
røvet øyenstenen
smyger i skyggen
bare vi er igjen
tyven tyven
tok det han fant
alt har vi gjemt
blir aldri glemt
- Kjartan Kristiansen
Sjå og høyr DumDum Boys-medlemene fortelja om bakgrunnen for sangen «Tyven, Tyven»
"Minnie" var i innboksen min òg. Har aldri fått slike meldingar her før.