Oi, no såg eg at du akkurat har lagt inn det same sitatet som eg la inn.

Me har nok tenkt same tanken, samtidig.
Eg slettar mitt sitat.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for komplimentet :-)
Det pussige er at boka faktisk er lettlest. Det er i ettertid, når ein skal tenkja over kva ein har lese, at det vert litt komplisert. Egentleg er det best å lena seg tilbake og nyta boka, og ta inn over seg at Nesser snur opp/ned og bak/fram på forteljarrolla.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er ei bok som må fordøyast og tenkjast gjennom. Helst bør ho vel lesast eit par gonger. På den måten kan ein få med seg detaljar som virkar uvesentlege ved fyrste gongs lesing, men som - når boka er utlesen - visar seg å vera viktige for handlinga og opplevinga.

For ei stor leseoppleving er det. Håkan Nesser er ein fantastisk forteljar. Dessutan er han modig som torer å skriva noko så spesielt som denne romanen. Boka er ein metaroman, dvs. ei bok om ei bok. Men ho er også ei bok om ei bok som kommenterer korleis boka vert til - på ein måte. Og då tek det til å bli innfløkt, - det gjeld å halda konsentrasjonen oppe. Midt inne i boka byrjar ein dessutan å lure på kva som er verkeleg og kva som er "verkeleg". Men trass i dei heller avanserte handlingane og den spesielle og kompliserte strukturen, er boka lesverdig, spennande og underhaldande.

Å referere handlinga i ein slik roman er vanskeleg, fordi det er så mange som fortel og så mange lag i boka. Forfattaren sitt mantra i boka er "Fortellingen styrer fortelleren", men kven er egentleg forfattaren?

Det meste av handlinga skjer i London. Den steinrike, aldrande og dødssjuke Leonard Vermin reiser til denne byen for å feira 70-årsdagen sin. Hit kjem også sambuar Maud og dei vaksne borna hennar, den nevrotiske Irina og den umodne Gregorius. Dessutan har Leonard invitert ein heilt ukjend person frå New York; rekneskapsføraren Milos, med røter frå Tsjekkoslovakia.

Den unge Leonard møter lesaren via "Den gule notatboken", - her får me ei fin og gripande historie om Leonard sitt forhold til den mystiske Carla. Her er me òg i London, på slutten av 60- og byrjinga av 70-talet, under "den kalde krigen". Leonard vert gjennom Carla involvert i eit spion-nettverk, men han anar ikkje kva "side" han jobbar for. Opplevingane her pregar han, forstår me etter kvart, resten av livet.

Det er altså fleire forteljarstemmer i romanen. Eit godt stykke inne i boka dukkar det opp ein ny forteljar/forfattar, ein Lars Gustav Selén fra byen K- i Sverige, som i ungdommen tapte hjartet sitt til ei jente som (også) heitte Carla. Nesser briljerer i denne delen av boka, ei fantastisk oppvekstskildring frå 40- og 50-talets Sverige.

Eg hadde store forventningar til boka, og må sei at dei vart innfridde. Ingen skriv så ironisk-elegant som Håkan Nesser. Eg kjem heilt sikkert til å høyre boka igjen ved eit seinare høve. Då skal eg skaffe meg ei papirbok i tillegg, slik at eg bla litt att og fram medan eg les. Å lytta til boka var, sidan ho var så spesielt oppbygd, litt krevjande. Men Anders Ribu er ein svært flink opplesar.

Himmel over London byr på ei fantastisk kjærleikshistorie, ei spennande spionhistorie, glimrande personskildringar og er elles ei beretning om livet og døden. Rett og slett.


Terningkast? Førebels ein femmar. Ofte må eg justere karakterfastsetjinga etter at det har gått ei tid. Somme bøker er så gode at eg vert gåande og tenkja på dei, - og terningkastet må endrast etter ei nøyare vurdering. Og dette er som sagt ei bok som må fordøyast litt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dersom du er ute etter ei spennande bok med mørk stemning, samt har sans for det overnaturlege, er dette boka for deg.

Jeg vet hvem du er vert marknadsført som ei krimbok, men det er ho ikkje. Dette er ein grøssar/thriller, - og som skapt for å bli filmatisert. Noko som òg skal gjerast, om eg forstår rett.

Boka er godt oppbygd. Handlinga vekslar mellom to historiar som ikkje ser ut til å ha noko med kvarandre å gjera, - men som lesar skjønnar du at det er ein samanheng mellom dei.

I den eine historia som vert fortald, møter me tre unge menneske som har skaffa seg eit gammalt hus i ei fråflytta grend heilt nord på Island. På Hesteyri, ein plass utan veg og utan straum, skal dei setja i stand huset slik at det kan verta gjestgiveri. Men huset er ikkje som forventa, for å sei det slik. Her er knirking, skuggar, gravkrossar, ond barnelatter... og mobilar som plutseleg er utlada. Det vert ei klaustrofobisk og etter kvart marerittaktig stemning.

I parallellhistoria føl me psykiateren og profileraren Freyr, som via eit oppdrag kjem på sporet av sonen sin som forsvann sporlaust for tre år sidan. Saman med etterforskar Dagny finn Freyr merkelege band mellom denne forsvinninga og ein annan gut som vart vekke for seksti år sidan.

I annakvart kapittel handlar det om hendingane i det øde Hesteyri og i "sivilisasjonen" der Freyr held til. Forfattaren har lagt ein cliffhanger i slutten av kvart kapittel, på den måten vert boka ein pageturner.

Forventningane eg hadde om ei spennande krimbok, vart ikkje innfridde. Som sagt vert boka marknadsført som krim, og fyrste halvpart av boka gjekk unna i ein fei for denne lesaren. Men så - då det gjekk opp for meg at boka handlar om spøkelsar og heimsøkte hus og andre uforklarlege ting, måtte eg stoppa opp litt. Eg vart faktisk irritert, fordi eg som regel vil ha ei rasjonell forklaring på hendingane i ei bok. Men - siste halvdel av boka vart òg - litt motvillig - lese, fordi eg ville sjå korleis forfattaren drog det heile i land. Og slutten er "grei nok", sjølv om ikkje alle trådar vert nøsta opp i.

Jeg vet hvem du er har ei gjennomført mørk stemning og spelar på kjende grøssarelement. Eg hadde likevel ikkje problem med søvnen då eg las boka på senga. Men det er vel fordi eg ikkje trur på spøkelsar.

Eit anna irriterande/irrasjonellt moment i boka: Dersom ein skal reisa til ein plass utan straum for å rehabilitera eit hus, ville det vel vera naturleg å ta med eit straumaggregat? Og rikeleg med stearinlys?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viss bøkene blir utan elefantar

Då blir det trist å lese.
I ei skikkeleg bok er det alltid
minst ein elefant.
Sjølv om ingen oppdagar den.

Om elefanten ikkje viser seg
utanpå boka eller i første kapitlet
er ikkje så farleg.
Du forstår nok det er fordi
han unngår sånne stader.
Han likar å vere i fred
med tankane sine.
Derfor held han seg også
unna dei siste ti - femten sidene.
Det plar ofte vere så mykje bråk der
ei bok held på og skal slutte

Men djupt inne
i boka,
dit elefantjegerane ikkje finn vegen
dit berre ein
og annan
sniklesar kjem,
der

kjem han stundom til syne
når du står lenge
heilt roleg.

Og ser du ingenting
kjenner du likevel på deg
at inne i tjukna
like roleg som du
står elefanten
og følgjer deg med dei små augo sine
Ser ikkje du elefanten
ser elefanten deg.

I dei bøkene
der elefantlesarane reikar.

- Einar Økland

Godt sagt! (5) Varsle Svar

To himmelske bøker på tapetet. Himmel over London av Håkan Nesser som lydbok og Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon som papirbok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg ha lydar rundt meg, likar ikkje å ha det stille, - heller ikkje når eg les. Er vant til at mine familiemedlemer lagar masse lyd. Dersom eg ein sjelden gong er åleine heime, slår eg på både radio og TV - og slenger meg i godstolen med ei bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg vet hvem du er av Yrsa Sigurdardóttir ligg på nattbordet. Ifølge omtalane skal denne vera grøssande og spennande, og det passar meg fint.
Har nettopp lytta ferdig Gutten i kofferten av Kaaberbøl & Friis, OK dansk krim. Den neste lydboka no vert den nye Håkan Nesser-boka Himmel over London, som eg har store forventningar til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har heller ikkje lese Stolthet og fordom, slikt gammalt romantisk drama fristar ikkje. Derimot har eg lese dei aller fleste av P.D. James sine krimromanar, samt sett fleire av TV-filmane basert på bøkene hennar. Sidan eg er ein stor P.D. James-fan, var forventningane ganske store til denne boka, men eg vart skuffa. Handlinga er for omstendeleg, plottet er tynt, og det er lite spenning.

Når ein er blitt såpass vaksen som P.D. James er, må ho få lov til å skriva akkurat det ho vil. Men dessverre; dette var kjedeleg.

Dessutan er boka prega av dårleg språk og elendig korrekturlesing. Det siste er forlaget sitt ansvar, her virkar det som om det har vore hastverk med å få gje ut boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg går ut med søppelposen

Eg går ut med søppelposen i handa
Utelyset er slått av og stjernehimmelen

er mørk som dyrepels og stjernene
skin så sterkt at eg stoppar opp

Heile livet mitt har eg samla vinterkveldar
i denne kvite kroppen

Nå har eg kome fram til i kveld
og står her med søppel i neven

og stjernene sin vedunderlege familie
over hovudet

- Helge Torvund

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Det går fortsatt i Døden kommer til Pemberley her, er kommen til side 208. Og eg må sei at det no er på tide at boka blir spennande! Hittil har eg kjeda meg litt, men kanskje det blir ei flott avslutning?
Høyrer dessutan på lydbok; Skygge av Karin Alvtegen. Bra bok, men opplesaren er vel teatralsk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er bok nummer tre i retrokrim-serien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen - K2 - og den hemmelege assistenten hans, Patricia Louise I. E. Borchman. I dei to fyrste, Menneskefluene og Satelittmenneskene, handla det om "lukka rom". I Katalysator-mordet er me i eit meir "ope landskap". Boka er mørkare og har meir action enn dei føregåande. Handlinga går føre seg i Oslo og i Valdres i 1970. Her er eit visst historisk sus; både statsminister Per Borten, partiformann Trygve Bratteli og etterretningssjef Asbjørn Bryn dukkar opp som bipersonar, - lett namnekamuflerte, men gjenkjennelege.

Boka startar dramatisk med at K2 vert vitne til at ei ung kvinne desperat kjempar for å nå trikken. Neste dag blir ho funnen skoten og drepen, midt i trikkesporet. Det syner seg at denne hendinga heng saman med ei forsvinning i Valdres to år tidlegare. Etter kvart handlar det om både venstreradikale og nazistiske grupper, etterretnings-tenester og terrortruslar.

Hans Olav Lahlum har skapt sin eigen stil. For å understreka tida det handlar om, brukar han eit konservativt og stivt språk. Språket er snirklete og dialogane formelle, - det vert såleis unaturleg og lett komisk. Rett nok er det ei stund sidan 1970, men folk snakka då ikkje slik den gongen? Både K2 og Patricia er lite truverdige personar for meg, det same gjeld forholdet mellom dei.

Likevel - det er underhaldande og nyttig å lesa at politietterforsking før i tida skjedde utan hjelp av epost, mobiltelefonar og internett.
Terningkast 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Oi, er det helg no igjen?!
Eg les framleis Døden kommer til Pemberley, - det går litt tregt med meg og baronessa. I tillegg lyttar eg til Hud av Mo Hayder.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mo Hayder - Hud - digikort lånt på biblioteket. Ei ekkel og spennande bok.
Trond Peter Stamsø Munch er opplesar med passe stor innleving.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heart of Gold

I want to live,
I want to give
I've been a miner
for a heart of gold.
It's these expressions
I never give
That keep me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.
Keeps me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.

I've been to Hollywood
I've been to Redwood
I crossed the ocean
for a heart of gold

I've been in my mind,
it's such a fine line
That keeps me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.
Keeps me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.

Keep me searching
for a heart of gold
You keep me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.
I've been a miner
for a heart of gold.

- Neil Young

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har kjøpt bøker på Ordflyt, det funkar fint. Ordflyt-app'en er kjekk, det er praktisk å høyre lydbok på mobilen.

Sjølve bokkjøpet må gjerast via Ordflyt-programmet på PC/Mac'en. Boka du kjøper dukkar deretter opp i app'en, lastast ned medan mobilen er tilkobla eit trådlaust nettverk, slik at du då kan lytta i fråkobla modus. Alle gratisbøkene på Ordflyt får du òg tilgang til.

Alt er enkelt forklart på spørsmål og svar-sida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Menyen var god, men det vart "for mykje" friluftsliv og sosialt samkvem denne helga. No er det alt søndag kveld, og eg har berre lese 6 sider i papirboka (Pemberley) og ikkje høyrt eit einaste sekund av lydboka (Katalysatormordet).

Og det gjer ingenting. Bøkene ventar alltid på lesaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Døden kommer til Pemberley av P.D. James og Katalysatormordet av Hans Olav Lahlum vert "med meg" denne helga.

God helg til alle :-))

Godt sagt! (1) Varsle Svar

”Skyggerom” er ei bra krimbok. Eg ser fram til fleire framtidige romanar med Anton Brekke i hovudrolla.

Jan-Erik Fjell vart tildelt Bokhandlerprisen for debutboka Tysteren som kom i 2010, – og no er oppfølgjaren her. Etter mitt syn er denne boka mykje betre enn debutboka. No kan Fjell nesten nemnast i same andedrag som Nesbø og Horst. Boka er spennande frå starten av, og dei 500 sidene går unna i ein fei. Du forstår frå starten av at noko ligg og ulmar. Noko mørkt, noko feil, - slik at du liksom må skunde deg å lese vidare.

I ”Skyggerom” vert kriminaletterforskar Anton Brekke dregen inn i ei sak der oppklaringa av eit drap i Østfold har samanheng med internasjonal kriminalitet. Det handlar om kynisk menneskesmugling, groteske overgrep og drap på uskuldige. Ein litauer skal levere ei last for den russiske mafiaen i Noreg, - og noko går gale. Ein lærar, som syner seg å vera kontaktmann for litaueren, vert brutalt drepen. Ein seksåring, autist og sjakkgeni, er eit viktig vitne. Ein narkoman millionær og ein geskjeftig psykolog vert etter kvart sett i søkelyset.

Anton Brekke frå Kripos vert sett på ei drapssak, saman med Magnus Torp, politistudenten han (og me) vart kjend med i ”Tysteren”, samt ein annan litt sliten politimann, Ole Kval. Dette vesle teamet skal så ta seg av saka som viser seg å ha fleire forgreiningar, m.a. til utlandet, der dei mektige og farlege bakmennene rår.

Eg tykte ikkje noko særleg om hovudpersonen Brekke i den fyrste boka, men i oppfølgjaren er han blitt meir ”levande”. Han vert framstilt som ein tørrvittig og halvgretten person, ikkje heilt ulik Jussi Adler-Olsen sin hovudperson Carl Mørck i bøkene om Avdeling Q. Brekke har sine eigne ”demonar”, pokerspeling og eks-kona sitt nye forhold med ein ny mann opptek han nesten like mykje som drapsetterforskinga. Fleire av bipersonane i boka vert litt "vage" og lite truverdige for meg, men forteljinga er likevel truverdig.

Boka byr på fleire parallelle historiar, slik som ein god krim skal. På ein litt innfløkt og overraskande måte vert trådane nøsta opp til slutt.

Konklusjon: Ein svak femmar på terningen. Fjell har stadig litt å gå på, men for all del; boka anbefalast.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gutta

snøen som falt ifjor
er ikke lenger hva den var
juletrærne når ikke til taket
og alle pakkene er bløte
det er tredje dag
og alle kakene er allerede tørre
jeg rydder i korker og papir
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Pål som stod i gål
og redda på streken
hvor er Nils som drakk pils
med sugerør og hadde teken
hvor er Jonny som sang money
med hockeykølla som mikk
hvor er Joker som spilte poker
og alltid tok siste stikk
hvor er Tobben som fikk jobben
som sjokoladetrekk på Ringen
hvor er Kaj som sjekka Mai
og hoppa av i svingen
når var det egentlig at båndene ble kutta
hvor er det blitt av alle gutta

våren er akutt
og sommeren er en lengre lidelse
det er høl i bademadrassene
morellene er sure
vannet er for kaldt
og gatene for ensomme
det er ikke lenger gøy på landet
kleggen blir større og større
det er for mye sand på strendene
og filmene er gørre
snart er det første skoledag igjen
jeg har rydda i pennalet
og pakket ranselen
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
hvor var det det butta
hvor var det egentlig det butta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Jens som slo lens
og tryna i hekken
hvor er Max som fiska laks
i Gaustadbekken
hvor er Jo som hadde sko
med femtiøring og jernbeslag
hvor er Lathans som sovna sankthans
og våkna tredje juledag
hvor er Elling som tok telling
da han stupte fra tiern
hvor er Finn som drakk gin
og sneik seg inn på niern
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

gutta sover nå
gutta sover nå
med lyset på

- Lars Saabye Christensen

Saabye Christensen les diktet for lakk og lær-folket i San Francisco:
http://www.dagbladet.no/2012/09/24/kultur/litteratur/ler/pisk/poesi/23555330/

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Marianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KPiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundLars Mæhlum