Dette er ei bok som må fordøyast og tenkjast gjennom. Helst bør ho vel lesast eit par gonger. På den måten kan ein få med seg detaljar som virkar uvesentlege ved fyrste gongs lesing, men som - når boka er utlesen - visar seg å vera viktige for handlinga og opplevinga.

For ei stor leseoppleving er det. Håkan Nesser er ein fantastisk forteljar. Dessutan er han modig som torer å skriva noko så spesielt som denne romanen. Boka er ein metaroman, dvs. ei bok om ei bok. Men ho er også ei bok om ei bok som kommenterer korleis boka vert til - på ein måte. Og då tek det til å bli innfløkt, - det gjeld å halda konsentrasjonen oppe. Midt inne i boka byrjar ein dessutan å lure på kva som er verkeleg og kva som er "verkeleg". Men trass i dei heller avanserte handlingane og den spesielle og kompliserte strukturen, er boka lesverdig, spennande og underhaldande.

Å referere handlinga i ein slik roman er vanskeleg, fordi det er så mange som fortel og så mange lag i boka. Forfattaren sitt mantra i boka er "Fortellingen styrer fortelleren", men kven er egentleg forfattaren?

Det meste av handlinga skjer i London. Den steinrike, aldrande og dødssjuke Leonard Vermin reiser til denne byen for å feira 70-årsdagen sin. Hit kjem også sambuar Maud og dei vaksne borna hennar, den nevrotiske Irina og den umodne Gregorius. Dessutan har Leonard invitert ein heilt ukjend person frå New York; rekneskapsføraren Milos, med røter frå Tsjekkoslovakia.

Den unge Leonard møter lesaren via "Den gule notatboken", - her får me ei fin og gripande historie om Leonard sitt forhold til den mystiske Carla. Her er me òg i London, på slutten av 60- og byrjinga av 70-talet, under "den kalde krigen". Leonard vert gjennom Carla involvert i eit spion-nettverk, men han anar ikkje kva "side" han jobbar for. Opplevingane her pregar han, forstår me etter kvart, resten av livet.

Det er altså fleire forteljarstemmer i romanen. Eit godt stykke inne i boka dukkar det opp ein ny forteljar/forfattar, ein Lars Gustav Selén fra byen K- i Sverige, som i ungdommen tapte hjartet sitt til ei jente som (også) heitte Carla. Nesser briljerer i denne delen av boka, ei fantastisk oppvekstskildring frå 40- og 50-talets Sverige.

Eg hadde store forventningar til boka, og må sei at dei vart innfridde. Ingen skriv så ironisk-elegant som Håkan Nesser. Eg kjem heilt sikkert til å høyre boka igjen ved eit seinare høve. Då skal eg skaffe meg ei papirbok i tillegg, slik at eg bla litt att og fram medan eg les. Å lytta til boka var, sidan ho var så spesielt oppbygd, litt krevjande. Men Anders Ribu er ein svært flink opplesar.

Himmel over London byr på ei fantastisk kjærleikshistorie, ei spennande spionhistorie, glimrande personskildringar og er elles ei beretning om livet og døden. Rett og slett.


Terningkast? Førebels ein femmar. Ofte må eg justere karakterfastsetjinga etter at det har gått ei tid. Somme bøker er så gode at eg vert gåande og tenkja på dei, - og terningkastet må endrast etter ei nøyare vurdering. Og dette er som sagt ei bok som må fordøyast litt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Ingen skriv så ironisk-elegant som Håkan Nesser.

Den likte jeg og jeg er så enig. Gleder meg til denne boka havner i bokhylla. Forstår at det ikke er en bok som slukes fra den ene dagen til den andre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for komplimentet :-)
Det pussige er at boka faktisk er lettlest. Det er i ettertid, når ein skal tenkja over kva ein har lese, at det vert litt komplisert. Egentleg er det best å lena seg tilbake og nyta boka, og ta inn over seg at Nesser snur opp/ned og bak/fram på forteljarrolla.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag