Enig. Både Havers og fleire av bipersonane (Lady Helen og DC Nkata t.d.) var heilt "feil".
Det stemmer, BBC (som vanlegvis er dyktige på krimseriefronten) har produsert 6 sesongar av serien 'The Inspector Lynley mysteries', dei fleste episodane er så vidt eg veit synt på NRK i 2009-10. Sidan eg er så stor fan av Elizabeth George, såg eg fram til denne TV-serien, men vart skuffa. Slik ein ofte blir skuffa av filmar der ein har lese boka på førehand.
Har du sans for britisk krim, må Elizabeth George sine bøker om Thomas Lynley og Barbara Havers anbefalast. George er amerikansk, men bøkene er erke-engelske. I stilen liknar ho på P.D. James og Agatha Christie, men i bøkene finn ein også mykje som minner om Ruth Rendell sine psykologiske krimromanar.
I bøkene syner forfattaren fram, via hovudpersonane Lynley og Havers, dei psykologiske trekka som finst i ulike menneske og korleis og kvifor menneske kan drepe. Dei to er eit fascinerande par: Detective Inspector Thomas Lynley er aristokrat, rik, Oxfordutdanna og veltalande. Detective Seargent Barbara Havers kjem frå ein fattig arbeidarklassefamilie i aust-London. Trass i desse motsetningane, arbeider dei godt i lag, og dei har gjensidig respekt for kvarandre. Saman og kvar for seg nøster dei opp i lause trådar.
Elizabeth George sine bøker har naturleg nok litt varierande kvalitet, men er jamt over både intelligente, velkomponerte og spennande.
Har fått ein ny favoritt! Kai Remlow som les Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón.
Rett og slett ei knakande god bok! Til ettertanke for alle som har, har hatt og/eller er foreldre.
I tillegg til å skriva godt, er Tore Renberg ein glimrande opplesar.
Rune Timberlid - God nynorsk krim. Red Mercury, Priseld, Dødball, Deadline, Operasjon Siskin, Sanct Svithuns gåte.
Heilt enig, eg er også stor fan av Nesser. «Menneske uten hund» er den fyrste boka i Barbarotti-serien. Du bør absolutt få med deg dei neste bøkene i serien; «En helt annen historie», «Beretningen om Herr Roos» og «De ensomme». Dette er litt uvanlege krimbøker, litt lågmælte på ein måte og med fråver av action, - men samstundes både spennande og tankevekkjande.
Håkan Nesser er elles mest kjend for serien om Van Veeteren, anbefalar å lesa dei kronologisk. Her er også spenning, lun humor og språkleg eleganse.
Det var nettopp denne samanblandinga av hovudpersonen sin røyndom og fantasi som forvirra meg såpass at eg ga opp. Boka er sett på vent, kanskje eg fullfører ved eit seinare høve.
Helt enig. Denne boka og denne forfatteren er til de grader oppskrytt.
Vart utruleg skuffa over denne boka. Sleit meg gjennom 70-80 sider, men fann ut at det var like greitt å avbryta. Dette var berre vas, etter mi meining.
Se meg Medusa og Døden ved vann av same forfattar var svært bra og anbefalast på det varmaste.
Vedk. Innsirkling 1 Enig i at tre ulike stemmer er "snedig", men å høyre desse austlendingane lese den nynorske teksten, blir etter mi meining heilt feil. Her burde det vore nytta andre innlesarar.
Eg les ofte lydbøker, og er kresen til opplesarar. Desse er mine favorittar:
Ivar Nergaard, høyr han i Minnesota-trilogien (Vidar Sundstøl). Utruleg bra.
Yngve Berven, fin i En helt annen historie (Håkan Nesser). Andrine Sæther har ei behageleg røyst, høyr gjerne 'Svalen, katten, rosen, døden' (Nesser)
Finn Schau er dyktig, han har lese inn mange ulike bøker, anbefalar 'Nådens omkrets' (Jørgen Brekke)
Espen Reboli Bjerke er flink, det same er kjende skodespelarstemmer som Nils Ole Oftebro og Ivar Nørve.
Men best av alle: Den intense og mørke røysta til Nils Nordberg. Høyr Nordberg lese 'Hypnotisøren' (Lars Kepler), det er verkeleg ei sanseoppleving!