Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 201 til 220 av 404 bokomtaler

Selma Lagerlöf skreiv flotte bøker. Dette er den tredje boka av henne eg les eller høyrer, i alle tre er hendingane lagt til Värmlandstraktene der ho sjølv vaks opp. Skal ein døme etter skildringane av folk og natur var ho særs glad i både landsdelen og menneska som bur der.

I denne historia er det den foreldrelause Ingrid og godseigarsonan Gunnar Hede som er hovudpersonar. Gunnar er student, men som Kaare Ørnung sang i si tid: «Jeg vil mye heller spille fiolin». Godset han skal arve gjeng heden, og han endar som omreisande bygdetulling.

Ingrid hadde, saman med bestefaren sin, fylgje med eit omreisande eldre akrobat-ektepar, og ho forelska seg i Gunnar ein dag han som student på impuls spelte fiolin til forestillinga deira. Lagnaden hennar vidare er av det underlege slaget som eg trur berre Lagerlöf kunne ha dikta i hop. Der er enkelte ubeskriveleg flotte scener som spelast ut undervegs i boka.

Glimtvis er dette noko av det beste eg har lest av denne forfattaren. Men berre glimtvis, ein god del av historia var meir på det jevne. Når enkelte deler av handlinga i tillegg blir ørlite for skjematisk etter min smak, så endar eg på eit litt strengt terningkast 4 på denne boka. Likevel vil eg ikkje nøle med å anbefale den til andre lesarar. God bok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Heilt grei krimbok frå Kepler-ekteparet. Likevel kjem den ikkje opp på det same nivået som eg tykte enkelte av dei andre bøkene i serien om Joona Linna har.

Det er ein seriemordar i aksjon. Politiet får tilsendt videoklipp som viser damer i daglegdagse gjeremål, men filma frå eit kikar-perspektiv. Før det er mogleg å avgjere kven som er på filmen, blir damene drept på ein forholdsvis blodig måte. Til slutt er det ikkje råd lenger, spesialagenten Saga Bauer må ut i øydemarka og hente Joona, som alle andre trur har omkome for eit års tid sidan.

Psykiataren Erik Maria Bark frå den første Joona-boka, Hypnotisøren, har ei sentral rolle også i denne boka. Dei fleste av dei andre ingrediensane får dei øvrige bøkene er også til stades. Men denne gangen får eg kjensla av at det har vært litt slurv og hastverksarbeid i arbeidet med boka. Kanskje er det dei mange skrivefeila som gjev meg denne kjensla? Det er i såfall truleg i størst grad oversetjaren sitt ansvar. Ser ein bort frå dette så er det likevel litt som manglar for at eg kan dele ut eit av dei to høgste terningkasta til boka.

På plussida så må eg få framheve at det gjekk uvanleg lang tid før eg forstod kven mordaren er. Grepet med ein høggravid politietterforskar gav meg også litt «Fargo»-kjensle. Og eg er på ingen måte lei av Joona & co. Måtte det kome mange fleire bøker om denne finnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når er ein på toppen? Bør ein bli lukkeleg av å nå den? Når bør ein merke at ting er i ferd med å gå ad undas? Og i kor stor grad kan ein sjølv styre unna undergangen? Slike spørsmål tumla eg med etter å ha lest igjennom denne boka.

Familien Buddenbrook har i fleire generasjonar drive handelshus i ein by som ikkje er spesifisert som Lübeck, men som er Lübeck like fullt. Mann tek lesaren med gjennom store delar av 1800-talet og gjennom livet til tre generasjonar av familien der Thomas Buddenbrook som representant for nest siste generasjon i slekta gjer det godt både i forretningar og i politikken. Men dei fleste familiemedlemmene rundt han dreg ikkje i same retning; broren er notorisk udugeleg i forretningar og dessutan ein latsabb og slyngel, søstera er forsåvidt ekskludert frå å bidra i og med at det er mannfolka som styrer, og sonen har heilt andre anlegg og interesser enn faren.

Det er eit stort persongalleri i boka, dei fleste frå det øvre sosiale lag i byen, men ein blir også litt kjend med tenarskap og anna folk. Søstera til Thomas, Tony, er den mest framtredande gjennomgangsfiguren. Ambisiøs, men også impulsiv. Ho er opptatt av stil og klasse, og kan også vere rørande naiv. I starten av forteljinga var eg viss på at denne jenta var det såpass tak i at ho ville vere ein ressurs for familiebedrifta. Når det ikkje gjekk slik, greier eg ikkje å bli samd med meg sjølv om dette berre skuldast at damer ikkje var tiltenkt nokon plass i forretningslivet på denne tida.

Uansett, boka er eit mektig portrett av ein familie, ein handelsby og ein tidsepoke. Eg las denne boka saman med kjell k sin lesesirkel, det var som vanleg moro med deling av tankar, kommentarar og observasjonar undervegs.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ei mektig forteljing, rett og slett, av den polske Nobelpris-vinnande forfattaren Henryk Sienkiewicz. Forteljinga er basert på historiske hendingar, med keisar Nero og brenninga av Roma i år 64 som ein del av bakteppet. Men den viktigaste delen av bakteppet er kristendomen, og korleis denne får fotfeste i byen på denne tida.

Det er ikkje unaturleg at polakken Sienkiewicz vel seg ei heltinne frå heimtrakene til boka si, Lygia er ei lugisk (stammefolk frå det som no er dei sørlege delane av Polen) prinsesse som er i eit slags fangenskap i Roma, og som har konvertert til kristendomen. Offiseren og gentlemanen Marcus Vicinius blir forelska i Lygia, men klarer ikkje å vinne henne ved makt. Dermed må han revurdere sitt eige livssyn, og finne ut av kva som må til for å kome inn i Lygia sitt liv.

Denne kjærleikshistoria er likevel den minst interessante delen av historia. Skildringane av livet i Roma var heilt eineståande. Enkelte scener frå parader, festlege tilstelningar og mindre festlege tilstelningar var reint til å miste pusten av. Mykje av persongalleriset og av hendingar er som nevnt henta frå historisk materiale. Framstillinga av Nero er ein studie i kor gale det kan verte når ein eineveldig herskar mister kontakta med røyndomen. Det var også moro å møte Peter og Paulus i arbeidet deira med menigheitene i Roma.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesaren gjorde ein særs god jobb. Hadde kjærleikshistoria i tillegg vært litt meir interessant ville eg ha trilla høgste terninkast. Det er forøvrig verdt å nemne at det er laga opp til fleire filmatiseringar av historia.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Verda har gått under. Gått under jorda, bokstaveleg talt. Ei ukjend katastrofe for mange generasjonar sidan har gjort det uråd å opphalde seg på jorda sin overflate. Men det finnest eit samfunn, eit uspesifisert antal menneske, men det må vere mange hundre, som overlever i ein spesialbygd silo under jorda. Dei er sjølvforsynte med mat frå innandørs jordbruk, og teknologisk er dei om lag på 2015-nivå, sjølv om ein god del 2015-ting ikkje er å finne i siloen.

Siloen blir styrt etter eit ganske strengt sett med reglar. Formålet er å hindre opprør, då dette kan leie til utsletting av heile befolkninga. Brot på reglane leier i verste fall til at brotsmannen blir sendt ut for å vaske linsene til kamera som filmar omgjevnadane, noko som i praksis er dødsstraff sidan ein sjølv med vernedrakt berre kan overleve nokre få minutt utandørs. Det er ein folkevald ordførar som på papiret har makta i siloen, men i røyndomen ligg makta hjå sjefen i IT-avdelinga. Når IT-sjefen misbruker makta si for å fremje eigne interesser, som han sjølv meiner også er i siloen sin beste interesse, kjem ting ut av kontroll.

Boka er veldig fint bygd opp. Lesaren blir gradvis introdusert for dette samfunnet, og nye personar får fokus etter kvart. Der er overraskande vendingar undervegs, og slutten er veldig spanande. Det klaustrofobiske ved å leve eit heilt liv i ei avgrensa underjordisk verd kom også fint fram, Likevel er eg ikkje berre nøgd. Enkelte skildringar av teknologisk eller vitskapleg karakter heng ikkje saman. Det er også vanskeleg å forstå at konflikten som etter kvart eskalerer, kan eskalere slik som den gjer. Derfor held eg litt igjen på terningkastet. Likevel ser eg ikkje bort frå at eg kan finne på å lese framhaldet til denne historia, det kjem to bøker til frå dette universet.

Dette var bok nr 1 i den dystopiske lesesirkelen som Ajiniakra dro i gang. Det er ekstra moro å lese bøker saman med andre, takk til alle som var med på diskusjonar undervegs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bjørn Beltø må ut på eventyr igjen. Ein kollega ligg for døden, og det kjem fram at ho vil at Beltø skal kome til botnar i ei sak ho var involvert i i Israel for 35 år sidan. I det Beltø tek fatt på saka blir mannen til kollegaen drept og sonen hardt skadd. Dermed virkar det som om det dreier seg om løyndomar som nokon set alt inn på ikkje skal bli avdekt.

Sidan utgangspunktet er eit mysterium i Israel, er det ikkje uventa at det dreier seg om arkeologiske funn som angjeng bibelhistoria. Egeland virkar å ha satt seg rimeleg godt inn i ikkje berre Bibelen, men også i prosessen som leia fram til at nettopp dette knippet med manuskript blei samla mellom to permar. Han greier dermed også ut om manuskript som ikkje blei funne å kunne innlemmast. Og den oppdikta delen av historia i denne romanen sklir fint inn i dette bakgrunnstoffet.

Beltø er for øvrig opptatt av damer. Det er i og for seg ikkje så rart, men han nyttar mykje tid på å tenke på kven det no måtte vere av hokjønn som er innanfor synsfeltet hans. I denne boka samarbeider han med ein kvinneleg israelsk arkeolog, og då er det ikkje uventa at han blir hovudstups forelska i henne. Han har ikkje alltid hatt kjærleikslukka med seg i dei førre bøkene, så det er ikkje opplagt korleis denne delen av historia ender.

Dette er den fjerde Beltø-boka eg les på mindre enn eit år. Eg kjende på at det vart litt for tett, og at det blei litt for mykje repetisjon av tematikk frå dei førre bøkene. Heldigvis liker eg Beltø godt, så det gjekk greit likevel. Eg vonar også at Egeland har planar om fleire Beltø-bøker, men skulle det kome ei ny ei i nær framtid så ventar eg nok eit års tid før eg les den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Femordsomtale: Flott reiseskildring med kunstnerisk fridom

Litt lengre omtale:
Knut Hamsun la i 1899 ut på reise med tog frå St. Petersburg via Moskva til Kaukasus, der han kryssa fjella med hest og kjerre før ferda gjekk vidare med tog frå Tbilisi til Baku, attende til Tbilisi og til slutt til Batumi ved Svartehavet. Fire år seinare gav han ut ei bok om reisa.

Ein kan sikkert meine mykje om Hamsun, men han kan ikkje ha vært skvetten av seg. Utan å kunne russisk eller andre gagnbare språk i regionen må det ha vært ein prøvelse å gjennomføre reisa. Inntrykka som han samlar inn under reisa er også hemma av mangelen på språkkunnskapar, men diktaren Hamsun veit råd; han diktar. Ved fleire høve blir det fortalt om møte med folk av ymse slag, der samtalen er avgrensa til eit lite knippe ord. Men Hamsun fabulerer likevel over desse personane han møter, og tryllar fram lagnadar og hendingar som kanskje kunne ha vært reelle. Det er ikkje for ingenting at undertittelen på boka er «Oplevet og drømt i Kaukasien».

Naturskildringane undervegs var svært poetiske og livaktige, og eit høgdepunkt i så måte var møtet med fjellet Kazbek, det var nesten til å miste pusten av medan ein las det. Ei anna tiltalande side ved boka er at Hamsun gjennom forteljinga balanserer mellom å vere sjølvhøgtideleg og sjølvironisk, og det var ikkje alltid eg fann ut av når han var kva. Men i enkelte passasjer, som når han i ein avsidesliggande fjellandsby tenker seg å starte ei kvinnerørsle i Kaukasus ved å gi bort bukseselane sine, er det ikkje tvil.

Mi utgåve av boka har eit lengre etterord av Bjørn Rudborg og Ole Petter Førland, som tok opp att Hamsun sin reise 100 år seinare, i 1999. Det var absolutt leseverdig det også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er ingen diktkjennar. Likevel set eg pris på å lese dikt og rim av og til, nokre gangar tykkjer eg det er moro å sjå korleis ein kan leike med ord, andre gangar kan det vere at diktet treff noko hjå meg. Spesielt godt likar eg det dersom det er ein viss flyt i diktet, anten ved rim og rytme, eller på annan måte.

For dei fleste av dikta i denne boka så sleit eg med å finne ein slik flyt. Rett nok var der i stor grad enderim i dikta, men eg fekk berre unntaksvis rytma til å stemme. Og sjølv om eg er veldig glad i kattar, var det også berre unntaksvis at katte-temaa i dikta gav gjenklang i meg. Men eg må få lov å framheve avslutningsdiktet i samlinga, det var ei perle!

Saabye Christensen har gjeve ut ein heil haug med diktsamlingar, dette er den einaste eg har lest så langt. Men han er nok mykje meir kjend som romanforfattar, og held eg dei av romanane hans eg har lest opp mot denne diktsamlinga så gjev det meining.

Illustrasjonane til Rune Johan Andersson løfta boka. Dei var stort sett sprelske, underfundige, og humoristiske, og understreka poenga i dikta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mattis er 37 år, bur saman med søstra Hege på 40, som har tatt seg av han sidan dei blei foreldrelause som unge. Mattis er lettare mentalt tilbakeståande og er også forteljarstemma i boka. Dette har Vesaas gjennomført på ein aldeles strålande måte; å la lesaren tre inn i sinnet til ein litt forvirra person. Men Mattis greier også, gjennom Vesaas, å setje ord på vanskelege kjensler, diffuse nyansar i mellommensklege forhold.

Mattis veit sjølv at han ikkje er slett så skarp som dei andre rundt han, og er også til einkvar tid var for dette. Han søker også etter samanhengar, og finn logikk på måtar som ikkje er så tydeleg for andre. Men Vesaas maktar langt på veg å gjere det forståeleg for lesaren. Einast på slutten svikta det for meg, eg makta ikkje å forstå kva for impulsar som leia Mattis til å setje seg på prøve på den måten han gjorde.

Det er ei sterk og nydeleg bok dette, som vekker mange kjensler hjå lesaren. Grei skuring, som Mattis seier ved eit par høve. Eg vingla mellom terningkast 5 og 6, det blei ein 5’ar med hårfin margin. Og eg må nok lese enno fleire bøker av Vesaas med tid og stunder.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

«Ein litterær sensasjon» er muligens eit begrep som har blitt litt utvatna. Men nyhendet om at Harper Lee skulle gi ut ei ny bok, 55 år etter den einaste publiserte boka hennar, den særs vidgjetne og godt omtykte Drep ikke en sangfugl, må vel med rette kunne kallast ein sensasjon. Og når sjølve faktumet at boka kjem er ein sensasjon, så vil det også vere sensasjonelt å ikkje ha høge forventningar til sjølve boka. Sjølv gjorde eg mitt beste for å dempe forventningane i forkant.

Go set a Watchman blei ferdigstilt i 1957, skal ha blitt refusert, og i samarbeid med forlaget blitt bearbeidd til det som blei Drep ikke en sangfugl. Det må ha vært ei ganske radikal bearbeiding, for det er svært lite overlapp i dei to historiene.

I denne boka er Scout, eller Jean-Louise blitt ei ung dame, busett seg i New York, og kjem heim til Maycomb, Alabama, på ferie. Eg gjeng ut frå at alle som har flytta frå heimstaden merkar korleis den endrar seg over tid, og kjenner på vemod over at ting ikkje er som før. Slik er det også med Jean-Louise, men det er ikkje berre omgjevnadane som har endra seg. Avstanden mellom den svarte og kvite befolkninga har tilsynelatande auka. Ho finn også ut at faren Atticus og kjærasten Hank leflar med haldningar som ho ikkje kan tåle. Som kontrast til dette får ein innimellom servert barndomsminne, med persongalleriet frå Drep ikke en sangfugl.

Onkelen Jack er kanskje den personen eg likte best i boka. Ein eksentrikar, men med glimt i auget. Han prøver så godt han kan å hjelpe Jean-Louise å orientere seg i det moralske landskapet ho har kome attende til. Likevel er ikkje ein konfrontasjon med faren til å unngå.

Boka var fin, den, både som ei forteljing på eigne bein og som supplement til Drep ikke en sangfugl. Men det er lite truleg at den får ein like stor plass i litteraturen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Skeptikaren Gunnar R. Tjomlid gjer i denne boka utførleg greie for kvifor alternativ behandling virkar. Eller rettare sagt, opplevast å virke for mange brukarar av alternative helsetenester. Det er ei kjend sak at for enkelte symptom, som t.d. smerte, så kan pasientar oppleve ei lindring sjølv om dei får «narre-medisin» så lenge dei sjølve er overtydde om at det er smertestillande medisin dei får. Denne effekten er kjend som placebo-effekten, og er så langt den einaste påviste effekten av alternativ behandling.

Tjomlid er dataprogrammerar, men har satt seg imponerande godt inn i studier av psykologi og medisin. Han gjeng grundig inn i dei psykologiske mekanismene som leier til at ein kan tru at alternativ behandling kan virke, så vel som korleis ein feilaktig kan oppfatte vaksinasjon som skadeleg. Framstillinga er spekka med eksempel, både frå eigne opplevingar og frå faglitteratur, så vel som gjengiving av omfattande oversynsstudier.

Boka er overraskande lettlest, også her har Tjomlid gjort ein god jobb. Skal ein pirke på noko, så må det vere at han tenderer til å repetere eit poeng litt for mange gangar. Han tullar også litt med tal eit par-tre gangar, ein gang veldig grovt (reint matematisk, altså), men utan at det har noko å bety for bodskapet han formidlar.

Ein kortversjon av denne boka burde vere pensum i skulen. Tjomlid skriv også blogg, Saksynt, eg har vært så vidt innom og kika, og der ser ut for å vere mykje godt stoff der også. Med det engasjementet han legg for dagen vil det ikkje overraske meg om det kjem fleire bøker frå den kanten. Det ser eg i såfall fram til.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei samling på 21 noveller frå eit bygdesamfunn på Sunnmøre. Novellene spenner over eit tidsrom på 175 år, og dei kjem kronologisk. Der er ein viss samanheng mellom drygt halvparten av novellene, i det at ein person, eller etterkomaren etter ein person, kjem att i ei senare novelle. Stilmessig er hovudvekta av novellene ganske einsarta, men dette brytast opp av spenstige innslag som skil seg markant ut, slik som ei reiseskildring, dagboknotatar, og ein gravtale.

Det er mykje tungsinn, vonløyse og melankoli i novellene, men der er også ein del humor. I dei fleste av novellene er det skildringar av menneske som av ein eller annan grunn fell utanfor dei trygge ramene til samfunnet; ein sauetjuv, gravide tenestejenter, enker og enkemenn, evige ungkarar. Enkelte av novellene har eit tydeleg poeng, andre gangar kava eg litt med å forså kva forfattaren ville formidle. Innimellom fekk eg kjensla av at prosjektet til forfattaren er å blottlegge småligheita og trangsynet som det er populært å meine er framtredande i små bygdesamfunn.

Språkleg var det ein rein fest å lese. Teksta er krydra med lokale ord og seiemåtar som gjekk beint heim hjå denne lesaren. Men ikkje meir enn at den likevel burde vere tilgjengeleg for lesarar som ikkje har bakgrunn frå ytre søre Sunnmøre. Orten har i år også gjeve ut ei ny novellesamling, Risp i berget, som etter det eg forstår er frå same miljø. Eg kjem garantert til å lese denne også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein gamal mann er i sving på kjøkenet, han førebur ein stor familiemiddag der endeleg heile familia, alle etterkomarane etter foreldra hans, skal samlast. Denne gamle mannen, Antonio minnest tanta si, Palma, og alle historiene ho fortalte då han var liten. Det var for det meste historier om slekta hans. Han gjenfortel historia om foreldra, portugisarar, som emigrerte til Brasil saman med Palma året etter at dei gifta seg. Og vidare om sin eigen barndom, om syskjena sine, om barna sine, med andre ord ein heil famliesaga. Ikkje dokumentarisk, men han dveler ved episoder som har vært avgjerande for lagnaden til familia.

Sentralt i forteljinga er ein sekk med ris. Den litt eksentriske tante Palma samla opp risen som hadde blitt kasta over foreldra til Antonio då dei gifta seg, og gav dei så denne risen i brudlaupspresang. Tolv kilo med ris som er samla opp frå kyrkjetrappa. Brudgomen irriterer seg grenselaust over slik ein simpel presang, medan bruda tykte det var ein romantisk ting å gjere. Etter kvart viser det seg at risen kjem til nytte likevel. For som Antônio seier, famile er ein vanskeleg rett å lage til, og du får berre ein porsjon.

Eg las denne på portugisisk, eg har ein mistanke om at eg ville ha likt boka eit lite hakk dårlegare på norsk (Norske utgåver: Tante Palmas ris / Livet i et riskorn). Filteret mitt for søtladne klisjear er nok ikkje slett så finmaska på portugisisk. Uansett, så var det likevel ei fin bok, med mange gullkorn og enkelte overraskende vendingar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei av dei første bøkene til Ambjørnsen, og er ei ytterst underhaldande historie. Eg ser at den er klassifisert som krim på bokelsbekere.no, men eg er usikker på om dette er eit dekkande begrep for innhaldet i boka.

Uansett, det er kriminelle handlingar som er gjennomgangstemaet i boka. Forteljarstemma i boka, Carl F. Vang, oppheld seg på eit smålugubert hotell på ei gresk øy og tenker attende på hendingar han har vært med på i Norge den siste tida. Carl og kompisen Robert er garva hasjrøykarar sidan ungdomstida, og tek no del i ei smuglaropplegg, det siste (sjølvsagt …) før dei skal trekke seg attende frå denne karriera. Men det er noko muffens med opplegget denne gangen, og det viser seg at dei blir utnytta av folk lenger opp i systemet. Dessutan har nokon tatt livet av kjærasten til Robert.

Det er herlige skildringar av folk og miljø i denne boka. Mykje humor, og ein god del raljering. Ambjørnsen er kjend som ein talsmann for eit liberalt forhold til cannabis, og han fornektar seg ikkje i denne boka. Ved fleire høve gir han seg ut på utlegningar om kvifor cannabis burde vere lovleg, og korleis alkohol og tobakk gjer meir skade på folkehelsa enn canabis. Eg er ikkje samd i Ambjørnsen sitt syn på saka, men uavhengig av dette blei ein del av desse tiradene litt malplassert i forhold til handlinga i boka, sjølv om dei isolert sett var underhaldande å lese.

Men alt i alt likte eg boka veldig godt. Som lesar er det spanande å bli med inn i eit landskap ein helst ikkje vil vitje i det verkelege livet, og det var ei slik reise Ambjørnsen tok meg med på her. Takk for turen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jauvisst er det flott språk. Jauvisst er det ei gripande kjærleikshistorie. Men likevel, den blei litt for skjematisk og melodramatisk for meg.

Settinga er forholdsvis klassisk. Den fattige guten og den rike jenta elskar einannan, men kan ikkje få einannan. Myllarsonen Johannes har vært leikekamerat med den litt yngre godseigardøtra Victoria i barndomen, og etter at dei veks til blømer kjærleiken. Nei, ikkje blømer, for ingen av dei kan vise for den andre kva dei kjenner. Victoria blir dessutan bortlova til ein ung mann av hennar eigen byrd, det viser seg at det er først og fremst økonomiske motiv som ligg til grunn. Johannes får utløp for kjenslene sine gjennom diktinga si, han blir etter kvart ein anerkjent og kjend forfattar.

Det som bergar dette frå å bli ei håplaus suppe er, som nevnt innledningsvis, den feiande flotte forteljarstilen til Hamsun. Skildringar av natur og kjensler er ein ting, dette gjer han særs bra. Men i tillegg ligg det mykje mellom linjene, lesaren får ikkje alt med teskjei. Det at forteljinga stykkast opp med Johannes sine draumesyn og skriveri var også eit vellykka grep. Så alt i alt er det ikkje til å kome forbi at det er ei god bok.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jules Verne stod bak mange fantastiske røvarhistorier, og dette er ei av dei mest kjende. Boka kom ut i 1864 og handlinga er lagt til 1863. Forteljarstemma i boka, Alex, bur hjå onkelen sin, den vidgjetne Professor Otto Liedenbrock i Hamburg. Liedenbrock kjem over eit gamalt eksemplar av Heimskringla, og inne i den finn han ein pergamentbit med ein koda beskjed i runeskrift. Det viser seg at koda inneheld anvisningar frå ein Islandsk alkymist om korleis ein kan finne ein inngang til det indre av jorda. Dermed er det berre å setje i veg. Ut på tur, aldri sur.

Verne verka å vere godt informert om dei seinaste vitskaplege teoriar og nyvinningar. Det er skulelærdom no for tida at det indre av jorda kan delast inn i ein fast mantel, ei flytande ytre kjerne og ei fast indre kjerne. Men på Verne si tid var det tilsynelatande ein diskusjon om korvidt temperaturauken ein observerar når ein lagar djupe gruvegangar var ein lineær auke som held fram inn til det indre av jorda, eller korvidt denne temperaturen skuldast varme frå kjemiske reaksjonar i jordskorpa. Sidan dette virka å vere uavklart i 1864 så var også dei vitskaplege premissane for ei reise i det indre av jorda også meir tilforlatelege.

Og det er verkeleg ei fantastisk og spanande reise Verne tek lesaren med på. Berre det å kome seg til den vulkanen på Island som skjuler inngangen til det indre av jorda var eit eventyr i seg sjølv. Alex og Liedenbrock hyrer ein traust og trufast islending, Hans, som blir med på oppdagingsferda innover i jorda. Der gjer dei oppdagingar som vil vere banebrytande både innanfor geologi, paleontologi, og mykje, mykje meir.

Den siste delen av historia var etter mitt syn den svakaste. For det første vart det noko uforløyst over eventyret, Verne kunne ha spunne mykje meir på nokre av dei mest fantastiske oppdagingane, og også utnytta meir dei spesielle fysiske forholda som ein kan tenke seg det må vere midt inne i ei ikkje alt for varm jord. For det andre var forholda rundt returen så overvettes usannsynlege at sjølv om eg mobiliserte alt av velvilje så greidde eg ikkje å sjå for meg korleis det kunne gå an. Derfor dala terningkastet med eit auge eller to den siste fjerdedelen av boka.

Eg hørde denne som gratis lydbok frå loyalbooks. Heilt grei opplesing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjarmerende bok som det er lett å like, med stemnings- og innsiktsfulle skildringar som eg mistenker kjem til å sitje lenge i minnet. Eg forstår godt dei som i tidlegare innlegg har forklart at dette er ei bok dei må lese kvar sommar. Eg kjem nok til å plukke den fram frå bokhylla jevnleg sjølv også.

Boka er eit knippe scener frå ei øy i den finske skjærgarden, ytterst i Finskebukta, der den vesle Sophia og farmora hennar har hovudrollene. Dei bor på denne øya saman med far til Sophia i sommarhalvåret. Kvart kapittel i boka er ei frittståande forteljing om ting som skjer på øya, om aktivitetar Sophia og farmora finn på, eller berre om samtaler mellom dei to. Farmora er gamal og dårleg til beins, men blir likevel med Sophia i leik og samtale på hennar premissar. Farmora er også passe rampete, og sjokkerer av og til Sophia (og begeistrer lesaren) med påfunna sine. Ein flott rollemodell.

Eg gjeng ut frå at boka opphaveleg er skrive på svensk, og oversetjinga er så langt eg kan forstå nær perfekt. Det er berre to ting eg stusser på. Det eine er begrepet brønnbåt, som er den typen robåt farmora og Sophia nyttar. Kva slags båt er dette? Kan det vere ein type pram? Brønnbåt på norsk er jo ein noko større båt for å frakte levande fisk i. Eg undrar meg også over kvifor dei heile tida skåter i brønnbåten, i staden for å ro.

Den andre tingen eg stussar på gjeld bruken av ordet «nes» i landskappsskildringar:
«Neset ut til odden var blitt totalt forandret av vinterstormene» (s. 30)
«Når man kommer nærmere, kan man se at steinryggene virkelig er glatte som seler, og at de har et langt, smalt nes av rullesten mellom seg.» (s.59)
Eg får ikkje dette til å henge heilt saman. Etter min forstand er eit nes og ein odde det same, og eit nes gjeng ikkje mellom to steinryggar. Er det nokon som har den svenskspråklege utgava, og som veit kva ord som er nytta der?

Sjølv om eg nyttar litt plass på å undre meg over desse tinga her i omtalen, så var dette på ingen måte noko eg hengde meg opp i under lesinga. Dette er ei bok for hygge og ettertanke, og som eg kjem til å glede meg over å bla i mange gangar i åra som kjem.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Ei bok om oppvekst, om kristentru, om venskap, om familie, om amerikansk politikk, om framandgjering, og om den alltid attervendande verkebyllen Vietnamkrigen.

Forteljaren i boka er Johnny Wheelwright, av erke-engelsk avtamning i New-Hampshire, og opplevast også som forfattaren sitt talerør i boka. Han fortel om barndoms- og ungdsomstida saman med vennen Owen Meany, ein uvanleg gut på mange måtar. Parallelt får ein også glimt frå forteljaren sitt liv i notid, som utflytta amerikansk akademikar i Canada.

Owen er som nevnt uvanleg på mange måtar. Uvanleg liten, har ei uvanleg stemme (noko forfattaren understrekar ved at alle replikkane hans er skrivne med store bokstavar), uvanleg modig og uvanleg kreativ. Han får tidleg ei oppleving av at han er ein reiskap for Gud, og får også syner og draumar om korleis livet hans skal ende. Som den gode kristne han er så gjer han det han kan for at denne guddommelege spådomen skal gå i oppfyllelse.

Boka er full av morosame poeng og lattervekkande personskildringar. Men den inneheld også mange kritiske betraktningar om diverse tema. Særskilt amerikansk politikk. Tidslinja i oppvekstskildrings-sekvensane er grovt sett lineær, men med ein god del digresjonar og avstikkarar. Språket og forteljarstilen var i det heile litt «rotete» etter min smak. Etterkvart inviterer også forteljaren, heilt bokstaveleg, ganske hyppig lesaren til å hugse spesielle hendingar og kulturfenomen frå 60- og 70-åra, hendingar som eg som nordmann ikkje har noko særskilt forhold til, og som eg derfor gjeng glipp av meininga av.

Desse tinga gjorde nok i sum at eg ikkje likte boka slett så godt som eg hadde venta. Men det er likevel ei god bok, og verdt tida det tek å lese den. Så får tida vise om eg fylgjer opp med å lese meir av John Irving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kveld. Eit knippe sjøfolk sit om bord i ein seglbåt på Themsen og ventar på at tidevatnet skal snu. Ein av dei, Marlow, set i gang med å fortelje historia om opplevingane sine som elvebåtkaptein i det indre av Afrika. Elva er ikkje spesifisert, men det er rimeleg å anta at det dreier seg om Kongo. Det er også rimeleg å anta at mykje av historia er basert på Conrad sine eigne opplevingar som nettopp elvebåtkaptein på Kongo.

Historia innleiast for øvrig med betraktningar omkring den romerske okkupasjonen av England, og korleis det må ha vært for romarane å bli stasjonert så langt borte frå sivilisasjonen. Strålande opptakt til Marlow sin reise til det indre av Afrika. Denne reisa, som han på førehand ser for seg som eit eventyr, blir ei reise inn i forfall, galskap og ondskap. Eventuelle illusjonar om at europearar skulle bringe sivilisasjonen til Afrika blir grundig knust, her handlar alt om plyndring av ressursar, spesielt elfenbein, utan moralske omsyn av noko slag. Og galskap, som kjem best til syne gjennom den mystiske Mr. Kurtz som har opphøgd seg sjølv til gud på ein fjerntliggande handelsstasjon.

Forteljinga er i ein mørk og dyster tone, og persongalleriet er stort sett menneske som er øydelagde på ein eller annan måte. Ingen glad-bok, altså, men likevel likte eg den godt. Først og fremst fordi det satte i gang ganske mange tankar og assosiasjonar medan eg høyrde den. Lydbok frå loyalbooks, stemma til opplesaren kledde forteljinga godt.

Filmen Apokalypse nå! skal forøvreg vere basert på denne boka, men med handlinga lagt til Vietnamkrigen. Det er såpass lenge sidan eg såg filmen at eg ikkje hugsar stort av handlinga, men det skulle vært moro å sett den igjen etter å ha lest denne boka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Siddhartha er ein ung mann frå ei velståande familie som søkjer etter meininga med livet. Det tek lang tid, faktisk heile livet. Settinga er India, på Buddha sin tid, det rette namnet til Buddha skal for øvrig ha vært Siddhartha Gautama, men det er ikkje denne Siddhartha som er hovudpersonen i boka. Jaudå, Buddha er også med, men under namnet Gotama.

Men attende til historia, dette med meininga med livet, universet og alt mogleg er ikkje lett. Douglas Adams foreslo i si tid at svaret er 42, svaret til Hesse er litt meir komplisert. Uansett, for å kome dit må Siddhartha gå igjennom ei lang reise, både på det verdslege og det åndelege planet. Han utfoldar seg i ulike sosiale lag, dedikerer seg i tur og orden både til rensing av sjela og til reinspikka hedonisme. Og svaret på det heile? Om. Sjølv meiner eg at 42 er eit minst like godt svar.

Eg har korkje historie- eller religionskunnskap nok til å kunne vurdere i kor stor grad Hesse diktar fritt omkring tematikken, men omgjevnadar og religiøse betraktningar virkar truverdig for meg. Skal eg vere ærleg tykte eg likevel at starten av boka var dørgande kjedelig og uengasjerande. Den tok seg opp ein del etter kvart, så eg er glad for at eg ikkje braut av. Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, og opplesaren gjorde ein grei jobb. Så har eg også planar om å lese Steppeulven av same forfattar ved eit seinare høve, eg håper eg vil like denne eit hakk betre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalIngunnDemeterTrude JensenEileen BørresenVigdis VoldBerit B LieAnn ChristinKirsten LundHarald KStine SevilhaugErlend Rødal VikhagenIngunn STralteTheaTerje MathisenRune U. FurbergEgil StangelandCarine OlsrødDressmyshelfLisbeth Marie UvaagIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaTove Obrestad WøienSissel ElisabethKari FredriksenNorahHelena ETrygve JakobsenAmanda AMarianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWencheMorten Müller