Femordsomtale: Flott reiseskildring med kunstnerisk fridom

Litt lengre omtale:
Knut Hamsun la i 1899 ut på reise med tog frå St. Petersburg via Moskva til Kaukasus, der han kryssa fjella med hest og kjerre før ferda gjekk vidare med tog frå Tbilisi til Baku, attende til Tbilisi og til slutt til Batumi ved Svartehavet. Fire år seinare gav han ut ei bok om reisa.

Ein kan sikkert meine mykje om Hamsun, men han kan ikkje ha vært skvetten av seg. Utan å kunne russisk eller andre gagnbare språk i regionen må det ha vært ein prøvelse å gjennomføre reisa. Inntrykka som han samlar inn under reisa er også hemma av mangelen på språkkunnskapar, men diktaren Hamsun veit råd; han diktar. Ved fleire høve blir det fortalt om møte med folk av ymse slag, der samtalen er avgrensa til eit lite knippe ord. Men Hamsun fabulerer likevel over desse personane han møter, og tryllar fram lagnadar og hendingar som kanskje kunne ha vært reelle. Det er ikkje for ingenting at undertittelen på boka er «Oplevet og drømt i Kaukasien».

Naturskildringane undervegs var svært poetiske og livaktige, og eit høgdepunkt i så måte var møtet med fjellet Kazbek, det var nesten til å miste pusten av medan ein las det. Ei anna tiltalande side ved boka er at Hamsun gjennom forteljinga balanserer mellom å vere sjølvhøgtideleg og sjølvironisk, og det var ikkje alltid eg fann ut av når han var kva. Men i enkelte passasjer, som når han i ein avsidesliggande fjellandsby tenker seg å starte ei kvinnerørsle i Kaukasus ved å gi bort bukseselane sine, er det ikkje tvil.

Mi utgåve av boka har eit lengre etterord av Bjørn Rudborg og Ole Petter Førland, som tok opp att Hamsun sin reise 100 år seinare, i 1999. Det var absolutt leseverdig det også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Bra omtale; nesten så jeg kunne sagt det sjøl - med et lite tillegg: Det er nesten påfallende hvor anonym "reisefølget" hans er på turen!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.