Northanger Abbey

av (forfatter) og Marie Nedregotten Sørbø (oversetter).

Skald 2022 Slide bound

Gjennomsnittlig terningkast: 4.59 (64 terningkast.)

254 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Jane Austen er av ein av dei mest lesne engelske forfattarane opp gjennom tidene og er kanskje mest kjent for romanen «Pride and Prejudice», men også «Northanger Abbey» vert rekna blant dei seks hovudverka hennar. Romanen var mellom dei tidlege arbeida hennar på 1790-talet, men verket blei ikkje utgitt før i 1817, eit halvt år etter hennar død.

I «Northanger Abbey» møter vi syttenåringen Catherine som for første gong er på besøk i den engelske kurbyen Bath. Der forelskar ho seg både i ein mann, Henry Tilney, og i boka «Mysteria på Udolpho» av Ann Radcliffe. Catherine tolkar røynda i lys av dei dramatiske hendingane og mørke personane ho les om, og dette fører henne grundig på villspor.

Boka er ein satire over overklasselivstil og kjønnsroller, men den er også ein litterær parodi over den gotiske populærlitteraturen, og speler saman med resten av verket til Austen ei viktig rolle i utviklinga av den realistiske romanen.

«Northanger Abbey» er full av humor og skarpe utleveringar av mannlege privilegium så vel som kvinnelege tåpelegheiter.

Bokdetaljer

Forlag Skald

Utgivelsesår 2022

Format Slide bound

ISBN13 9788279593416

EAN 9788279593416

Serie Skalds klassikarar

Språk Nynorsk

Sider 325

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

5 33 23 1 2 0

Bokomtaler

Jane Austen skriv vittig om den 17 år gamle heltinna si. Men handlinga tek fyrst fart når Catherine ved eit høve går i opposisjon til venene sine. Utfordringa for den unge jenta er jo at tidas førestillingar for høvisk framferd skjuler kva folk eigentleg meiner. Det er glitrande illustrert i tilhøvet til den nye veninna Isabella, som gjerne seier ein ting, men gjer noko anna til stor forvirring for Catherine.

I del to dreg Catherine frå venene sine i Bath til familien Tilney i Northanger. I det tidlegare klosteret får ho rikeleg stimulans til alle slag «gotiske» fantasiar før ho blir brakt ned på jorda att av den nøkterne men likevel så tolmodige Henry. Romansen mellom dei to utgjer framleis den raude tråden, men det er tilhøvet til faren, kalla «generalen,» som skapar dynamikken og dramaet i denne bolken. Her syner Jane Austen seg som ein moderne forfattar ved å vektlegge psykologiske og rasjonelle forklaringar framfor dei eventyrprega.

I løpet av nokre månader er Catherine blitt sterkt forelska, men ikkje meir moden enn at forteljaren synest det er greitt at ekteskapet med kjærasten må vente enno eitt år til ho vert atten.

Omsetjinga til Marie Sørbø flyt bra òg der originalen kan verka krokut. Det er påtakeleg at den engelske Penguin-utgåva har langt fleire ordforklåringar enn i den norske utgåva. Det skuldast nok dei språklege vala som omsetjaren har gjort greie for i etterordet. I teksten fann eg få sjeldsynte ord utanom det uvante «trott» i tydinga «evne til å halde på iherdig og lenge.»

Alt i alt ein god introduksjon til Jane Austen. (Felleslesningsbok i Lesesirkel 2021).

Godt sagt! (4) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

I cannot speak well enough to be unintelligible.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

I leave it to be settled by whomsoever it may concern, whether the tendency of this work be altogether to recommend parental tyranny, or reward filial disobedience.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Now I must give one smirk, and then we may be rational again.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Miss Morland, no one can think more highly of the understanding of women than I do. In my opinion, nature has given them so much that they never find it necessary to use more than half.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

No one who had ever seen Catherine Morland in her infancy, would have supposed her born to be an heroine.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

I sommer skal jeg gi meg hen til den engelske litteraturen, primært fra 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. Gleder meg!


Godt sagt! (6) Varsle Svar

Jeg har funnet ut at jeg liker litt sånn "creepy" bøker, i den gotiske sjangeren.
Har ikke tenkt så mye på det før, men etter å ha lest "Stormfulle høgder" kom jeg til å tenke på om der er bøker i samme sjanger som jeg kunne lese. Jeg kom da på at jeg jeg var svært begeistret for Frobenius sin "Latours katalog" og de fire bøkene av Carlos Ruiz Zafon som begynner med "Vindens skygge". Dette er mine favoritter. Og nå kan jeg plusse på Stormfulle høgder. Jeg vil nå prøve å samle flere bøker på en liste, så jeg kan kose meg med sjangeren :)

Har du noen forslag?


Godt sagt! (6) Varsle Svar

Europa
Har du lyst til å lese bøker med handling fra spennende land.
Målet er å lese bøker fra hele verden - Her er bøker fra Europa. Forslag mottas gjerne :)

Reading the World: Read a book from every country in the world. Here's my growing list of titles and recommendations.


Godt sagt! (5) Varsle Svar

(Nesten) alle bøkene som Rory Gilmore i serien "Gilmore Girls" leste eller nevnte!


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Her er bøkene jeg har lest som medlem av Lesesirkel 2014Bokelskere.no -


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Persuasion (Penguin Classics)" av Jane Austen
  • "Mansfield Park" av Jane Austen
  • "Sense and Sensibility (Wordsworth Classics)" av Jane Austen
  • "Overtalelse" av Jane Austen
  • "Kvinnen på Wildfell Hall" av Anne Brontë
  • "Emma (Penguin Classics)" av Jane Austen
  • "Little Women (Oxford World's Classics)" av Louisa May Alcott
  • "Emma" av Jane Austen
  • "Macbeth" av William Shakespeare
  • "Fornuft og følelse" av Jane Austen
  • "Wuthering Heights (Penguin Classics)" av Emily Bronte
  • "Stylesmysteriet" av Agatha Christie
Alle bokanbefalinger for dette verket