Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Jane Austen skriv vittig om den 17 år gamle heltinna si. Men handlinga tek fyrst fart når Catherine ved eit høve går i opposisjon til venene sine. Utfordringa for den unge jenta er jo at tidas førestillingar for høvisk framferd skjuler kva folk eigentleg meiner. Det er glitrande illustrert i tilhøvet til den nye veninna Isabella, som gjerne seier ein ting, men gjer noko anna til stor forvirring for Catherine.

I del to dreg Catherine frå venene sine i Bath til familien Tilney i Northanger. I det tidlegare klosteret får ho rikeleg stimulans til alle slag «gotiske» fantasiar før ho blir brakt ned på jorda att av den nøkterne men likevel så tolmodige Henry. Romansen mellom dei to utgjer framleis den raude tråden, men det er tilhøvet til faren, kalla «generalen,» som skapar dynamikken og dramaet i denne bolken. Her syner Jane Austen seg som ein moderne forfattar ved å vektlegge psykologiske og rasjonelle forklaringar framfor dei eventyrprega.

I løpet av nokre månader er Catherine blitt sterkt forelska, men ikkje meir moden enn at forteljaren synest det er greitt at ekteskapet med kjærasten må vente enno eitt år til ho vert atten.

Omsetjinga til Marie Sørbø flyt bra òg der originalen kan verka krokut. Det er påtakeleg at den engelske Penguin-utgåva har langt fleire ordforklåringar enn i den norske utgåva. Det skuldast nok dei språklege vala som omsetjaren har gjort greie for i etterordet. I teksten fann eg få sjeldsynte ord utanom det uvante «trott» i tydinga «evne til å halde på iherdig og lenge.»

Alt i alt ein god introduksjon til Jane Austen. (Felleslesningsbok i Lesesirkel 2021).

Godt sagt! (4) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R