Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Det norske vikingskipet Havjerven ligg til kai i Roma i år 1010 da grønlendingen Ulfr går ombord. Han kjem i krangel med høvdingen på skipet, ein krangel som ender med sverdkamp og drap. Ulfr blir den nye høvdingen på skipet, og med lovnadar om store skattar seiler skip og mannskap mot Store Serkland, dagens Afrika. Det skal vise seg at mennene ikkje aner kva dei har gitt seg ut på. Dette er forfattarens debut.
Omtale fra forlaget
Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemna hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fanga av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Dermed har ei skjebnesvanger reise starta, og under leiinga til Ulfr og hans nådelause gudar, seglar skipet til kjende og ukjende strender, det kryssar opne hav og til sist blir det rodd opp ei veldig flod og inn i ei ny verd. Der skal det visa seg at Ulfr si historie rommar langt meir enn det han har fortalt, og at mennene ikkje aner kva dei har gjeve seg ut på. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2012
Format E-bok
ISBN13 9788252181500
EAN 9788252181500
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid Vikingtiden
Språk Nynorsk
Sider 536
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ei forteljing om beinharde vikingar på tokt opp gjennom Kongofloda. Eg ser absolutt ingen grunn til at ikkje alle nordmenn bør lese denne boka. Nydeleg nynorsk og ei reise i ei for lengst svunnen tid som likevel ligg i blodet vårt
Eventyrlig, og voldsom ferd, spennende.
Øksa hadde skaft av norsk eik og hovud av islandsk jern. Der var sparsamt med utskjeringar eller forseggjort metallarbeid i ho, men hammaren hadde den rette tyngda og eggen det rette bitet.
Anbefalt historisk litteratur. For det meste faglitterære utgivelser.