Einaste eg reagerte på var tittelen. Sidan boka er på nynorsk, burde tittelen òg vore det. Eigendomspronomet ("mitt") står før "land", og det har eigendoms s. "Hard er lova i mitt land" eller "Hard er lova i landet mitt" er mykje betre nynorsk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Hei, Arntor! Fyrst og fremst er vi sikkert einige i at boka er veldig god. Når det gjeld tittelen, så synes eg den er god og klinger naturleg. Eg skal forklare ved å lime inn eit svar eg fekk frå Språkrådet i høve ein nyhetsartikkel der journalisten brukte uttrykket: " I namnet til himmelen" i staden for det meir naturlege: "I himmelens namn."
Eg limer svaret inn under..


Hei!

Sjølv om du truleg trekte spørsmålet ditt tilbake med den andre e-posten du sende, vil eg likevel gjerne få kommentere det. Spørsmålet er nemleg veldig godt.

Det er heilt greitt, om ikkje akkurat så vanleg, å bruke same konstruksjon («i himmelens namn») på nynorsk, sjølv om ein elles helst unngår konstruksjonar med genitivs-s. Det er litt i overkant av 100 treff på konstruksjonen i mediebasen Retriever. Varianten «i namnet til himmelen» er det berre eitt treff på – og det er det same som du sende. Eg trekkjer (om enn på litt tynt grunnlag) den konklusjonen at sjølve uttrykket er ikkje er så veldig mykje brukt (lenger), så det er difor det ikkje er så mange treff, men eg trekkjer også den konklusjonen at det nok ikkje er snakk om direkte omsetjing frå engelsk her, men NRK som er litt ivrige i å følgje nynorskreglane.

Det er nemleg ikkje slik at genitivs-s aldri kan brukast på nynorsk, og nettopp i eit uttrykk som dette (der det det er referert til, står i eintal og har (ei noko) abstrakt tyding) kan genitiv vere betre enn omskriving med t.d. sin.

På eit liknande spørsmål svara eg ein gong slik:

«I uttrykk som Noregs konge eller verdas beste mamma er genitivs-s helt i orden, og brukes en del. Men i mange andre sammenhenger er det bedre å skrive om. Du bør helst unngå å skrive f.eks. ungdommanes liv, livet til ungdommane eller ungdommane sine liv er bedre. Det finnes en minigrammatikk i nynorsk på nettsidene til Språkrådet (https://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/Nynorskhjelp/, se i høyremargen). Her er det blant annet anbefalinger om riktig bruk av s-genitiv som du kan følge. Det står f.eks. følgende:

S-genitiv har alltid vore i bruk i nynorsk, men i mindre omfang enn i bokmål.

Når kan vi bruke s-genitiv på nynorsk?

Ved særnamn er s-genitiv vanleg:
Noregs land, Noregs Bank, Vinjes skrifter, Ibsens skodespel
Ved samnamn i ubunden form eintal og fleirtal er det òg vanleg å nytte s-genitiv:
lang dags ferd mot natt, i manns minne, på kvinners vis
I uttrykk for tid og mål:
eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid

Det finnes også mer stoff om emnet samme sted, og du kan også lese om s-genitiv her: S-genitiv (sprakradet.no)»

Håpar spørsmålet ditt blei belyst litt meir med dette svaret!

INNLIMING SLUTT

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg GKjersti