Ingen hylle
2014
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe?
Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788252182767
EAN 9788252182767
Omtalt tid 2010-2019
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 207
Utgave 1
Tildelt litteraturpris P2-lyttaranes romanpris 2014
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ukjent forfatter for meg før jeg leste denne romanen. God bok. Link til bokbloggen min der jeg har skrevet et innlegg om romanen
"Sju dagar i August", Brit Bildøen
Den 22.07.11 mista landet sin uskyld, vert det sagt.
Det rette er vel at nokre mista, andre fekk – og at alle har eit forhold til denne dagen.
Eg fekk. Eg fekk sterke bilete då eg kjørde, heilt uvitande, over glasbota i Oslo forbi Regjeringskvartalet. "Ta fram ein mobil og finn ut kva det er”, sa eg når sjukebilane kom bak oss. "Dette kjem i historiebøkene, men eg veit ikkje kva det er".
Vel, no veit me, og andre veit det bedre enn hine.
Eg fekk noko. Eg såg og fekk eit minne. Eg såg og slepp å undrast. Det ein får, det er. Ein slepp å undre og gruble, det kan endrast og tape si kraft – og det gjer ofte det. Same kva det er.
Om ein mistar, har ein mista, og ein kan miste det umistelege. Det er noko heilt anna enn å få. Eg er glad eg fekk.
Forfattaren skriv om nokon som har mista – og dei mødast. Forteljinga er nokre år fram i tid, men gir stadige tilbakeblikk til tida rundt 22.07. Det ligg ei sorg i heile boka, venda og spegla av dialogane, som er såre, tolkbare, blir overtolka, dei er vendepunkta, dei legg føringa for det som kjem etter.
(Dei er "Tillerske").
”Etter sol kjem det regn” vert det sagt.
Forfattaren bruker været og andre naturbilete heile vegen. Heile den tunge vegen ein må gå. Legg merke til det når de les.
Boka vann NRK P2 Romanpris 2014 – og vil bli hugsa for meir enn det.
Ekteskapsdrama med tung sorg i bunnen. Sofies datter døde 22. Juli og dette voldsomme tapet ligger som et dystert drønn under handlingen hele tiden. «Sorga er noko ein deler berre ei kort stund. Sidan lever alle vidare aleine i si sorg .» Inderlig , alvorstungt , velskrevet . Jeg vil lese mer av Brit Bildøen.
Det vil nok komme flere bøker som denne i årene framover. Likte hvordan den viste hvor vanskelig sorg og tap kan være i hverdagen selv flere år senere.
Flott bok. Verdt å lese. Får likevel ikkje høgre terningkast då eg syntest den blei litt for treig, i mangel på betre ord. Alt er interessant, det er ikkje det, men eg trur kanskje det er mangelen på ei spenningskurve som trekker det heile litt ned for min del. Litt for mykje "prat"og tankar, litt for lite som skjer - sjølv om eg mens eg skriv dette ikkje heil skjønner kvifor eg skriv dette då det faktisk skjer ganske mykje. Så eg får heller sei at; til tross for alle småhendingane, blir det litt flatt og treigt.
Det eg liker veldig godt er språket. Originalt språk, ikkje ein einaste klisjé, smarte replikkar og formuleringer. Ikkje overdrivne skildringar.likar også at det fortelles på ei slik måte at ein vert kjend med begge partane i forholdet. Temaet sorg, og også terror då dette refererer til 22. juli, er også eit spennande tema å lese om. Ein får god innsikt i sorgen etter at sjokket er over, korleis sorgen er der heile tida, at den ikkje forsvinn men endrar karakter. Også sorgens effekt på mennesker og relasjonene dei imellom
Vi følger ekteparet Otto og Sofie gjennom sju dagar i august. Sju dager med ein rekke småhendigar som verkar ubetydeleg, men som viser seg å få større betydning for livene deira enn kva ein skulle tru.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMot til å leve når dei beste dagane er forbi
Å køyre ned til hytta var som å ta smertestillande.
Ein lys melankoli måtte vere den typen utmatting og sorg som kan komme over ein på nattetid, gjerne ei lys og varm sommarnatt, når gjestene har gått og glas er rydda bort, dukane tatt av bordet. Når det på same tid går opp for ein at alt var vellykka, og at alt er over.
.......ein må ha eit blikk som tillèt forvandling. Viss ikkje så vil verda berre bli mindre og mindre rundt oss.
Har sluttet i denne lesesirkelen, men dette var en liste fra tidligere bøker som ble lest.
Her skal jeg legge inn bøkene jeg kan krysse av på listen etterhvert