Den var råfin. La de merke til hjartet på bokstabelen på siste biletet?
Vi er råbarka, men vi har då kjensler vi også. I det minste når det er snakk om pengar.
Utan tvil den beste av Harry Hole-bøkene eg har lest hittil. Som alltid er det eit godt plott, fin oppbygging av historia, interessante rollefigurar, nokre drypp med humor og sarkasmer, og strålande miljøskildringar. Svakheita i enkelte av dei andre bøkene har vært avslutninga, og kanskje spesielt korleis kjeltringen avslører motivet for handlingane sine. I denne boka, derimot, fungerte også denne biten rimeleg greit.
Gjennomgangstemaet i denne boka er utruskap, og det blir gjort greie for at 15-20% av barna som blir fødde har ein annan far enn det papir-faren trur. Ei annan statistisk opplysning, som i større grad fangar Hole sin interesse, er at det det siste åra har vært ein overrepresentasjon av sakna gifte eller samboande kvinner i Norge samanlikna med nabolanda, noko som får han til å tru at det er ein seriemordar i aksjon. Etter som hendingane i boka eskalerer blir der klart at Hole har eit poeng.
Hole får selskap av ei ny dame i denne boka. Katrine Bratt, ei ung politidame frå Bergen, som på mange måtar er eit speilbilete av helten sjølv. Ho er oppslukt av jobben, lynande intelligent, og har sine eigne demonar å slåss med. Bratt var kanskje den mest spennende figuren i denne forteljinga.
Med denne boka så har eg lest halvparten av Harry Hole-bøkene som har kome ut hittil (har lest nr. 2, 9, 5, 6 og 7, i den rekkefølga). Dei fleste av dei resterande stend leseklare i bokhylla, eg gleder meg til å take fatt på dei. Etter kvart, når den tida kjem.
Då eg var yngre meinte eg Roger Moore var best. Men det skuldast nok at det var han som var aktuell med nye filmar då eg blei gamal nok til å sjå på desse. No heller eg til at Sean Connery er hakket betre. Eg likte også Timothy Dalton godt.
Men det kan vel ikkje vere tvil om kven som har vært den verste James Bond gjennom tidene? George Lazenby, med karisma som ein potetsekk, var ein lidelse å sjå i denne rolla.
Eg les jo litt krimbøker innimellom uansett, men let meg viljug rive med av hypen og legg inn fleire av denne kategorien i påska. Gjorde unna Snømannen av Nesbø palmehelga. Så har eg tenkt å legge inn Dickie Dick Dickens som neste krim-bok (sjølv om krim kanskje ikkje er fullt ut dekkande sjangernemning for denne boka). Eg var litt for ung til å få med meg suksessen den gjorde på radioen på 60- og 70-talet, men gleder meg hemningslaust til å lese den likevel.
Er det nokon som veit kvifor omtalen fra forlaget opererer med andre navn enn i boka på mange av figurane i forteljinga?
I omtalen heiter personen ... / .... i boka heiter personen
Birgitte Hovseth .................. / .... Birte Becker (forsvunnen dame nr 1 i notid)
Kristina Ottersen ................ / .... Sylvia Ottersen (forsvunnen dame nr 2 i notid)
Vidar Hjelset ....................... / .... Idar Vetlesen (lege som har vært kontakta av dei forsvunne)
Aune hadde rett; hvis enhver baby var et perfekt mirakel, så var livet i grunnen bare en ødeleggelsesprosess.
Då var eg innom salet igjen, og konstaterte at HEILE serien var borte. Det gleder meg egentlig meir enn det ergrar meg, for eg er overtydd om at det er andre i bygda som kan gi den ein betre heim enn det eg ville gjort. Hadde det stått att oppstykka delar av serien derimot, då hadde eg blitt mektig skuffa.
Og sidan eg først var innom ....
En halv gul sol av Chimamanda Adichie
Kullunge av Monica Kristensen
Fiolinane av Jan Roar Leikvoll
Så stod eg og tveka med ei utgåve av De elendige i hendene, men kom fram til at det truleg er snakk om ei nedkorta utgåve. Er det ikkje snakk om eit verk på rundt 1000 sider? Den eg såg på var på noko med 300. Sidan eg var usikker på om nedkorta var like greit, lot eg den ligge. Trass alt, det manglar ikkje lesestoff i heimen.
Sidan eg ikkje har erfaring frå andre sosiale medier enn denne nettstaden, så er eg ukjend med om det finnest ein etablert nettikette når det gjeld avlidne medlemmer. Det nærmar seg 30 000 medlemmer i løpet av 5 år eller deromkring, og statistisk sett så skulle ein vente at ein handfull har falt ifra.
Eg tenker at det ville kjennest rart dersom eg svarar på eit gamalt innlegg frå nokon, og eg seinare skulle finne ut at grunnen til at ein ikkje får svar er at vedkomande er gått bort. Går det an å lage ei sperre slik at det ikkje lenger er mogleg å svare på innlegg til
- brukarar der pårørende har varsla om at vedkomande ikkje lenger er iblant oss
- brukarar som har vært inaktive i ei lengre periode, t.d. 1 år? (2 år?, 3 år? eg greier ikkje å bestemme meg for kva som ville vere passande)
Eller er det greit nok slik som det er?
Harry kjente seg med ett skamfull. Hvorfor måtte han alltid yppe til disse barnslige pissekonkurransene som ikke betydde noe, bare for den tilfredsstillelsen av å få gitt noen - hvem som helst - inn? Rakel hadde en gang påstått at han ønsket han var født med en ekstra langfinger som stod rett opp hele tiden.
Og du, Drøyme-Zé, har du fått dette namnet fordi du er ein drøymar, eller er det fordi damene drøymer om deg overalt der du ferdast?
Kanskje ein heller skulle byrje å samle på frimerker? Dei tek mindre plass, og det gjeng raskare å lese kva som stend på dei ...
"a jour" er omlag det same som å vere oppdatert til dags dato (jour er fransk for dag), Det kan t.d. vere å halde seg oppdatert med siste nytt innanfor eit bestemt tema.
Når du skriv "komme a jour med noe" så er det underforstått at ein ikkje har vært a jour. Dersom ein t.d. har laga ein plan for kva bøker ein skal lese i år, men oppdagar at ein ligg litt etter planen, så er jo påska med ferie og fritid eit ypperleg høve til å kome a jour med planen att.
Jau, blodet skal flyte og hovud skal rulle
Når påskekrim-hypen skal fylgjast til fulle
Vi veit då å hygge oss når vi har fri!
For min del er Snømannen neste på planen
Men drøymaren Zé og Bulgakov med fanden
Skal også få leike med min fantasi.
baldrianeter og baldriansdråper, det ser ut for at det dreier seg om ekstrakt av planta Legevendelrot, ei plante som nyttast i naturmedisinen som beroligende middel og sovemedisin.
Eg leitte litt på nrk sine nettsider for å sjå om eg fann tv-serien med norsk tekst. Litt optimistisk, kanskje, men bryet verdt likevel. Ikkje for det at eg fann serien, det gjore eg nemlig ikkje, men eg fann dette.
Då blei denne boka med meg heim frå posesal her om dagen. Sidan eg betalte 50 kroner for ein pose med 11 bøker er snittprisen pr bok ca kr 4,50,-. Det skal vel godt gjerast om ikkje boka er verdt DEN prisen.
Det vondaste med å gå på posesalet var å gå ifrå ei samling av Johan Falkberget, 12 bind, flott innbinding, og etter det eg kunne sjå i svært god stand. Sidan eg i utganskpunktet ynskjer meg berre 2-4 av bøkene, og ikkje hadde hjarte til å "øydelegge" serien for nokon annan, lot eg bøkene eg ville ha stå. Håper nokon andre forbarmar seg over serien.
Eg må nok sjå innom på slutten av posesalet likevel. Stend heile serien der framleis tek eg det som eit teikn på at det er eg som skal ha den.
Eg veit ærlig talt ikkje, det kan vere samanslåing av filialar og at det er dublettar som er lagt ut, eller det kan vere kasserings-syka som det visast til lenger nede.
Apropos mangfald, eg tykte det var sjokkerende å ikkje finne ei einaste bok av Arne Garborg i lesesal-samlinga då eg ynskte å bla litt i Bondestudentar tidlegare i år. Dei har sikkert bøkene på magasin, men eg orkte ikkje å ta meg bryet, Bladde heller i ei utgåve på nasjonalbiblioteket.
Sååå … kva gjer ein når ein konstaterer at ein har kjøpt 30 bøker i 2014 og lest berre 12 hittil, og fortviler over ulest-lista som blir lengre og lengre? Drar på posesalg på det lokale biblioteket, sjølvsagt! Her er det eg plukka med meg av kasserte bøker i god forfatning og intakt innhald:
Trist som faen av Ari Behn
Paktens voktere av Tom Egeland
Lucifers evangelium av Tom Egeland
Nordaustpassasjen av Kjartan Fløgstad
Prosa frå ein oppvekst av Jon Fosse
Andvake av Jon Fosse
Burnout av Tiger Garté
Brotne band av Hans Hyldbakk
En bønn for Owen Meany av John Irving
Fuglane av Tarjei Vesaas
Is-slottet av Tarjei Vesaas
50 kroner for ein berepose med 11 bøker, eller ca kr. 4,50 pr bok. Eg måtte stålsetje meg for ikkje å plukke med mange fleire.