Det dukker jo opp ein del ord og uttrykk som eg ikkje kjenner til, og eg ser ikkje bort frå at dei kan vere ukjende for andre også. Her er nokre frå dei første sidene som eg har funne ut av;
Narzan - mineralvatn, omtrent som vår farris.
lungesarkom - eg gjetta for såvidt at det er snakk om kreft, men ut frå treff i wikipedia og ordbøker er det uklart for meg om sarkom er ein eigen type kreft eller om det er kreft generelt.
hemikrani - migrene (dette bure eg ha gjetta meg fram til før eg slo det opp)
Og der kom boka endeleg, tre dagar etter lesestart. 9 dagar leveringstid er unødvendig lenge. Ja ja, då veit eg kva eg har å gjere i helga.
... den som underviser noen, legger et nytt mønster til verdens byggverk.
Etter å ha lest opp att det aktuelle passasjen i "Drømmen og hjulet" heller eg til at eg misforsto teksta i første omgang. Det er nok slik at Bjørneboe forestiller seg at Jølsen finn ein gjenklang av seg sjølv i dette maleriet, heller enn at det er ho sjølv som har vært modellen.
Eg har ikkje lest noko av Jølsen, men må innrømme at eg blei nyfiken etter å ha lest "Drømmen og hjulet". Eg kjem nok til å halde utkikk etter bøkene hennar på loppemarknadar o.l.
Eg les Bjørneboe som at han antyder at Jølsen sat modell for Edvard Munch sitt (sine) maleri "Pubertet". Eg har søkt litt på nettet, men utan å finne noko informasjon om dette. Er det nokon av bokelskarane som har nærmare kunnskap om dette? Eller er det berre eg som les Bjørneboe sin tekst for bokstavelig når han skriv at Ragnhild gjekk "for å se på bildet som var utstilt. På bildet hennes."?
Har den ulest i bokhylla - gleder meg til å lese den.
Eg ventar og ventar meg tullete på
Bulgakov sin Mester i posten å få
Men medan eg ventar så har eg ein svir
Med Gleichmann sin fabel om livseliksir
... han gikk for å lukke opp. Der stod det fem karer i svarte skinnfrakker. Sjefen blant dem brølte: "Gestapo."
"Franz Scharf" svarte min grandonkel og så oppfordrende på de de andre mennene. "Og dere, mine herrer, dere som ikke har presentert dere, hva heter dere? Og hva er det dere selger, forresten?"
Sidan eg har eit av dei mest autorative verka om temaet i bokhylla, Julie L. Horan sin "The Porcelain God", måtte eg bla litt i den. Her er det Horan seier om det du spekulerer på:
"The origin of "john" as a name for the toilet first appeared in the early twentieth century. However, other forms of the proper name, John, have long been associated with the privy. From approximately 1530 until 1750, "Jake's" referred to the privy. John Harington's book, The Metamorphosis of Ajax, probably received its name, Ajax, from a slang of "Jake's place." By the 1770's, Jake had been replaced by "Jack.""
(s. 139)
Så svaret er, slik eg tolkar det, "kanskje".
Det trur eg er dersom du inviterer nokon til å bli bokelsker gjennom denne sida:
https://bokelskere.no/inviter/
og vedkomende faktisk oppretter ein bruker på bokelskere.no.
Eg testa dette ved å invitere ein venn, og då han meldte seg inn blei "invitasjoner akseptert" satt til 1 på min profil-side.
Det kan for alt eg veit også vere andre typer invitasjoner som tellast med i "invitasjoner akseptert", men det er i såfall ukjent for meg.
Arrgghh! Eg bestilte jo boka same kvelden som avstemminga var unnagjort, men venter enno på å få den i posten. Ser ut for at eg blir eit par dagar forseinka med å kome i gang. Heldigvis så er ikkje leseplanen strammare enn at eg skal greie å ta meg inn att.
Den viktigaste rekvisitten er eit magisk ur som får tida til å gå veeeeldig sakte medan eg les.
Når ein tenker over at det pr dato er 26 346 bokelskarar, og berre 39 stykker (knapt 1,5 promille) er med i lesesirkelen, så kan ein med ein viss rett påstå at det ikkje er du, men felleslesarane som er sære.
Jorden på sletten var vannsyk, og ingen tenkte i alvor på å grave den ut og få drenert den. De som døde av malariaen, var allikevel bare landarbeiderne selv, deres gamle eller deres barn. Og visste man hvordan de levet, - forsto man at feberen allikevel var mild og nådig.
Nei, eg er ikkje lei av kodeknekking-bøker. Ikkje enno. Dette var ei røvarhistorie etter min smak; ein jordnær om enn litt nerdete og sær hovudperson, ein rundtur i historie og geografi, brukbart plott, tankevekkande drøftingar, og skattejakt. Masse skattejakt. Og wikipedia- og google-oppslag i fleng undervegs.
Dette er det første møtet mitt med Egeland sin arkeolog-(anti?)helt Bjørn Beltø, og eg er positivt overraska. Eg har lest litt blanda omtaler av denne boka og hadde såleis noko reduserte forventningar, men dette var virkelig ei spanande og interessant historie, og konstruert rundt ei imponerende mengde fakta-innslag.
Det fell naturleg å samanlikne boka med Dan Brown sine eventyr, det er jo langt på veg historier som er bygd opp på same måten. Held ein «Nostradamus’ testamente» opp mot Brown sine «Da Vinci-koden» og «Inferno», som er dei eg har lest, vil eg påstå at Egeland sin bok ikkje stend noko tilbake for Brown sine bøker. Og når eg les på diskusjonstrådar her inne at dei førre bøkene til Egeland er enno betre så blir det fort til at eg kjem til å skaffe meg nokre av desse også.
Eg har tenkt litt i same baner, det er jo eit grensetilfelle, men eg har kome fram til at det må vere rettast å ta den med i denne kategorien. Manuskriptet blei jo egentlig, sjølv etter 12 års arbeid, aldri ferdig før forfattaren døde, noko som skjedde drygt 5 år før det årsskiftet vi har satt som grense for nyare vs eldre litteratur. Det er ikkje godt å seie kor lenge Bulgakov ville ha holdt fram med å arbeide med det dersom han hadde levd.
Så må ein også ta i betraktning at det på generell basis uansett ikkje er urimelig at det kan gå 5 år frå eit manuskript er ferdig til det blir publisert, i alle fall for ukjende forfattarar eller for manuskript som forlaga ikkje har trua på.
De passet godt sammen, noe som den nesten åtti år store aldersforskjell sørget for: Den ene kunne ikke snakke, og den andre kunne ikke høre.
Stemmer, eg snoka innom for å sjå kva som låg bak utsagnet. Men det ante meg jo at det reelle talet var lavare.
Sjølv held eg no stort sett på med tre bøker samstundes; ei lydbok når eg er i bilen, ei lesesirkel-bok og ei attåt-bok. Ikkje verst for ein som for eit knapt år sidan var viss på at han aldri kunne lese i meir enn ei bok av gangen.
Håper du liker den. Jorge Amado har i alle fall blitt ein favoritt for meg.