Denne stend høgt oppe på mi ønskeliste også.
Dei to første bøkene har vært solid planta i fortida. Denne gangen skal vi lese ei bok som ligg nokre år inn i framtida, den russiske dystopien Metro 2033.
Blir det for sært eller smalt med ein dystopi meiner de? Nei, slett ikkje. I allefal ikkje dersom ein skal tru omtalane på bokelskere.no. Frå forlaget sin omtale:
Romanen binder sammen to litterære tradisjoner: Den storslåtte episke romanen møter postapokalyptisk action, (og her prøver eg å undertrykke aversjonen min mot formuleringer av typen "ditt møter datt")
Bokelsker Anders: "En deprimerende postapokalyptisk historie med filosofisk grøss."
Bokelsker Anette Østad: "Dette er en dystopi hvor handlingen trekker tråder til verdens historie og ideologier. For lesere med spesiell interesse for beskrivelser av bibliotekarer og bibliotek i bøker er dette en bok som må leses."
Men den viktigaste grunnen til at eg meiner denne kan høve som felleslesing heng saman med avslutninga av forlaget sin omtale:
Teksten drypper av referanser til det tyvende århundres historie og litteratur; [... ...] Boka hører hjemme både hos blaserte bokelskere og ungdom som aldri har lest en bok før. Begge disse gruppe vil være med på notene, men samtidig møte referanser de ikke forstår, og må sette seg inn i.
Som gruppe har vi større sjanse enn kvar for oss til å få med oss alle desse referansane som det refererast (!) til over. Sidan det er ei viss spreiing i alder og truleg også bakgrunn til deltakarane i lesesirkelen vil eg tru vi til saman skal få med oss det meste.
Det er mykje bra i denne boka, men den er også litt ujevn, det er tatt opp ein del poeng lenger nede i tråden som at den balanserer på kanten mellom klisjear og djupe sanningar (Lilllevi) og at forfattaren kanskje prøver for hardt å vere litterær (Bjørg L.), poeng som eg langt på veg er samd i. Men når han treff med teksta si, så treff han så inderlig godt!
Ein annan ting eg har tenkt på; Stefánsson gjer innimellom eit grep som eg ikkje heilt har bestemt meg for om eg liker eller ikkje; Han set fram ein påstand i ei setning, for deretter å trekke den attende eller vri på den i slutten av same setninga eller i byrjinga av neste. Døme;
Kanskje blir det aldri mulig å kjøpe det som er det viktigste av alt, nei, naturligvis ikke, slik er det nå, dessverre, eller rettere sagt, gudskjelov (s. 19/20)
Snøfallet blir tettere. Å kalle dette et snøfall er vel neppe riktig. (s. 70)
Dette har Fridrik sagt utallige ganger og vi motsier ham helst ikke, bortsett fra i stillhet, da, som når vi ber våre bønner. (s. 143)
Det er vel ein del av bokelskarane som har studert språk og litteratur; finnest det eit eige navn på dette grepet?
Det høyrest ut som eit bra forslag.
På det meste har eg sett at 20 har markert "leser" på Himmelrike og helvete, no er talet nede i 13. Basert på dette, tipper eg at over halvparten av lesarane er ferdige med boka innan mandag, og det er framleis ei veke att av tida.
Var leseperioda for romsleg denne gangen? For min del passa det ypperlig, men sidan så mange er ferdige så tidleg kan ein jo ta opp spørsmålet.
De har sikkert sett at det har vært fleire felleslese-prosjekt på Bokelskere.no, der det for kvar felleslesing er laga ein eller fleire diskusjonstrådar for å diskutere enkelt-bøker eller forfatterskap. I tillegg er det no ein aktiv lesesirkel, der kjell k er primus motor, og der det leggast opp til at deltakarane nominerer og stemmer over bøker som skal lesast.
Det har vært lufta av andre tidlegare at det hadde vært ein god ide å f. eks. samle diskusjonstrådane frå felleslesingar under ein eigen meny, slik at dei blir lettare å finne tilbake til ved seinare høve. Det tykkjer eg er ein god ide.
I tillegg har eg ei oppfatning av at et bør vere ei overkomeleg oppgåve for nettstadsutviklarane å legge inn funksjonalitet som er tilpassa lesesirklar, og slik gjere det enno lettare å organisere slike tiltak. Eg lufta nokre tankar om det i denne diskusjonstråden for nokre veker sidan;
•ei "heimeside" for kvar lesesirkel
•verktøy for å nominere bøker til neste lesing
•verktøy for å stemme på kva bok som skal lesast
•automatisk utmelding av lesesirkel ved lengre tids inaktivitet (f.eks 6mnd)
•... (sikkert mange andre muligheiter eg ikkje har tenkt over enno) ...
•ein administrator pr lesesirkel, som kan setje innstillingar på lesesirkelen, som f.eks. kor mange bøker kvar enkelt kan nominere, om alle bokelskere eller berre lesesirkeldeltakarar kan stemme på bøkene, etc.
Eg trur at ei slik vidareutvikling av nettstaden kan gjere den enno meir attraktiv, kanskje får vi eit mylder av lesesirklar med ulike hovudtema, kanskje vil "fysiske" lesesirklar ta i bruk nettstaden for å halde reiknskap med bøkene dei les, det er ikkje godt å vite, men det hadde vært moro å sjå.
Til Himmelrike og Helvete
Gjeng lesehugen nok ein fredag
Og blir det tid nok, det kan nok skje,
Eg tek farvel med Gabriela
Takk for tips. Det funker dessverre ikkje på Windows-PC, i alle fall ikkje på min. Har også prøvd diverse varianter av å skrive inn "no break space", f. eks. & nbsp; og Alt + 0160, men med like lite hell. Fungerer i forhåndsvisninga, men innrykket forsvinn i det ein lagrer.
Ei total avsporing;
Kva gjer du for å få til innrykka i teksta, slik du har gjort for det andre diktet?
hvorfor har en sånn infam mann så mange bøker, bøker skal jo gjøre menneskene gode? tenker gutten.
Så ung er han altså.
Niels Juul, Danmarks største Søhelt. Hvorfor bilr han kalt en helt? Hva har han fisket?
Sett frå Island, så er dei jo oversjøiske uansett om dei kjem frå Frankrike eller USA,
Men eg meiner det stod at Árni kjøpte dei frå ein amerikansk båt.
Eg hugsar dei som mykje mindre skumle enn Frøken detektiv-bøkene som du nevner i det første innlegget. Men klart, litt spenning må der jo vere når det er mysterier og detektiv-historier.
Gummistøvler, ja.
Langt nede i tråden er det ein diskusjon om kva for ein roman av Zola det refererast til i boka. Denne utgjevinga, dersom ein finn ut kva for ein det er tale om, kan tene som ein markør for kva for årstal, handlinga er lagt til.
Ein annan tidsmarkør er omtalen av gummistøvlar. På side 26 og 27 får vi vite at Árni har kjøpt seg gummistøvlar, svindyre og slett ikkje vanlege på denne tida. Eg er ikkje så sterk i islandsk at det gjer noko, men slik eg les den Islandske wikipedia-sida om gummistøvlar så blei dei først tatt i bruk på Island rundt år 1900, og var allemannseige rundt 1920. Så det verkar ganske trygt å plassere handinga innanfor dette tidsromet, og kanskje heilt i byrjinga av det.
No har gummistøvlar aldri vært noko eg har vært spesielt opptatt av, men det er underleg korleis det ballar på seg når ein først gjer eit wikipedia-oppslag. Det gjeng nemleg fram at det var i Frankrike at produksjonen av gummistøvlar først tok til. Men Árni kjøpte av amerikanarane, og dei omtalast som amerikanske støvlar. Gjenspeiler dette at handel med amerikanarane var så dominerande at franske gummistøvlar, sjølv om dei kom tidlegare i produksjon, ikkje fann vegen til Island?
Ein lyt tru at meininga var å vekke apetitten på boka, heller enn å øydelegge. Du får prøve å tilgi.
"Tvangslesing" i skulen fungerte aldri for meg, men eg ser ikkje bort frå at det for elevhopen samla sett er betre enn ingen lesing. Og eg trur tvangslesing av utdrag er betre enn tvangslesing av heile bøker.
Når det er sagt, så er eg mektig imponert over leselyst-prosjekta som drivast i grunnskulen no for tida. Her trur eg mange barn har fått augene opp for litteratur. Og eg må medgi at det også var medvirkande til min eiga fornya leselyst for 2-3 år sidan, då deg merka at barna i huset var betydeleg meir leseivrige enn eg sjølv var på den alderen.
Faren hennar var like hard som det hardaste steinslag, og kunne nok sprekke opp, men aldri bøye seg.
Sjølv slukte eg Bobsey-barna (bøkene, altså) då eg var i den alderen. Er dei å få tak i no til dags? Ein kan nok seie mangt og mykje om denne serien, men underhaldande var den i alle fall.
Eg har kome omlag 1/3 ut i boka, og finn att mange av tankane eg har gjort meg om boka i innlegga her i denne tråden. Stemninga i fiskarmiljøet er godt formidla av forfattaren, og der er så mange sitatverdige vendingar og passasjer at ein knapt veit kvar ein skal byrje (eller stogge) dersom ein skal gi seg til å ramse opp.
"Guten" er kommentert lenger nede. Kven er han, og kvifor kallast han berre guten. KVEN han er har eg ingen tankar om utover det som er forklart i teksta så langt. Men KVIFOR han kallast berre guten i boka kan vere ein eller begge av følgende grunnar
1 - Det er ikkje uvanleg, eller det var i allefall ikkje uvanleg i min oppvekst, å referere til yngstemann i eit arbeidslag som berre "guten". Det er vel ikkje utenkeleg at det same var vanleg på Island for hundre år sidan.
2 - Eg oppfattar guten som hovudpersonen i historia så langt. Ved å referere til det øvrige persongalleriet med navn og samstundes referere til hovudpersonen som guten etablerer forfattaren eit skilje mellom hovud- og bi-personar i forteljinga.
Folket stod stille langs Kirkemuren og husene, førte en hviskende samtale og saa blot til hverandre fra Siden af. Vejen, som førte forbi muren, var ikke bred, Husene laa tet til paa den andre Siden, og nu stod Kvindfolkene gjærne langs med Muren, Mandfolkene midt i mot dem langs Husene. Først senere vovede de at gaa over til hverandre, og om kjendt Folk saa hverandre paa Afstand, lod de, som de ikke kjendtes, før denne Tid kom