Tenker du at ei eventuell utvikling av funksjonar tilpassar lesesirkler vil leie til at bokelskere.no blir ei betalingsteneste?
Metoden er fin, og så vidt eg kan forstå ein optimal måte å nytte nettstaden til dette på.
Men eg har ei oppfatning av at et bør vere ei overkomeleg oppgåve for nettstadsutviklarane å legge inn funksjonalitet som er tilpassa lesesirklar, og slik gjere det enno lettare å organisere slike tiltak. Eg lufta nokre tankar om det i dette innlegget for nokre veker sidan;
Høyrest dette ut som eit brukbart forslag for forslagskassa?
Dess meir drøymde han um Byen og um den formelle Daning. Ein ting kunde han skaffa seg strakst, som vilde hjelpa paa det formelle, meinte han, og det var Brillur. Han tok til å jamra seg yver, at han vart so veik i Augo, og daa Proprietæren reiste til Kristiania i Marknaden, fylgde Daniel med for aa faa Raad for dette, og Brillur fekk han. Det hjelpte utrulegt. Brillurne tok burt noko av det blide og godslege i Andlitet og lagde ein kald Glans yver det, som gjorde det strengare; Daniel speglad seg i stor Gleda og fann ut, at naar han no berre fekk litt større Skjegg, so skulle ingen kunna sjaa, at han hadde voret Bonde.
Det var ei jevn og spennende avstemming til bok nr. 2. Eg fekk nesten lyst til å foreslå at ein ved neste avstemming set tidsfristen til ein fredag- eller laurdagskveld ved midnatt, slik at ein kan ha valgvake med ost og raudvin.
Fann ein mykje betre pris: 149,- på ord.no sin billigkrok.
http://ord.no/kategorier/billigkrok
Slo til på denne.
Håper boka kjem fram før vi starter lesinga.
Til orientering, der er også eit brukt-eksemplar til kr. 80,- på bokloftet.no.
På antikvariat.net fann eg ingenting.
Sjølv satsar eg på innbinding. Lavaste prisane eg finn er 281,- på CDON.com og 283,- på Adlibris, begge med gratis frakt. Er det nokon som har funne betre pris ein annan stad?
Hei, det er framleis 5 minutt igjen. Mykje som kan skje enno (særlig).
Ja, eg tenkte nesten at det ikkje var meint som eit hint om dobbeltstemme, derfor var eg nøye med formuleringa "i tilfelle nokon skulle tolke ...".
Artig historie, forresten. Eg slit litt med å innføre same type demokrati heime hjå oss.
For ordens skuld, i tilfelle nokon skulle tolke innlegget ditt i den retninga; kjell k har ikkje dobbeltstemme. Sidan det er han som postar innlegga vi skal stemme på kan han ikkje trykke "godt sagt" på desse, og han har dermed i utgangspunktet ikkje anledning til å stemme. Derfor virker det rimeleg at kjell k får anledning til å la sin stemme bli teljande dersom det blir like mange "godt sagt" på begge bøkene.
Eg meiner, som Karin, at dersom det er dødt løp så let vi di stemme avgjere. Vidare meiner eg vi skal lese berre vinnarboka, og gå over til neste kategori (nyare verdslitteratur) for bok nr. 3.
Kan ein seie at å la ein bokelsker jobbe i ein bokhandel er omlag som å la ein alkoholiker arbeide på vinmonopolet?
Eg foreslår at dersom det blir uavgjort på nytt, så bestemmer du kva for ei bok det skal bli. Det er jo litt urettferdig at du i utgangspunktet ikkje får bli med og stemme.
Jau, eg ser den, men det er også anledning til å stemme vidare undervegs. Sidan det no er to som ligg jevnt i tet, er det anledning til å "legge på" ei stemme til den av dei to bøkene som velgaren helst vil ha (dersom vedkomande alt ikkje har stemt på den)
Sit det ein luring og venter til siste sekund, skal tru?
Dersom alle gjer seg nytte av stemmereglane fullt ut, skal ein i prinsippet få same resultatet no som ved ein eventuell 2. omgang (med mindre nokon ombestemmer seg til 2. omgang)
Eg kjem nok til å lese fleire av Solstad, og merkar meg at du framhever 25. Septemberplassen. Sjølv har eg hatt "Gymnaslærer Pedersen ..." i tankane, og så 11. roman, om ikkje anna så for å få betre tak på den første halvdelen av historia eg har lest. Men det har ingen hast, det blir nok til at eg kjøper bøkene ein gang eg tilfeldigvis kjem over dei til ein rimeleg penge.
Så vil eg presisere at eg ikkje prøvde å parodiere i tydinga "gjere narr av", det ser ut for at Erik Bjarke Teigan i innlegget over har oppfatta meg slik, så det kan tenkast at eg har bomma litt. Meininga var heller å karikere stilen, slik eg oppfatta den, og nytte det som virkemiddel for å få fram stemninga i boka, samt understreke poenget eg avsluttar med, nemlig at eg opplever at stilen skaper ein ironisk distanse til hovudpersonen sine problem.
Det er spennende, ja. Eg har alt begynt å sjå etter prisen på dei bøkene som ligg i tet.
Eg er samd i at det ville vere rart å gjengi gjennomsnittleg terningkast på eit bokomslag. Då er eksemplet du viser til mykje betre.
Så tykkjer eg det er betryggende at det er "bransjestandard", dersom eg forstår deg rett, å be om løyve frå opphavspersonen til sitatet før det blir nytta til reklame (det kan jo forsåvidt hende at dette også er gjort for sitatet på "Før flommen tar oss").
Det ser ut for at denne boka, som ikkje er mellom dei nominerte, får alle stemmene
Knallbra jobba. Håper vi får ei interessant avstemming.